Gnr. 8 RØSSEVOLLEN

 

Matrikkelgarden ligg i fjellsida ovanfor gardsbruka som tilhøyrer garden Emblem. Den vart tidlegare rekna som tungdriven, og kornet vart utsett for grønår. Det er ikkje så lett å seie kor gamal garden er, men gardsnamnet er kanskje ei avleiing frå det gamalnorske ordet «ryssa», som tyder merr eller hoppe. Det er nærliggande å tru at vollen nær garden kan ha vore nytta til foreksempel hesteal eller inngjerding. Om garden har vore der før 1500 er vanskeleg å seie, men det er mogeleg. Røssevollen har nemleg uvanleg høg skyld, og har vore «prestebordgods». Slike godssamlingar stammar som regel frå katolsk tid, så garden kan då ha eksistert før 1300. Etter Svartedauden låg garden aude til ein gong ut på 1500-talet, før den vart rydda på nytt. 1603 finn ein to brukarar på garden, og 1609 fekk garden dagens inndeling med 3 like store bruk. Etter 1860 vart det i tillegg rydda to husmannsplassar. Røssevollen var opphaveleg eit klyngetun som låg omlag der dagens tun i Pe-garden ligg. Huset til Tor Mittet frå «Tykjegarden» ligg no om lag der gamlehusa stod fram mot 1950-åra. Løene stod før 1960 ende i ende i retninga nord-sør, med dagens bilveg i midten. Øvste hjørne låg omtrent der denne vegen i dag deler seg. Flytting frå tunet tok til kring 1850. Hansgarden vart opphaveleg flytta endå lenger aust, men eit snøras traff stabburet i 1880-åra. Då flytte brukaren husa sine litt lenger vest, til dagens plassering.

 

 

ELDRE OPPLYSNINGAR OM GARDSDRIFTA

1667: Brenneskog
1714: 1 kvern
1723: Nok brensel. 2 små kverner. Steinete og tungdriven, «noget uvis til korn.» Garden har ikkje seter. Skylda

bør settast ned.
1803: Ingen skog, berre kratt og lyng. Tarveleg sommarbeite. «Kornavlen dels underkastet grønaar.»
1868: Bra beite, nokonlunde tilstrekkeleg med ved, tungbrukt. Kvart av bruka hadde 19 mål dyrka jord, 54

mål natureng. Til saman 57 og 162 mål.

 

Kvaliteten på dei ulike delane av innmarka varierte såpass mykje at der ikkje var mogeleg å dele garden inn i tre samanhengande stykke. Løysinga vart å dele inn slik at kvar gard fekk to teigar kvar. Hansgarden fekk eit stykke lengst aust og lengst vest, medan dei to andre gardane delte på dei fire teigane i midten. Det vestlegaste stykket til Hansgaren vart skild frå som eige gardsbruk i 1920, og fekk namnet Voll. Utanfor tunstaden låg gamleåkrane. «Fløtane» var dei største, og på den beste jorda låg også «Hampåkeren». Det vart dyrka mest havre og blandkorn, men frå 1800-talet satsa ein på bygg også. Gardane låg så høgt, at det kan ikkje ha vore så lett å få modna korn i hus før frosten. Det var nok først med poteta at det vart lettare å sikre seg brukbar avling kvart år, men det vart likevel dyrka korn på Røssevollen heilt til andre verdskrigen. Garden hadde eigne kverner i elva, aust for garden, som vart nytta fram mot 1940. Vasskrafta vart òg nytta til treskinga. Det har nok ikkje vore like lett å klare seg der oppe, og svolt var ikkje noko ukjend fenomen til tider. Sjølv på byrjinga av 1900-talet var det vanleg å sende matkorger opp til plassefolk på Røssevollen.

 

Utmarka til Røssevollen har vore sams med dei øvrige emblemsgardane. Utmarka vart utskifta i 1890-åra. Garden har hatt eiga flaumsag tidleg på 1600-talet, som skatta for 10-12 tylfter bord. Ei tylft er eit gamalt mengdemål som tilsvarer 12 einingar, og kan svare til om lag 144 tømmerstokkar per år. Det reelle uttaket av skog må ha vore langt høgare på denne tida, for allereie i 1667 er det berre veaskog attende. Flaumsaga kan ha stått ved elva i nærleiken av kvernene. Røssevollen og Emblem har alltid hatt oppdemmingsrett i «Skjelbruvatnet», «Strokevatnet» og «Haustølvatnet». Denne retten gjaldt tresking, vasshjulsdrift, kverndrift og sagbruk. Som elles i bygda, vart også skogen på Røssevollen uthoggen på 1600-talet, i forbindelse med den store skogøydinga på Vestlandet. Særleg skotske og hollandske skip kom hit for å kjøpe opp det dei kunne av tømmer. Det vert fortalt at det gjekk med til

 

oppbygging av så vel London, som Amsterdam, og dika i Nederland. På den tida hadde ein hogd ned det meste i nærområda. Brenselet på garden var for det meste torv. Det kan verke litt rart, for dei fleste eldre opplysningar nemner ved som brennfang. Det kan difor ha samanheng med meir beitedyr i fjellsidene, som heldt skogen meir og meir nede. Garden hadde torvmyrene sine vest for tunet, og nord for «Hynakken». Ein hadde ikkje seter i 1723. Først i 1910 bygde dei eigne seterhus, vest for Skjellbruvatnet. Garden låg så høgt at dei nok ikkje har hatt behov for eiga seter tidlegare. Det er likevel mogleg at Røssevollen kan ha hatt seter i eldre tid ved Haustølvatnet, som i dag feilaktig vert kalla Austølvatnet, og har fått namnet sitt etter ei seter der. Det kan ha vore på ei tid der det var varmare klima, og kanskje før den vesle istida på 1600-talet også. Fleire av dagens mest kjende setrar på Sunnmøre har nemleg vore gardar før Svartedauden. Seterdrifta tok slutt i 1938. Der finst fleire lokale namn i nærleiken som vitnar om kvileplassar og mjølkeplassar for dyra om sommaren.

 

Røssevollen har hatt nok fôr til dyra sine på innmarka. Plassebrukarane har ikkje hatt like gode forhold, så dei måtte som regel drive slått oppe på fjellet. Det vert fortalt om Lars og Ane, på plassen «Nygjerdet», at dei saman med folket på «Rognereiten» dreiv mykje utmarksslått innover fjellet på nattestid. Lars var nemleg tømmermann om dagane, så då måtte arbeid på eigen plass gjerast om kvelden og natta. Ved sida av gardsdrifta, har fiske vore særs viktig for brukarane på Røssevollen. Opplagsplass og naustrettar har dei hatt i Emblemsvågen. Som regel har dei drive fiske med færing, men Hans Røssevoll hadde kring 1900 ein åttring, og sidan sin eigen dekksbåt. Folketalet har vore temmeleg stabilt på 1800-talet, med ei lita auke, som følge av at to plassebruk vart oppretta før 1900. Seinare vart også «Voll» delt frå 1920. Etter 1945 vart det stadig mindre gardsdrift på Røssevollen, og dei fleste brukarane fekk seg fast arbeid attåt.

 

 

EIGARANE

 

Det har ikkje vore like mykje eigarskifte på Røssevollen som elles i bygda. Garden har nok vore prestegods heilt attende til katolsk tid. Garden har hatt uvanleg høg skyld, og 1626 var denne på 2 1/2 våg, medan Nedregotten berre hadde 1 1/2 våg. Dette kan vere ein rest frå før Svartedauden, når det var trangt om plassen, og mange jordeigarar kunne ta seg godt betalt frå undersåttane. Etter reformasjonen var det borgundpresten som åtte garden, og sjølv etter at brukarane fekk kjøpe gardane sine i 1840-åra, måtte dei tre brukarane fortsette å betale ei tønne bygg per år i avgift til presten i Borgund. Avgifta er no for lengst innløyst.