BNR. 7 PLASSEVÅGEN

Delt frå Antonesvågen

 

Omtrent her låg plassen (trykk på denne lenka)

 

Husmann Rasmus Emblemsvog (f.ca.1641) var brukar frå 1701 til 1710, og er den første ein veit namnet på. Kven den første kona til Rasmus var, veit ein ikkje sikkert, men 1701 gifta han seg i alle fall for andre gong med Stinor Knudsdotter. Ho var nemnd i kirkeboka som «besovet». Kanskje hadde dei budd i lag før giftermålet. Det var også litt lettare for kvinner med slike negative «stempel» å gifte seg med enkemenn enn ein ungkar. 1709 gifta han seg for tredje gong, med Maren Nilsdotter.

a) Jacob   ca.1677-1754 1717 g.m. enke Randi Halvorsd. Emblemsvåg(5), brukar i Antonesgarden, Emblemsvåg(5). Soldat 1704- 1709 under den store nordiske krig.

b) Anders   ca.1681- 1718?  1718 soldat under den store nordiske krig. «Kassert/ isønder- slagen». Det tyder nok at han døydde.

c) Peder   f.ca.1685  tenar Emblemsvåg(1) 1701.

d) Knud  ca.1689-1743  tok over bruket.

e) Knud  f.ca.1694  vart nemnd som «tieneste drenger» på Østrem 1704.

f) Lars  f.ca.1697  4 år ved 1701-teljinga.

 

Sonen Knud Rasmusson Emblemsvåg(7) (ca.1689-1743) gifta seg med Synnøve Jakobsdotter (1684- 1760). Ho døydde som fattig legdslem.

a) Kari  dp.1710- 1765?   kanskje samme, som seinare vart kalla Mari, og gift 1736 i Sykkylven med Ole Peders. Puskeset frå Torevågen. Brukar Torevågen, Eikenosvåg(1), og på Eikenosa.

b) Nelie   dp.1719  kanskje samme som seinare vart kalla Ellen.

c) Joen  1723-1754   tok over bruket.

d) Jacob  1727-1772   1753 g.m. Main Hansd. Valderhaug(strand), brukar i Olevågen, Eikenosvåg(2).

 

Sonen Joen Knudson Emblemsvåg(7) (1723-1754) tok over husmannsplassen etter far sin. Han gifta seg 1745 med Anne Olsdotter Nebbedalsæter (1700-1784), frå Sunnylven. Dei dreiv plassen frå 1744 til 1755. Jon arbeidde både som snikkar og smed, attåt mykje fiske og lite gardsdrift. I 1754 var der berre to kyr og ein sau. Dei hadde stovehus, løe, stabbur, naust og smie. Enka gifta seg om att med neste brukar.

a) Anne  f.1746   1767 g.m. Joen Knuts. Emblemsvåg(1) i Knutgarden, brukar Knutgarden, Emblemsvåg(1).

 

Enka Anne Olsdotter Nebbedalsæter (1700-1784) gifta seg 1756, med ungkar og husmann Arne Nilsson Berge (f.ca.1720) frå Stranda. Han vart gift opp att 1785 med Birte Ingebrigtsdotter Svee(141b) (f.1742), også ho frå Stranda. Han flytta i 1784 frå plassen når han vart enkemann, men det er usikkert kvar dei vart av.

 

Den tidlegare brukaren i Antonesgarden, Emblemsvåg(5), Hans Arneson Emblemsvåg(5) (1733- 1787), opphaveleg fødd på (Sul-)Ødegaard(1), tok over plassen i 1784. Han gifta seg med enka Marthe Jensdotter Hatlen(Y,1) (1720-1791), opphaveleg frå Synnes. Halvbroren til Hans, Salomon, var brukar i Blindheims-Breivik(1+2). Hans dreiv Plassevågen til han døydde. Enka gifta seg om att med neste brukar.

 

Enka Marthe Jensdotter Hatlen(Y,1) (1720-1791) gifta seg 1788 opp att med enkemann Ole Andersson Sulebust(pl.) (ca.1720-1819?). Det var kun Marthes søsken og halvsøsken som arva henne, så ho hadde kanskje ikkje born. Ole dreiv mest med snekring og fiske.

 

Enkemann Ole Andersson Sulebust(pl.) (ca.1720-1819?) gifta seg 1793 opp att, med Helga Larsdotter Løndal (ca.1750-1806). I følge 1801-telljinga, var dette Oles tredje bryllup. To av dei var her i Plassevågen. Han dreiv mykje som handtverkar, og hadde smie og mykje verkty til tømring. Av dyr var der mindre. Han hadde som regel eit par kyr og nokre sauer, så det vart nok kanskje mest fiskemat på bordet, men på denne tida hadde fisket tatt seg opp att på Sunnmøre, så det var kanskje mest lønsamt. I arveskiftet etter Helga er det nemnd røykstove med kammers og fordør, samt ei stove i inste enden. Dei hadde også løe, stabbur, vedskjul og naust i tømmer. 1801 hadde dei kun ei ku, og dyrka 2 1/2 tønne med korn.

a) Gjert Martinus   dp.1793-1874   1821 g.m. Christina Hansd. Giskegjerde(4), brukar Valderhaug(16). Han døydde for eiga hand.

 

Ingebrigt Hanson Flisnes(1) (dp.1774-1835) var Matros og skuleholder. Han dreiv bruket frå 1806 til 1809. Ingebrigt gifta seg 1807 med Birthe Toresdotter Nøre-Vartdal(7) (1768-1814). Ho døydde på Furholmen, Eikenosvåg(8). Han gifta seg opp att 1815, med Gjertrud Larsdotter Øyra(Y) (1776- 1834) frå Hjørundfjorden. Familien flytte så til Furholmen, Eikenosvåg(3), i 1809, og busette seg til slutt på Tryggeset, Nedregotten(6), frå 1822 til 1835. Sjå meir om dei i teksten om Tryggeset, bnr. 6 under Nedregotten, som brukar 557 lenger fram i denne boka og brukar 1133 lenger bak i boka.

a) Son  1809-1809   dødfødd, Emblemsvåg(7).

b) Gurri Birgitte  dp.1816-1890   1849 g.m. Bærnt Severin Sørens. Giske. Enke og husmannskone på Giskegjerde.

c) Dotter  1818-1818   dødfødd.

 

Rasmus Rasmusson Furholm Eikenosvåg(3) (1765-1827) gifta seg 1791, med Anne Larsdotter Strømme(3) (ca.1755-1837) i Ørskog kyrkje. Dei tok over plassen 1809 og dreiv den til 1826. Eigentleg bytta Rasmus gard med Ingebrigt, før han. Rasmus selde husa på plassen til eigar Danholm.

a) Andreas  dp.1791-1793  døypt Fiskerstrand, døydde på Furholmen.

b) Borni Andrina Laurenze   dp.1795   døypt Furholmen, Ikkje nemnd i arveskiftet 1827.

c) Birte Marta  dp.1799   vart nemnd i arveskiftet 1827.

 

Knut Knutson Holt Frøland(N, 3) (1798-1846), vart fødd i Hjørundfjorden og konfirmert i Haram. Han gifta seg 1820 i Stordalen med Oline Torsdotter Hove(1), (1790-1868), frå Stordal. Dei dreiv plassen frå 1827 til 1845. Når dei kom, var der ein nymura steinfjøs, overbygd løe og fjøs som tilbygg. Kårmannen, Rasmus, eigde ei gamal røykstove og stabburet, så Knud måtte bygge eigen bustad. Han dreiv mykje som kiper. I 1845 vart det levebrødet, då han selde garden og vart kårmann. Det vart ingen suksess. Når han døydde i 1846, var han nemleg konkurs. Knut er ein av dei få i samtida som fortsatt brukte etternamnet sitt etter flyttinga. Han vart også kalla Frøland ved gravferda. I Knut si tid, vart plassen seld til Steffen Steffenson Blindheim i 1836 og skyldsett til 1 ort og 17 skilling. Plassevågen fekk no sitt eige bruksnummer. Det er nemnd at plassen hadde lagt under Antonesgarden tidlegare.

a) Torstine  f.1815  Oline si dotter med Sjur Ols. Ringset, busett på Nedre Furseth, Stranda.

b) Knud  1820-1898   tok over bruket.

 

Sonen Knud Knutson Frøland Emblemsvåg(7) (1820-1898) gifta seg i Hjørundfjorden 1845, med Johanne Pedersdotter Mo(4) (1814-1897) frå Hjørundfjorden. Dei dreiv bruket frå 1845 til 1875. I 1868 hadde dei 2 kyr, 4 sauer, dyrka 2 tønner bygg, 6 tønner havre, og 6 tønner med potet. Knud og Johanne fekk også 12 skippund med høy det året.

a) Knud Karl Thomas  1846-1917  tok over bruket.

b) Fredrik Peter Matthias  1850-1928   1879 g.m. Johanna Oline Martha Paavelsd. Valen(1), brukar Oksebås(1+2).

 

Sonen Knud Karl Thomas Knudson Emblemsvåg(7) (1846-1917) gifta seg 1873 i Borgund, med Jacobine Lovise Andrine Colbeinsdotter Vigen (1845-1916), fødd Eikremsvik(1). 1888 vart broren til Jacobine, Styrkar Olaus Andreas Colbeinson Eikremsvik(1), nemnd som død legdslem på plassen. Han hadde tidlegare vore brukar på husmanssplassen «Brauta», Eikremsvik(2). Knud betalte 3 speciedaler i årleg avgift til eigaren, Steffen Steffenson Blindheim. Videre forplikta han seg til å bygge eit nytt gardshus på bruket, som Steffen skulle eige.

a) Johanne Nikoline Gurine  1874-1929  1904 g.m. fiskar Sivert Nikolai Andreas Vedellen, Sande. Var «Sypige», og busett i Ålesund ei tid. Døydde i Haram.

b) Karoline Laura Tomasine  1876-1960  g.m. Sevrin Hanss. Haram, busett Haram.

c) Karl Oluf  1879-1934  1901 g.m. Tomasine Johnsd. Rørstad(1), budde i grensegata, Ålesund 1910. Fiskar og «arbeiderpartimann».

d) Nikolai  1882-1943  1912 g.m. Laura Karoline Soltvedt, fødd i Alversund, busett i Bergen, og gravlagd på Haukeland. Var skomaker. Drog til Minnesota 1887, men kom attende 1912. Kalla seg Emblem.

e) N.N.  1882-1882  døydde samme dag som fødselen.

f) Oluf Bernhard  f.1885  tok over bruket.

g) Nikoline Hansine Sofie  f.1888  g.m. Oluf Hegdal, busett Ålesund. Nemnd som «Maskinists enke» i Adresseavisa februar 1967. 1910 tenestejente saman med Thomas Akslen hos søstera på Haramsøya.

 

Sonen Oluf Bernhard Emblemsvåg(7) (f. 1885) kjøpte plassen til sjølveige 1912, men budde aldri der i vaksne alder. Han var bygningsnikkar og fiskar. Oluf gifta seg 1869 med Nicoline Kaldvatn(S) (1842-1929). Garden vart etter kvart lagt ut til hyttefelt. Han emigrerte til Minnesota i 1911. Oluf var då ugift. Om kjøpet var del av ein plan om å kome heim og ta over, er uvisst. Han er nemnd i dødsannonsa til storesøstera som «f. t. i U.S.A.» i 1929. Husa vart ståande etter dei flytta, og ei tid nytta til sommarhus av slekta. Eit av bygga på småbruket stod truleg i det som vart hagen til John og Sigrun Helseth, ved krysset, der gardsvegen til Oshaugen skil seg frå sjøvegen ned til nausta. Dette er like ved staden der dei fleste gravhaugane i si tid låg. Ein skal derfor ikkje sjå vekk frå at fleire av dei vart fjerna av brukarane her i tidlegare tider. I vår tid er det sett opp nyare bustadhus der tunet ein gong låg.