Bnr. 1 Skaret

 

Trykk her for å finne garden på kartet

 

 

BRUK II

 

Henrik Knudsson fekk bygselsbrev i 1623, og dreiv bruk II til om lag 1632. Han overlot garden til neste brukar.

 

Ole (f.1605) kan ha vore bror til Henrik ovanfor. Han dreiv bruket frå 1632, til om lag 1660. I 1658 vart han skattlagd for hest, og 7 kyr. Ole dreiv saman med sonen dei siste åra.

a) Knut tok over bruket

 

Kaptein Jørgen Knag på Slinningen er nemnd som brukar og eigar i tidsrommet 1660 til 1695. Det er ingen ting som tyder på at han sjølv budde på garden. Truleg var det ein bygselmann som dreiv bruket. Det er mogeleg at Knut Olson Nedregotten(3), sonen til den forrige bygselsmannen, kan ha vore brukar her. Knag eigde på denne tida fleire gardar i Borgund.

 

Peder Larsson (ca.1661-1745) gifta seg med Maren Jonsdotter Alnes (ca.1654-1744), og bygsla bruket kring 1695. Dei dreiv bruket til 1733. Maren skulle ha vore 90 år når ho døydde.

a) Jon  1695-1703

b) Lars  1697-1731  vart kalla Laurits i 1701-teljinga. Drukna 23.desember 1731.

c) Peder  ca.1699-1731  døydde på Nedregotten, etter nokre år som sengeliggjande.

d) Knud  1702-1767  tok over bruket.

e) Marret  dp.1705  1729 g.m. Peder Imbritsen Hildre.

f) Ole  dp.1709-1749  1740 g.m. Birthe Olsd. Blindheim, brukar Rot(1), Ellingsøya.

 

Sonen Knut Pederson Nedregotten(II) (dp.1702-1767) forlova seg 1733, med Anne Ingebrigtsdotter Hildre (1705-1769). Dei sat godt i det, reint økonomisk. Skiftebuet etter Knut var på verdiar for heile 135 speciedaler, og nesten ingen gjeld. Dei hadde mellom anna hest, 5 kyr, 3 sauer, 3 geiter, eigde del i 4 båtar, hadde mykje fiskereiskap, og eige naust. Det var truleg fisket som hadde gjeve god avkastning. Bruket vart no delt vidare opp, og fordelt på to av sønene deira.

a) Mari  dp.1734-1797  1) 1760 g.m. 6038d Knud Ols. Emblem, brukar Emblem(6+7).

                                         2) 1766 g.m. 706c Jens Knuds. Emblemsvåg(1).

b) Birthe  1736-1812  1757 g.m. Arne Eriks. Standal(Y,2), brukar Standal(Y,2). Flytte så til Øyra(I).

c) Anne  dp.1738  1772 g.m. Siver Jacobs. Hessen, brukar Ytre Hessen(1).

d) Peder  1740-1794  tok over halve garden, kalla «Skaret», Nedregotten(1). Sjå brukar 530.

e) Ingebrigt  dp.1742-1816    1) 1766 g.m. enke 6007b Aniche Pedersd. Emblem(1).

                                                   2) 1787 g.m. Elen Nilsd. Grytten(1). 3) 1811 g.m. Mari Knudsd. Mork(3), Hjørundfjord. Brukar                                                          Negarden, Emblem(1).

f) Lars  1745-1785  tok over halve garden, kalla «Guttormgarden». Sjå brukar 539.

g) Anne  dp.1749    Ein veit ikkje meir om henne.

 

BNR. 1 SKARET

Første halvparten av bruk II

 

Sonen Peder Knutson Nedregotten(II) (dp.1740-1794) gifta seg 1763, med Berte Larsdotter Østremsreit(1) (dp.1728-1780,) frå grannebruket. Han fekk overta halve farsbruket i 1760. På denne tida vaks folketalet i bygda, og mange måtte flytte derifrå. Kanskje var dette noko av bakgrunnen til at Knud let to av sønene sine få dele bruket. Ei anna årsak kunne vere at gardeigaren med dette kunne krevje inn meir bygselsavgift. Den tredje sonen vart godt gift i Negarden. Peder kjøpte garden til sjølveige 1772, men det gjekk ikkje så bra. Han måtte selge garden, etter berre 5 år, til Elling Olson Roald og verte bygselsmann igjen. Peder fekk ingen gode skussmål frå presten i Borgund. Han vert omtala som «slet oplyst», medan begge dei to konene fekk attest for gode kunnskapar. 1781 gifta han seg på nytt med Anne Marie Knutsdotter Hole (f. 1756?), som kanskje kom frå Geiranger. Peder måtte gå frå forpliktelsane sine, og over på legd i 1793. Han var framleis legdslem når han vart gravlagd, 61 år gamal. Ingen av borna tok over.

a) Arne  dp.1763

b) Canute  dp.1767-1784   døydde 17 år gamal.

c) (Berthe) Laurence  dp.1781-1784    døydde 2 år gamal.

d) Jacobine  dp.1787   døypt i Ørskog.

e) Peder Christian  dp.1790

f) Gunild Gurina   dp.1793-1795     døydde 2 år gamal.

 

Arne Ellingsson Åkernes(I) (dp.1759-1798) kom 1793 frå Sunnylven. Han gifta seg i Geiranger, det samme året, med Else Pedersdotter Vesterås(1) (dp.1752-1794). Dei fekk ikkje noko langt ekteskap saman. Allereie i april, det påfølgande året, døydde Else i barselsenga saman med bornet. Arne gifte seg på ny i 1795, med Laurentze Larsdotter Frøysa(8) (1762-1836). Også ho kom frå Sunnylven. Dei dreiv bruket godt i tidsrommet 1793 til han døydde 1798. På desse åra bygde dei både ny kvern, sengebu, sel og naust. Skiftet etter han nemner 4 kyr, 3 kviger, 4 geiter og 5 sauer. I tillegg hadde han mykje fiskereiskap. Laurentze hadde mykje slekt på Emblem. Broren Lars budde på Magerholm, og søstera  Margretha i Guttormgarden, Nedregotten(2). Ho var også «gamaltante» til Rasmus i Steinsgarden, Lars Martinus i Magerholmvika, og Lars på Akslagjerdet, Akslen(2).

a) N.N.  1793-1793   bornet og mora døydde begge i barselseng.

b) Else  1796-1821   ugift, døydde 25 år gamal.

c) Andrine Christiane  dp.1799-1862     1) 1826 g.m. 6100a Ole Andreas Niels. Emblem(11), brukar Sjursgarden                                                                                                Emblem(11).

                                                                     2) 1833 g.m. Knud Ols. Kirkebø(1), Sula.

                                                                     3) 1841 g.m. Lars Kristians. Viddal(7), Hjørundfjorden. 

 

Enka Laurentze Larsdotter Frøysa(8) (1762-1836) gifta seg på nytt 1800, med Johannes Pederson Rot(2) (ca.1773-1851). Det året var der stovehus, 2 fjøsar, løe, og eit lite stabbur. Alt saman i brukbar stand. Dette kom i tillegg til det som Arne, før han, hadde bygd for eiga rekning. Det var nok fór til 6- 7 krøter og 6-7 småfe. I tillegg avla dei om lag 20 tønner med korn. Det tyder at det var mest natureng, og ikkje så mykje oppdyrka mark på denne tida. Sjå meir om slekta på Emblem, i teksten om brukar ovanfor. Det vert fortalt at far til Johannes, «Rota-Pe», var fattig. Han reiste ikring med tre av smågutane sine, og ba om andre ville ta imot dei. Soleis vaks ein opp på Synnes, ein på Nogva, og Johannes på Austnes.

a) Lars Petter Berndt   dp.1801-1837   tok over bruket.

b) Amund Martinus  dp.1807.

 

Sonen Lars Petter Berndt Johannesen Nedregotten(1) (dp.1801-1837) gifta seg 1827, med Olave Birgitte Olsdotter Emblem(8) (1802-1882) frå Ebbegarden. Dei dreiv bruket frå 1827 til 1837.

a) Johanne Bergitte   1827-1913  1848 g.m. Lars Rasmuss. Spjelkaviknes(1), brukar Spjelkaviknes(1).

b) Ole Elias  1832-1923  tok over bruket seinare.

c) Ane Jørgine Caroline  1836-1836  døydde 20 veker gamal.

 

Enka Olave Birgitte Olsdotter Emblem(8) (1802-1882) gifta seg opp att i 1839, med  Peter Christian Ananiasson Flisnes(2) (dp.1808), frå Rasmusgarden, Flisnes(2). Dei dreiv bruket frå 1838 til 1855. 1847 vart det halde takst på garden. Der var då stove av tømmer, med fordør og kjøkken, løe med tømmerfjøs, og stabbur med fordør. Kornavlinga og krøttermengda var den same som 1800, men talet på småfe som kunne alast opp, var no 10. Det hang kanskje saman med mindre skog på denne tida. Hus, dyr, og avling vart taksert til ein verdi på 121 speciedaler, medan bruket totalt sett vart verdsett til 200 speciedaler. Garden hadde no vorte Peter Didrikson Giskeødegård sin eigedom. Han selde den vidare til neste brukar i 1856.

a) Lovise Agnete Jørgine  1841-1927  1863 g.m. Berent Olaus Timotheuss. Spjelkavikgjerde (5), brukar Spjelkaviknes(1).

b) Anne Karoline  1845-1934      1) 1867 g.m. Haagen Timotheuss. Spjelkavikgjerde(5).

                                                         2) 1878 g.m. Ole Andreas. Kristians. Saltkjelsvik(1), Skodje, brukar Rødsetholen. Ho var                                                                    først tenestejente på Spjelkaviknes(1).

 

 

Sonen Ole Elias Larsson (1832-1923) kjøpte bruket, og tok over etter mora og stefaren i 1856. Han gifta seg 1860 med Olave Hansdotter Lervåg(1) (1835-1904). Dei flytte tunet frå den gamle tunstaden, i klyngetunet ved Steffagaren, og litt lenger aust, der tunet på Skaret ligg i våre dagar. Gamleløa var eigentleg to mindre bygg, som var samanbygd med båsar i heile lengda. Frå taksten 1847 kan ein lesa at det var to tømmerfjøsar med samanbygd. løe til. Dei dreiv Skaret til 1891, og tok kår hos sonen. Ole eigde også halve Sirigarden frå 1866 til 1909. Den fekk borna i gåve. Sjå meir under Sirigarden lenger fram i denne boka. Ole dreiv fiske i 40 år, attåt gardsdrifta, og han var i 25 år skinnhandlar. Han reiste ikring på bygdene for å kjøpe opp skinn, som han selde vidare. Det vart mest handel med saueskinn, verdsett til 1 krone per stykk. Seinare auka prisen til det dobbelte. Han fortalde at han handla ein god del med Lars Ramstad. Bjørkeskogen vaks til i Ole si tid som brukar. Han selde famnved for fleire hundre kroner. Det var ein stor sum før 1920.

a) Lovise Agnethe Eline  1862-1932  1882 g.m. Johan Nicolai Bastian Bernts. Erstad(1), Sykkylven, brukar Erstad(1). Arva part i Sirigarden, Nedregotten(3). 

b) Johan Andreas Olavius  1864-1917  neste brukar.

c) Hans Martinus  1871-1871  døydde 1/4 time gamal.

 

Sonen Johan Andreas Olavius Olsen (1864-1917) gifta seg 1889, med Petrine Danielsdotter Honningdal(1) (1867-1938). Ho var dottera til Daniel Hesseberg(1) frå Nerigar, og søster til Lars Honningdal, som vart brukar på bruk nummer 1 på Magerholm. Johan gjekk i snikkarlære inne i Honningdalen, og vart fullt utlært snikkar. Han bygde løa, som framleis står, om enn i ombygd utgåve. Han eigde også ein part i nabobruket Sirigarden, Nedregotten(3). Dei dreiv bruket frå 1891 til 1917, før Johan døydde av kreft. Det var meininga at eldstesonen skulle ta over bruket. Han arbeidde i Amerika, for å tene opp nok pengar til å overta. Slik gjekk det ikkje, for han døydde under tragiske omstende, og sparepengane kom vekk. Mora, Petrine, dreiv bruket til Olave tok over i 1920. På denne tida forfall garden. Det synest også på bryllaupsbileta frå 1920. Petrine fekk tinglest rett til å kjøpe ut kårhusa, saman med dottera Kristofa, og fortsette å bu på garden, men slik vart det ikkje.

a) Ole Daniel Laurits  1891-1918   på fiske i USA frå 1911, men fall ned frå ei skipsmast der borte, og omkom i 1918.

b) Kristofa Karoline Margrete  1894-1960,  ugift, busett på garden. Døydde på Oppdøl.

c) Olivia Kaia  1896-1973  1920 g.m. Alfred Elias Christians. Østremsreit(4), frå Midthaug, busett i Langevåg.

d) Olave Petrine  1899-1978  tok over bruket.

e) Dina Olga  1903-1994  ugift. Kjøpte hus 1939, busette seg i Langevåg.

f) Inga Anna  1906-1993  1932 g.m. skreddar Aksel Erik Hartvigsen Kiran. Han var bror til oversettaren, målmannen og NRK-mannen Hartvig Kiran.

 

Svigersonen Nils Ingvald Johanson Akslen(4) (1897-1986), frå nabobruket Høla, gifta seg 1920 med Olave Petrine Nedregotten(1) (1899-1978). I det tingleste skøytet, datert 1921, fekk svigermora, Petrine, rett til å kjøpe ut kårhusa saman med dottera Kristofa. Men planane vart endra. Han bygde i staden om huset i både høgd og golvareal i tidsrommet 1951/-52, slik vart det god plass til alle under eit tak. Huset stod heilt til 2013, når dagens grunneigarar reiv det og bygde nytt hus på samme tomta.

a) Dotter f.1921 døydde før 1923.

b) Johanne Petrine 1923-2008 tok over bruket.

c) Judith Olga  f.1927  1955 g.m. Kåre Kvangarsnes, bygde hus ved bruket i Østremsvik. Ho er også ein av 10 medeigarar i skogsteigane til det nedlagde Siribruket, Nedregotten(3).

 

Svigersonen Inge Louis Emblem(1) (1919-2015), frå Negarden, gifta seg 1945 med Johanne «Jonna» Petrine Akslen (1923-2008), Nedregotten(1). Dei fekk skøyte på garden 1955. Han var i mange år fast sjåfør for Emblemsbygda Billag, og har også arbeidd på møbelfabrikk. Han arbeidde først for «Østrem Trevarefabrikk, Akslen & Co.», i Severin Østrem sin nybygde fabrikk ved «Blåskulen» på Emblem, seinare kalla «Eidslotthuset». Etter kvart fekk han arbeid hos Rolf Ekornåsvåg på «Ekornåsvåg Møbelfabrikk» ved Eikenoskrysset. Etter kvart var han berre bussjåfør. Dei siste åra budde han i eldrebustad på Garsendhaugen, Emblem(2).

a) Nils Olav  f.1946   1) 1969 g.m. Liv Mari Astrup, bygde hus på garden.

                                    2) g.m. Celia Alves Aguilar. Busett i eldrebustad på Garsendhaugen.

b) Dotter  1948-1948   døydde samme dag.

c) Målfrid Torunn  f.1951  1976 g.m. Kåre Flesjå, busett Emblem.

d) Inger-Johanne  f.1953   1979 g.m. Kjell Arne Fjørtoft, busett Ålesund.

 

Bornebornet Idar Jonny Emblem (f.1970) er også bussjåfør. Han gifta seg 2008 med Benedikte Fiskerstrand (f.1981), og har bygd seg nytt hus på garden, på tomta der det gamle huset stod. Dei tok over bruket i 2008, og er dagens grunneigarar.

a) Jacob Elias  f.2008

b) Peter Louis  f.2011

c) Johanne Elida  f.2016