OLSPLASS

Husmannsplass under bnr. 1 Hatlehol Indre

 

 

Ole Ellingsen Rørstad(2) (dp.1766-1808) er nemnd som husmann i tidrommet 1801 til 1805. Han gifta seg 1801 med (Anne) Maria Jensdotter Myklebust(5) (dp.1774-1809). Begge vart kalla «Hatlehol nu Ramsvik», i forbindelse med dødsegistreringa i kirkeboka 1808 og 1809. Plassen kan dermed ha lagt ved gardsgrensa til Ramsvika, som vart delt frå som husmannsplass og kårbruk 1815, under Framigar, Eikenosøygard(3). Hatlehol Indre låg under Eikenosa, men ein kan likevel stille spørsmål ved om Olsplassen kan vere identisk med det som skulle verte husmannsplassen «Ramsvika». Det er likevel såpass mange spørsmålsteikn, att vi har vald å skrive om denne plassen under Hatlehol, i tråd med dei skrivne kjeldene. Ramsvika er omtala for seg under Eikenosøydegard, lenger bak i denne boka.

a) Johanne Helene  dp.1802-1888  ugift. Nemnd hos søstera på Buholmstranda 1875. Døydde på Alnes.

b) Karen Marie Kristine  dp.1805   1843 g.m. Lars Carolus Nilsen Ystenes, brukar Fagervik, V olsdal(3).

 

Ole Jonsen Solevåg(10) (ca.1722-1803) er nemnd som husmann 1803. Han var husmann på Furholmen samtidig med Rasmus Rasmussen Fiskerstrand. Ole gifta seg med Hilde Olsdotter (ca.1746-1807). Dei var plassefolk i «Furevågen» frå 1793 til 1801. Ole døydde som husmann på Hatlehol, mens Hilde fekk bu på Furholmen til ho døydde, to år etter Ole. Sjå også Furholmen, Eikenosvåg(3), lenger bak i denne boka.

a) Synneve  dp.1768-1812  tvilling. Døypt Solevåg. Ho er nemnd som krøpling 1801, og døydde på Furholmen.

b) N.N.  dp.1768  ein veit ikkje meir om dette bornet. Kanskje død før fødselen.