Bnr. 1 Mattisgarden
Du finn garden på kartet ved å trykke på denne teksten
Erik var brukar her frå 1603 til 1611. Han dreiv om lag ein tredjedel av Østrem. Erik vart innkalla som soldat i 1611. Det er mogeleg at han ikkje kom heim att, for sonen tok over bruket det året.
a) Peder tok over bruket.
b) Berte vart dømd 1611 for frillelevnad med Jon Ellings. Emblem(6+7) frå Steffågarden, brukar Emblem(6+7).
Sonen Peder Erikson Østrem(1) tok over 1611. I 1614 delte han garden med neste brukar, Knut Hanson Østrem. I følge gardsoga for Borgund og Giske, band II, skal Peder ha drive sin del av garden til om lag 1640.
Knut Hansson Østrem delte på bygselen med 401 Peder Erikson Østrem(1) ovanfor. Han dreiv sin del frå 1614 til 1640, før han overlot gardparten til sonen.
a) Hans ca.1615 tok over bruket.
b) Gunnhild ca.1615-1653 vart halshogd for «fødsel i dølgsmaal» med Sjur Ingebrigts. Midtgård frå Sykkylven. Ho hadde vore tenar der. Bornet døydde ved fødselen 1653.
Hans Knutson Østrem (f.ca.1615) var brukar frå 1640 til 1685. Han tok også over bygsel på Peder sin del av garden, etter 1640. Hans skatta 1658 for hest og 6 kyr.
a) Ole 1645-1709 tok over bruket.
Sonen Ole Hansson Østrem(1) (1645-1709) var brukar til han døydde i 1709. Han var gift med Anne Larsdotter (ca.1665-1709). Dei vart gravlagde samtidig, men årsaka er ikkje kjent. I skiftet etter dei var hest, 7 kyr, 3 kviger, kalv, kjempefæring, kastenot, laksenot og mykje anna fiskeutstyr.
a) Inger 1678-1765 tok over bruket.
b) Olle ca.1687 vart ikkje nemnd ved arveskiftet 1709.
c) Anne dp.1703 1739 g.m. Nils Jonson Sulebakk.
Svigersonen Gjervald Larsson Svartebekk(1) (1670-1757), frå Hundeidvika, gifta seg med Inger Olsdotter Østrem(1) (1678-1765), på årets første dag i 1710. Dei tok seinare kår hos sonen.
a) Ane dp.1710-1778 1744 g.m. Endre Lars. Østremsreit(1), på nabobruket Østremsreiten.
b) Ole 1712-1761 tok over bruket.
c) Martha 1714-1757 1757 g.m. enkem. Niels Ols. Bjørke(6), brukar Bjørke (6). Han hadde ei dotter med Anne Sjursd. Bjørke(5). Anne gifta seg med storebror til Martha, Ole.
d) Lars dp.1720-1779 er nemnd på Stadsnes, Dyrøy, i tidsrommet 1745 til 1758.
e) Ole dp.1722-1779 var husmann på Vedde 1756. Nemnd på Østremsreiten 1765, og Østrem 1767. Kanskje husmann ved Østremsjøen.
f) N.N. f.1725 Kanskje er dette den samme som Sara nedanfor.
g) Sara ca.1725-1790 1764 g.m. enkem. Elling Aagesen Veddegjerde, brukar Veddegjerde(1).
h) Giervald dp.1729 vart Ikkje nemnd i arveskiftet 1758.
Sonen Ole Gjervaldson Østrem(1) (1712-1761) tok over bygselskåra 1740. Han gifta seg 1742 med Anne Sjursdotter Bjørke(5) (1705-1775) frå Hjørundfjorden. Ho hadde ei dotter frå før av, med svogeren. Ole etterlot seg eit skiftebu på 148 riksdaler. Gjelda var på kun 33 riksdaler, så dei hadde klart seg bra. I skifteprotkollen er det nemnd hest, 5 kyr, 3 kviger, 10 geiter og 7 sauer. Ole hadde mykje fiskereiskap, 2 kjempefæringar og part i ein tredje, samt ein seksrøring. Ole dreiv som snikkar. Han sette seg opp ny kvern på bruket.
a) Ane Nilsd. Bjørke dp.1736-1809 Anne si dotter. Faren var Nils Ols. Bjørke(6), som gifta seg med Martha Gjervaldsd. Østrem(1) i 1757. Ane var ei tid brukar i Steffagaren, Nedregotten(5), før ho flytte til Veibuststrand.
b) Birthe dp.1742 tok over bruket.
c) Gidschen dp.1747-1786 1774 g.m. Lars Ols. Akslen(4), brukar Høla, Akslen(4). Sjå meir om dei der.
Svigersonen 459e Samund Steensen Østrem(4) (dp.1738-1786) kom frå nabobruket Steinsgarden, Østrem(4). Han var brukar frå 1764 til 1788, og gifta seg 1764 med Birthe Olsd. Østrem(1) (dp.1742). Dei dreiv bruket frå 1764 til 1788. Samund lånte i 1778 80 riksdalar, hos handelsmann Mechlenburg i Vegsundet. Han pantsette då hest, 5 kyr, 5 kviger, ukse, 7 geiter, færing, og partar i åttring og seksrøring, samt 1/2 kvern. Det er usikkert kven som eigde den andre halvparten av kverna, som svigerfaren hadde bygd. Begge svigerforeldra hadde nemleg gått bort tidlegare.
a) Inger dp.1766-1844 1806 g.m. Anders Hansen Røijsen, brukar Røysa, Ålesund.
b) Ole dp. 1767-1805 var ugift. Drukna utanfor Giskeødegård, der 8 omkom 13. juni. Kanskje var dei del av eit båtlag.
c) Arne dp.1770-1808 var ugift. Busett 1809 Nyholmen, Bodø.
d) Anne dp.1773-1852 1808 g. m. Ole Olsen Vegsundrabb(1), brukar Ystenes(I).
e) Birthe dp.1776-1777 døydde 10 månedar gamal.
f) Ingeborg dp.1778-1790 døydde 12 år gamal.
g) Olava dp.1781-1781 døydde 8 dagar gamal.
h) Berte Olave dp.1783-1854 1832 g.m. kårmann Johannes Henriks. Standal(S,6), brukar Hanken(8).
Ole Larsson Emblem (ca.1749-1828) gifta seg 1788, med Aleth Hansdotter Høegh, Emblem(5) (dp.1762-1826), frå Ystebøen. Ho vart fødd på Flisholmen. Dei dreiv garden frå 1788 til 1813. Ole vart den første sjølveigaren på Østrem, når han kjøpte garden i 1788. Ingen av borna tok over, så han selde bruket vidare til Knut Jensen Veibust i 1807, og tok kår hos neste brukar.
a) Hans Petter dp.1789-1789 døydde 13 veker gamal.
b) Mads Andreas dp.1790-1790 døydde 6 veker gamal.
c) Mads Andreas dp.1791 vart ikkje nemnd ved arveskiftet etter mora i 1826.
d) Ingebor Olava Gurina dp.1794-1798 døydde 4 år gamal.
e) Lassine dp.1797-1866 1828 g.m. Ole Cornelius. Gunders. Bakken, brukar Giskegjerde(9). Tenar hos tanta Inger i Røisen, Ålesund 1815.
f) Ingeborg Anna Gurine dp.1799 1839 g.m. enkem. Gunner Arness. Olsvikfeta(1), busett Bakken og Noteneset i Ålesund. Fekk ein son i 1828 med Ole Ivers. Kongshaug(1), brukar Kongshaug(1). Dette var Ole Andreas, seinare brukar i Guttormgarden, Nedregotten(2).
g) Andrine Serina 1802-1803 døydde nesten 1 år gamal.
h) Halvar Peter dp.1804 vart ikkje nemnd ved arveskiftet etter mora 1826.
Halver Halverson Øvrebust(4) (1772-1806) kom frå Stordalen, og tok over garden i 1814. Han gifta seg 1799 med Kari Jacobsdotter Hatlen (dp.1770-1845), døypt Reite(15b) i Ørskog. Halver døydde på Fauskehagen(8) i Sykkylven. Kari gifte seg opp att med neste brukar.
a) Siri dp.1792-1889 1840 g.m. enkemann Elling Peders. Løvoll, busett Løvoll i Eidsdalen. Mor var Gurru Pedersd. Busengdal(1).
b) Marie dp.1799 vart døypt Fauskehagen. Tok over seinare.
c) Hans Jacob dp.1804-1897 1) 1837 g.m. enka Randi Olina Enersd. Tøsse.
2) 1848 g.m. Anne Helene Paulsd. Valle(1). Begge budde og døydde på Tøsse, så Hans var nok brukar der. Fekk 1834 dotter med Marte Rasmusd. Ramstad(5), og son i 1835 med Anne Petrine Pedersd. Velle(9).
d) Christopher Severin dp.1806-1885 1839 g.m. Kristine Pedersd. Aurdal(6+7). Han døydde hos dottera si på plassen Brattstøa, under Solevågseide på Sula.
Enka Kari Jacobsdotter Hatlen (dp.1770-1845) gifta seg om att med Peder Nilsson (ca.1760-1837), frå anten Hjortdal eller Hjorthol i Sykkylven. Dei fortsette som brukarar på garden til 1824. Peder sleit med å klare seg, når han fekk både enka etter 407, samt kårfolket 408 Ole og Aleth å forsørge. Han hamna i forlikskommisjonen eit par gongar, når han ikkje makta å betale kårytingane. 1824 tok han sjølv kår hos neste brukar, 64 år gamal. Han betalte ingen innskot på sølvskatten i 1816.
Svigersonen Matthias Pederson Navelsaker(3) (1796-1872), frå Hornindal, kom til Borgund, og vart gift i 1819 med Marie Halversdotter (dp.1799-1884). Det er nok etter han at bruket vart kalla «Mattisgarden» på folkemunne. Matthias var onkel til husmann Erik Larson Navelsaker(3) på Midthaug, Østremsreiten(4). Som bygselsmann måtte Matthias arbeide 2 dagar i slåtten hos gard- eigaren på Veibust. 1840 lånte han 42 speciedaler hos kjøpmann Strøm og pantsette hest, 3 kyr, 5 sauer, 5 geiter og 20 torskegarn. Han fekk kår hos sonen.
a) Petter Johan f.1820
b) Else Karine 1822-1871 1847 g.m. Hans Jørgen Siverin Knuts. Nedregotten(3), brukar 215 på Øvste-Aksla, Akslen(1).
c) Halvor 1825-1895 tok over bruket.
d) Marthe Petrine Jørgine 1830-1910 1845 g.m. 810 Hans Berent Bretanus Timanns. Røssevoll(1) i Hansgaren på Røssevollen. Brukar der.
e) Lovise Johanna 1834-1860 1860 g.m. Peder Eliass. Ødegård frå Volda, brukar Pe-neset, Vik(7) på Ellingsøy. Døydde i barselseng etter 14 dagar.
Sonen Halvor Matthiasson Østrem(1) (1825-1895) gifta seg 1851, med Ingeborg Severine Nilsdotter Emblem(5) (1835-1917), frå Ystebøen, Emblem(5). Ho var då berre 16 år gamal. Halvor var nesten ti år eldre og registrert som matros ved giftermålet. Dei tok over bygselskontrakta på garden i 1851 og makta også å kjøpa attende bruket frå veibustætta i 1874. Garden kosta 700 speciedaler, så dei klarte seg temmeleg godt. Halvor og Ingeborg tok kår hos sonen i 1883.
a) (Nils) Matias Ole Andreas 1852 - 1936 tok over bruket.
b) Peter Johan 1855-1855 døydde 1 dag gamal.
c) Nicolai Martinus Carolus (Os- Nikolay) 1858-1926 1) 1880 g.m. Jensine Petrine Hansine Bastiansd. Blakstad(3), busett Blakstad.
2) 1888 g.m. Hansine Marie Hansd. Davenes, Sykkylven, brukar på Oshaugen, Emblemsvåg(3+4). Vart dermed stefar til 6029 Peter Bastian Blakstad på Ystebøen, Emblem(5).
d) Lauritz Edvard 1862-1881 Drukna 25. februar, etter kolsegling på veg heim frå fiskefeltet, under vinterfisket.
e) Olivie Marie Johanne 1869–1918 1886 g.m. Lars Peter Rasmuss. Blindheim(2), brukar Villumsgarden, Blindheim(2). Svigersonen, Arne Barman, var initiativtakar til bygging av kraftverket i Mattisgarden 1913. Det kan ha vore test på kraftverk utan tradisjonelt fossefall. Samme løysing vart nemleg bygd i større skala i Spjelkavik få år seinare. Då bygde dei også kanalen gjennom bygda.
f) Ole Johan 1876-1947 1900 g.m. Inger Johanne Caroline Knutsd. Tusvik, brukar Blindheimsnes(1).
Sonen (Nils) Matias Ole Andreas Halvorson Østrem(1) (1852-1936) gifta seg 1883, med Pernille Pedersdotter Viddal(6) (1861-1947) frå Hjørundfjorden. Han var den første som dyrka opp markane for maskinell hestedrift i bygda. I tillegg gjorde han seg bemerka, når han i 1913 bygde minikraftverk på gardsbruket. Det var det første kraftverket i Borgund. Matias fekk lagt inn elektrisk lys og kjøpte kjøkkenreiskap, med hjelp frå elektroingeniør Arne Barman frå Haram. Barman var svigersonen til 412f Olivie. Matias dreiv med eksport av tørrfisk til Spania, og var ei tid medeigar i ein sluppgaleas som dreiv bankfiske. Han transporterte også is, frå innerst i Storfjorden, til bedrifter i Ålesund. Der lærte sonen Fredrik seg det mest grunnleggjande om båtdrift og segling. I ein kort periode, frå desember 1896, var han også direktør for «Østre Søndmøre Dampskibsselskab». Matias bygde seg ei stor fiskebu på berga aust for Østremsjøen, og vart i 1900-teljinga kalla «landhandler» i tillegg. Mathias var ein føregongsmann, som folk i bygda såg opp til. Det vart halde vekkelsesmøter (jmf.«sandstormen» på Sunnmøre) i nyløa hans i 1890-åra. Dette vart opptakta til den nye lekmannsrøyrsla på Emblem, som resulterte i opprettinga av indremisjonsforeining, søndagskule, og bygging av eige bedehus i 1902. Pernille var også aktiv med i lagslivet. Ho var Pinsevenn, og drog heilt til Ålesund på møte. Det likte ikkje Matias så godt. Mot slutten var det vanskeleg å drive garden. Han var då 75 år, og la garden ut for salg. Det enda med at sonen kjøpte den i 1928.
a) Hans Laurits 1885-1885 døydde 6 dagar gamal.
b) Mathias Laurits 1887-1887 døydde 5 dagar gamal av krampe.
c) Inga Olivia Mathæa f.1889 1) 1906 g.m. Lars Martinus Olaf Ols. Wennersberg, Gåseidnes(3), skild 1919. Eldsteborna budde ei tid hos besteforeldra. Sonen, Louis Henrik (1907-1968), gifta seg 1935 med Anne Betzy Knudsd. Emblem(7), Jakobgarden, busett ved Jakobgarden, og Borghild Wennersberg gifte seg i Amerika med Georg Kukkonen. Tredje bornet, Dagmar, er mor til Jan Gunnar Øie i Ludvikdalen.
2) 1922 g.m. Axel Strømberg. Fekk dottera, Ester, som vart adoptert.
d) Fredrik Hilmar Peder 1891-1962 tok over bruket.
e) Ingeborg Hanna Sofie 1896-1981 seinare forpaktar
Sonen Fredrik Hilmar Peter (Nils) Østrem(1) (1891-1962) drog til USA 1908 for å søke lykka der. Han var først tømmerhoggar i Albion. Fredrik gifta seg 1919 i King, Washington, USA, med Grete Malena Jakobsdotter Frøyland(4) (1887-1960), frå Sokndal i Rogaland. Dei kjøpte bruket i 1828, og forpakta det vekk til søstera, Ingeborg, samme året. Fredrik dreiv mest med fiske. Han vart både kaptein og deleigar i eit rederi, som dreiv kveitefangst i Alaska med båten «Wizard». Han hadde erfaring frå farens båtar før han drog, og i 1928 fekk han bygd verdens største tunfiskbåt, kalla «Northwestern», som fangsta i Mexico, ved Panama og Galapagos, med mykje norsk mannskap. Fredrik var både deleigar og kaptein. Båten vart rekvirert av hæren etter angrepet på Pearl Harbour, og han tok hyre som kaptein på troppetransportskipet «USAT Colonel Frederick C. Johnson», frå 1943 til 1946, saman med sonen Tait. Familien budde først i Seattle, før dei flytte til San Diego, og etter kvart vidare til San Pedro, av helsemessige årsaker. Han pensjonerte seg i 1947. Dei flytta heim att for å drive bruket sjølv, men returnerte på ny til Amerika, i 1957, når dei vart besteforeldre. Grethe ville være nær borna sine, og dei vart buande livet ut i Amerika. Begge er gravlagde i Green Hills Memorial Park i Los Angeles. Bruket vart ført over til borna etter arveskiftet i 1964.
a) Nils Mathias Gotfrid 1920-1987 g.m. Haldis Marie Odine Jørgensen, Haram. Han vart fødd i Borgund, når foreldra var i Norge, ei tid etter bryllupet. Kom til USA 9 mnd. gamal i 1921, budde i San Pedro, California.
b) Tait Jubert Frøyland 1922-2018 1948 g.m. Nora Elizabeth Davis, busett i San Pedro 1959. Flytta til Scottsdale, Arizona. Har vore fleire gongar heime på farsbruket.
c) Clifford Phillip 1931-2013 1958 g.m. Mary Catherine Rollit. Begge gravlagd i California.
Søstera Ingeborg Hanna Sofie Østrem(1) (1896-1981) gifta seg 1916, med fyrbøter og maskinist Ragnvald Herman Røli Garshol. Han vaks opp i Nedre Strandgate i Ålesund. Dei flytte først til Eidsnes 1922, der Ragnvald dreiv eige fiskemottak. Frå 1928 til 1947 forpakta dei Mattisgarden for broren, Fredrik, før han kom heim att og tok over drifta. I denne perioden vart bnr. 7, Tunheim, brukt som kårbustad for foreldra, 413 Matias og Ingeborg. Kårbruket vart delt frå garden i 1928. Ragnvald hadde også det daglege ansvaret for drifta av minikraftverket i Mattisgarden. Han var også maskinist på den første privatferga, «Raana», til doktor Weiberg-Aurdal inne på Magerholm.
a) Solveig Pernille 1913-1966 1942 g.m. Peter Arthur Emblem(5) på Ystebøen, brukar Ystebøen. Dotter til brannkusk Broder Ingemann Thorsen i Ålesund.
b) Odd Anker Roi 1916-1989 fekk Tunheim bnr. 7 i gåve frå morfaren sin på Østrem 1928, men budde i Mattisgarden saman med foreldra. 1941 g.m. Haldis Nilsine (Andersen) Bjørkehaug. Flytta til Bergen, og brukte Tunheim som feriebustad, før han selde vidare til broren Fredrik i 1953. sjå også brukar der
c) Fredrik Malvin Roy 1917-1973 kjøpte Tunheim bnr. 7 1953. Sjå også brukar der.
d) Ingard Tønnes Malvin Roy 1919-1948 1947 g.m. Tommie Jane Dagley i Amerika. Emigrerte til USA. Døydde i ei ulykke i Austin Texas, busett Texas.
e) Olgar Henry 1922-1948 var ugift. Nemnd i USA 5. mai 1948. Gravlagd på Nørve.
f) Reidun Ingeborg Berta 1925-2014 1944 g.m. Petrus Magerholm, 1949 busett på tomt delt frå Ystebøen, dit storesøstera gifta seg i 1942.
g) N.N. 1926-1926 døydde straks etter fødselen.
h) Anny Irene f.1927 1957 g.m. Anders Søgård Jørgensen, Ballerup i Danmark.
i) Georg 1929-1986 vart gravlagd på Hatleholen.
Søskenbornet på morsida, Ole Bernhard Viddal (1909-2001), dreiv bruket frå 1958 som forpaktar. Han var gift med Alma Eva Oleanna Larsen (1911-1978) frå Bekkarfjord, Lebesby. Det var meininga at dei skulle kjøpe bruket, men kjøpsavtalen lot vente på seg. Dei flytte difor frå bruket igjen, etter 5 år som leigetakar/ forpaktar på bruket.
a) Lars Ole f.1950 er ugift, busett Sykkylven.
b) Johan Arne f.1951 er sambuar med Marit Steen Jensen, busett Ålesund.
Handelsartnar (Olav Arnold) Øystein Reykdal Eriksen (1905-1980) gifta seg 1933, med Klara Sigvarda Abelvik(1) (1905-1992). Ho vaks opp i Ålesund. Øystein dreiv det stort som gartnar i Spjelkavik, med fleire gartneri og frilandsdyrking. I 1966 vart han tildelt kongens fortenestemedalje i gull for dette arbeidet. Han fekk, i følge tinglest skøyte datert 27. august 1964, leige Mattisgarden, Østrem(1) i 20 år frå dei tre sønene etter Fredrik Østrem. Når leiga på til saman 125 000,- var betalt, innan 20 år var omme, skulle dette også vere den totale kjøpesummen på garden. Øystein og Klara busette seg på bruket og bygde gartneri der. Dei hadde full disposisjonsrett på garden i heile leigeperioden, og satsa også på frilandsdyrking av blomster og grønsaker. Samstundes dreiv dei framleis gartneriet i Spjelkavik. Øystein døydde i 1980, men kona Klara, som sat i uskifta bo, fortsette å drive gartneriet, og løyste inn garden før 1984. Kring 1990 flytte ho til dottera, Liv, i Kristiansand. Garden vart seld til neste eigar på om lag samme tid. Panteboka manglar nøyaktige opplysningar om når kjøpet vart fullført, men broren til neste brukar, 6131a Toralf Akslen, som lånte ut pengane til gardkjøpet, er i alle fall registrert her med ein obligasjon våren 1990. I ein periode frå om lag 1983, forsøkte fleire seg som drivar av gartneriet. Murbygget vart også leigd ut til andre formål ei tid. Per Ove Hjelme, busett på Vedhaugen like ved, starta opp bilverkstad der. Han flytte etter nokre år til meir eigna lokale, i den tidlegare bussgarasja til Emblemsruta. Delar av gartneriet vart skada under nyttårsorkanen i 1992. Det er no rive og erstatta av fjøs og stallar.
a) Einar Øystein f. 1934 1960 g.m. Tove Marie Horsberg, busett Spjelkavik.
b) Aud Margaret f.1938 1959 g.m. Hans Terp Jensen, Danmark.
c) Liv f.1946 1967 g.m. Tor Johannesen (f.1946), Kristiansand.
Oddmund Akslen (1958-2016), Emblem(4), frå Fursetgarden, Emblem(4) er gift med Torill Margrethe Berge (f.1962) frå Spjelkavik. Ho fekk hjemmel til eigedomsrett på Mattisgarden frå svogeren, Toralf Akslen, i 1999, og Steinsgarden i 2013. Dei tok opp att gardsdrifta og bygde ny fjøs, med driftsbygningar for mjølkekyr, samt stallar for hest, «nede i Myrane» der gartneriet til stod tidlegare. Sjå også brukar i Steinsgarden, Østrem(4). Torill er dagens grunneigar.
a) June Helen f.1982 tok over hovudhuset på garden.
b) Siren Elise f.1985 er sambuar med John Arne Baade Berg, busett på Emblem.
c) Simen f.2001 busett i Steinsgarden, Østrem(4).
Dottera June Helen Akslen Nordheim, Østrem(4) (f.1982) fekk skild ut hovudhuset som eigen eiendom, med bruksnummer 45, i 2014. Sjå også Steinsgarden, bruk nummer 4 på Østrem. Mora, Torill Margerthe Berge, er framleis grunneigar på garden.
a) Aron Reinir f.2002 er tvilling.
b) Anna Lilja f.2002 er tvilling.