Bnr. 3 TYKJEGARDEN

Frå namnet «Tyche». Også kalla «Nilsgarden» og «Mittetgarden» i nyare tid

 

 

Erik Sigvordsen var brukar her i 1603. På den tida omfatta garden halve Røssevollen. I 1609 vart Hansgaren delt frå Tykjegarden og Pe-garden. Etter få år var desse tre bruka jamnstore i verdi. Erik hadde flaumsag, på ei tid der mykje av tømmeret i distriktet vart uthogd og eksportert. Han skatta for 10-20 tylfter med bord. Saga stod nok omtrent der kvernhusa til Røssevollen var plasserte. Før den tid var der mykje skog i bygda, og på Sunnmøre. Han fortsette å drive bruket til om lag 1630, før sonen tok over.

a) Lars tok over bruket.

 

Sonen Lars Erikson Røssevold(3) var brukar frå om lag 1630 til 1660. 1658 betalte han skatt for hest, ukse, 5 kyr, 5 geiter og 2 sauer.

a) Erich  ca.1630-1719   vart brukar i Larsgarden, Østrem(2).

b) Gunilde  ca.1642-170  tok over bruket

 

Svigersonen Peder gifta seg med Gunilde Larsdotter Røssevold(3) (ca.1642-1705) ikring 1625. Dei dreiv bruket frå 1660 til ca.1690. Ho gifta seg opp att med neste brukar.

 

Enka Gunilde Larsdotter Røssevold(3) (ca.1642-1705) gifta seg opp att med Jon Jonsen (ca.1653- 1733). Dei dreiv bruket frå 1690 til 1705, når Gunilde døydde. I arveskiftet etter henne, i 1705, var verdien på 35 riksdaler, medan gjelda var på 12. Det er nemnd hest, 5 kyr, 2 kviger, 7 geiter og 2 sauer. I tillegg eigde dei ei gammal kvern og ein kjempefæring. Gunilde hadde i tillegg raudt skjørt, svart vadmelstrøye og ei gammal svart kledetrøye. Jon gifta seg opp att med neste brukar.

 

Enkemannen Jon Joensen (ca.1651-1733) gifta seg opp att i 1706, med Synnøve Eriksdotter Hesseberg(2) (ca.1664-1751). Dei dreiv bruket frå 1706, til han døydde i 1733, og hadde då om lag same buskap på bruket. I tillegg hadde han sett opp nytt naust, hadde 2 økser, 2 navarar, 3 hakker, spade og grev.

a) Gundele  dp.1707-1745  1740 g.m. Ole Ols. Skjong(I), brukar Skjong (I).

b) Anne  dp.1711-1780   1) 1743 g.m. 721 Rasmus Jakobs. Emblemsvåg(5) frå Antonesgarden, Emblemsvåg(5).

                                           2) 1756 g.m. 722 Hans Arnesen (Sul)Ødegaard(1) frå Hareid, brukar Emblemsvåg(5).

c) Anne  dp.1713-1795  tok over seinare.

d) Gunder  dp.1716-1768   1740 g.m. Brithe Iversd, brukar Natvik(1), Skodje.

 

Mons Rasmusson (ca.1676-1746) dreiv bruket frå 1733 til om lag 1743. Meir veit vi ikkje om han.

 

Svigersonen til Knud Thygesen Akslen(4) (dp.1717-1757), frå Høla, gifta seg med Anne Jonsdotter Røssevold(3) (dp.1713-1795). Dei dreiv bruket frå 1744 til 1757. Arveskiftet syner at dei hadde færre dyr på garden i Knut si tid, enn Jon før han. Knud dreiv meir med fiske. Det hadde tatt seg opp utover andre halvdelen av 1700-talet. I tillegg brende han mykje tjøre for sal, og hadde heile 108 riksdaler i skiftebuet etter seg. Enka gifta seg opp att med neste brukar.

a) Aagote  dp.1745  1796/-97 g.m. Jon Ivers. Engeset(3), innerst Skjong(7) 1801. Nemnd hos søstera, Marthe, på Aase(6) 1788.

b) Synneve  dp.1747   1801 var ho truleg innerst og legdslem i Larsgarden, Østrem(2). Legdslem i Abrahamsgarden, Østrem(3) 1815.

c) Gunilde  dp.1749   1776 g.m. Ole Torsen Slyngstad, plassefolk på Giskegjerde.

d) Tyge  1752-1827   tok over bruket.

e) Jon dp.1754  1783 g.m. Lisbeth Iversd. Engeset(3). Tenar i Brusdalen 1770.

f) Marthe  1757-1829  1778 g.m. enkemann Gunder Knuds. Midtstrand frå Vatne. Brukar Jensgarden, Åse(6).

 

Enka Anne Jonsdotter Røssevold(3) (dp.1713-1795) gifta seg opp att 1758, med Halkield Anderson Brusdal(2) (f.ca.1736). Aldersforskjellen var stor, og presten skreiv at dei «lever uforlignelig». Anne og Halkield flytte frå garden 1779 og overlot bruket til sonen. Det er mogeleg at Halkield gifta seg om at med enka Giertrud Hendriksdotter Aase(2) i 1796.

 

Sonen Tyge Knudson Røssevold(3) (dp.1752-1827) er den som gav garden sitt folkelege namn. Sidan har folk kalla bruket for både «Nilsgarden» og «Mittetgarden», etter seinare brukarar, Tyge, gifta seg med Ingeborg Larsdotter Emlem(1) (dp.1760-1827), frå Negarden, i 1781. Dei dreiv bruket frå 1781 til 1813.

a) Knud  dp.1782-1782   døydde 12 veker gamal.

b) Laurenze Petrine  dp.1783-1783  døydde 4 veker gamal.

c) Ananias  dp.1784-1842  tok over bruket.

d) Johanna  dp.1787-1787   døydde 11 veker gamal.

e) Annike  dp.1789-1863  registrert som enke. døydde på Buholmstranda, Ålesund. Kanskje samme som 1820 g.m. Johan Martinus Peders. Giedhammer. Han døydde på Buholmstranda. Dei hadde sonen Peter Cornelius (f.1819) i lag.

f) Synneve  dp.1791  er registrert i 1815-teljinga.

g) Ingebor Anna  dp.1794

h) Ingebrigt Andreas  dp.1797-1797  døydde 3 veker gamal.

i) Dorthe Andrine  dp.1801-1893  1845 g.m. Johannes Olson Kyrkjebø, Sula. Han kjøpte gnr. 44 bnr. 1 Teigene på Hareid, og er bror til Knut Olson Kyrkjebø i Sjursgarden, Emblem(11).

 

Sonen Ananias Tygesen Røssevoll(3) (dp.1784-1842) gifta seg 1814, med Elisabeth Kirstina Larsdotter Veddegjerde(1) (1786-1821). Han gifta seg så på nytt i 1822, med Anne Marthe Olesdotter Øye(1) (dp.1783-1855). Utover 1820-åra fekk bygslarane kjøpe ut gardar, som presten før hadde eigd. Ananias var ein av dei. 1838 registrerte presten at avlinga på bruket var på 12 tønner havre, 6-7 tønner med blandkorn og 10 tønner med potet. Der var hest, 6-7 kyr og 10 sauer. På garden stod der ei stove, kufjøs, sauefjøs, stabbur og løe. Ananias hadde sjølv eigedomsrett til kverna og naustet. Taksten var på 150 speciedaler, men han var for fattig til å kjøpe bruket. Ananias bad då presten om at sonen fekk kjøpe i staden. Anne Marthe gifta seg 1849 opp att i Sjursgarden, Emblem(11), med Niels Nielsson Emblem(11), og flytte dit. Dei dreiv bruket frå 1814 til 1842.

a) Lars Andreas dp.1814  1833 g.m. Maren Iverine Arentsd. Slinning, husmenn på Humlekalven.

b) Tychine Hellene 1816   1) 1852 g.m. Jørgen Kristoffer Magnuss. Vågnes.

                                              2) 1874 g.m. enkemann Nils Martinus Knuds. Sønderland, Haram.

c) Jens Brethanus  1819-1871   tok over bruket.

d) Anne Elisabet Gurine  f.1824  1854 g.m. skomakar Ole Thomass. Ålesund, frå Øvre Voldgjerde i Stordalen. Ho var jordmor og heimedøypar.

e) Ingeborg Johanne  f.1827  fekk 1865 dottera Ingeborg, med Knud Knuds. Huidholm? frå Waage Prestegjeld.

 

Sonen Jens Brethanus Ananiasson Røssevold(3) (1819-1871) gifta seg 1842, med Olava Marta Larsdotter Sulebakk(1) (1811-1878). Han fekk kjøpe bruket frå «prestegodset» for 160 speciedaler i 1842. Dermed fekk faren kår hos Jens, og slapp å gå på legd. Dei dreiv bruket til 1866. Frå kår- kontrakta kan ein mellom anna lese att han fekk fri bruk av stabbur, kvern, og naustet i Emblems- vågen. Kårfolket fekk også rett på fri bruk av «Haugåkeren», eit stykke av hagen med frukttre og 1/2 mål med udyrka mark til potet. I følge kårbrevet hadde dei krav på 2 vågar bygg, 6 vågar blandkorn, 12 vågar med havre, og 3 tønner potet. Dei skulle ha stell, og mjølking av til saman 1 1/2 ku og 3 sauer. Kårfolket hadde rett på eit stykke innafor hagen, «Bakkegjerstykket» og «Smigjerstykket», i staden for kyr. Jens fekk også sett seg opp ei kårstove med bileggeromn, fordør, kjøkken. Langsval, kjeller under huset og sperreloft, til ein verditakst på 60 speciedaler i 1872. Huset vart lyst opp av tranlamper. Det er nok det same huset, som ein kan sjå ovanfor på bildet frå 1946. Dei overlet garden til sonen.

a) Lars Elias Britanus 1842-1842  døydde ein dag gamal.

b) Ole Martinus  1843-1882   tok over bruket.

c) Johan Magnus  f.1846

d) Lars Andreas  f.1849   1891 ugift og «logerende» hos søstera på Slinningen.

e) Kristine Elisabet Severine  f.1852   1886 g.m. Elias Bernhard Johan Peders. Ystenes, fødd på Slinningen, forpaktar Slinningen.

f) Berthe Maria  1855-1944   1882 g.m. Karl Andreas Johans. Giske(14), brukar Giske(14).

 

Sonen Ole Martinus Jenssen Røssevold(3) (1843-1882) gifta seg 1865, med Ingeborg Laurentse Nikolaidotter Hessen (1841-1906). Han dreiv bruket frå 1866 til 1883. I 1877 vart bruket seld, saman med dei andre gardane oppe på Røssevollen, på ein auksjon. Kjøparen var Colbein Sivertson Aase(5), som mellom anna var med i styret til nye «Borgund Sparebank». Ole var bygselsmann resten av livet.

a) Johan Olavius 1865-1866  døydde 7 månader gamal.

b) Johan Oluf 1866-1948    1) 1892 g.m. Oluffa Petrine Johnsd. Fløde, frå Rønnestad, Selje.

                                               2) 1908 g.m. Karen Maria Jensd. Løsetstrand, Syvde. 3) 1911 g.m. Oline Samuline Mikkelsd.                                                           Seljeset(4), frå Hornindal. Sonen Julius budde den siste tida på Røssevollen, før han døydde                                                     på Ålesund sjukehus av beintæring i 1918. Johan var fargar ved ullvarefabrikk i Langevågen.

c) Nicoline Petrine  1868-1910   1893 g.m. Edvard Peder Peders. Sulødegård, frå Ulstein, brukar Olsvik Hessen(6).

d) Knud Thomas Carolus  1869-1869  døydde 1 1/2 månadar gamal.

e) Knud Tomas  1870-1900  1893 g.m. (Anne) Marie Johansd. Olsvik(5), busett Olsvika. Flytta til Langevåg. Døydde som fabrikkarbeider og fiskar der.

f) Jensine Andrine  1871-1963  1899 g.m. fabrikkarb. Jens Andreas Ols. Molværshavn, busett Langevåg.

g) Ole Iver 1873-1874  døydde under 1 år gamal.

h) Olivie Karoline  1874-1875  døydde 1 år gamal.

i) Olivie Karoline  f.1875

j) Peder Joakim  1877-1878  døydde 1 år gamal.

k) Petrine Caroline 1878-1968  1904 g.m. bakersvenn Elias Johannes Nøstdal, Ålesund.

l) Peder Olavius  f.1879

m) Ole Kornelius  1880-1905  døydde på Rosenbergs asyl i Bergen. Det er truleg den same som 1900 er nemnd til «forpleining» på Garsendhaugen, Emblem(2).

n) Nikolai Peder f.1881

 

Nils Peter Erikson Viset (f.1841), frå Siriplassen, kom 1883 til Emblem frå Nilsplassen, Hjelle(5), Ørskog. Den vart også kalla «Røssevollplassen», og han hadde budd der sidan han gifta seg 1867 med (Lovise) Petrine Jensdotter Jelle(1) (f.1843), frå Ørskog. Dei dreiv bruket på Røssevollen frå 1883 til 1892. Familien emigrerte til Amerika og Dakota i 1892. Då hadde Nils vore der frå 1889.

a) Johan Elias Peder  f.1870   fødd på Jelle. Emigrerte til USA.

b) Jens Andreas Severin  1872-1952   1904 g.m. Emelie (1878-1936). Til USA, Dakota 1892. Var registrerte som «farmer» på heimebesøk 1914.

c) Severin Andreas Ludvig  f.1875  g.m. Anna Johanne Tora Kristiansd. Sollid(N,1), frå Ørskog, i Amerika. Han emigrerte til USA 1892.

d) Hans Peter Oluf  f.1881   drog til USA, og Dakota i 1892, 9 år gamal.

 

 

Hans Peter Larsson Røssevold(4) (1865-1947) vart fødd i Sunnylven, men vaks opp på husmanns- plassen «Nygjerdet» på Røssevollen. Sjå brukar 858b, Lars Samuelsen, lenger bak i denne boka. Han fekk skøyte på garden av Colbein Sivertson Aase(5) i 1892, og gifta seg det same året med Ingeborg Marie Britanusdotter Eikroll(Y,4) (1850-1934). Ho døydde av kreft. I 1910 er ein Amund Samuelsen busett på garden. Han var onkel til Hans Peter, frå Sunnylven, og hadde arbeidd ved eit sagbruk i Minneapolis, USA, frå 1874 til 1886. Det er fortalt at Amund hadde trebein etter ei ulykke. Han var «fattigunderstøttet» når han budde på Røssevollen. Hans Petter dreiv bruket til han selde garden ut av slekta i 1947. Det vert fortalt at han ikkje var engsteleg for å sende avgårde ei og anna «kraftglose». Ved eit høve var han på veg heim frå handelsmannen i regn og kraftig vind. Sukkeret i papirposen makta han ikkje å berge, og han fekk heller ikkje til å knappe att regnkappa si skikkeleg i den kraftige motvinden. Til slutt sende han av garde ein «klar beskjed», før han svinga hendene attover, og let kappa blåse av garde. Det vert sagt at den festa seg oppi eit tre, og vart hengande der i fleire dagar. Bakgrunnen for salget av garden var truleg at han ønska seg yngre folk, og kårkontrakt det siste året han levde. Hans Peter fekk ingen born som kunne ta over etter seg.

 

Arne Birger Mittet (1911-2005) vart fødd på Forsnes på Hitra. Han gifta seg 1942 med Gudrun Sofie Kvam (1923-1995). Ho var fødd på Sør kvammen på Hitra. Dei kjøpte bruket 1947, og dreiv garden til 1983. Då overlot dei bruket til sonen, mot livsvarig burett. Arne fekk seg arbeid i Borgund kommune, saman med mange av dei andre småbrukarane i Emblemsbygda etter krigen. Det var ei kjærkommen ekstra inntekt.

a) Andre Guttorm  1943-1950  omkom i ei bilulykke på Emblem.

b) Tor Aslak f.1948  tok over bruket.

 

Sonen Tor Aslak Mittet (f.1948) er pensjonert langtransportsjåfør. Han gifta seg 1969 med Liv Oddrun Blindheim (f.1943) frå Sykkylven. Dei budde ei tid i Sykkylven, før dei tok over bruket 1983. Ho har arbeidd i mange år som lærar på Emblem skule. I 1970 fekk dei delt frå bnr. 31, og tok over denne hustomta ved tunet i 1973. Tor har også dreve entrepenørfirma, med hogstmaskin til tømmerhogst, og kjørt buss for Emblemsruta. Han har fleire gode historier på lager frå den tida. Der var også ungdommar som fekk ekstra service, når han kjørte siste bussruta heim frå byen, for det var ikkje alle som kom seg til busstoppet i rett tid, men han visste som regel kven som hadde behov for skyss heim att likevel. Enkelte måtte han stå å fløyte på ei stund, før dei kom.

a) Liv Torill  1970-2011  2003 g.m. Kåre Rikard Rolandsen.

b) Marlen  f.1971 er lærar, busett på Emblem.

 

Det nedlagde bruket vart seld til naboen, Torunn Randi Krogsæter Myklebust (f.1955), Røssevoll(6) i 2000. Ho har fram til hausten 2019 vore grunneigar. Sjå meir om henne som brukar på nabobruka  Rognereiten, og Voll.

a) Therese f.1979  2001 g.m. Herman Helgesen, busett Eidsnes.

b) Sylvia Mariann  f.1980  2005 g.m. Thorstein Sten Gjerde, busett på Hatlehol.

c) Anette K  f.1983   tvilling, 2010 g.m. Anders Hoff, busett Ratvika.

d) Margareth Helen  f.1983  tvilling, 2014 g.m. Are Henry Lund, busett Flisnes.

e) Tom-Ruben  f.1987  busett i Oslo.

 

Samstundes som bygdeoka gjekk i trykken, fekk vi beskjed om at Tor Aslak Mittet (f.1948) no er grunneigar på garden igjen. Eigarskiftet vert tinglest hausten 2019.