Agneteplassen, omtrent plassert ut frå informasjon. Den låg aust for gamleskulen, og der var spor av murar i det som vart hagen til Nedre Hatleholen 12 seinare. Stova vart seinare flytta til bruk nummer 55 på Blindheim. kalla "Hatleholgarden".  Kanskje del av Gamle Blindheimsveg 36?  

AGNETE-PLASSEN

 

Agnete Marie Rasmusdotter Eikenos (1848-1926) er nemnd som syerske her i 1900-teljinga. På den tida budde der fleire med samme yrke på Hatlehol. Der var også ein skreddermeister, som kanskje var den som gav jentene arbeid og opplæring. Agnete var ei av desse. Ho budde her frå omlag 1890, til ho gifta seg 1900 med skomaker 6120c Hans Lauritz Magnussen Emblem(3) (1862- 1958), frå Hatlebakken på Emblem. Ho budde i eit lite tømmerhus, om lag 20-30 meter aust for den eldste skulestova på Hatleholen. Det er like sør for eigedommen som i dag heiter «Nedre Hatleholen 12». Ho hadde nok fått plassen gjennom far sin, Rasmus Halsteinson Eikenos (1808-1888) på hovudbruket. Agnete og Hans flytta frå plassen ikring 1907. Dei tok då ned stova og flytta den med seg til «Hatleholgarden», Blindheim(55). Stova er i dag austre del av huset der. Hans gifta seg opp att 1928. Hermod Blindheim kunne hugse at faren viste han kvar stova på Agneteplassen stod. Då var det berre nokre steinar att av grunnmuren. Knut Ødegård fortel at Agnete hadde strikkemaskin. På 1930-talet gjekk dei frå Puskhola til Blindheim med ulltråd til strikking, og sko som Hans skulle lappe.