Østremsjøplassane
Det gamle sjøbeitet til Østrem
Trykk her for å sjå omtrent kvar Østremsjøen er i dag
NB! Plassane kan ha lagt meir spredt utover det ein i dag kallar Løvika. Nokon hevder at Martaplassen
låg der bruket Birkeli (Nedregotten) ligg i dag. Andre hevdar at det er der Kåre Kvangarsnes bygde hus.
I arbeidet med bygdeboka har det kome til fleire husmannsplassar og strandsittarar, som ikkje vart nemnde i forrige utgåve frå 1960. Ein veit særs lite om dei, med unntak av «Martaplassen». I 1801-teljinga finn ein tre husmenn under Nedregotten. Kanskje var dei strandsittarar, men sidan dei er nemnde som «husmand uten jord», har vi vald å nytte samme beskrivelse i bygdeboka også. Det interessante med desse husmennene er at dei berre sporadisk har nytta Nedregotten som etternamn. På den tid tok ein etternamn frå plassen ein flytta til, og dei fleste nytta anten Østrem, Østremsø, Østremsiø eller Østremsiø i staden. Husmannen sitt etternamn vart som regel henta frå matrikkelgarden, eller hovudbruket. Ein kan dermed tru at plassane har vore delt frå Østrem opphaveleg, og at området sidan har vorte del av Nedregotten, uten at dei siste eigarane har skifta etternamna sine. Det er heller ikkje funne kontrakter etter dei.
Østremsjø er også den dag i dag namnet på vika der østremsbruka har sjørett og naust, ved utløpet av Sirigrova. Dette er i våre dagar kun ei småelv, eller grov, men ein gong i tidlegare tider har truleg Storelva, frå Setrevatnet og Melsvatnet, som no renn ut ved Emblemsanden, hatt sitt endepunkt her. Sirigrova har i nyare tid gjeve stabilt tilsig med vatn til Akslabruka frå sitt opphav ved «Koppen», mellom Stornakken og Brunskarnakken. Den har òg gjeve kraft til fleire fossekallar, flaumsag, og barkeplass for storgarna til garnlaga på Østrem og Nedregotten, ved Østremsvika. Spora finst i terrenget like bak nausta enno.
I kring denne vesle elvedalen stod det 1800 fleire små husmannsstover. Namnet kan også tyde på at dette var sjøbeitet til østremskarane tidlegare, og vi veit ikkje kor lenge dei hadde denne beiteretten. Eit eldre kart frå 1700-talet kunne ha gjeve oss svar på dette spørsmålet, men det har dessverre kome bort. I alle fall har namnet festa seg så godt, at ein framleis nytta Østrem og Østremsjø på slutten av 1700-talet. Det kan også ha vore slik at brukarane på Nedregotten fekk delt frå denne jorda nærmare 1800, men det mest sannsynlege er at namnet har samanheng med naustretten og nausta til Østrem, slik garden «Østremsreiten» under Aksla fekk namnet sitt fordi den var slåttereiten nærmast Østrem.
Det er mogeleg at det har stått fjordstover enno litt lenger vest også. Fleire av husmannsplassane, som vart oppretta kring 1850, har truleg vore nyryddingar frå tidlegare plassebruk. Soleis kan Løvika, og det langt yngre småbruket til Odd Larsen, ha vore rydda på slike eldre husmannsplassar, som ein enno ikkje har klart å finne att i skriftlege kjelder. På 1980-talet hevda eldre folk i bygda at Odd Larsen sitt tun ligg der Martaplassen ein gong låg.
På 1700-talet var der ei kraftig auke i folketalet i bygda, og mange flytta nærare Ålesundet. Fleire vart husmenn på plassar, som i våre dagar er sentrum av Ålesund. Seinare tids graving i Østremsvika understøttar opplysningar om at det ikkje var dyrka jord der husa stod. Ein finn stort sett berre elvasand og leire, med eit skrint lag matjord nokre stadar. Området vart dyrka opp etter at husmannsplassane vart nedlagde, ein gong kring 1830, men det har ikkje vore noko god slåttemark, og alle spor etter tuftene er derfor borte. Ein veit dermed ikkje nøyaktig kvar husa stod, men steinsettinga kring Sirielva kan vere frå anten gamle naust, eller desse gamle plassehusa. Sjølve trekonstruksjonane kan ha vorte flytta eller seld, om kvaliteten var god nok. Tømmer og byggematerialar var nemleg mangelvare på Emblem på den tida.
Sidan vi veit så lite om plassane i Østremsvika, kan ein stille spørsmålsteikn ved om dei heller skal nemnast som ein del av matrikkelgarden Nedregotten, sidan området i dag er del av denne garden. Vi har vald å skrive om dei under garden Østrem, og heller samle alle «Østremsjøplassane» på samme stad. I tillegg har vi vald å leggje til nokre fleire husmenn, som vi veit har vore knytte til Østrem, men som vi ikkje veit eksakt kvar budde. Blant desse plassemennene finst det óg familiar som har tilknytting til Guttormgarden på Nedregotten, så det er ikkje så sjølvsagt å løyse det slik. Der finst også nokre uplasserte husmenn på Østrem, attende på 1600-talet, men det er det ikkje like sjølvsagt at dei kan ha budd ved sjøen i Østremsvika. Då er det meir sannsynleg at dei har vore busette der det seinare skulle komme nyare frådelte småbruk på Østrem.
I vår tid har Østremsjøen på nytt vorte bebygd og busett. Det er særs artig at ein i dette nye byggefeltet har nytta nettopp Marta-namnet på vegen mellom husa der. «Martavegen» ligg soleis i dag på det gamle østremsjøområdet, og hustomta til Kjetil Kvangarsnes, med adressa Løvika 33, like så. Foreldra, Kåre Kvangarsnes og Judith Akslen, vart kanskje dei første i nyare tid som busette seg i dette området, om lag 100 år etter at den siste strandsitjaren drog derifrå.
"ØSTREMSØ"
Låg kanskje nærmast nausta
Tidemann Olson Østrem (ca.1682-1762) kan vere bror til 236a Ole Olson Akslen(4), frå Høla, som var brukar på Sulebust(1). Tidemann gifta seg 1705 med Lisbeth Pedersdotter. Ho vart ved forlovelsen nemnd som «besovet» av han. Etter at dei vart registrerte på Østrem, i 1705, vart han kalla «Tidemann Olson Nedregotten», i barnedåpen til eldstesonen det samme året. Året etter hadde dei flytta til Slottsvik. Det kan vere grunn til å tru at han kan ha vore husmann ved Østremsjøen 1705.
a) Ole dp.1705 døypt Nedregotten.
b) Synneved dp.1706 døypt Slottsvik, så det var nok dit familien flytta.
Ole Gjervaldson Østrem(1) (dp.1722) er nemnd som husmann på Vedde 1756, Stadsnes 1758- 1760, Østremsreiten 1765, og Østrem i 1767. Han hadde ein storebror med same namn, som tok over farsgarden og vart ny brukar. 1754 gifta Ole seg med Ingebor Olsdotter Tranvåg (dp.1728-1801). Ingebor var nemnd som «lægdslem Østremsjø» i 1801. Kanskje tyder det at dei busette seg nede ved Østremsjøen i 1767? Dei var i alle fall husmenn på garden Østrem ein stad, og ho budde nede ved Østremsjøen 1801. Det er uvisst om dei budde ved Østremsjøen heile tida.
a) Gervald dp.1756-1803 1795 g.m. Johanne Iversd. Gamlem. Han fekk sonen Elling Johannes i Ålesund 1802, og døydde på Ystenes.
b) Marthe Olave dp.1758 fødd på Stadsnes.
c) Ingeborg dp.1760-1760 vart fødd på Stadsnes. Døydde 3 veker gamal.
d) Inger dp.1765-1765 vart fødd på Østremsreiten. Døydde 14 dagar gamal.
e) Ole dp.1767-1791 fødd Østremsreit. Omkom på sjøen, 24 år gamal. Funnen att.
Niels Olson Apalvik(Myren) (1735-1780) var bror til 518 Ole Olson Apalvik(Myren) i Sirigarden, Nedregotten(3). Han var husmann uten jord på ein plass, som eigentleg låg under Sirigarden, på Nedregotten, i tidsrommet frå 1755 til 1758, men vert likevel nemnd under Østrem, for det er omtrent på dei seinare markane til Sirigarden att østremsjøplassane i si tid låg. Det betyr at Østrem har hatt utmark nede ved nausta sine temmeleg lenge etter at Nedregotten vart delt frå. Den dag i dag vert faktisk dette stadnamnet nytta av kartverket. Niels gifta seg 1751, med Birthe Knudsdotter Valgermo (ca.1727-1762), og vart gift opp att ca.1763 med Malena Olsdotter (ca.1726-1768), før han til slutt vart gift i 1769 med Guri Jetmundsdotter (f. ca.1750), frå Syvde. Guri var registrert som innerst i Skutvika 1801. Borna veit vi svært lite om.
a) Anders dp.1753 Var tenar på Remme 1770.
b) Ole dp.1755
c) (Marthe) Maria dp.1756 Fekk sonen Jacob 1782 med Jacob Hove, Stordal.
d) Birthe dp.1758
e) Christian dp.1759
f) N.N. 1770-1770 dødfødd og udøypt.
g) Gjertrud Helena dp.1771-1772 døydde 29 veker gamal.
h) Gjertrud dp.1774
Hans Erichson Fausa (ca.1739-1811) gifta seg 1782, med Marte Knutsdotter Akslen(1) (dp.1755-1813), frå Øvste-Aksla. Dei var opprinneleg brukara på farsgarden til Marte, frå 1782 til 1795. Av ein eller annan grunn så måtte dei gje frå seg bygselskontrakta, og ta til takke med ein husmannsplass utan jord ved Østremsjøen. Ein kan undre seg på om økonomi eller helse var årsaka, men ein kan ikkje utan vidare forklare denne bråe endringa. Hans var 54 år gamal når dei gav seg, og Marte, kalla Marta, var enno yngre med sine 40 år. Plassen fekk namnet «Martaplassen» etter henne. Dette er ein av dei sjeldne eksempela på at det var ei kvinne som gav namn til ein husmannsplass. Den kan ha lagt der Odd Larsen har tunet sitt i dag, eller kanskje om lag der Kåre Kvangarsnes og Judith Akslen, frå Skaret, Nedregotten(1), seinare bygde seg hus. I tillegg finst der ein stad på fjorden, like utanfor Østremsnausta, som heiter «Martasetet». Ho må ha sett spor etter seg for ettertida, uvisst av kva grunn. Ho døydde som legdslem på farsbruket på Aksla, og det kan verke som om ho nytta Akslen som etternamn heile tida.
a) Knut ca.1787
b) Erich ca.1785-1835 tok over plassen.
Sonen Erich Hansson Østremsjø (ca.1785-1835) tok over Martaplassen etter foreldra sine. Han budde der nok det meste av livet, og livnærte seg truleg av fiske. Erich fekk først ei dotter med 506b Hille Axelsdotter Nedregotten(5) (dp.1764). Hille vart då kalla Absalonsdotter Veibuststrand i 1805, og tente kanskje der. Erich gifte seg 1807 med (Anna) Iverina Pedersdotter Drevig(1) (dp.1781), som vart døypt på Store Nørve. Han vart då kalla «Axlen». Erich er nemnd som føderådsmann i 1815- teljinga. Han omkom på sjøen. Ingen av borna tok over etter dei.
a) Oline Siverine dp.1805 1842 g.m. Lars Sevrin Martinus Larss. Gausnes(1), Ørskog. Dei budde i Hellevika, Ålesund. Han fekk dotter med Hille Axelsd. Nedregotten. Oline vart døypt Akslen.
b) Hans Peder Andreas dp.1807 fekk tvillingar 1828 med Elen Rasmusd. Rørhuus, kalla Edvart og Ingeborg Anna. Elen var frå Giske sogn. Ho vart titulert som «tøs» i kyrkjeboka, då ho døydde 1833. I 1830 fekk han dottera Hanna Jørgine Petrine med tenestejenta Petrine Nielsd. Humlen(1?). Hanna døydde 1831. Hans var skomakar, og budde i Sortevik i Troms. Han var dreng hos foreldra 1815.
c) Ingebrigt Martinus dp.1809-1812 døydde på Martaplassen, Østremsjøen.
d) Ingebor Karen Martha dp.1812-1854 1842 g.m. Hans Andreas Løsæt, busett i Ålesund. Ho døydde på Buholmstranda av «Vattersot» (veskeansamling i bukhula).
e) Edvardine Margrethe Johanne 1816-1889 1858 g.m. Ole Anders. Bredelid frå Lomen i Slidre prestegjeld. Dei budde i Ålesund, der han var steinarbeidar på Buholmstranda 1865, og brannmester i 1889. Fekk 1848 sonen, Erik Andreas Siverts. Fixdalstrand, Vestnes.
f) Elen Maria 1821-1893 1) 1852 g.m. enkemann Hermann Berent Luth, husmann på Store Nørve.
2) 1858 g.m. med Ole Anderss. Øiene, Luster. Elen og Ole døydde på Store Nørve.
g) Nicoline Caroline f.1823 1859 g.m. Ole Christian Hansen Bye, Skoger i Buskerud. Familien busett i Ålesund 1865, og budde i «Torv Gade» 1900. Nicoline vart ikkje nemnd i 1910-teljinga saman med Ole, så ho døydde nok før.
h) Elias Andreas 1824-1889 mora var Hansine Jakobine Knudsd. Hatlehol(2) og kom frå Vatne. Elias brukar på Flåte(5), Skodje.
OLSPLASSEN
Forslag til mogeleg namn
Ole Arneson Grønningsæter(53a) (1740-1811) kom frå Norddal. Han gifta seg 1765 med Guro Halvorsdotter Myren(205d) (dp.1739-1712?), også ho frå Norddal. I 1815 er ho nemnd som legdslem i Olsvika. Kor lenge dei budde i Østremsvika er usikkert, men alle borna er døypt i Norddal, så det må ha vore etter 1770, og før 1801-teljinga ein gong. Sidan yngstesonen heller ikkje er konfirmert i Borgund, så kan dei ha kome mellom 1785 og 1796. Kanskje fekk plassen eit namn på folkemunne etter nettopp Ole? Ein veit ikkje heilt sikkert kvar denne plassen låg og kva den heitte. Det er også usikkert om dei rydda den sjølv. Det kan ikkje ha vore så langt frå Martaplassen.
a) Arne 1766-1836 tok over plassen.
b) Børre dp.1768 døypt Grønningsæter i Norddal.
c) Halvor dp.1770-1829 1798 g.m. enke Marte Knudsd. Grindvikgjerde(6), brukar Grindvikgjerde(2).
Sonen Arne Oleson Østremsø (dp.1766-1836) vart fødd på Grønningsæter, Norddal. I 1801-teljinga er han nemnd som «Avskediget soldat», busett på Nedregotten hos foreldra sine. Han flytte kanskje til Emblem saman med foreldra, om han ikkje var innrullert på den tida. Han gifta seg først i 1801 med Askeline Christensdotter Gjærde (ca.1746-1824), og så gift på nytt 1825, med Christi Larsdotter Gomsdal (dp.1771-1833) i Sunnylven. Ho var søster til Eli Larsdotter nedanfor. 1834 gifte han seg ein tredje gong med enka 149a Ingeborg Monsdotter Magerholm (ca.1783-1860). Ho var tidlegare gift på Ystebøen, Emblem(5). Arne vart framleis kalla Østremsjø når han drukna i 1836. Der budde ingen born heime på plassen 1815, men dottera til Arnes si søster, Marta Olsdatter på 7 år, var tenar hos det aldrande ekteparet på 53 og 62 år.
NILSPLASSEN
Forslag til mogeleg namn
Nils Zachariasen Hole(4) (dp.1775-1838) vart fødd utanfor ekteskap av Margareta Larsdotter Frøysa(8), som var brukar i Guttormgarden, Nedergotten(2). Han hadde dermed mykje slekt på Emblem. Nils gifta seg med (Elen) Eli Larsdotter Gomsdal (dp.1768-1825). Dei vart nemnd som tenestefolk på farsgarden Hole(4) 1801. Kanskje var det slik dei møttest? Frå 1801 til 1805 finn ein dei på Djupedal(1) i Stordal, før dei fekk seg plass ved Østremsjøen frå 1806 til 1825. Dei var føderådsfolk 1815. Nils gifte seg 1826 på nytt med Ane Marte Siversdotter Gjære (f.ca.1795), frå Nakkegjerde i Sykkylven. Dei hadde allereie hatt eit forhold, for ho er nemnd som mor til Niels i 1819 og Petter 1820.
a) Bærent dp.1801-1844 1840 g.m. Siri (Birgitte) Ellingsd. Tørlen(5), døypt i Vaksvika. Ho døydde på Korsehaugen. Han flytte attende til Østremsjøen frå Ørskog 1832. Då hadde han vore i teneste der ei tid. Kanskje det var i Sykkylven?
b) Salve dp.1803 døypt Djupdal, Stordal. Nemnd i 1815-teljinga.
c) Guttorm dp.1806-1851 1845 g.m. enka Anne Halvorsd. Emblemsvåg(5), brukar Digernes, Remvik(2). Han var ufør ifølge 1815-teljinga. Guttorm drukna etter fall frå båt i fylla. Døypt Østremsjø.
d) Martinus dp.1809 døydde 14 dagar gamal.
e) Niels Andreas Britanus f.1819 1847 g.m. Lovise Johanne Ingebrigtsd. Slinning(8). Seinare busatt på Aure 1847. Mor var Marta Sivertsd. Gjære, Sykkylven.
f) Petter Severin f.1820 1862 g.m. Anne Johanne Jensd. Telnes, Gildeskål. Nemnd som fange på tukthuset i Bergen 1841 for førstegongs tjuveri, 17 år gamal. Mor var Marta Sivertsd. Gjære, Sykkylven.
g) Elen Malene f.1826 tvilling? 1852 g.m. Ingebrigt Andreass. Elias Ingebrigts. Slinning(8), busett Buholmstranda 1865.
h) Peter Olaus Andreas 1826-1881 tvilling? 1) 1854 g.m. Andrine Maria Hansd. Brevik,
2) 1877 g.m. Anne Severine Regine Langø, brukar på Petersplassen, Blindheim(5).
i) Siver Andreas 1830-1832 døydde ved Østremsjøen.
j) Sivert Andreas f.1833 1862 g.m. Maren Birgitte Aase (2), busett på Buholmstranda frå 1865 til 1875.
k) Elias Jens Rasmus f.1836 1) 1861 g.m. Nille Johanna Andrine Iversd. Solevåg(8) på Vigra. Begge budde der då. Ho døydde i barselseng 1873.
2) 1875 g.m. Severine Randine Sørensd. Hoffseid(1), brukar Furnes(2), Sula.
PEDERSPLASSEN?
Peder Olson (f.ca.1745-1803) vert nemnd både med etternamnet Nedregotsvog, og Østremsøen. Ein stad vart han også omtala som Pederson, men det er truleg skrivefeil. 9. november 1800 gifta han seg som enkemann i Ørskog kyrkje med Birte Olsdotter Almeskar(1) (f.1748). Forloverane var Peder Knudson Hagen og Martines Eliasson Hesseberg. I 1803 er der også nemnd ei enke som heitte Berte Pedersdotter Østremswog. Det kan også vere ei feilskriving for Birte ovanfor. Peder er nemnd i skriftlege kjelder som husmann utan jord, saman med Hans Erichson Fausa og Ole Arneson Grønningsæter. Nedregotsvågen låg litt lenger vest for Østremsjøen. Det er grunn til å tru at det er samme stad som vert kalla «Nergotsjøen» på seinare kart. Det er dermed mogeleg at plassen kan ha lagt om lag der huset til Bjørn Larsen ligg i dag. Ein har hatt for vane å opprette nye småbrruk, eller husmannsplassar, der det tidlegare har lagt plassebruk får gamalt av.
a) Erik Peders. tok over plassen?
Erik Pederson Østremsjø er ikkje nemnd i 1801-teljinga. Då budde ingen av borna heime. I 1815 er der ingen spor av familien i det heile tatt.