Bnr. 14 Birkeli, og kanskje Martaplassen tidlegare

Delt frå bnr. 3 Sirigarden, også kalla «Larsengarden»

 

Trykk her for å finne garden på kartet

 

Ole Kristian Larsen (1900-1993) vart fødd i Kipervika i Ålesund. Han tok hyre kring 1917, og budde også 10 år i San Francisco, der han var møbelsnikkar og tømmermann. Ole lærte seg gartnarfaget hos slekt i Skien som hadde gartneri. Han kjøpte i 1932 ein parsell, som opphavleg var eit jordstykke frå Sirigarden. Dette var kort tid etter at han flytte heim frå Amerika. Ole gifta seg i 1934 med Emma Birkestrand (1914-2003), frå Kvamsøya. Dei bygde hus, fjøs og gartneri, og var vel kjende for sal av tomatar. I tillegg har han vore bussjåfør for Emblemsbygda Billag. Når folk skulle «ned til Larsen for å handle», visste alle kvar dei skulle hen. Det var nok tilfeldig at Ole kjøpte jord på Emblem, men for moro skuld kan det nemnast at han er i slekt med Harry Akslen, som var brukar på «Gjerdet», under Østremsreiten. Ole slekter til den første husmannen på Akslagjerdet, Lars Petter Larsen Frøysa, og fleire andre på Emblem, som har slektstilknytting til Endrebruket, Frøysa(8), i Sunnylven.

a) Asbjørg  1935-2019  1959 g.m. Gjert Kristian Gjertsen. Ho lærar på Emblem Skule, medan Gjert har vore lærar, rektor på Blindheim Ungdomskule, og lærar på Møre Ungdomskule. Dei bygde seg hus på bruket .

b) Turid   f.1936  1959 g.m. tidl. rektor på Emblem skule, Sigurd Langleite. I dag busett i eldrebustad på Garsendhaugen, Emblem(2). Dei bygde først hus på bruket. Ho er tidlegare lærar på Emblem.

c) Odd Lars  f.1940  ugift. Tok over bruket.

d) Helge Ove  f.1942   1972 g.m. Åshild Nedregotten( (1945-1997), dotter til 578h Martin Kåre Nedregotten(8), oppvaksen på «Soltun», like ovanfor tunet. Han er tidlegare økonomisjef/ adm. dir. ved «AS Olivin» på Åheim. Kjøpte hus i Løvika som pensjonist, og no busett i nytt hus på tomta på bruket, som dottera bygde.

e) Bjørn Arne  f.1945  ugift. Fekk skilt ut hustomt 1988, og bygde hus på bruket. Er veteran i Musikklaget Gjallarhorn i Emblemsbygda.

 

Sonen Odd Lars Larsen (f.1940) tok over bruket i 1988. Han er pensjonert lærar, og har i mange år vore aktiv i musikklivet i bygda, som medlem i Emblem Kristelege Mannskor, og ikkje minst Musikklaget Gjallarhorn. Han er dagens grunneigar og busett på bruket.