Ingvald var brukar frå 1603 til 1614. Han var soldat under Kalmarkrigen i 1611.
Jon Knudsen var brukar frå 1614 til 1665. Han skatta 1658 for hest, 8 kyr, 3 geiter og ein sau.
a) Knud Jons. f. ca.1642 tok over bruket.
Knud Jonson Emblem(8) (f.ca.1642) bygsla garden i tidsrommet 1656 til 1690-åra.
Peder Pedersen (ca.1675-1748) var i teneste i marinen 1701. Han hadde gifta seg med Ane Pedersdotter året før, men det vart ikkje noko langt ekteskap, for Ane døydde truleg etter kort tid. 20. november 1701 vart nemleg Peder forlova på ny. Han gifta seg 1702 med Marithe Pedersdotter (d.1712). I arveskiftet etter Marithe er det nemnd hest, 7 kyr, 2 kviger, 6 geiter og 4 sauer. Peder hadde truleg sett opp ny kvern sjølv.
a) Anne dp.1702-1744 1725 g.m. Ole Knuds.Veibust(1), brukar Sulebust(1) frå 1724 til 1744.
b) Marret dp.1705-1769 tok over bruket.
c) Brite dp.1708-1708 døydde 8 dagar gamal.
d) Peder f.1711 tvilling. Ikkje nemnd i arveskiftet 1712.
e) Ingeborg f.1711 tvilling. Ikkje nemnd i arveskiftet 1712.
Svigersonen Ebbe Knudson Hovden(1) (ca.1705-1769) frå Sykkylven gifta seg 1733, med Marret Pedersdotter Emblem(8) (dp.1705-1769). Han dreiv bruket frå 1733 til 1769. Gardsnamnet stammar kanskje frå han. Ebbe var også bror til Knud i Steffågarden, Emblem(6+7). I arveskiftet var det 170 riksdaler, kvern, smie og naust. 1769 skreiv presten i Borgund at han var «Skikkeleg oplyst, og vel forsynt med bøger».
a) Peder dp.1733-1801 g.m. enke Inger Eriksd. Røyset(5), fødd på Hareid. Brukar Sulødegård(1).
b) Ellen dp.1736 ikkje nemnd i arveskiftet 1769.
c) Knudt dp.1737 tok over bruket.
d) Olle dp.1739 ikkje nemnd i arveskiftet 1769.
e) Anders dp.1741 nemnd i arveskiftet 1769.
f) Ole dp.1744 1771 g.m. Gunild Rasmusd. Emblemsvåg(5), brukar i Antonesgarden, Emblemsvåg(5).
g) Anne dp.1747 1771 g.m. 529f Lars Knuds. Nedregotten(II), brukar Guttormgarden, Nedregotten(2).
h) Marthe dp.1750-1807 1780 g.m. Ole Larss. Røssevold(1), brukar Nordigard(338) i Ålesund.
Sonen Knudt Ebbesen Emblem(8) (dp.1737) var gift med Birte Olsdotter (ca.1720-1804). Dei bygsla først halve bruket frå 1758, og fekk resten då faren gjekk bort i 1769. Knudt og Birte dreiv garden til 1779.
a) Ole dp.1759-1817 tok over bruket.
Sonen Ole Knutson Emblem(8) (dp.1759-ca 1817) vart omtala som «den eldre». Han gifta seg med Birte Andersdotter Skjortenes (dp.1758-1848). Ho hadde ein eldre bror, Jens Anderson Skjortenes, som var brukar i Antonesgarden, Emblemsvåg(5). Ole og Birte dreiv Ebbegarden frå 1779 til 1812, og vart nemnd som vilkårsfolk i 1815-teljinga. Birte døydde som legdslem hos dottera på Flisnes(1). 1807 hadde dei hest, 6 kyr, 4 ungfe, 6 sauer og 7 geiter.
a) Knud dp.1784-1788 døydde 4 år gamal.
b) Jens 1787-1825 tok over bruket.
c) Cathrina dp.1790-1863 1814 g.m. 1310 Amund Hanss. Flisnes(1), brukar Flisnes(1).
d) Anders 1792-1792 tvilling. Døydde 2 veker gamal.
e) Bernt 1792-1803 tvilling. Døydde av barnekoppar.
f) Ebbe Andreas dp.1795-1855 1) 1819 g.m. Maren Knudsd. Valgermo(3), Ørskog.
2) 1848 g.m. Birthe Christiana Eriksd. Kvasnes(1), brukar 1004
på Hatlehol Indre, Hatlehol(1).
g) Jørgen Andreas dp.1798-1815 døydde 15 1/4 år gamal.
h) Olave . 1802-1882 1) 1827 g.m. 533 Lars Petter Berndt Johanness. Nedregotten(1), brukar på Skaret, Nedregotten(1).
2) 1839 g.m. 534 Peter Chr. Ananias Flisnes.
Sonen Jens Olson Emblem(8) (1787-1826) gifta seg 1814, med Maren Canuta Villumsdotter Blindheim(2) (dp.1792-1821). Han vart i 1812 første sjølveigaren, og hadde 1821 10-11 kyr, 20 sauer, og om lag 30 tønner korn. Jens bygde ny stove med kakkelbilegger, loft, kjøkken og fordør. Dette året var der også ei røykstove, løe til høy, og korn med stall, stabbur, 2 sauefjøsar, grisehus, kvern, og ein steinfjøs på den gamle Emblemsetra ved Langevatnet. Gardshusa var del av det gamle klyngetunet ved dagens gardstun til Steffågarden og Skillingen. Det er mogeleg at husa stod omtrent der Skillingen har tunet sitt i våre dagar. Han gifta seg opp att i 1821, med Ivarine Pedersdotter Lille Nørve(4) (dp.1795 -1847).
a) Birte Regina dp.1815-1894 seinare brukar.
b) Cornelius 1819-1825 døydde 6 år gamal.
c) Petrine Andrine 1823-1823 døydde 14 dagar gamal.
d) Johanne Maria 1824-1878 1) 1851 g.m. enkemann Lars Jørgen Ols. Godø(5), brukar Godø(5).
2) 1864 g.m enkemann 6103 Lars Kristians. Viddal(7), Hjørundfjord. Han tidlegare brukar i Sjursgarden, Emblem(11), seinare busett på Skorene, Emblem(10), som brukar 6135. Kristian var far til «Store Knut» og stefar til «Sjurs-Ole».
Enka Ivarine Pedersdotter Lille Nørve(4) (dp.1795-1847) gifta seg om att 1827, med ungkaren Bernt Andreas Iverson Emblem(9) (dp.1800-1866), frå Auregarden. Ho hadde då drive garden i eit år på eiga hand. 1843 gav dei seg som brukarar i Ebbegarden, og flytte etter kvart til Ålesund. Iverine døydde i Ålesund 1847. Bernt gifta seg opp att 1849, med enka Ragnhild Caroline Andersdotter Dragsund (f.1796), frå Olevågen, Eikenosvåg(2). Ho kom opphaveleg frå Herøy og var søstera til Jørgine, som gifta seg med Lars Martinus frå Sjursgarden, Emblem(11). I 1865-teljinga er Bernt nemnd som bryggesjauer i Ålesund.
a) Jens Elias f.1827 1859 g.m. jomfru Karen Andrea Johansd, busett Ålesund. Var handelsbetjent.
b) Ingebrigt Carolus Britannus f.1833 g.m. Inger Sarine Andersen, busett Ålesund. Ho var søster til Jørgine Elisa Hatlehol(3). Han var gullsmedmeister.
Dottera til Birte Regina Jensdotter Emblem(8) (dp.1815-1894) gifta seg 1836, med Nils Carolius Eriksen Kvasnes(1) (dp.1813-1876). Dei dreiv bruket frå 1843 til 1863. Drifta inkluderte også det som seinare skulle verte bnr. 12 Skillingen, vest for Røssevoldelva. I deira tid vart husa flytta til dagens plassering, etter at utskiftinga av gardane var i ferdig. Bruket kunne nemleg ikkje delast frå som ein samanhengande gard. Negarden kom mellom Skillingstykket ved gamletunet, og andre halvparten mot grensa til Østrem. Det samme måtte ein gjere med den opphavelege Steffågarden(6+7).
a) Oline Jørgine 1836-1837 kalla Jørgine Oline ved dødsregistreringa.
b) Johan Magnus 1838-1840 døydde 1 1/2 år gamal.
c) Johan Elias 1841-1914 tok over bruket.
d) Ane Katrine 1841-1842 døydde på Emblem 1 1/2 år, høyrer kanskje til her.
e) Ebbe Karolus 1844-1847 døydde 3 år gamal.
Sonen Johan Elias Nilsen Emblem(8) (1841-1914) gifta seg 1863, med Karoline Petrine Olsdotter Roald(12) (1841-1920), frå Vigra. Dei dreiv garden frå 1863 til 1906. Johan kjøpte det same året Abrahamsgarden, bnr. 3 på Østrem for 250 speciedaler av den første sjølveigaren der, båtbyggaren Peter Andreas Rassmussen Ødegård frå Volda. Han tok også på seg kårytingane i Abrahamsgarden. Johan selde bruket attende til Peter sin son, Andreas, i 1889, utan torvrettane i heimeutmarka til Østrem. Han var den siste som dreiv bnr. 12 Skillingen og Ebbegarden som ein samla gard.
a) Nils Britanus 1864-1942 Kaptein. 1899 g.m. Karen Marie Larsd. Skjong, brukar Valderhaugstrand(19).
b) Olivie Marie Berthine 1865-1944 1888 g.m. Laurits Andreass. Eikrem(4), brukar Eikrem(4).
c) Andreas Jacobus 1867-1875 døydde 8 år gamal.
d) Ole Elias Jacobus 1870-1934 tok over bruket.
e) Elias Peder Joakim 1871-1874 døydde 3 år gamal.
f) Berthe Jensine f. 1873 1901 g.m. Peder Olaus Martinus Ekrem. Ho drog etter mannen til Seattle 1910, og fekk besøk der av broren, sin, Andreas, i 1911.
g) Andreas Elias Jakobus 1875-1948 ugift, arbeidde i Amerika nokre år. Det vert fortalt at han var forelska i ei jente i Fursetgarden, som tente ei tid i USA, men ho ville ikkje ha nokon beilar på besøk, då han kom dit. Han kom heim att og fekk seinare delt frå ein liten parsell, «Fagerheim», bnr. 17, frå garden, kalla «Andreasplassen». Seinare del av «Solvang», Østrem 8, som Alfred Konrad Østrem(3) etablerte. Sjå meir der, og om brukar i Jakobgarden. Han kjøpte det bruket i 1913 .
h) Elias Peder Joakim 1877-1964 1917 g.m. Johanne Oline Helena Rasmusd. Åkre, Haram. Tok over vestlege delen av garden, kalla Skillingen bnr. 12. Sjå brukar der. Han vart kalla «Ebbe-Eljas».
i) Marie Sofie Henriette 1879-1963 1913 g.m. 1240 Hans Gabriel Edvards. Ramsvik(2), brukar Ramsvika, Eikenosødegård(2). Sjå også Vestrem, Østrem(6).
j) Mathea Ragna 1881-1883 døydde 9. februar. Karoline var då gravid i 3. månad.
k) Ragna Mathea 1883-1961 1908 g.m. Tor Ingvald Johans. Indresæter(3) i Stordal, brukar Indresæter(3).
Sonen Ole Elias Jacobus Johanson Emblem(8) (1870-1934) gifta seg 1903, med Sofie Jørgensdotter Valde(3) (1883-1954), frå Skodje. Ei tomt til ny skule på Emblem vart ekspropriert rett aust for tunet 1940. Saka vart påklaga i rettsapparatet av Ole, men var berre i startfasen når han tok kår hos sonen.
a) Kristine 1904-1921 døydde av blodmangel i følge kyrkjeboka. Truleg anemi.
b) Johan 1906-1973 ugift, tok over bruket saman med søstera.
c) Ingrid Betsy 1907-1989 1938 g.m. Ragnar Heide, busett Hamar.
d) Jørgen Olaus 1909-1986 ugift, gravlagd Borgund.
e) Solveig 1912-2002 1937 g.m. fiskar Egil Olufs. Hansen, frå Bø i Vesterålen, busett ved tunet.
f) Asbjørg Elfrid 1915-1985 ugift, gravlagd Borgund.
g) Marie (Maja) Lovise 1916-1983 1939 g.m. Alfred Konrad Andreassen Østrem(3), brukar Solvang, Østrem(8), som vart delt frå Abrahamsgarden, Jakobgarden og Ebbegarden, ved sal av dyrkningsjord.
h) Nikoline Anny 1918-1990 1949 g.m. kaptein Svein Johan Haadem, busett Oslo.
i) Kristine (Kikki) Mathea 1922-1996 1949 g.m. Ingvald Andreas Skogstad frå Eid, busett StoreEngeset(38) på Skodje. Ho dreiv først garden saman med broren, men flytte i 1950 til Ingvald på Skodje.
Sonen Johan Emblem(8) (1906-1973) var brukar frå 1941 til 1973, og dreiv ei tid bruket saman med søstra, Kristine (Kikki) Mathea Emblem(8) (1922-1996). Ingen av dei fekk born som tok over garden. Rettsbehandlinga vedrørande eksproprieringssaka gjekk heilt til høgsterett, og enda i Johan og Kristine sin disfavør i 1953. Dermed vart «Blåskulen» bygd og teke i bruk 1956. Nokre år seinare var det på nytt behov for anten å utvide, eller bygge nytt. Det enda med at også «Nyskulen» vart bygd på areal like ved ebbegardstunet. Den stod klar i 1978. Her vart det også bygd idrettsplass med to fotballbaner på «Ebbemyra». Idrettslaget stod også som eigar ved bygginga av gymsal, som skulen fekk disponere. Den stod klar like etter skulen. På denne måten fekk ein tippemidlar, og kunne realisere eit større og meir praktisk bygg enn tidlegare planlagt, men for Johan vart det mindre areal att til å drive gardsbruk på. Tunet vart også omgjeve av skuleplass på to sider. Ved ekspropriering vart det dessutan lav erstatning for tap av grunn.
Bruket vart etter kvart kjøpt i 1998, og dreve som eit andelslag av borna til Marie Lovise og Kristine Mathea. I 2007 var dette Rolf Østrem, Torill Østrem Thorvik, Kirsten Anita (Østrem) Aston, Asbjørn Magne Østrem, og Inge Kjell Skogstad. Dei selde 2007 delar av innmarka ved tunet til eit andelslag, som hadde som mål å starte det som skulle verte «Ebbemyra Barnehage».Vidare søkte dei om kommunal støtte i 2008, for å få hjelp til å restaurere det gamle tunet. Det var ei kostbar sak, når huset hadde stått tomt i om lag 20 år. Rolf administrerte grunneigerrettane ved mellom anna jaktsøknader. Huset framstår no i god stand, men den unike gamle løa, med spor av bygg frå det gamle klyngetunet, før 1840, står att. Her kan ein mellom anna sjå det som truleg er det gamle kvernhuset, i nesten komplett stand, bygd inn under løa.
Garden er no seld ut av slekta