Bnr. 3 Gjerdet
Sjå også bnr. 2 Stigen og bnr. 2 + 3 Stigeplassen
Rasmus Karolus Andersson Østremsreit(4) (1843-1927) gifta seg 1866, med Anne Inger Severine Larsdotter Hjortdal(1) (1837-1907) frå Velledalen. Dei var tidlegare plassefolk på Stige- plassen, Akslen(2+3), før den vart delt i to. Rasmus vart sittande att med den øvste delen av det gamle tunet sitt, og det han hadde dyrka opp. Den nye plassemannen fekk sjøstykket, kalla «Stigen». Gjerdet ligg rett ved dagens hovudveg mot Magerholm, midt mellom Akslagjerdet og Stigen. Rasmus gav seg som brukar i 1914. Du kan lesa meir om han som brukar på Stigeplassen, Akslen(2+3), lenger fram i denne boka. Der er også borna tatt med.
Sonen Edvard Matthias Rasmusson Reiten (1874-1933), Østremsreiten(3), tok over bruket etter faren og dreiv det til han døydde i 1933. Edvard vart gift 1914 med nabojenta Henrikke Margrete Severine Johansdotter Akslen(4) (1874-1945), frå Høla. Ho arbeidde som skreddar, og fortsette med å sy på oppdrag for andre. I 1900-teljinga finn vi henne som vevar på ullvarefabrikken i Langevågen, i lag med søstera Nikoline. Ho leigde husrom, saman med 6 andre ugifte jenter, hos enka Marie Røssevoll i Langevågen. Marie hadde vore gift med 826e Knud Thomas Røssevold frå Tykjegarden, som kun vart 30 år gamal. 1900 arbeidde Marie saman med leigetakarane sine på Devoldfabrikken i Langevåg. Det var kanskje der Henrikke gjekk gradane til skreddar også. Saman med Edvard tok ho over bruket Gjerdet i 1914. Dei fekk ingen born, så når Edvard gjekk bort, så selde Henrikke garden til neste brukar og flytte attende til farsgarden like ved. Der budde ho resten av livet for eiga rekning.
Skipper Lars Thomas Hansson Akslen(2) (1893-1983), frå Akslagjerdet, kjøpte bruket i 1933. Han hadde først vore gift med Laura Olsdotter Emblem(9) (1894-1927), frå Auregarden. Dei busette seg på «Myrane», det tidlegare kårbruket til Auregarden. Når Laura døydde i 1927, flytte borna til besteforeldra sine i Auregarden nokre år, sidan Lars var mykje på sjøen. Myrane vart lagd inn under hovudbruket igjeni. 1932 gifte Lars seg på nytt med Karen Petra Petersdotter Skorpen (1898-1970) frå Bringsvorhaug(7) i Sande. Det hadde visst vore snakka om at Lars skulle få ta over Akslagjerdet etter far sin, men det vart ikkje slik. Då kjøpte han i staden naboplassen ,Gjerdet, frå enka, Henrikke, som flytte attende til farsgarden i Høla.
a) Harry Inge Kåre 1919-2019 tok over bruket.
b) Mary 1921-2015 1944 g.m. Anders Stubhaug frå Naustdal, busett Naustdal.
Sonen Harry Inge Kåre Akslen(3) (1919-2019) tok over bruket etter far sin i 1959, og bygde seg nytt hus like ved gamletunet. Det gamle huset måtte rivast på 1960-talet, når den nye hovudvegen til Magerholm skulle leggast tett inntil tunet. Harry arbeidde som møbelsnikkar, og dreiv mellom anna «Østrem Møbelfabrikk Akslen & Co.» frå 1947, saman med Severin Østrem, Einar og Jakob Hanken. Den låg då på Elvabakk, seinare kalla «Eidslotthuset», ved Storelva og Ebbegarden. Harry gifta seg 1956 med jordmor, Kjellaug Underhaug (f.1925), frå Jondal i Hardanger. Han har vore ei kjærkommen kjelde i arbeidet med bygdehistoria på Emblem, med sin fantastiske hukommelse og detaljerte kunnskap om mangt og mykje.
a) Lars Andreas f.1957 1980 g.m. Åse Nylenna, Blindheim. Kreftforskar, busett i Bergen.
b) Kjell Harry f.1961 1989 g.m. Siv Hånes frå Søvik, busett Flisnes.
Sønene Lars Andreas Akslen f. 1957 og Kjell Harry Akslen f. 1961 er dagens grunneigara, med ein halvpart kvar.