Kristivikja

Delt frå bnr. 1 Nerigar. Plassen vart også kalla «Hessebergnes»

 

Trykk her for å finne omtrent plassering på kartet

 

Kring 1781 vart det rydda ein liten husmannsplass under Nerigar. Den låg ved sjøen, nedanfor tunet til hovudbruket, om lag der nerigarnaustet ligg i dag. Ved jordbruksteljinga i 1803, var mykje nybrottsarbeid allereie fullført. Då var størrelse på avlinga, buskapen og festeavgifta likestilt med plassen Bryggå lenger vest. Det kan vere verdt å undre seg over om plassen hadde vore i bruk tidlegare enn det. Det kan vere slik at plassen vart rydda 50 år tidlegare, og låg brakk i om lag 20 år, frå 1760 til 1780. Det kan også verke som det var vanleg å dele frå nye husmannsplassar der det har vore slike tidlegare. Plassen vart nedlagd ca. 1828 I dag har ei hytte, delt frå i 1958, og kalla «Aspely», tatt over bruksnummeret etter Kristivika. 

 

Enkemannen Erich Rasmusson Viigenes. (ca.1740-1809) var tidlegare brukar på Østrem, og på Yste-Hatlen i Indrevika på Skodje. Han gifta seg 1766 med enka Christi Madsdotter Halstad(141c) (ca.1725-1802), frå Norddal. Ho var tidlegare gift med Ole Olson Melset frå Ørskog. Christi var brukar i Abrahamsgarden på Østrem(3), når ho vart enke første gongen. Ho gifta seg med enkemannen Erich, og fortsette som brukar der ei tid, før dei flytte til Hesseberg for å rydde husmannsplassen «Kristivikja». Denne, no nedlagte husmannsplassen, vart truleg rydda på nytt kring 1781 ved sjøen på Nerigar. Ein veit ikkje heilt kvifor dei valde å flytte frå større gardsbruk til ein husmannsplass utan jord. Det kan vere grunn til å tru at denne plassen er enda eldre.

a) Ole Ols. Østrem(3)  dp.1765-1804  tok over bruket.

b) Marthe Eriksd. Viigenes  dp.1765-1766 Eriks dotter fødd og død på Viige.

c) Massi  dp.1767-1789. Felles born, fødd på Østrem. Døydde på Hesseberg.

d) Marthe  dp.1769-1827  Felles born, fødd på Østrem(3). Var ugift tenar hos Ole Larsen Akslen(4) i Høla, Akslen(4) 1801.

 

Sonen Ole Olson Østrem (dp.1765-1804) gifta seg i 1802, med «pige» Olave Larsdotter Haue/ Houe (ca.1760-1804). Han var Christi sin son med hennar første ektemann, Ole Melset.

 

Enkemann Jens Olson Rabben (Rabbevik) (1742-1812) gifta seg i 1809, med Hilde Christina Pedersdotter Eidsnes(7) (dp.1784-1844). Han var tidlegare gift med Birthe Olsdotter Glomset(Ø,1), og brukar på Ytrevik(2), Skodje. Dei hadde i 1812 stove, fjøs og naust. Han etterlot eit lite overskot. Enka, Hilde, gifte seg om at 1823 i Stordalen med Elling Severin Johnson Skothals (f.1787). Dei budde i Stordalen nokre år, før dei flytte vidare til Aursnes etter 1825.

a) Salmund  1764-1765  Jens sin son med Birthe frå første ekteskap.

b) Siri dp.1766  Jens si dotter med Birthe frå første ekteskap.

c) Berte Elisabeth Christopha  dp.1810-1811  3/4 år. Jens si dotter med Hilde.

d) Jesperina Elisabeth  dp.1812-1842  Jens si dotter med Hilde. Truleg samme som vart gravlagd som ugift tenestejente på Hanken.

e) Jens Anderss.  ca.1819-1889  Hilde sin son med Anders Knuds. Hove(5). 1) g.m. Oline Olsd. Brukar Valgermo(6), Ørskog. 2) g.m. enke Marta Jonsd. Stordal.

f) Peder Johannes  1823-1865  Nemnd på Gåseid 1847. Hilde sin son med Elling.

g) Sivert Elias  1825-1902  1851 g.m. Severine Iversd. Sætre, brukar Buvik på Aursnes. Hilde sin yngste son med Elling.

 

Legg til kommentar

Kommentarer

Det er ingen kommentarer ennå.