Matrikkelgarden Østremsreiten

Delt frå frå gnr. 2 Akslen

 

Frå gardsnamnet kan det verke som garden har sitt opphav frå garden Østrem, like vest for tunet, men den er faktisk skild ut frå Akslen i staden. Soleis kan gardsnamnet «Østremsreiten» i staden for Akslareiten verke underleg. Mest sannsynleg har dette namnet opphav i stadens praktiske funksjon som slåttereit. Garden ligg nemleg eit lite stykke frå dei gamle åkerlappane og slåttemarkane, som ein finn spor etter ved utskiftinga på slutten av 1800-talet. Før den tid hadde det i uminneleg tid vore eit fellestun oppe på Øvste-Aksla, med teigbyte, der brukarane bytte på å drive dei små slåtteteigane og åkrane ikring fellestunet. Dei låg stort sett på same stad i svært lang tid, og fekk til og med faste bruksnamn som f.eks. «linåkeren». Ein kan derfor våge påstanden om at gardsnamnet har samanheng med at den opphavelege slåttereiten til Akslen, som låg oppe ved gardane på Østrem. For ikkje å forveksle den med alle dei andre slåttereitane, fekk den sitt eige namn knytt til kvar den låg. Hadde reiten lagt nær Sirigarden, så ville den kanskje ha vorte kalla «Sirireiten» i staden. Garden vart omtala som «Østremsreit» i eit offentleg dokument frå første halvdelen av 1700-talet, og kan kanskje vere ein fordanska skrivemåte, men det kan vi ikkje seie for sikkert. I nyare tid vert som regel namnet «Reiten» nytta i staden for heile namnet, og det er dette namnet ein nyttar i vår tid. I bygdeboka har vi vald å nytte Østremsreiten på matrikkelgarden, og «Reiten» som namn på bruk nummer 1.

 

1623 vert den første brukaren omtala som «ødegaardsmand» under Aksla. Det var kanskje på den tiden at bruket vart rydda på nytt etter Svartedauden. Det kan tyde på at i alle fall hovudbruket Akslen vart rydda i vikingtida, og at Østremsreiten fanst før 1349. Kanskje har Akslen ein gong før dette vore del av Østrem eller Emblem, men det veit vi ikkje sikkert. Datering av typen namn kan tyde på at heim-namn som Emblem og Østrem er noko eldre enn dei som kan knyttast til kroppsdel eller ei topografisk form. I 1640 vart bruket skylddelt som eige bruk med 1 våg skyld. Reiten har stort sett hatt teigane sine samla i to stykke. Det var innmarka kring tunet, og eit heimeutmarkstykke mot grensa til Sirigarden på Nedregotten i vest. Bruka på Aksla og Reiten vart forsøkt utskifta til kvar sine saman- hengande stykker på 1800-talet. Det tok tre forsøk før ein kom i hamn 1894. Det enda med at Øvste-Aksla og Høla fekk sine saman-hengande stykke, medan Reiten måtte fortsette som eit to-delt bruk.

 

Eldre opplysningar om gardsdrifta

1723: «Meget tungvurden og tarvelig til korn». Brennved og litt anna småskog til gardens bruk. 1 lita kvern. 1803: Ligg i fjellskygge, og er utsett for grønår. Litt fureskog og ved, rikeleg beite.
1868: Tungbrukt. Noko brennved og litt skog til sal, godt beite. Dyrka jord 29 mål, natureng 82 mål.

Utmarka har Aksla og Reiten hatt felles. 1890 vart heimeutmarka mellom Aksla og Magerholm si innmark utskifta. Skogen vart delt opp i teigar til kvar gard, mens beiteplassane og opplagsplassane for tømmer fortsette å vere felles. Der var fleire «tømmerløyper» ned fjellsida frå nakkane, som skulle skåne treverket under transport i det bratte lendet. Magerholm tok del i beitefelleskapet, fram til dei nye husmannsplassane vart inngjerda, slik at dei stengde vegen. På samme tid sette Aksla og Reiten opp gjerde på smånakkane mot vest, for å frede slåttemarka si der. Reiten har óg hatt si eiga tømmerløype ned til tunet frå Akslanakken, og Aksla-bruka hadde sommarfjøsane sine der. Tidlegare måtte dyra førast rett gjennom tunet på Reiten for å kome dit, men i 1811 klaga brukaren på Reiten fordi dyra gjekk lause gjennom tunet hans. Seinare vart det mura opp ei eiga geil langs postvegen, frå Øvste-Aksla mot Reiteløypa, slik at dyra kunne førast gjennom heimeutmarka til sommarfjøsane i staden. Seter hadde dei to bruka lenge felles på Urastølen, aust for Setrevatnet mot Goldtheiane og Glomset. Reiten flytta sine sel før 1925, over vatnet og ned til staden som i våre dagar er kjend som «Akslasetra». På gamlesetra er det i dag ei hytte ved den gamle setervollen, og staden vert no kalla for «Huldrestølen». Årsaka til flyttinga kan ha vore å få enklare transportveg til bygda. Frå 1906 vart smørmeieriet i bygda lagd ned, og då måtte mjølka berast tidlegare ned til bygda for frakt med båt heilt til meieriet i Ålesund. Ein hadde ingen veg å bere den tunge børa på, for setrevegen til bygda var først klar i 1930-åra.

Både Aksla og Reiten hadde kvern i Østremselva. Reiten hadde si i drift lengst. Den låg i heimeutmarka ved Storelva og Skjerva, om lag der fjellvegen frå Reiten og Aksla møter fjellvegen frå Østrem. Brukarane i Høla leigde tid til å male kornet sitt der. Aksla hadde flaumsag før 1630, men ein veit ikkje kvar den låg. Den vart nedlagd etter kort tid, så det kan tyde på at Østrem tidleg fekk hogd ut skogen sin. I 1920 sette Reiten opp eiga sag i Sirielva like ovanfor tunet. Den var først ei vassdriven flaumsag, men fekk seinare motor. Aksla og Reiten har alltid hatt felles naustplass frå Stampevika og vestover, medan husmannsplassen Vedhaugen hadde naust nærare grensa til Nedregotten og Østrem. Reiten og Aksla hadde også tørkeberg nede ved fjorden, frå Kvalen og vestover mot Østremsjøen.

 

Eigarar

Så lenge ein veit av har eigaren vore den same som på Aksla. Kanskje har bruka vore erkebispegods før Svarte- dauden, men det er ikkje bekrefta. 1626 var det i alle fall presten i Borgund som eigde gardane. Dei fortsette med å vere prestebordgods, fram til brukaren på Reiten fekk kjøpe ut garden i 1833. Kyrkja fortsette å krevje 1 tønne bygg i årleg avgift. Kravet vart seinare nedbetalt. Du kan lese meir om eigarane under kvart bruk.