Bnr. 1 Reiten

 

Trykk på denne teksten for å finne garden på kartet

 

Jon Endresen Akslen(4) rydda kanskje Reiten for første gong, i nyare tid. 1623 til 1624 er ein Jon registrert som «ødegaardsmand» under Aksla. I so fall kan bruket enten ha vore nedlagd etter Svartedauden, eller nemnd slik sidan hovudbruket Akslen også var eit øydegardsbruk. I 1603 var nemleg Reiten del av matrikkelgarden Akslen. Jon dreiv farsbruket i Hølå frå omlag 1632 til ca.1665. Sjå også  Høla, Akslen(4) lenger fram i denne boka. Reiten var truleg del av eit klyngetun, der Øvste-Aksla ligg att åleine no. Høla hadde også husa sine der.

 

Broren Lars Endresen Akslen(4) tok over på Østremsreiten. Han var brukar frå 1630 til 1650. Faren  var  brukar i Høla, Akslen(4). Lars dreiv også Øvste-Aksla  i 1650-åra

 

Jetmund var brukar frå 1650 til 1660. i 1658 vart han skattlagd for hest, 6 kyr og 6 geiter. Enka gifta seg opp att med neste brukar .

a) Endre ca.1654-1715 tok over bruket seinare.

 

Enka etter Jetmund gifta seg opp att med Peder Madsen. Dei var brukarar på Østremsreiten frå 1660 til 1690. Meir veit ein ikkje om dei.

 

Sonen Endre Jetmundson Østremsreit(1) (f.ca.1645). I 1701-teljinga vart han registrert som innrullert korporal og tidlegare soldat. Det kan kanskje vere han som døydde på «Roete» 1715. Han dreiv garden frå 1690 til 1709. Dette er ikkje einaste gongen garden vert nemnd i samanheng med ein brukar med millitær grad.

a) Lars ca.1689-1744 tok over bruket.

 

Sonen Lars Endreson Østremsreit(1) (ca.1689-1744) vart kalla Lauris i 1701-teljinga. Han forlova seg 1710, og gifta seg med Berithe Ottisdotter Muri(206d) (ca.1671-1720), frå Valldal. Ho var søster til 704, Siri i Emblemsvågen. Lars gifte seg om att 1722 med Berethe Halvardsdotter Vatnehaug(7) (1690-1723). Ho døydde året etter i barselseng. Han vart gift på nytt fleire gongar. I 1724 var det Jertru Ingebrigtsdotter (d.1733) som stod brud. Ho døydde også tidleg. Den 4. og siste kona til Lars var Karen Pedersdotter Vestre(19d) (ca.1689-1749), gift i Sykkylven kirke 1734. Ho var søstera til  Thyge Axlen(4) på nabogarden Høla. Lars bygsla 1709 3/4 av garden. Faren fekk behalde resten som kårbruk. Han dreiv sidan heile garden til 1740. I arveskiftet etter Jertru i 1733 vart det nemnd hest, 3 kyr, 3 kviger, 5 sauer, 5 geiter og mykje fiskeutstyr.

a) Endre  dp.1711-1774  tok over bruket .

b) Eli  1713-1785  1747 g.m. Amund Jetmunds. Finnes, Hjørundfjorden, busett Stadsnes.

c) Otthe  1717-1772   1) 1748 g.m. Anne Jonsd. Emblem(11).

                                      2) 1751 g.m. Anne Iversd. Grimstad.

                                      3) 1754 g.m. Gjertrud Jetmunsd. Store Kalvøy, brukar Grimstad (1), Ellingsøya.

d) Inger  1719-ca.1798  1754 g.m. Knut Arnes. Akslen(1), brukar 209 Øvste-Aksla.

e) Elling  dp.1723

f) Jetmund  dp.1726-1785  1756 g.m. Inger Christensd. Ålesund, brukar Hundsvær.

g) Berethe  dp.1728-1780  1763 g.m. 529d Peder Knuds. Nedregotten(II), brukar Skaret, Nedregotten(1).

h) Guri dp.1731-1768  1766 g.m. enkemann Ole Størkers. Giskegjerde, husmann Giskegjerde.

 

Sonen Endre Larsson Østremsreit(1) (dp.1711-1774) gifta seg 1744, med Anne Gjervaldsdotter Østrem(1) (1710-1778), frå Mattisgarden. Endre dreiv garden frå 1740 til 1765. I deira tid er også Anne sin bror,  Ole Gjervaldson Østrem(1), nemnd på garden, ved dåpen til borna Inger og Ole i 1765 og 1767. Han hadde då vore husmann fleire stader, og busette seg kanskje ved Østremsjøen etter 1767. Du kan lesa meir om han som brukar der.

a) Anne  dp.1744-1768  ugift. Døydde 24 år gamal.

b) Lars  dp.1746-1810  tok over bruket.

c) Birthe  dp.1749

d) Birthe  dp.1753

 

Sonen Lars Endreson Østremsreit(1) (dp.1746-1810) gifta seg 1769, med  Lisbeth Rasmusdotter Østrem (2) (dp.1738-1805?). Han dreiv mest fiske, og tok opp lån på 100 riksdaler hos handelsmann Mechlenburg. Han måtte pantsette alt han eigde i 1798. Dette var hest, 4 kyr, 2 kviger, 3 sauer, 4 geiter, 1/2 kvern, nytt sel, båtar og fiskereiskap. I 1805 var 15 riksdalar av gjelda betalt, men dei hadde ikkje nok verdiar til å betale resten. Dei tok kår hos sonen i 1800. Lisbeth sitt dødsår er ikkje funne att i kyrkjebøkene, men svigerdottera, Ingleiv (sjå neste brukar) er registrert som død og begravd både i 1805 og 1808. Opplysningane om Ingleiv er mest komplette i 1808, så det er mogeleg at namna på Lisbeth og Ingleiv vart forveksla ved dødsregistreringa til klokkaren i 1805.

a) Arne dp.1769-1770 Døydde 14 dagar gamal.

b) Arne  dp.1771  tok over bruket.

c) Ragnhild  dp.1773-1773  døydde 3 veker gamal.

d) Henninga  dp.1775-1821  busett på Store Kalvøy då ho døydde.

e) Rasmus  dp.1778  vart minst 10 år.

f) Anne  dp.1782-1782  døydde 17 dagar gamal.

 

Sonen Arne Larsson Østremsreit(1) (dp.1771) gifta seg 1759, med Ingeleiv Sivertsdotter Gåseid(1) (1760-1808?). Han dreiv bruket frå 1800 til 1808, før dei sa frå seg bygsel på bruket. Underleg nok så er Ingleiv registrert som død og begravd både i 1805 og 1808. Opplysningane om Ingleiv er mest komplette i 1808, så det er mogeleg at namna på Ingleiv, og svigermora Lisbeth (ovanfor), vart forveksla ved dødsregistreringa til klokkaren i 1805. Det kan høve med opplysningane om at Arne dreiv bruket heilt til 1809, for Ingleiv si dødsregistrering i 1808 er frå slutten på året, den 13. november.

a) Sivert  dp.1795

b) Ragnhild Ana  1798-1798  døydde 1/4 år gamal.

c) Lars Rasmus  dp.1800  tenar på Hovseidet i Borgund 1815.

 

Knut Olson Grande(2) (dp.1774-1855), frå Geiranger, gifta seg i Norddal 1808 med Malena Andersdotter Helset(3) (dp.1765-ca.1832), frå Sunnylven. Ho var søster til Bottolv i Larsgarden, på nabobruket Østrem(2). Dei dreiv bruket frå 1808 til 1831. Det vart halde takstforretning på bruket i 1825. Då hadde Knut skog til eige bruk, avla 8 tønner bygg, 12 tønner havre og 12 tønner med potet. Han hadde hest, 8 kyr og 6 sauer. Av bygg var der ei gamal røykstove med kove i dårleg stand, Ei ny røykstove med kammers i god stand, ei brukbar løe, velhalde kufjøs, udugeleg sauefjøs i løa, og ein god stall. I tillegg var der eit gamalt stabbur og ei gamal sengebu. Alle dei ovanfornemnde bygningane var bygsla. Sjølv hadde Knut naust, kvern og sel. Det er mogeleg at han sette opp desse bygningane sjølv. Landskylda var på 1 speciedaler og 8 skilling. Innmarka var då utskild medan utmarka var drive i felleskap. Knut gifta seg 1834 om att med enka Berte Knudsdotter Nonsvik Gudmundset(1) (1777-1848). Ho var opphaveleg fødd på Grepstad i Sykkylven. I 1834 flytte dei til hennar gard, og budde der livet ut på Gudmundset på Skodje. Det vert fortalt at det gjekk gjetord om henne fordi ho var særleg vakker. Knut og Berte fekk truleg ingen born saman.

a) Ingebor Olave Blindheimsnes(3)  dp.1810-1888  ho var forsterdotter her hos tanta, Malena. Dei rette foreldra, Lars Anders. Helset(3) og Ingebor Olsd., var først innerstar på Østremsreiten (1829-1832), før dei flytte til Blindheimsnes(3).

 

Hans Rasmusson Myrolderhaug (1790-1865) kom frå Eid. Han gifta seg på Eid i 1827, med Chirsti Christoffersdotter Nygaard (dp.1799-1857). Også ho kom frå Eid i Nordfjord. Søstera til Christie var husmannskone Sophie på Midthaug, Østremsreiten(4). Hans bygsla bruket frå 1831 til 1859. Han ynskte å kjøpe garden frå Borgund prestebord, og baud 130 speciedaler. Kjøpet vart ordna slik i 1833  at skøytet på garden vart underskrive av den forrige brukaren, Knut Olson Grande(2). Han hadde nemleg rett på å få kjøpe under handa. Prisen enda til slutt på 200 speciedaler. Hans kjøpte så bruket frå Knut etter kort tid. Han var byggningsmann, og hadde ord på seg for å ha skote bjørn. Christie hadde tilnamnet «Reite-Kirsti», og det vart fortalt at då ho var «inom garen med kjørne engang» så klatra ho opp ei ei svær hatlerunn med einer under. Ho miste taket, fall ned og enda overskrevs på ein bjørn, som hadde gøymd seg der. Den kipte seg, sa «bøff», og gjekk derifrå utan å få fatt i nokon av husdyra. Dette skulle ha skjedd lenger vest i bygda, ved det gamle fellestunet til Steffågarden på Emblem.

a) Rasmus  dp.1828-1895  døypt Bjørlo, Eid. Tok over bruket.

b) Christiane  1833-1899  fødd på Østremsreiten. 1858 g.m. Peter Johannes Olaus Bernts. Kurset, busett der.

 

Sonen Rasmus Hansson Østremsreit(1) (dp.1828-1895) gifta seg 1859, med Berte Tommasine Olsdotter Hundvik, Midtgård(3b) (1838-1896), i Ørskog Kyrkje. Dei dreiv bruket frå 1859 til 1890. I 1865 hadde dei to søsken, Knud Petterson og Anne Pettersdotter, som tenarar på bruket. Etternamnet er ikkje nemnd i teljinga, men dei vart fødde samme år og kan vere tvillingar også. Der var innlosjert ein tømmermann, Rasmus Anderson, som seinare vart plassemann på Midthaug, bnr. 4 under Østremsreiten. Det kan verke som om det var ein del tømmerhogst på bruket på denne tida. Dei hadde eiga tømmerløype frå Akslanakken og eiga flaumsag.

a) Hans Olaus.  1860-1862  døydde 1 3/4 år gamal.

b) Hansine Lovise Marie 1864-1897  1888 g.m. Carl Andreas Christoffer Larss. Solavågseide(5), brukar Solavågseide(5).

c) Ole Elias Christopher  1868-1888  ugift. Døydde av tæring.

d) Christofa Olivia  1869-1947 tok over bruket.

e) (Berthe) Johanne 1870-1906  ugift. Tenar på Pilskog(2) 1900. Døydde av lungetæring.

f) Jakob Iver Olaus  1875-1876  døydde ca. 1/2 år gamal.

g) Jakob Iver Olaus 1877-1938 1904 g.m. 216b Eline Thomasine Knutsd. Akslen(1) frå Øvste- Aksla. Tok over Stigen, Østremsreiten(2).

 

Svigersonen Iver Anton Johanness. Solevågseide(4) (1870-1943) gifta seg med Christofa Olivia Marie Rasmusdotter Østremsreit(1) (1869-1947) 1890. Dei dreiv bruket frå dei gifta seg. Han sette opp nytt sagbruk på garden. «Reite-Iver» var i mange år kaptein, med eigen storbåt og eit mannskap på 5, som truleg var den i bygda som gjekk lengst ut på fiskebankane utanfor kysten i si tid. Men det gjekk ikkje alltid like bra. 1931 vart nok fisket ikkje det beste, og dermed vart det halde tvangsauksjon på bruket. I mai var kravet på 92 kroner frå N. L. Giske i Ålesund. Dei fekk då pant i garden og båten m/b «Nord». Nokre månader seinare var det «Spilkevigs Snøre- Not & Garnfabrik» sin tur å kreve inn 137 kroner. Nok ein gang vart det teke pant i garden og båten, men frå den tid så gjekk det berre oppover. Han var også tidleg ute med hesteslåmaskin i 1918-19, saman med naboen, Lars, i Høla.

a) Marie Ovidia  1890-1906  ugift. Døydde av Lungetæring.

b) Rasmus Johannes  f.1892  drog til USA 1911.

c) Thomas Kornelius  1894-1896  døydde av tæring.

d) Tilla Hansine  1898-1926  ugift «sypike», busett på garden 1926. Døydde av tæring.

e) Ingvald Kristoffer  1902-1983  tok over bruket.

f) Marie Johanne 1906-1924  tenestejente. Døydde av tæring.

g) Thomas Kornelius  1909-1991  1941 g.m. Hjørdis Lilly Koppen, brukar Koppen (7), Syvde. Lastebileigar, dreiv sandtak og taksteinprod. med broren på heimgarden.

 

Sonen Ingvald Kristoffer Østremsreit(1) (1902-1983) gifta seg 1937, med Gurine Skovik (1909- 1996) frå Sekken. Borna nyttar i dag etternamnet «Reiten» i staden for Østremsreiten. Han starta opp med produksjon av sementtakstein i sjølvlaga former. Saman med broren Thomas, som var sjåfør, selde dei også mykje sand til diverse byggjeprosjekt. Reiten og Østrem ligg nemleg på sandgrunn, på toppen av ein gamal marebakke, frå den tid då fjorden gjekk så høgt opp. Sanden vart ei kjær ekstra inntekt for mange gardbrukarar i bygda. Dei fleste selde sand i tidsperioden frå 1930 til 1950-åra. Dei fleste hytteprosjekta i bygda fekk også lokal støypesand på denne måten.

a) Ivar Kåre 1938-2010 Neste brukar.

b) Harald Bjørnulf  f.1939  1964 g.m. Eli-Marie Emblem(6), brukar 6049 Steffågarden, Emblem(6). Sjå meir om dei der.

c) Jarle  1941-2023  1965 g.m. Solveig Vatne(20). Tidl. busett i eige hus på bruket.

d) Reidar  f.1941  1965 g.m. Palma Berta Ovidie Brusdal(4). Tidl. busett i eige hus på bruket.

e) Anne Marie  f.1943  1963 g.m. Lars Ottar Hustad, Reitehaug(2), busett i eige hus på bruket.

f) Gunvor Ingvarda  f.1945  1965 g.m. Sigmund Jarle Sorte, Skodje(Y,5), busett i eige hus på bruket.

 

Sonen Ivar Kåre Reiten (1938-2010) gifta seg 1964, med Aslaug Jorunn Ødegård, Eikenos- øydegard(5) (f.1943). Ivar arbeidde som mekanikar. Han var, saman med brødrene sine, aktiv utøvar, og ikkje minst trufaste løypekøyrar for Emblem Idrettslag i mange år. I hans tid vart gardsdrifta avvikla, og ny hytte sett opp på Akslasetra der reiteselet ein gong stod.

a) Staale  f.1965  kjæreste med Nina Larsen, busett i Oslo.

b) Roar  f.1968  tok over bruket.

c) Øystein  1974-2006  2006 g.m. Kristin Sund, busett i Bergen.

 

Sonen Roar Reiten (f.1968) tok over garden 2012. Han er personalsjef i Ålesund kommune, og gift med Janita Skogeng (f.1968) frå Balsfjord, som er avdelingsjef ved kvinneklinikken i Helse Møre og Romsdal. Dei har tatt opp att drifta på garden, og har sauer av typen «gammel norsk sauerase» (villsau), for å halde kulturlandskapet i hevd. I tillegg er dei særs engasjerte i skigruppa til Emblem idrettslag. Roar og Janita har bygd på og renovert gamlehuset på garden.

a) Serine  f.2003  busett i Ålesund.

b) Martha  f.1999 busett i Ålesund.

c) Arnar f.1992  busett i Bergen.