Bnr.7 JAKOBGARDEN

Austlegaste halvdelen av Steffågarden(6+7). Seinare kjøpt ut og delt frå som bnr. 32

 

Her finn du garden på kartet

 

Sjå også eldste historia i starten av teksten Steffågarden, Emblem (6+7)

 

Jakobgarden vart skyldsett og delt frå det gamle Steffågardsbruket i 1854, med sitt eige bruksnummer. Dette er den delen som låg lengst mot aust, etter utskiftinga i 1835. Gardsnamnet kjem truleg frå den første brukaren, Jakob Olaus Sørensen Giske (1827-1921), frå Knutgarden på Giske. Han gifta seg året i forvegen med (Lina) Steveline Caroline Christopha Christophersdotter Sperre(IV) (1831-1915). I 1868 hadde Jakobgarden like mange husdyr og avling som Steffågarden. Dei dreiv bruket til 1870, før dei flytte frå bygda og fekk seg husmannsplass på Kvalstein 1871. Steveline er søster til Agnete Emblem i Negarden, Emblem(1). Ho budde på gamleheim då ho døydde 1915.

a) Stina Karoline  1853-1854  døydde av kikhoste.

b) Christine Helene Andrine  1855-1921  1877 g.m. enkem. Lars Larss. Godø(1), brukar Volstad(N,2).

c) Knud Severin Olavius  1857-1931    1897 g.m. Sofie Marie Andreasd. Framhus(182e), Stranda, brukar Myklebust(6) på Ellingsøya.

d) Jacob Olavius Cornelius  1860-1860  døydde 3/4 år gamal.

e) Christoffer Olavius Joachim  1861-1862  døydde 1 år gamal.

f) Caroline Petrine Jensine  1863-1930  1909 g.m. 567 enkemann (Simon) Elias Karls. Nedregotten(4). Han budde i Odda. Seinare brukar i Løvika, Nedregotten(7).

g) Severin Joakim  f.1866   1897 g.m. Elen Severine Ingebrigtsd. Nybø(1), Vatne. Matros.

h) Christopher Martinus Cornelius  1868-1933   1894 g.m. Else Johanne Olivie Ulvestadbakken, Vatne, busett Ålesund. Han arbeidde som fiskar, og seinare som laborant.

i) Kristian Olavius  f.1871

j) Peter Lauritz   f.1874   1898 g.m. Stine Knudsdtr. Veiberg, Norddal.

k) Stine Jensine Petrine  f.1877   1899 g.m. Johan Magnus Martinus Volstad, fødd Søvik.

 

Ole Fredrik Berntsen Skår (1840-1927) kom frå Eineplassen i Hjørundfjorden 1871. Han gifta seg det same året med Anne Randine Knudsdotter Kvistad(1) (1845-1926). Ho kom også frå Hjørundfjorden. Dei dreiv garden til 1900, før dei tok kår hos sonen.

a) Bernt Elias   1871-1871  fødd på Kvistad 28. mai, før familien flytte til Emblem. Han døydde på Emblem i oktober det same året.

b) Berent Elias Matthias  1872-1875

c) Olina Randine   1874-1874   døydde 2 dagar gamal. Det gjekk nok fort, for dei rakk ikkje å døype henne.

d) Knud Bernhard Severin  1876-1948    neste brukar.

e) Elias Laurits Karolus   1878-1894   dreng, døydde av lungebetennelse.

f) Olivia Hansine Birgitte  f.1881   1901 g.m.  Rasmus Andreas Martinus Petters. Østrem(3) frå Abrahamsgarden, busett i Ålesund.

g) Petra Laura Ragna   1883-1937  1905 g.m. skipper Johan Marinius Lysfjord frå Bindal, Nordland, busett Ålesund.

h) Oleanna  1886-1896   døydde av hjernebetennelse.

 

Sonen Knud Bernhard Severin Olson Emblem(7) (1876-1948) gifta seg 1901, med Emma Charlotte Fredrikke Sivertsdotter Vegsundrabb(2) (1871-1957). Dei dreiv bruket frå 1901 til 1934. I 1913 fekk dei ny bygselskontrakt med naboen Andreas Johansen Emblem, frå Ebbegarden. Han hadde kjøpt Jakobgarden det året. Seinare tok niesa til Andreas, Maja Emblem(8) frå Ebbegarden, og Alfred Østrem(3) frå Abrahamsgarden, over delar av dette bruket. Markane vart lagt til nabogarden, Solvang, Østrem(8), som dei nyleg hadde etablert. Knud tok også litt oppdrag med hesten i onnene. Det vert fortalt at han pløgde for Knud Magerholm(dal) på Daleplassen i Magerholmdalen dei siste åra, før plassen vart lagd ned i 1927.

a) Ole Elias  1902-1976  gift før 1923 med Johanne P. Leikanger. Han drog til Amerika fleire gongar, busett Emblem.

b) Karl Sigvard 1907-1997  tok over bruket.

c) Anne Betzy  1909-1997  1935 g.m. sonen til Louis Henrik Wennersberg. Han har slekt i Mattisgarden, Østrem(1). Busett på tomt frå Jakobgarden, like aust for tunet. Bygde seg nytt hus der.

d) Oskar Alfred Johan  1914-1982  1937 g.m. Laura Sunde frå Spjelkavik(24), busette seg i Spjelkavika. Arbeidde som røyrleggjar.

 

Sonen Karl Sigvard Emblem(7) (1907-1997) gifta seg 1943, med Petra P. Fylling (1919-2000) frå Sykkylven. Ho kom til bygda som tenar i Fursetgarden. Dei kjøpte ein del av farsgarden i 1935, som fekk namnet «Elvatun», Emblem(32). Resten av garden fekk Alfred Østrem(3) frå nabogarden Solvang, Østrem(8), kjøpe. Han var i slekt med den dåverande gardeigaren, Andreas Johansen Emblem(8) frå Ebbegarden, via giftemål. Alfred kjøpte til fleire tomter for å få eit småbruk på heimeutmarksgrensa til Østrem. Han vart dermed nabo til Karl og Petra.

a) Marit Johanne  1944-2002  1971 g.m Harald Birkelund, Ytre-Skodje(29), busett på tomt frå Jakobgarden.

b) Kåre Einar f.1948 tok over bruket.

 

Sonen Kåre Einar Emblem(32) (f.1948) gifta seg i 1973, med Selma Ingfryd Brastad (f.1947) frå Vestnes. Dei bygde seg nytt hus ved tunet, og flytte etter kvart til Hildrestranda i Haram.

a) Knut Inge f.1978 Busett på Hildre.

 

Jan Asle Nedregotten(8) (f.1957) frå Syvergarden, Nedregotten(8). Han er tidlegare gift med Helen Engeseth (f.1965) frå Magerholm(1). Jan Asle kjøpte garden 2007. Han er dagens grunneigar. Delar av bruket vart leigd ut til bygging av ny hestestall og beite, det samme året. Han var også grunneigar i Syvergarden ein del år. Sjå brukar der.

a) Christian  f.1986   sambuar med Marita Velsvik Andersen, Glomset. Busett Blindheim.

b) Håkon   f.1988   busett Ålesund.