Bnr. 3 Sirigarden

Andre halvparten av bruk I

 

Trykk her for å finne kvar garden låg

 

 Ole Axelson Nedregotten(I) (dp.1699-1748) fekk 1730 delt frå halvparten av bruk I. Han drukna på veg til Gudmundset, Skodje. Ole hadde dreve bruket nokre få år før frådelinga, og dreiv Sirigarden frå 1730 til 1733. Han tok då kår hos neste brukar.

 

Størcher Larsen (ca.1702-1752) vart fødd i Ørskog. Han gifta seg med enka på bruk 1, Johanne Olsdotter Nedregotten(I) (ca.1688-1753), opphavleg frå Solevågseide. Størcher var broren til Salmon Larsen Aursnes, og brukar frå 1733 til 1752. Arveskiftet etter han var på 64 riksdalar, og gjelda på 38. Det vart nemnd hest, 3 kyr, kvige, 4 sauer og 4 geiter. Han hadde sjølv sett opp kvern og delte selet med Steffagaren. Kvar det stod er ikkje kjent, men det er grunn til å tru at det var på Østremsetra.

 

Ole Olson Abelvik(myren) (dp.1730-1755) vart fødd i Skodjevågen. Han og vaks opp på husmannsplassen Abelvikmyra. Broren, Nils Olson Abelvik(myren), var ei tid husmann på Nedregotten, før han flytta til Tørlevågen. Kanskje var det slik dei møtte kvarandre. Birthe Salomonsdotter Aursnes(B) (dp.1730), frå Sykkylven, var tenestejente på Nedregotten, truleg på bruket til onkelen, 517 Størcher Larsen, som var forrige brukar. Ho vaks kanskje opp der også, for foreldra og to av søskena er alle gravlagde på samme dagen i 1742. Då var Birthe berre 12 år gamal. Ole og Birthe dreiv bruket frå 1752 til 1755.

a) Johanna dp.1753-1784 ugift.
b) Olave dp.1755 døypt etter at faren var død.

 

 Enka Birthe Salamonsdotter Nedregotten (dp.1730) gifta seg om att 1756, med Ole Olson Emblem(6+7) (dp.1725-177). Dei fortsette å drive bruket. Han vart 1769 nemnd som «fattig». I 1801 er Birthe innerst på garden, medan sonen Salomon var dreng.

a) Ole  dp.1756-1780  dreng, døydde 26 år gamal.

b) Salomon  dp.1759-1838  1806 g.m. enka Guri Svends. Myrset(1), brukar Reitehaug(II).

c) Gjertrud  1762-1765  døydde 2 1/2 år gamal.

d) Giertrud  dp.1765   kanskje nemnd som 22 år på Emblem(5) i 1788.

e) Knud  1768-1772   døydde 4 år og 13 veker gamal.

f) Morten  dp.1771-1834       1) 1810 g.m. enka Maren Jonsd. Valgermo(1), Håhjem(4) og brukar der. Far til ein son 1824,                                                           med Birgite Elene Jacobsd. Aursnes(1).

                                                  2) 1823 g.m. 107b Gjertrud Olsd. Magerholm(I).

g) Berthe   1775-1775  døydde 2 veker gamal.

 

Lars Pederson Lande (1735-1804?) frå Ørskog var brukar i Steffagaren, Nedregotten(5). Han bygsla Sirigarden attåt Steffagaren i 1786, og dreiv dei to gardane som eit samla bruk til han døydde, i enten 1804 eller 1806. Sjå også brukar  i Steffagaren.

 

Svigersonen Knud Hansson Flisnes(1) (dp.1780) gifta seg 1809, med Inger Olina Larsdotter Nedregotten(5) (dp.1787-1870). Han kjøpte bruket til sjølveige 1808, men måtte skøyte det frå seg att i 1811, og vart bygselsmann under den nye eigaren, Knud Olson Magerholm. Han fekk kår i 1835.

a) Lars Olaus  dp.1807-1807  fødd på Flisnes, døydde 23 veker gamal.

b) Birte Lovisa Gurine  dp.1809   busett på Korshaugen i Ålesund 1865, og husholderske på Lihaugen hos broren Gunder 1875. Ho fekk to born.

c) Anne Jørgine

dp.1814-1815  døydde 1/2 år gamal.

d) Hans Jørgen Siverin  dp.1815-1887   1847 g.m. 411b Else Karine Mattisd. Østrem(1), brukar 215 Øvste-Aksla, Akslen(1).

e) Gunder  1818-1889   ugift losjerende bødker på Grimmergård 1865, og Lihaugen 1875. Flytta til Øvste-Aksla før han døydde.

f) Anna Hellene Marie  1821-1918  1855 g.m. matros Ole Andreas Ols. Skarbøvik. Seinare los og busett i eige hus i Losgata ved byparken.

g) Lovise Elisabeth Gurine  1823-1897  1854 g.m. skipstømmermann Paul Bonsak Ottes. Borthen frå Bakklandet, Trondheim, busett i Ålesund 1865 og 1875.

h) Iver Elias  1827-1864  skipper. Fekk born med Johanne Olsd. Kvasnes 1861.

i) Caroline Jørgine  f.1831   1852 registrert som emigrert til Amerika. Kanskje gift med Tobias Thompson, busett i Chicago.

 

Peter Karolius Nilsson Engeset(I) (1809-1898) gifta seg 1836, med Siri Madsdotter Seljehaug (Hauplass) (dp.1804-1887), frå Stordal. Det er truleg henne garden har fått namnet sitt etter. Dei kom ikkje rett til Emblem, for eldstesonen er «født i Djubhavn» ifølge kyrkjeboka. Det kan bety at dei budde i Langevågen først. 1838 budde dei her på Sirigarden, og i 1848 kjøpte 123 Claus Olson Magerholm(1) bruket. Han let Peter og Siri få fortsette med å bygsle garden.

a) Nicolai Bendik  dp.1835  fødd Djuphamn. Tok over bruket.

b) Niels Matias  1838-1850  fødd på Nedregotten.

c) Iver Martinus Karolus  1845-1845  døydde 14 dagar gamal.

 

Nikolai Bendik Peterson Nedregotten(3) (dp.1835) gifta seg 1859, med Laurentze Marie Olsdotter Voldsdal, Gåseid(5) (f.1833), etter at eldste sonen vart fødd. Dei dreiv bruket frå 1863 til 1875, og er nemnd som innflyttarar til Nedregotten, frå Blindheim i Haram prestegjeld 14.4.1858. Det gjekk ikkje så bra med dei. I 1866 vart det utpanting, for å dekke gjelda han hadde opparbeidd seg. Dei eigde då 1/2 sel, 1/2 stabbur, 2 treplogar, nokre sledar og 1/2 drøftemaskin. Eigaren, Claus Olson Magerholm(1), selde Sirigarden til Ole Larsson Nedregotten(1) på Skaret, og Lars Rasmusson Spjelkaviknes det samme året. Nikolai er nemnd som «forhenværende Gardmand» i 1879. Då hadde familien kome attende til Vigra, busett på Rørvik.

a) Nils Sevrin Elias 1859-1866 Døydde 7 år gamal av krampe. Britanus

b) Peter Johan Andreas  1860-1937  1883 g.m. Karen Marie Andersd. Nørve(Lille), busett Ålesund 1886. Tekstilarbeidar i Langevåg.

c) Lovise Marie Severine f.1862  registrert som 4 år gamal i 1865-teljinga.

d) Peder Andreas  f.1864  konfirmert og busett på Rørvik, Vigra 1879.

e) Nils Sevrin  f.1867

f) Martinus Britanus  f.1869

g) Karl Elias Anton  1871-1943   1892 g.m. Anna Lovise Petrine (Hans-)Severinsd. Brusdal(2), busett Borgundvegen 25. Brukte etternamnet Nørve.

h) Nikolai Lauritz  f.1874  1901 g.m. Rebekka Olivie Marie Joahnsd. Kleven, Ålesund. Nemnd som matros, busett på Nørve. Det er truleg Rebekka som er registrert som gift meierske, på veg til New York 1904 med borna Hilmar (2 1/2) og Laura Ovidie (11 mnd). Det kan bety at dei emigrerte.

 

(Hans) Jørgen Steffenson Blindheimsnes(2) (1847-1898) gifta seg 1875, med Marie Dortea Hendrikke Berntsdotter Ramsvik (1847-1907), frå Ramsvika, Eikenosøydegard(2). Jørgen var sjukeleg, og familien sat trangt i det, reint økonomisk. Marie dreiv bruket åleine i tre år, før ho vart sett på kår av eigarane, Lars Rasmussen Spjelkaviknes, og Ole Larsen Nedregotten(1), frå nabobruket Skaret i 1901. Ho døydde av kolera hos eldstedottera, på garden Sandvik på Sula. Eigarane brukte jorda ei tid, før garden vart delt opp og seld til nabobruka.

a) Birgitte Severine Karoline  1876-1936  1902 g.m. Peter Johannes Rasmuss. Sandvik(3), Sula, brukar Sandvik(5). Birgitte arbeidde som vevar i Langevåg.

b) Anna Oline  1878-1894   ugift, busett på Valderhaug.

c) Severin Nikolai Adolf  1880-1966  g.m. med Inga Helene Sakariasd. Rødset(146c), og døydde i California, der han kalla seg Severen Jorgensen.

d) Bernt Johan.  1882-1899  drukna under stormen 14.oktober.

e) Peter Sigvard  f.1884   skomaker. Emigrerte til Minneapolis 1904.

f) Ole Elias  f.1886  emigrerte til Wisconsin 1903.

 

1908 vart Sirigarden skøytt vidare til deleigaren, Ole Larsen Nedregotten, sine born. Johan Olsen Nedregotten fekk 3/4 part av bruket, og søstera, Lovise Olsdotter Nedregotten, fekk 1/4 part. Ho var gift med Johan Berntsen Erstad(1). Sjå meir om dei lenger bak i boka, under Nedregotten bruk 1, Skaret. På denne tida stod framleis husa på garden. Lars Rasmussen Spjelkaviknes sin halve eigepart i garden vart betalt ut for kr. 440,- av Johan, medan faren, Ole Nedregotten, sin halvpart vart gitt i gåve. Garden vart verande i same slekta, men med stadig fleire deleigarar. Først var det borna til Johan og søstera Lovise, deretter vart eigedomsrettane overlete til borna deira osv. I 1972 vart eigargrupperingane kalla «Sykkylvengruppen», etter Lovise gift Erstad, og «Borgundgruppen» etter Johan. Bruket vart dels seld ut til tomter og parsellar. I dag er det berre tre fjellutmarkstykker att med bruksnummer 3, og 10 deleigarar frå mellom anna Skaret.

 

Judith Kvangarsnes er ei av desse. Sonen har hus på ei tomt som framleis har vegnamnet «Siribruket», på Veahaugen. Bestefaren til Judith var mellom dei som i 1908 fekk delar av garden. Krigshistorikar142 Ragnar Ulstein kjøpte over 50 år seinare ei større bustadstomt frå «Sykkylvengruppen». Han hadde då eigd «Berntsenhuset» på Magerholm frå 1960 til 1964. Sjå meir om han som brukar der. Dottera  Birgitte Ulstein fekk bustadtomt frå denne tomta. Det kan også nemnast at ho gifte seg med Ove Kvangarsnes, og er svigerdottera til tidlegare nemnde Judith Kvangarsnes. Birgitte var også den som tok initiativ til å kalle vegen til denne tomta for «Sirivegen», slik at ein kunne ta vare på det gamle gardsnamnet. Men slik vart det ikkje. Vegnamnet vart «Siribruket» fordi det var ei anna adresse i Ålesund kommune, som vart for lik namnet «Sirivegen».