Bnr. 15 ELVARUM
Handelstad delt frå Negarden.
Landhandlar Lars Karolus Johannes Olson Emblem(1) (1844-1925) vart fødd i Negarden, Emblem(1), og var opprinneleg brukar 6012 der. Han var med i heradsstyret i Borgund kommune, før han fekk utferdstrong, overlot Negarden til eldstesonen, og tok hyre som sjømann. Etter nokre år kom han heim att og fekk delt frå eit stykke av farsgarden i 1898. Lars starta landhandel og poståpneri 1900. I begynnelsen dreiv han sal på vegne av handelsmann Berli i Ålesund. Lars gifta seg først i 1862, med Severine Knutsdotter Roald (1836-1916), frå Vigra. 1917 gifta han seg på nytt med (Thora) Margrethe Knudsdotter Kulø (1870-1948), frå Edøy. Lars var ein føregangsmann i bygda. Han var aktivt med i planane om både dampskipskai og smørmeieri. Lars var også bestyrar på meieriet, til det vart lagt ned i 1906. Landhandelen stengde dørene etter at Lars døydde i 1925. Margrethe selde bruket til neste brukar. Ho vr busett i Trondheim, når ho døydde.
a) Fredrik Andreas 1863-1938 tok over Negarden, Emblem(1) etter faren. Sjå meir der.
b) Ole Elias Andreas 1865-1954 1892 g.m. Hanna Petrine Sande. Skomakar i Grimmergata, Ålesund.
c) Oline Caroline Johanne 1868-1946 1893 g.m. Knud Peder Lauritz Carlson Vegsund, brukar Tunheim, Vegsund(8). Han va ei tid i Amerika. Oline vart skilt før 1910, og busett i Skaregata 11, i Ålesund.
d) Andreas Karolus 1873-1958 1895 g.m. Ingeborg Maria Osld. Mølsæter(1), busett og brukar Sjøholt(43). Var først smed, og så kaptein.
e) Lars Severin f.1875 drog til Amerika og Dakota 1893. Drog kanskje samstundes med søstera og svogeren. Studerte ei tid i Chicago.
f) Olaf Severin 1880-1938 emigrerte til Amerika før 1900, busett i Santa Fe. Flypionér. g.m. dommerdottera Lillian Gildersleve, etter 1913. Sjå meir om han i Negarden, Emblem(1).
Ole Johan Laurits Peterson Hesseberg(2) (1889-1975) kom frå Oppigar, Hesseberg(2). Han reiste 1907 til Amerika, som så mange andre frå Emblemsbygda. Han er registrert i Barnes, Nord Dakota 1910 og dreiv med skogsarbeid. Der tok han namnet «Ole Berg», men det offisielle etternamnet var framleis Hesseberg. Ole kom heim att i 1932, og kjøpte Elvarum. Den tidlegare landhandelen vart no kjend som «Berghuset» på folkemunne. Ole gifta seg 1933 med Anna Lovise Emblem(2) (1900-1974), frå Garsendhaugen, Emblem(2). Dei fekk ingen eigne born. Bruket hadde ikkje eige sel, men sommarfjøs på Øvste Legane, saman med Garsendhaugen og Fursetgarden. Den vart kalla «Ole Berg fjøsen» etter han. Ole delte på hest med svogeren, Johan Ingvald Emblem(2), på nabobruket Garsendhaugen, Emblem(2).
a) Olaf Arne f.1935 tok over bruket.
Adoptivsonen Olaf Arne Hesseberg (f.1935) tok over bruket i 1958. Han er fødd i Oslo, og kom til Emblem i 1938. Olaf bygde seg nytt hus ved tunet, og selde det tidlegare hovudhuset til Jostein og Oddrun Navelsaker i 1975. Han gifta seg med Erna Østrem (1940-2004). Ho vart fødd på Østrem, og er dotter til Sevrin R. Østrem(3), frå Abrahamsgarden, Østrem(3). Sevrin bygde seg etter kvart eit nytt hus på tomt frå Øvste-Aksla. Erna og søstera Kjellaug Andora vaks opp der. Kjellaug gifta seg med Odd Lundanes, frå Eikenosa, og tok over huset på Aksla, som seinare fekk gateaddresse Hjellhaugvegen 112. Det er no seld ut av slekta, reve og erstatta av ny tomannsbustad. Olaf har i alle år arbeidd med varehandel. Han gjekk handelskule i Brattvåg, og arbeidde 2 år på Severinbuda på Emblem, samt eit halvt år i Færingehavn på Grønland. Resten av sitt yrkesliv var han hos Maskin og Skipsutstyr i Ålesund. For dette fekk Olaf Kongens fortjeneste-medalje for 40 års innsats i 1998. Han arbeidde der i 48 år. Olaf har i mange år vore aktiv i idrettslaget, både som aktiv utøvar og som administrator. Han var leiar i Emblem I.L. fleire gongar, frå 1957 til 1988. Oppsummert vert det heile 18 år. Olaf var aktiv utøvar i fotball og langrenn på Emblem, og i friidrett for Aalesunds idrettslag. Han var oppmann i Aalesunds Idrettslag i 6 år, oppmann for fotballgruppa på Emblem i 1955, 1956 og 1958. Han har også vore formann i friidrettsgruppa til Emblem frå 1965 til 1969, og vore med på å skrive to av jubileumshefta for laget, saman med Per-Aslak Emblem(5). I 1992 vart han utnemnd til æresmedlem i Emblem I.L Olaf har vore aktiv i historiearbeidet på Emblem, denne bygdeboka inkludert. 2006 vart nokre av markane ved tunet selde til Moelven Bruk. Han selde huset 2016, og kjøpte seg leiligheit i nytt bustadfelt, like ved gamlehuset.
a) Janne f.1970 2000 g.m. Bjørn Helge Græsli, busett Trondheim.
b) Karin f.1971 er fysioterapeut, busett Oslo.
c) Solgunn f.1977 2020 g.m. Christoffer Stange, busett Oslo.
Garden er no seld, og delt opp i bustadtomter. Huset til Olaf vart delt frå garden 2014 og seld videre til Nina Marina Johansen (f.1977) og Ernie Bjørn Rekdal (f.1970) i 2016. Huset har i dag gateadressa Elvemyrvegen 22.