Gnr. 4 Matrikkelgarden Østrem
Garden er truleg rydda før vikingtida. Namnet er eit «heim-namn», som er av dei eldste gardsnamna ein har i Norge. Arkeologiske funn på garden, frå om lag 800 e.Kr., er med på å bekrefte den høge alderen. Der finst eit mindre kjent Olav-sagn som fortel at Olav Den Heilage skal ha besøkt garden og gravd ned ein gullstav så gild at den kunne tena som skatt for Norge i heile 7 år. Dette er berre eitt av mange segner langs Storfjorden på Sunnmøre. Opphaveleg kan namnet ha vore Austrheimr, i tydinga «Aust heim». Det kan bety at Østrem kan ha vorte delt ifrå garden Emblem på eit tidleg tidspunkt. Frå 1568, og fram mot vår tid, har gardsnamnet vorte stava med ulike kombinasjonar av anten Ou eller Ø, som i dag. Av desse kan nemnast Østerrym, Oustrem i 1568, Østrem i 1603 og Østremb i 1617. Det kan hevdast at Østrem er ei fordansking av den opphavelege forma, men namnet har no likevel vore eit forsøk på å etterligne den daglege talemåten, og har vorte so innarbeidd at det nok bør framhevast som rett form både skriftleg og muntleg. Rett nok har Austrem-namnet dukka opp igjen her og der på 1900-talet, men då frå tilflyttarar, helst i høve nasjonal oppvakning kring slutten på unionstida, og som eit aktivt innlegg i måldebatten i samtida.
Sagnet fortel at det var to brør som dreiv garden i lag. Ein dag rauk dei uklar, og det heile enda med at den tapande parten strauk til skogs. Den attverande broren høyrde ikkje meir frå bror sin. Ein dag såg han at det steig røyk over skogen på Eikenosa. Når han skulle sjå etter, oppdaga han at det var broren som hadde busett seg der. So høg var skogen då, at det ikkje var råd å sjå mellom gardane. Truleg har sagnet langt yngre opphav, og er ei fortelling som må ha vekt interesse etter den store skogøydinga på Sunnmøre på 16- og 1700-talet. Etter den tid har det truleg alltid vore god utsikt mellom desse to gardane.
Tunstaden kan frå gamalt av ha vore omtrent der dei fleste husa står i dag. Ovanfor tuna har der vore funne små gravrøyser og graver. Det kan tyde på at dei områda ikkje har vore like mykje bygd på, og det heiter også «Røysane». Larsgarden hadde nok husa sine samla litt nærare Steinsgarden enn i dag. Dermed kan ein undre seg på om Abrahams-garden kan ha lagt mellom Mattisgarden og Larsgarden opphaveleg, eller om dagens tun i Steinsgarden er det opphavelege tunet til Abrahamsgarden. Det er sannsynleg at begge desse gardane har vore del av eit samla klyngetun på Østrem, før 1900. Der finst også spor etter brønn og murar, som kan tyde på anten ein husmannsplass eller kårstove ovanfor det gamle fellestunet. Det kan ha vore kårenka i Larsgarden, 436 Nille Klausdotter Østrem (1816-1898), med opphav på Ystebøen, som budde der ei tid. Ho vart nemleg kalla «Røyse-Nille» på sine eldre dagar, og eit stykke ovanfor Røysane, nærare Storelva, heitte også «Nillegjærde» etter henne. Gamle steingardar i dette området vitnar om korleis stykka var delte før utskiftinga tok til. Fleire av desse var leidegjerde, der brukarane slapp dyra oppom til heimeutmarksbeita i fjellsida mot Rotanakken.
ELDRE OPPLYSNINGAR OM GARDSDRIFTA
1626: Eit lite laksevarp.
1667: Garden har brennfang.
1714: 4 kverner
1723: Garden har nok brensel, 3 små kverner, er årviss til korn, men tungdreven til hø 1803: Ingen skog, einekratt, torv og lyng til brensel, har tarveleg beite, er årviss til korn 1868: Ingen skog, ved til brensel. Lettdriven, bra beite. Dyrka jord 80 mål, natureng 200 mål.
Østrem var truleg ein av kun to gardar som ikkje vart lagd øyde i bygda etter Svartedauden. Emblem var den andre. Opphaveleg har gnr. 5, Nedregotten vore del av Østrem, som strakk seg frå fjell til fjord før slutten av 1500-talet. I 1603 var Østrem to-delt, før ein på midten av 1600-talet finn tre brukarar her. Larsgarden, bnr. 2, var størst og omfatta 2/3 av heile garden før Abrahamsgarden, bnr. 3, vart delt frå. Kring 1606 dreiv enka åt 425 Eiulf i Larsgarden ein tredjedel av Østrem. Denne delen skulle seinare formelt delast inn i Abrahamsgarden bnr.3 og Steinsgarden bnr. 4 kring 1712. Frå 1613 har der, med nokre unntak, tradisjonelt vore 4 brukarar, der to har vore husmenn. Det året betalte dei tiende etter fordelinga 1-1-1/2-1/2. 1623 var der også eit lite laksevarp tilhøyrande garden, som seinare skulle selgast til Nedregotten.
Østrem var tradisjonelt eit klyngetun. Fornfunn kan tyde på at garden har lagt på om lag samme stad som i dag, sjølv om der også har vore nemnd i skriftlege kjelder at tuna kan ha lagt litt høgare. Problemet med den påstanden er at der har det tidlegare lagt røyser og graver som kan tidfestast attende til 800 e.Kr., og stadnamnet er den dag i dag «Røysane», men heilt sikker kan ein aldri vere. Den gamle postvegen frå om lag 1809 har gått gjennom tuna til Steinsgarden, Larsgarden og Mattisgarden slik desse tuna framleis ligg på flata over bakkehellinga. Ovanfor og nedanfor tunet har dei gamle åkrane lagt. Postvegen er framleis synleg, og er i dag del av bilvegen som ligg på samme stad. Vidare kan ein framleis sjå den gamle kvelvingsbrua i stein vest for tunet, men den kan vere nokre år yngre enn vegen. I 1904 vart det halde utskifting av innmarka. Då låg tuna allereie slik som i dag.
Østrem skal ha vore ein god korngard. Jorda ved tuna er naturleg sandhaldig og stort sett godt drenert. Ved grensa mot Nedregotten og Emblem var jorda mest myr. Det kom godt med, for i 1803 vart det nemnd at gardane kun hadde tørka torv til brensel. Det er interessant, for mot slutten av 1600-talet, når den store skogøydinga på Sunnmøre stort sett var til ende, hadde brukarane der godt med skog til brensel. Det kan vere grunn til å tru at skogen var på god veg opp att, men at auka tal på beitedyr, og meir beite i utmarka, la ein dempar på vidare skogsvekst. Skogen som ein allereie hadde, vart gradvis brukt opp til ved. Husa hadde også langt kortare levetid, med bygselsdrift og torvtak, enn i våre dagar. Ein kan tenkje seg at dårlegare klimatiske forhold utover 1600-talet, gjerne kalla «den lille istida», fekk brukarane til å tenkje nytt. Det er ingen opplysningar frå folketeljingane, som kan tyde på at talet på munnar som skulle mettast vaks på Østrem utover 1800-talet. Frå 1890-åra vart tre nye bruk og husmannsplassar delt frå bruka på Østrem, i heimeutmarka lengst vest. To av brukarane vaks opp på Østrem, medan den tredje brukaren var skulelærar 470 Lars Flydal, som kjøpte bruket frå svigerfaren sin, 6136 Iver «Kjøt-Iver» Karlson Furset. Sjå meir om han under Eikenosa, Skorene og Steinsgarden. Iver var forresten svoger, via ekteskap, med den første plassemannen der, 473 Hans «Marka-Hans» Østrem. Dei gifte seg med kvar sine søstre frå Øvste-Aksla, Akslen(1).
Bruka har kanskje alltid hatt seter der Østremsetra ligg i dag. Der er fleire tufter etter eldre sel på vollen. Det verkar ikkje som om alle hovudbruka hadde sommarfjøs. Det er i alle fall berre fjøsane til Mattisgarden, Ytrebø og Vestrem ein med sikkerheit kan bekrefte. Abrahamsgarden hadde eit slags ly for dyra like ovanfor innmarka i Abrahams- bakkane ved tunet. Det var opphaveleg ei torvløe frå Østremsbruna, der dagens skistadion på fjellet no ligg. Arthur Østrem frakta løa ned til dagens plassering med traktor. Seterdrifta tok slutt etter krigen. 536d Olave Johansdotter Akslen, på Skaret, var kanskje den siste budeia på Østremsetra kring 1954. I 1934 vart heimeutmarka utskifta, og ny traktorveg vart bygd få år seinare, saman med brukarane på Nedregotten og Akslen.
EIGARAR
Erkebispen i Trondheim åtte 1/14 av garden i 1530. Etter reformasjonen kom kyrkjegodset i hendene på kongen, men det er usikkert om det vart krongods, eller seld vidare med det samme. Gardparten finst i alle fall ikke i rekneskapet til «Stiktens gods» på 1600-talet. Lagmann Pål Helgesen, på Brandal, kjøpte seg ein gardpart i 1586, og sonen Rasmus på Brandal eigde heile Østrem kring 1600. Garden var i same ætta til 1670-80, når «Captainen på Slinningen» fekk utlagt landskylda for Østrem og Nedregotten. Pål Apalset fekk eigedomsretten i 1732. Han hadde året i forvegen kjøpt 3 1/2 mællag frå svogeren sin, Løytnant Claus Leyrdal, og var inngift i Brandal-ætta. Garden vart verande i etterslekta til Pål fram mot 1788, når fut Nordløv kjøpte garden. Etter dette var sorenskrivar Bull, kjøpmann Nils Wind, og postmeister Tonning i Ålesund, av dei siste med eigarinteresse i garden, men ikkje meir enn to tredjepartar, for frå 1789 vart Mattisgarden ein sjølveigd gard. Tonning åtte heller ikkje Steinsgarden, i si tid som eigar, for den var det Kristen Olsen Sorte, og så Ole Johnsen Innvik, som hadde kjøpt. Du kan lese litt meir om eigarane under kvart bruk.