Bnr. 3 Pe-Haugen
Delt frå bnr. 2 Magerholmvika, også kalla «Aksel-Haugen» og Nygjerdet
Knut Martinus Knutson Magerholm(II) (dp.1807-1884) var bror til 121a Ole Martinus Knutson Magerholm(II), som eigde Magerholmvika, og var brukar 132 på Ytrebøen/ Paraten, Magerholm(6). Den same Ole delte også frå plassane Krissenplassen og Pe-haugen, som Knut fekk husmanns- kontrakt på. Ved giftermålet i 1848, vart Knut nemnd som enkemann. Han gifta seg om att med kårenka Anne Martha Larsdotter Akslen(1) (1802-1868) frå Øvste Aksla. Ho vart opphaveleg døypt Gjørva(3) i Geiranger. Dei fekk festebrev med Ole i kring 1850, mot ei årsavgift på 2 speciedaler og 2 arbeidsdagar. Pe-Haugen var dels gamal innmark frå Magerholmvika som gjekk frå sjøen og heilt opp under hamrane, i fjellsida mot nakkane. Anne døydde som fattiglem og Knut kan ha fått lov til å bu på plassen så lenge han levde.
Anders Axelsen Brandal (1818-1899) kom frå Ålesund, og først til Krissenplassen like ved i 1846. Han gjerda inn plassen mot vest og sette opp ei stove, som han truleg flytta med seg vidare hit til Pe- haugen. Han busette seg og dreiv eigen overnattingstad, med to etasjar, på sjølve Magerholmen frå 1855. Mager-holm har vore skysstasjon i lang tid. Stein frå grunnmuren til det to-etasjers gjestgiveriet vart seinare nytta til grunnmur på kaféen, som framleis står på same stad ute på holmen. Anders hadde berre eit auge. Han kunne sitte oppe om nettene for å fortelle skrøner til dei losjerande. I kring 1860 fekk han husmannskontrakt på Pe-Haugen, og 1867 starta han kalkbrenneri saman med 162 Kristen Olson Magerholm og 123 Claus Magerholm(1) på hovedbruket. Sakførar Ludvig Daae på Solnør gard skaut inn kapitalen til to kalkomnar lager, kai og båt. Dette leigde han så ut til dei tre drivarane. Det heile tok slutt etter ein orkan, før 1900, som raserte anlegget. Då flytte Anders til Blindheimsnes, og starta nytt kalkverk, der like før han døydde. Han vart gift med Oline Thorsdotter Frøysa(6) (dp.1811-1884). Det var etter han att plassen skifte namn til «Aksel-Haugen» på folkemunne. Han vart nemleg kalla «Aksel-Anders».
a) Anna Birgitte 1843-1923 tok over bruket.
b) Anne Sofie f.1846 1875 g.m. Johan Laurits Ananiass. Vågnes(16), busett Buholmstranda i 1875. Nemnd som fadder i Ålesund 1885.
c) Ole Andreas f.1848 1876 g.m. Ane Randine Karlsd. Sandvik(2), frå Sula. Kalla seg Akslen 1875, og flytte til Ålesund 1876. Arbeidde som sjømann.
d) Thore Britanus Johannes 1853-1873 ugift tenestedreng.
Svigersonen Peder Steffenson Mo(3) (1835-1906), frå Hjørundfjord, gifta seg 1865 med Anna Birgitte Andersdotter Magerholm(3) (1843-1923). Han bygsla Krissenplassen i 1865, og dreiv den til 1900. Peder gav kår til brukaren før han, 166 Anders Axelsen Brandal, og sette opp fjøs nord for bygdevegen slik at krøtera ikkje skulle trakke utover når marka var freda. Han fekk rett til å sette opp setergjerde der Magerholm og Magerholmvika hadde setrane sine. Plassen vart skyldsett 1867 til 6 skilling, og deretter til 14 øre i 1890. Plassen vart kjøpt av Peder (1/6-del), den forrige brukaren Anders Axelsen Brandal (2/6-del) og sakførar Ludvig Daae (3/6-del). Dae betalte for alle mot at dei pantsette sine delar. Dette var ved oppstarten av kalkverket på bruket, der Daae i tillegg betalte for bygging av to kalkomnar, utskipingskai, båt og lager. Kalkverksdrifta tok slutt då ein orkan raserte omnane og senka fraktebåten. Årstalet er enno usikkert, men det er nemnd at verket var i drift i omlag 20 år, så det kan ha vore orkanen i 1885. I 1874 overtok Peder eigedomsretten til heile plassen.
a) Andreas Olaus Johannes 1866-1866 døydde 3 månad gamal i Magerholmvika.
b) Anne Pernille Regine f.1867 1901 g.m. murarbeider Ole Johnsen Berg frå Hevne i Trondheim. Familien budde i Øwregata, Kristiansund 1910.
c) Steffen Andreas Martinus 1869-1948 tok over bruket.
d) Olivie Henrikke Johanne f.1871 1905 g.m. sjøman Hagbart Halfred Jakobsen (Gangsås?) frå Harstad. Busett i Stavanger 1910. Fekk 1894 dottera Anna Synnøve Oline med Erik Nils. Kalvand(S,6).
e) Tore Peder Gustav 1874-1949 1908 g.m. 1108f Karen Oline Christophersrd. Eikenosvåg(1) Han var fiskar, busett i Fjellgata. 7 i Ålesund 1910.
f) Nikoline Marta Karoline 1876-1949 1916 g.m. Fritz Daniel Johnson, Sverige. Emigrerte til Seattle 1910. Fritz flytte som enkemann til Kviltorp, Molde.
g) Martinus 1879-1879 døde samme dag som han vart fødd.
h) Oline (Lina) Severine 1880-1948 1908 g.m. Ole Herlof Bernardsen Eidsøren (f. 1878), Kristian- sund. Fekk sonen 169 Peder med Ole Olsen Glindset, Strinden.
i) Karoline Petrine 1883-1965 1910 g.m. Johan Haram, busett Ålesund. Budeie i Steffågaren, Emblem(6).
Sonen Steffen Andreas Martinus Pederson Magerholm (1869-1948) gifta seg 1901 med Laura Marie Knutsdotter Ytterberg Flåte (1879-1958), frå Skodje, og dreiv bruket frå 1900 til 1933. Han dreiv en del med fiske og reiste ikring som livsforsikringsagent, men var også aktiv i politikken som medlem av herredstyret i Borgund Kommune. Dei fekk ingen born, men tok til seg nevøen Peder, og hadde også fleire tenestejenter til å hjelpe seg sjølve og mor til Steffen, etter at ho vart kårenke. Nabojenta, Ragna Hansdotter Akslen, frå Akslagjerdet var ein av desse, og i teneste fleire år før ho vart konfirmert. Allereie kring 1854 starta bruka langs Akslanakken med bærsalg i Ålesund. Dei gjekk frå dør til dør med neverkorger, før Kiperviktorget vart etablert etter bybrannen. Steffen dreiv torghandel mest heile livet.
a) Peder Andreas 1903-1988 Tok over bruket. Marius f. Glindset
Peder Andreas Marius Glindset Magerholm(3) (1903-1988) er son til Oline (Lina) Severine Magerholm(3), og Ole Olsen Glindset frå «Strinden». Han vart fødd i Kristiansund. Mora, Oline, gifta seg 1908 med Ole Herlof Bernardsen Eidsøren (f.1878) i Kristiansund. Peder kom til Magerholm som pleieson hos onkelen og tanta, som var bornlause. Peder overtok også bruket etter dei, og gifta seg med Borghild Slagnes (1914-2009), frå Vanylven. Peder kjøpte Krissenplassen attåt bruket i 1935, dreiv gartneri og var mangeårig kasserar i Emblemsbygda Billag, ofte kalla «Emblemsruta». I tillegg var han ein av dei høgst dekorerte i avholdslosjen på Emblem, før den andre verdskrigen, saman med lærar Lars Flydal og Steffen Nedregotten.
a) Solveig Johanne f.1952 1969 g.m Bjørn Harald Edvinsen Hjelme. Busett ved tunet på Krissenplassen. Sjå brukar 163 på Krissenplassen.
b) Per Borge f.1955 tok over bruket.
Per Borge Magerholm(3) (f.1955) er dagens grunneigar. Han tok over i 1975.