Bnr. 7 TUNHEIM
Kårbruk frådelt bnr. 1 Mattisgarden
(Nils) Matias Ole Andreas Halvorson Østrem(1) (1852-1936) delte bruket frå Mattisgarden og gav det i gåve til bornebornet, Odd Anker Garshol, i 1928. Sonen Fredrik Hilmar Peter (Nils) Matiasson Østrem(1) (1891-1962) kjøpte samtidig hovudbruket, Mattisgarden Østrem(1). Bakgrunnen for gåva til Odd, er nok at den var tiltenkt foreldra, men faren sitt fiskemottak på Eidsneset gjekk konkurs i 1928, så då vart bruket overført på Odd i staden. Det er mogeleg at Halvor Matthiasson Østrem(1) (1825-1895) kan ha nytta Tunheim som kårbruk. før det vart skyldsett, for husa er i alle fall å sjå på gardstunet i 1904, og han hadde bruksrett der. Huset ser ut til å ha om lag samme alder som hovudhuset i Steinsgarden, og nokre av dei nyare plassebruka under Østrem, frå tidsrommet 1890 til 1910. Det har også mykje til felles med hustypen som vart lafta, og seld som «ferdighus», inne på Glomset på denne tida. Larsgardshuset, like ved, er også kjøpt der. Grunnen var at der ikkje fanst hustømmer på eigen gard. Når svigersonen og dottera til Matias tok over forpaktinga av Mattisgarden i 1928, flytta Matias til Tunheim og brukte huset som kårbustad. Sjå meir om dei som brukara i Mattisgarden på Østrem.
Odd Anker Roi Garshol (1916-1989) var berre 12 år gamal, når han fekk bruket frå morfaren. Han var sonen til Ingeborg Hanna Sofie Mathiasdotter Østrem(1) (1896-1981). Ho var gift med fyrbøter og maskinist Ragnvald Herman Røli Rasmusson Garshol,(1895-1975), og busett i Ålesund og på Eidsnes, frå 1922 til 1928. Foreldra forpakta hovudbruket, Mattisgarden, frå 1928. Odd Anker 1941 gifta seg med Haldis Nilsine (Andersen) Bjørkehaug (1911-2000). Dei busette seg i Bergen, og nytta Tunheim kun som feriestad. Odd overlot bruket til broren, Fredrik.
Broren Fredrik Malvin Roy Garshol (1917-1973) kjøpte bruket, for kr. 9000 kroner frå Odd i 1953. Han gifta seg med Helga Beate Skogvik (1918-2012), frå Sekken, og var ein dyktig skarpskyttar på fritida. Det vert fortalt at han hadde ein stein, i fjellsida ovanfor garden, som han sikta seg inn på ved førebuing til jakta. Helga vart buande på garden etter at Fredrik gjekk bort. Ho budde også ei tid i kjellaren hos sonen, Malvin, før gamlehuset vart påbygd og pussa opp. Helga flytte då inn att i gamlehuset på Tunheim.
a) Malvin Helge Roy f.1944 tok over bruket.
b) Solfrid f.1955 sambuar med Ole Straume, busett Vågstranda.
Malvin Helge Roy Garshol (f.1944) gifta seg 1965, med Olaug Terese Olsen (1947-1981), frå Ongstad i Vesterålen. Dei fekk skild ut ein parsell i 1969, og bygde seg seinare hus der. Malvin gifta seg på ny med Astrid Stafseth (f.1953) i 1993. 2001 selde dei huset til Gunn Teigene, frå Emblem, og Jørn Johannesen. Malvin tok nemleg over hovudhuset på bruket etter mor si i 2000. Malvin og Astrid pussa opp huset, og flytte dit. Der budde dei til hausten 2019.
a) Frank Harald Roy f.1967 Sambuar med Eva Bruøygard frå Lom, busett Lørenskog.
b) Ole Martin 1969-2021 2004 g.m. Mari Frøshaug, var busett i Mysen.
c) Thor Erik Roy f.1970 er sambuar med Odlin Drage, busett Ålesund.
d) Bjørn Helge f.1975 er sonen til Astrid, busett i Ålesund.
Garden vart seld vidare til Gunn Teigene (f.1972) og Jørn johannesen (f.1968), som vart nye grunneigarar på Tunheim hausten 2019. Etter ei tid med utleige, vart huset pussa opp og bygd på bakover i moderne stil. I dag er det foreldra til Gunn, Sindre Helge og Annlaug Teigene, som flytta inn der. Dei budde i mange år i byggjefeltet "inne i Stampen", Rett aust for tunet til gnr. 2 Stigen under matrikkelgarden Akslen. Det bør nemnast at Annlaug også var designaren bak korpsfana til Emblem skulekorps.