Husmannsplassen på Magerholmneset låg rett innanfor dagens austlegaste fergekai. Husa låg tett inn under hammeren, omtrent der det grå bustadhuset til Eli og Kjell Aasebø, på bildet, står i dag. Foto: Svein Ove Østrem.

 

Magerholmneset

Delt frå bnr. 1 Magerholm. No nedlagd husmannsplass

 

Trykk her for å finne plassen på kartet

 

Jochum Larsson Tunold(2) (dp.1787-1860) kom frå Innvik i Stryn. Han forlova seg i heimbygda 1814, og gifta seg 1815 med Sigri Huleichsdotter Sandvik(1) (dp.1788-1874). Han hadde vore med i krigen før 1814. Kristen Magerholm på «Krissenplassen» fortalde at Jochum hadde mange historier frå krigen, og han var ellers ein pussig eldre kar. Husa på Magerholmneset låg heilt oppunder hammaren, omtrent der bilvegen til Hesseberg går i dag. 1821 fekk han festebrev på plassen. Jochum fekk låne hest to dagar til moldkøyring på vinteren, og han fekk lov til å slå Håbakken. For dette betalte han årleg 1 speciedaler. Jochum hadde pliktarbeid ei veke i våronna, 3 dagar i slåtten og 3 dagar om hausten. Neset vart også nytta til å speide etter gjestar til skysstasjonen og gjestgiveriet.

a) Lars f.1816  født og død på Tunold, Innvik i Stryn.

b) Gullich Johanes  1820-1850  1844 g.m. Oline Olsd. Hjellereit(1), Ørskog. Tenar på Selje 1836-1841, før flytting til Ørskog og Myrset i Sykkylven, for å tene der i 1842. Seinare brukar på Hjellereit(1), Ørskog.

c) Anna Johanne 1827-1905  tok over bruket.

d) Ingeborg  1831-1866  ugift. Registrert på Reknes hospital, Molde 1861. Døydde som spedalsk.

 

Svigersonen Siver Olson Magerholm(6) (1837-1876) gifta seg 1862 med Anna Johanne Jocumsdotter Magerholmnes (1827-1905). Siver var bror til 163 Kristen Magerholm, på Krissen- plassen like ved. Han var også dotter til 111b Christi Halvorsdotter Magerholm(1), frå hovedbruket, og 121a Ole Martinus Knutson Magerholm(II). Dei eigde og dreiv Magerholmvika som brukar 151, var brukar 159 på Krissenplassen og 132 på Ytrebøen. Søskena til Siver overtok etter foreldra sine der. Han fekk låne hest på hovudbruket to dagar om vinteren til å køyre mold. Vidare fekk han lov til å slå Håbakken. Siver betalte 1 speciedaler i årleg avgift, og skulle bidra med ei arbeidsveke i våronna, 3 dagar i slåtten og 3 dagar om hausten. Han døydde som spedalsk og overlot Anna i tronge kår. Ho klarte likevel å drive husmannsplassen på eiga hand, frå 1876 til 1903. Det står det respekt av. Ho flytta til dottera si på Ludviksplassen i Breivika, og døydde der. Plassen vart då lagt inn att under hovedbruket etter henne.

a) Johanne Susanna  1863-1955  1902 g.m. Thomas Laurits Severinss. Nonsvik(1). Ho arbeidde i USA frå 1902 til 1907. Begge kom heim frå Winnipeg, Manitoba i februar 1907 og vart brukar på plassen «Bredeli» i Breivika, Åse(19).

b) Oline Christopha Lovise  1865-1946  1894 g.m. Peter Johan Lauritz Ludvigsen, brukar på «Ludviksplassen» i Breivika, Åse(16). Det var dit mor til Oline flytta 1903.