BNR. 6+7 STEFFÅGARDEN
Ole er den første ein kjenner namnet på. Han var brukar frå 1603 til 1614.
Elling var husmann i om lag eit år frå 1610 til 1611.
a) Jon tok over bruket.
Sonen Jon Ellingson Emblem(6+7) var brukar frå 1615 til om lag 1650. Han vart dømd for frillehald med Berte Eriksdotter Østrem(1,) frå Mattisgarden, Østrem(1). Det vil seie at dei ikkje var gift, før dei sette born til verda. Kanskje var dette dottera Birte. Ein veit ikkje om dei gifta seg seinare.
a) Birte Jonsd. tok over bruket.
Dottera Brite Jonsdotter Emblem(6+7) gifta seg med Knud Erichsen (ca.1615-1695). Dei dreiv bruket frå 1650 til 1695. I 1658 skatta dei for hest, 7 kyr, 4 geiter og 2 sauer.
a) Erich ca.1646-1723 1) g.m. Marte Larsd.
2) G.m. Brite Amundsd., brukar 1224 Utigar, Eikenosøydegard(3).
Erich Ols. (ca.1650-1732) gifta seg med Berte Larsdotter frå Eikenosa. Dei tok kår 1721.
a) Rasmus ca.1698-1752 1727 g.m. enke Ingeborg Larsd. Bjørge(1), brukar Bjørge(1).
b) Ole dp.1700-1743 tok over bruket.
c) Knud dp.1702-1782 1735 g.m. Anna Andersd. Humlekalven, brukar Tørlen(3).
d) Magnilde dp.1713-1782 truleg død som legdslem på Tørlen(3).
Sonen Ole Erichson Emblem(6+7) (dp.1700-1743) gifta seg 1722, med Giertrud Knutsdotter (ca.1690-1768). Dei dreiv bruket frå 1721 til 1758. Skiftebuet etter Ole var på 103 riksdaler, og gjelda på kun 7. Dei hadde då hest, 7 kyr, 3 kviger, ukse, 13 geit, og 4 sauer. Han eigde sjølv kvern og naust. Ole må ha dreve som tønnemakar, for der var mykje kipperutstyr etter han. Fiskereiskap var der også mykje av. Giertrud gifta seg opp att med neste brukar.
a) Ole dp.1725-1779 1756 g.m. enke 519 Birthe Salomondsd. Aursnes, Nedregotten(3), brukar Nedregotten(3).
b) Erich dp.1728 ikkje nemnd i arveskiftet 1743 eller 1768.
c) Knudt dp.1731 ikkje nemnd i arveskiftet 1743 eller 1768.
d) Knut 1736-1765 tok over del 2 av det opphavelege bruket.
HALVE BRUKET DEL 1
Enka Giertrud Knutsdotter (ca.1690-1768) gifta seg opp att med Knud Knudson Hovden(1) (1710- 1783). Ved arveskiftet i 1768 vart det eit overskot på 100 riksdaler. Der var ikkje så mykje dyr på garden, og det kan verke som Knud dreiv mest med fiske. I tillegg hadde dei smie. Han gifta seg på nytt 1769 med Anne Olsdotter Rodt (ca.1736-1790). Knud dreiv bruket frå 1758 til 1783. Han var bror til Ebbe Emblem i Ebbegarden, Emblem(8). Etter kvart gjekk det dårlegare. Når han døydde, var han fallit og husa i dårleg stand.
a) Ebbe dp.1769 ikkje nemnd i arveskiftet 1783.
b) Maria dp.1771 registrert som 9 år ved arveskiftet 1783.
c) Gjertrud dp.1774 registrert som 7 år ved arveskiftet 1783.
d) Jens Berent dp.1777 ikkje nemnd i arveskiftet 1783.
e) Knud dp.1779-1838 1805 g.m. Siri Andersd. Humlekavlen, brukar Nordigard(339), Ålesund. Vart nemnd som tenar i Negarden, Emblem(1).
HALVE BRUKET DEL 2
Sonen Knut Olson Emblem(6+7) (dp.1736-1765) gifta seg 1760, med Mari Knutsdotter Nedregotten(II) (dp.1734-1797).
Dei dreiv bruket frå 1758 til 1765. I arveskiftet etter Knut var verdiane på 70 riksdalar, og gjelda på 23. Dei hadde hest, 3 kyr, kvige, 4 geiter, 3 sauer, og delte kvern med stefaren, som no var kårmann på garden.
a) Ole f.1761 seinare brukar.
b) Knud dp.1764 nemnd 1788, busett Lilli-Nørve?
Enka Mari Knutsdotter Nedregotten(II) (dp.1734-1797) gifta seg om att 1766, med Jens Knudson Emblemsvåg (dp.1740-1776) frå Knutgaren, Emblemsvåg(1). Når Mari på ny vart enke, så dreiv ho garden på eiga hand i 7 år, til sonen kunne ta over .
HEILE BRUKET
Sonen til Ole Knudson Emblem(6+7) (dp.1761), tok over bygsel på halve bruket 1783, og vart i 1788 bygselsmann på heile garden. Han gifta seg 1783 med Elen Johansdotter Bjørnøy(2+3) (1751-1807). Dei tok kår hos den neste brukaren 1800. I 1814 gifta han seg opp att med enka Siri Eirichsdotter Hatlen(1,2) (dp.1763-1827), og 1815 flytte dei til Ramsvika, Eikenosøydegard(2). 1828 gifta han seg med Canuta Hansdotter Kvistad(bakken) (1791-1843), fødd i Hjørundfjorden.
a) Karen dp.1790 kanskje død i Emblemsvågen 1803, 13 år gamal.
b) Endre Johannes dp.1792-1815 døydde i Ramsvika, 22 år gamal.
c) Elias Severin Rasmus. dp. 1831-1921 . dp. 1831-1921 1860 g.m. Ragnilde Johannesd. Longvastøyl, brukar Blindheim(9).
Stephan Stephanson Bjørdal(1,3) (dp.1765-1832) vart døypt i Sunnylven, og gifta seg 1800 med Anne Ellingsdotter Vesterås(2+3) (dp.1774-1825), frå Geiranger. Dei kjøpte garden 1812 som første sjølveigarane på dette bruket. Gardsnamnet kjem frå han. Stephan er for ettertida mest kjend for å ha vore ein sentral person ved borgundopprøret i 1816, der han vart arrestert, og så henta ut av fengselet i Kolvika. Utgangspunktet var pålegg på hausttinget om at alle skulle betale brennevinskatt, sjølv om dei ikkje brende noko sjølve. Han nekta, og trua visst den på tinget som ville betale først. Stephan fekk 3 års fengsel på Bergenshus. Nesten alle bøndene i Borgund vart dømd som medskuldige i ulik grad, og fekk enten straff eller bøter, etter at opprøret vart slått ned. Gardshusa i 1825 var stove med fordør og blyvindu, stabbur, fjøs med grisehus, løe med stall, smalefjøs, kvern, naust, sel, og del i ein fjøs på setra. I 1826 gifta han seg om att med Ingebor Endresd. Bjørdal(I,1) (dp.1780). I arveskiftet etter han er det nemnd hest, 6 kyr, 3 kviger, 8 geiter, 4 sauer og gris. Anne sin bror, 1105 Lars, dreiv Torevågen, Eikenosvåg(1) frå 1824. Ho gifta seg på ny i 1836, med enkemann Hans Jonsen Masdal(3) (1780-1847), frå Nøre Vartdal. Dei flytta til Masdal(3), der Hans var gardbrukar. Den eldste sonen skulle få overta, men han var allereie gift til gard på Blindheim, så då fekk broren, Elling, overta. Fleire familiar i distriktet, med etternamnet Steffensen, kan knyttast til «borgundopprøraren» Stephan.
a) Else dp.1800 ikkje nemnd ved arveskiftet 1825.
b) Stine dp.1802-1803 døydde av koppar 1 år gamal.
c) Stephen Johan 1803-1883 1825 g.m. Emthe Caroline Knudtsd. Stadsnes(6), brukar Knutgarden Blindheim(6).
d) Elling 1806-1849 tok over bruket.
e) Peter Martinus dp.1808 nemnd ved arveskiftet i 1832, som på veg til Lofoten med kjøpmann Strøm sitt farty, frå Ålesund.
f) Gut 1811-1811 dødfødd.
g) Oline Martha dp.1812-1891 1836 g.m. Berndt Nicolai Ols. Blindheim(1), brukar Pegarden Blindheim(1). Dei vart foreldre til Lars Olaus Britanus Blindheim (1858), brukar Bryggå, Hesseberg(3).
h) Ole Elias 1814-1815 døydde 3 veker gamal.
i) Stephen Elias 1817-1818 døydde 3/4 år gamal.
j) Son 1822-1822 dødfødd.
Sonen Elling Stephenson Emblem(6+7) (1806-1849) gifta seg 1839, med Mali Rasmusdotter Bukkeskinn (1816-1892), frå Hjørundfjorden. Det vert fortalt at Elling vart spedalsk av ein «legdskall», og drog med ei jekt til Christiania, for han hadde høyrt at det gjekk an å verte frisk der. Heimatt måtte han gå. På vegen heim, såg han att dei hadde gardsredskap med hjul på austlandet. Når han kom heim, byrja han å bygge den første høyvogna i bygda. Ho vart akkurat ferdig før han døydde. Det er mogeleg at historia ikkje er heilt rett, og att det var neste brukar i staden, for han vart registrert spedalsk i offentlege kjelder. Det verkar som om Mali dreiv bruket åleine ei tid etter at Elling var død. I 1854 vart også bruket delt i to. Dei fekk no eige bruksnummer, og vart seinare kjend som «Steffågarden» og «Jakobgarden». Eldstedottera tok over i Steffågarden. Enka Mali Rasmusdotter Bukkeskinn (1816-1892) gifta seg 1856 om att med enkemann Ingebrigt Andreas Olson Søvik(Ø,3) (1805-1888), frå Sykkylven. Dei flytta til Søvikhaugen, Øvre Søvik(3). Ho er nemnd der i 1865. Bruket vart delt i to delar etter at Elling var død.
a) Anne Karoline Birgithe 1840-1925 tok seinare over halve garden. Brukar Steffågarden Emblem(6).
b) Ragnhild Nikoline 1842-1843 døydde 4 1/2 veker gamal. Vart heimedøypt.
c) Olave Katrine 1844-1844 døydde 12 dagar gamal.
d) Stefen Johannes f.1845 1872 g.m. Elen Thomasine Caroline Ellevsd. Klokk(8), brukar Kvasnes(2). Dei flytte til Kvassneset, via Ramstadalen.
Bnr. 6 STEFFÅGARDEN
Den vestlegaste halvdelen etter utskiftinga i 1834
Knud Andreas Steffenson Blindheim(6) (1826-1869) gifta seg 1851, med enka Ane Marie Martinusdotter Brevik (1824-1900). Ho var tidlegare gift med Jens Severin Pederson Blindheimsnes(1). Dei tok over det som etterkvart skulle bli det frådelte bruket Steffågarden allereie i 1851, og dreiv bruket til 1863. Dette er den delen av garden, som låg ved den gamle tunstaden der klyngetunet til heile matrikkelgarden Emblem låg før 1834. Dei tok over dei gamle gardshusa også. Hovudhuset frå denne tida står framleis. Dei hadde ingen born, og Knud vart ikkje så veldig gamal. Han var spedalsk.
Dottera til 6044, Anne Karoline Birgithe Ellingsdotter Emblem(6+7) (1840-1925) gifta seg 1863, med Knut Andreas Olson Godøy(8) (1835-1929). Dei dreiv bruket frå 1863 til 1898. I 1868 hadde dei hest, 5 kyr, 15 sauer, 6 tønner bygg, 15 tønner havre, 10 tønner potet og 36 skippund høy.
a) Karen Marie Jensine f.1864 1887 g.m. Knud Johannes Henrik Rafaels. Molvær(4). Han var «Spindmester», og mellombels busett på Emblem ved giftermålet.
b) Ole Elias Lauritz 1866-1958 tok over bruket.
c) Elias Salomon 1869-1949 1902 g.m. Johanne Caroline Jensine Larsd. Svinnset(3). Fekk delt frå Storhaugen, Emblem(16) frå farsgarden. Seinare flytte han til sønene i Pe- garden, Røssevoll(3). Sjå meir om han der, og på Storhaugen, Emblem(16).
d) Jakobine Amalie Karoline 1871-1931 1893 g.m. Lars Andreas Nilss. Solevåg(2), fiskar og brukar i Gøygarden, Godøya(37).
e) Lovise Petrine f.1873 ugift. Diakonisse i Trondheim 1925.
f) Johanne Marie Petra f.1876 tenar i Bergen 1900, og ugift «strykerske» i Bergen 1920.
g) Martinus Jakobus 1881-1949 1917 g.m. Thea Hansine Karoline Olsd. Emblem(9), frå Auregarden. Dei tok over Negarden, Emblem(1), i 1928. Sjå også Negarden.
Sonen Ole Elias Lauritz Knutsson Emblem(6) (1866-1958) gifta seg 1893, med (Emte) Marie Ellingsdotter Humblen(1) (1866-1940). Han var fleire gongar i Amerika for å arbeide, sjølv etter at han gifta seg. Fleire av borna fulgte etter. Like før 1. verdskrigen var det særs vanskeleg å få seg arbeid, så mange av ungdomane i bygda slo følge. Der kunne dei tene godt i tømmerindustrien på vestkysten. Dei fekk også gratisbillett heim, mot å verve fleire. Han selde tomter ved Magnusbakken (Korshaugen) til mellom anna nytt handelslag og hyttefelt. Fleire av kjøparane var tidlegare «land- liggarar», og nokre hadde også familietilknytting til bygda. Ole dreiv garden frå 1898 til 1942. Han selde bruket vidare til sonen og tok kår.
a) Klara Antona Kornelia 1894-1894 døydde av bronkitt.
b) Olaf Emil Kornelius f.1895 emigrerte til Amerika 1913.
c) Klara Anette Johanne 1898-1979 ugift. Gravlagd i Borgund.
d) (Ella) Elevine Kristofa 1900-1943 ugift tenar på Storhaugen, Emblem(16), 1910. Gravlagd med søstrene Ella, Amalie, Margit og Klara d.y. i Borgund.
e) Kristian Herman Robert 1902-1960 drog til Amerika 1923, same år som naboguten Olaf Emblem.
f) Amalie 1904-1950 gravlagd i Borgund.
g) Karl 1907-1985 tok over bruket.
h) Margit Laura Kanutte 1909-1969 1947 g.m. Arve Øverseth, Toten, busett i Oslo.
Sonen Karl O. Emblem(6) (1907-1985) gifta seg 1941 med (Susanne) «Sanna» Kvassnes, f. Eikenosvåg(1) (1905-1981), frå Torevågen. I 1942 tok dei over garden for kr. 7 000,-. Karl var ein ivrig pådrivar for lagsarbeidet i Emblemsbygda, og sat i fleire styre, som både kasserer og formann. Av desse bør arbeidet hans for å få bygd ungdomshus i 1934, og pionerarbeidet i Emblemsbygda Sportsklubb på 1930-talet særleg nemnast. Han sat og i likningsnemnda, og arbeidde på liknings- kontoret til gamle Borgund kommune attåt gardsdrifta. Karl var også ivrig lokalhistorikar. Det er takka vere han at mykje av bygdehistoria kan løftast fram att i lyset, på nett og i bokform. Han var også med i sambandstroppen under I.R. 11 sitt felttog mot dei tyske okkupantane i aprildagane 1940.
a) Eli Marie f.1944 tok over bruket.
Svigersonen Harald Bjørnulf Reiten (f.1939) frå Reiten, Østremsreit(1), gifta seg 1964 med Eli Marie Emblem (f.1944). Dei tok over bruket i 1982 for kr. 125 000,-, og bygde nye driftsbygg. Dei dreiv fleire år med høner, og sal av egg. Gardsdrifta er no lagd ned, men Eli Marie, driv framleis aktivt med dyrking og sal av bær og planter frå garden. Ho har i mange år engasjert seg i det lokale hagelaget som leiar, medan Harald har utmerka seg med mange års trufast arbeid i Emblem idrettslag Han er framleis aktiv konkurranseskyttar. Dei har tatt godt vare på mykje av det som Karl. O. samla inn og skreiv. Dette er av stor bygdehistorisk verdi, og ei uvurderleg samling for komande generasjonar. Harald har også vore ein av dei trufaste løypekøyrarane for skigruppa i mange år.
a) Karl-Ivar f.1967 tok over bruket.
b) Bjørn Harald f.1975 forlova med Hanna Petrea J. Haugan, busett i Oslo.
c) Gunnar f.1978 2007 g.m. Cathrin Flate, Vikebukt, busett på Emblem.
d) Steinar f.1981 busett på Emblem.
Sonen Karl-Ivar Reiten, Emblem(6) (f.1967) gifta seg 2014, med Silje Knutsen. Han tok over bruket i 2011, og pussa opp gamlehuset på garden. Gardsdrifta er no lagd ned, med unntak av mor, Eli Marie, sin planteskule, med sal av sjølvdyrka planter.
a) Nadia f.2004 Silje si dotter.
b) Trym f.2007 Silje sin son.
c) Ask Johannes f.2013
d) Birk Olai f.2014
e) Thale Andrea f.2016