Bnr. 5 ELVESTAD
Delt frå bnr. 1 Utigard
Sverre (Hannibald) Ødegård, Eikenosøygard(1) (1906-1982) var pleiesonen til Jens Johan og Jensine Ødegård, Eikenosøygard(1). Han gifta seg 1941 med Petra Kristofa Kvasnes frå Torevågen, Eikenosvåg(1). Han fekk delt frå denne gardparten som arv ved tinglest skøyte i 1932. Sverre arbeidde som snikkar hos «Ødegård Karosseri» i Puskhola, og hadde også arbeidd ei tid på møbelfabrikken til Rolf Ekornåsvåg ved Eikenoskrysset. Sverre arbeidde mykje med nydyrking og jordforbedring på bruket sitt. Han dreiv også ei tid med sau, og premievær saman med ein kamerat frå Stranda. Sverre og Petra dreiv ein del med torghandel i Ålesund. Karl O. Emblem(6) i Steffågarden på Emblem var svogeren til Petra. Han hadde eigen bil, og hjalp tidvis til med å frakte salgsvarene til byen. Andre gongar tok Petra bussen. Frå handskrevne lappar med dagsrekneskap, kan ein finne at ho kunne selde både roser, erter, neper, og eit rikt utval med sommerblomster, som asters, georginer, løvemunn og montbresia på ein og samme torgdag. Ho selde mest blomster og bær, og der var også dei som vart så fornøgde med bæra at ho fekk takkebrev etterpå. Sverre fekk overta båten til Utigard-Jens. Den låg nede i Vågane ved Furholmen.
a) Aslaug Jorunn f.1943 1964 g.m. Ivar Kåre Reiten, Østremsreiten(1). Sjå meir om dei der.
b) Nils Inge f.1946 tok over bruket.
Sonen Nils Inge Ødegård, Eikenosøygard(5) (f.1946) tok over bruket i 1983. Bruket hadde gateadresse Puskholevegen 10. Han var tidligare gift med Herdis Karin Nygård frå Blindheim, og er no sambuar med Sigrun Hamre (f.1947).
a) Mona Kristin f.1971 2007 g.m. Oliver Dietrich, busett Karlskrona, Sverige.
b) Kim f.1972 Busett utanfor Stockholm, Sverige.
Våren 2023 kjøpte Møre og Romsdal fylkeskommune garden, som var omregulert til nytt veganlegg i bypakken for Ålesund. Fylkeskommuna er dagens eigar.