Bnr. 16 STORHAUGEN

Delt frå bnr. 6 Steffågarden

 

 

Elias Salomon Knutson Emblem(6) (1869-1949), frå Steffågarden, fekk delt frå eit stykke av farsgarden. Han hadde vore i Seattle frå 1880 til 1886, og i Sør Afrika før århundreskiftet, når Boerkrigen braut ut i 1898. Konflikta handla om eigedomsretten til gullfunna og diamantane i Oranjefristaten. I mangel på nok soldatar, vart politistyrkar beordra til fronten. Elias var på den tida utan arbeid, så han fekk seg arbeid som politi i Johannesburg. Etter ei tid fekk han nytt arbeid som «minør» i gullgruvene. Arbeidet der var så hardt, at han ikkje makta det i lengda. Når krigen tok slutt i 1902, åpna jernbanen til kysten. Elias valde å reise heim att. Han fekk det året kjøpe Storhaugen. Det samme året gifta han seg med Johanne Caroline Jensine Larsdotter Svindseth(3) (1871-1957), frå Ørskog. Ho kom til bygda som meierske på Emblem Smørmeieri, som låg ved elva, mellom Garsendhaugen og Ebbegarden. Elias selde bruket og flytta opp til dei to ugifte sønene sine, Konrad og Edvin, når dei tok over på Røssevollen i 1931.

a) Konrad Elias  1907-1966  ugift, brukar 845a i Pe-garden, Røssevoll(3).

b) Alfa Petra Tora  1910-2008  1940 g.m. Alfred Bertrand Johansen Riise(2), busett i Hatlane. Tok over Røssevollen(3) etter brødrene sine, som brukar der.

c) Edvin Kaspar  1913-1972  var ugift, brukar  i Pe-garden, Røssevoll(3).

d) Anna Olivie  1913-1935  døydde ung av hjertefeil.

 

Ole Martin Johansen (1886-1961) kjøpte Storhaugen 1931. Han vart døypt i Tana, og gifta seg 1921 med Anna Nikolina Olsdotter Overå(11) (1891-1973), fødd på Hareid. Dei overlet garden til sonen.

a) Ruth Ovidia  1926-1997  er gravlagd saman med foreldra på Borgund kyrkjegard.

b) Johan  1930-2003  tok over bruket.

c) Magna Elise  1932-2023  1964 g.m. Karl Elias «Kallen» Østrem(3). Bygde hus ved tunet i Abrahamsgarden, Østrem(3).

 

Sonen John Andreas Johansen (1930-2003), Emblem(16), var fiskar når han gifta seg i 1960, med Anny Sivertsen (f.1935) frå Trondheim. Ho har slektsrøter frå Kottum i Melhus, og kom til bygda som butikkdame på Severinbuda i 1955. Anny arbeidde først på Emblem i to år. Etter ei tid i Trøndelag, returnerte ho på ny til bygda 1960, og fekk seg arbeid på Samvirkelaget. John leigde ei tid delar av kaihuset på Emblemskaia, i Emblemsvågen, og delte naust med 829 Hans Petter Larssen Røssevold(4) i Tykjegarden, bnr. 3 på Røssevollen, før mittetslekta kjøpte garden 1947. Seinare kjøpte John naustet, og fekk det skylddelt som bnr. 17. Han var også aktiv i idrettslaget, og deltok på både fotball og ski for Emblemsbygda Sportsklubb. John og Anny reiv gamlehusa i 1995. Dei la delar av garden ut for sal, som hustomter i ett nytt byggefelt med namn etter garden. Anny er framleis grunneigar. Ho har hus med bruksnummer 118, som er den delen av garden som framleis er att i slekta. Tomta vart delt frå, i Anny sitt namn 2003, i lag med bruksnummer 16 og 17. Huset er bygd om til tomannsbustad, der sonen, Ole, bur i den eine delen.

a) Ole Einar  f.1962   er sambuar med Ann Kristin Grebstad, Valderøy. Busett ved det tidlegare tunet.