KRISTIANPLASS

Nedlagd husmannsplass

 

Johanne Jonsdotter Tryggeset(2) (1817-1873) kom 1850 frå Tryggeset i Bondalen, ved Hjørundfjorden, og rydda plassen i sør-austre hjørne av innmarka. Det er omtrent der postvegen «Hegre- vegane», frå Ystebøen, framleis endar på slåttemarka til Eikenosa. Det var uvanleg at ei ugift kvinne flytta for å rydde seg eigen plass på den tida. Ho vart dømd til tre månedar tukthus, for nasking frå Nes-Jo i 1840. Etter at dommen var sona, valde ho å flytte frå heimplassen. Johanne gifta seg i godt vaksen alder med den 30 år yngre Kristofer Britanus Rasmus Pedersdotter Vegsundrabb(2) (f.1847) 1864. Han var kanskje ein tidlegare dreng på plassen. Det er lite som tyder på at ekteskapet vart av det lukkelege slaget. 1871 vart Kristoffer far utanfor ekteskap med Else Christensdotter Rusten, frå Skjåk i Lom. Det enda med skilsmisse i 1872. Før skilsmissa hadde Kristofer og Johanne budd frå 1866 til 1870 på Tryggeset, Nedregotten(6), som brukar 559, før dei flytte attende til Kristiansplassen igjen. Ho var søster til (Johanne) Severine Johnsdotter Tryggeset(2) i Olevågen, Eikenosvåg(2), og fekk kår på Kristiansplassen med neste plassebrukar.

a) Karoline Marie  1871-1871  Kristoffer si dotter med Else Christensd. Rusten, frå Skjåk i Lom. Døydde på Buholmstranda.

 

(Peter) Christian Olson Løset(2) (1827-1895) kom frå Søvikdalen i Sykkylven. Han løyste festeavgift 1853, og gifta seg det same året med Gurine Marie Johansdotter Lyshol, Vik(3) (1822-1900). Christian fekk feste mot 16 speciedaler, 1 speciedaler i årleg avgift og 12 arbeidsdagar på hovudbruket. Enka dreiv nokre år plassen saman med ein av sønene. 1900 vart plassen lagt inn att under Eikenosa.

a) Anne Petrine  1848-1917  1877 g.m. ungkar/ inderst Johan Peter Laurits Ols. Stadsnes(6), brukar Vassetgjerde, Vasset(4). Døydde av tæring.

b) Karen Olave  1853-1948  1878 g.m. Andreas Martinus Elias Johans. Molvær(9), brukar Molvær(9).

c) Johan Olaus  1857-1929  1885 g.m. Inger Gurine Eliasd. Dale(25b), Norddal, busett Moldvær. Var skomakar.

d) Ole Elias Andreas  f.1859  fekk 1882 dottera Amalie Frederikke med Eline Johanne Marie Hansd. Busett i Ålesund, der han var tømmermann.

e) Johanne Caroline  1862-1929  1912 g.m. enkemann og skreddar Johan Karl Laurits Jetmunds. Løvøy(1) frå Vatne. Ho var herreskreddar, og hadde sonen Kristian Karlsen (f.1897) buande heime.

f) Carl Johan  1865-1913  1896 g.m. Ingebor Lovise Petrine Hansd. Davenes, fødd Jarnes(2), busett Ytre Fyllingen, Sula. Han var snikkar og dei hadde vore i Amerika ei tid ikring 1903, der den eine dottera vart fødd. 1910 var Karl på ny i Amerika for å arbeide.