Bnr. 1 Hansgarden

Også kalla «Timannsgarden»

 

Der er nemnd ein Saxe Olsen frå Synnesætta på Røssevollen ca.1590. Ifølge «Vigraboka» skal han ha budd der ei tid, før han vert nemnd på Nordre Fjørtoft(N) i 1592. Saxe var gift med Inger Pedersdotter. Det er ikkje så lett å plassere dei på rett bruk. Han kan ha vore brukar på enten det opphavelege Tykjegardbruket, eller i Pe-garden. For ordens skuld har vi derfor vald å plassere han som første kjende brukar på bruk nummer 1.

a) Guttorm Brukar på Synnes(1) frå 1620.

.

1603 vart to brukarar nemnd, før garden vart delt i tre bruk 1609. Hansgarden vart skilt ut frå dei to andre gardane. Hansgarden var truleg litt mindre enn dei andre, i begynnelsen, men etter kort tid var dei tre bruka like store. Dei to opphavelege gardsbruka er Tykjegarden og Pe-garden. Det kan verke litt missvisende, sidan det ofte er slik at garden med det lavaste bruksnummeret er den eldste.

 

 

Jon Jonson er registrert på bruket frå 1609 til 1642. Han vart utkommandert i kalmarkrigen 1611, og er nok den første drivaren i Hansgaren. Om han kom utanfrå, eller vaks opp på Røssevollen, er usikkert. I Pe-garden sat nemleg 1603 ei enke som vi enno ikkje veit namnet på. Det er mindre truleg at han har vore i slekt med brukeren i Tykjegarden. Det kan sjå ut som om Jon kom heim frå krigen.

 

Lars Knudsen (f.ca.1615), kalla «Fjord-Lars», kom truleg til bygda ein annan stad ifrå. Han var brukar i tidsrommet 1645 til 1690. Tilnamnet hans stammar frå skattelistene i samtida. Kanskje kom han frå indre strok ein stad, som Sunnylvsfjorden, eller Hjørundfjorden. Mange flytta etter kvart til Emblem frå desse områda.

a) Johan f.ca.1664 Tok over bruket.

 

Sonen Johan Larssen Røssevoll(1) (f. ca.1664), vart nemnd i 1701-teljinga som 37 år gamal. Han dreiv Hansgarden til 1706. Ein veit ikkje meir om han.

a) Lars  f. ca.1694  7 år ved 1701-tellinga. Det vart også notert at han hadde «Schade på sitt Sinn».

b) Peder  f. ca.1698  3 år ved 1701-tellinga.

 

Niels Thorsen Sunde(II) (1673–1709) gifta seg med Ingeborg Kolbeinsdotter (1673-1726), utanfor Borgund Prestegjeld. Dei budde på Sunde(II) i tidsrommet 1704 til 1706, før dei bygsla Hansgaren frå 1706, og dreiv dette bruket til Niels døydde 1709. I arveskiftet vart nemnd hest, 5 kyr, 2 kviger, kalv, 2 sauer og 6 geiter. Han hadde eige naust, kjempefæring og fiskevegn. Vidare hadde han koparkjele, 2 jerngryter, smørkanne i tinn, 2 senger, 2 napperyer, øks og 2 spadegrev. Verdien av skiftebuet var på 45 riksdaler, medan gjelda var på 15. Enka gifta seg opp att med neste brukar.

a) Inger  dp.1704  vart døypt på Sunde.

b) Martha  1707-1784  1741 g.m. enkem. Peder Arnesen Holmeset(2), brukar Holmeset(2).

 

Enka Ingeborg Kolbeinsdotter (1673-1726) gifta seg opp att med Knud Larsson (1688-1755). Han kan ha vore broren til 803. Dei dreiv bruket til 1715. Då sa han opp bygselskontrakta si, og vart husmann under den samme garden. 1716 vart Knud dømd for leiarmål med Guri Jonsdotter Drabløs, som tente på Slotsvik. Knud var då framleis ein gift mann og måte bøte «efter yderste formue», men der var lite å hente. Heile eigedomen han sat att med, vart kun taksert til 1 riksdaler. Han vart tenar på Eikenosa, og familien levde av «folks godhet». Etter kvart gjekk det betre med han, reint økonomisk. Dei tok då over Nes(I) på Ellingsøya.

a) Martha  1711-1711   12 veker. Drukna kanskje i båtvelt. Sjå meir under brukar 835.

b) Niels  dp.1712

 

Gregorius Andersen (1669-1749) vart over 80 år. Han gifta seg 1747 med Birthe Olsdotter (ca.1670- 1768), som vart heile 97 år gamal. Dei kom truleg utanfrå bygda og dreiv bruket frå 1715 til 1747.

a) Malene  1710-1797    1) 1747 g.m. enkem. Axel Axels. Nedregotten(I), brukar Sjursgarden, Emblem(11).

                                           2) 1756 g.m. 6079b Ole Ingebrigts. Emblem(9), brukar 6096 Emblem(11).

b) Anders  f.ca.1713  1738 g.m. Ingeborg Andersd. Voldsdal, brukar Voldsdal(2).

c) Ole  dp.1715-1762   1755 g.m. enke Berte Larsd. Hoff(4), brukar Hoff (4).

d) Peder  dp.1719-1755  1747 g.m. Guro Jacobsd. Rødset(1), brukar Rødset(1).

e) Lars  dp.1721-1770  tok over bruket.

 

 

Sonen Lars Gregoriuson Røssevold(1) (dp.1721-1770) gifta seg 1748, med Guri Olsdotter Nøringset (ca.1722-1788). Lars gjorde det bra, og fisket gjekk også betre i hans tid. I arveskiftet etter han var verdiane på 137 riksdaler, medan gjelda kun var på 39. Han eigde hest, 5 kyr, 3 kviger, 2 grisar, geiter og kvern.

a) Ole  dp.1748-1826  1780 g.m. Marthe Ebbesd. frå Ebbegarden, Emblem(8). Brukar Nordigard 338, Ålesund.

b) Gregorius  dp.1750-1830  tok over bruket.

c) Birthe  dp.1752-1825  1782 g.m. enkem. Peder Knuds. Giske i Knutgarden, døydde der.

d) Ingebrigt  f.1753

e) Anne  1755-1756  døydde 1 år og 17 veker gamal.

f) Arne  f.1757

g) Maren 1760-1836  1785 g.m. Hans Christens. Giskegjerde, brukar Giskegjerdet(4). Dei gifta seg kanskje før 1787.

 

Sonen Gregorius Larsson Røssevold(1) (dp.1750-1830) var brukar frå 1773 til 1804. Han gifta seg 1773 med Karen Olesdotter Veibust(1) (dp.1742-1811). I 1814 gifta han seg på nytt med Martha Olesdotter Furmyr (ca.1767-1832). Dei flytta til Uraplassen, Furmyr(5).

a) Elen  dp.1774-1774  døydde 9 dagar gamal.

b) Laurentze  dp.1775  1808 g.m. Claus Nilsen, brukar Store Kalvøy(1). 1801 tenar på Frantzholm.

c) Andriana  1777-1807  tok over bruket.

d) Ole  dp.1779-1779  døydde 13 veker gamal.

e) Arne  dp.1780  1801 Tenar på Ystebøen, Emblem(5).

f) Ole  1783-1837  1825 g.m. Synneve Jacobine Torbiørnsd. Godøy(16), husmann Godøy 1825-1830.

g) Gunner  1786-1844   1) 1819 g.m. Andrea Maria Andersd. Spjelkavikgjerde(1), brukar Remvik.

                                          2) 1832 g.m. 708b Anne Halvorsd. Emblems- våg(1), brukar Digerneset i Remvika.

 

 

Svigersonen Timann Anderson Spjelkavikgjerde(1) (dp.1768-1850) gifta seg 1804, med Andriana Gregoriusdotter Røssevoll(1) (dp.1777-1807) og tok over bruket det samme året. Timann gifta seg opp att 1809 med Giertrud Hansdotter Urke(Y,5) (dp.1774-1850), frå Hjørundfjorden. Han kan i så fall ha vore einsleg enkemann i omlag 2 år. Det var uvanleg på den tida. Han må ha hatt god hjelp frå svigerforeldra sine. Timann dreiv bruket fram til 1845. I 1842 avla han 2 tønner bygg, 11 tønner havre, 4 tønner blandkorn, og 12 tønner med potet. Dei hadde hest, 4 kyr, 2 ungfe og 6 sauer. Av gardshus har presten registrert ei stove, stabbur, fjøs, stall og løe. Alle bygga var i brukbar stand. Bruket vart kalla «Timanssgaren» etter han. «Sjurs-Ole» i Sjursgarden, ved foten av Røssevollbakkane, huska Timann og naboen Baar i Pe-garden. Tuna låg då ikring Pe-stova, om lag der bilvegen i dag deler seg mot vest og aust. Hovudhuset til Tykjegarden låg omlag der Tor Mittet har huset sitt i dag, og to av løene stod på kvar side av bilvegen. Seinare vart tuna flytta lenger frå kvarandre til dagens plassering.

a) Andrine Johanne  dp.1805  1841 g.m. Johan Hanss. Hauge(55b) frå Norddal, brukar Valderhaug(6).

b) Dorthe Andrina  dp.1809-1809  døydde 8 veker gamal.

c) Birte Malene  dp.1810-1881  1839 g.m. Carel Martines Johanness. Ystenes(II), brukar Voldsdal(4).

d) Ole Didrik  1812-1870  1857 g.m. Andrine, Rasmusd. Blindheim (19), Vigra. Handelsborger Hellevikstranda i Ålesund etter 1854. Hengte seg i sinnsforvirra tilstand, i følge kyrkjeboka. .

e) Hans Martines  dp.1817-1818

f) Hans Berent Bretanus  1819-1906  tok over bruket.

 

 

Sonen Hans Berent Bretanus Timansen Røssevold(1) (1819-1906) gifta seg 1845, med Marthe Petrine Jørgine Mattisdotter Østrem(1) (1830-1910), frå Mattisgarden på Østrem. Dei kjøpte garden for 180 speciedaler i 1845, men måtte selge den att på auksjon 1880. Bernt «Gravar-Bern» Pedersen Blindheim, på Vigra, kjøpte garden. Hans var bygselsmann dei siste tre åra, før han tok kår. Bygselen gjekk over til svigersonen. Namnet «Hansgaren» er truleg etter han, og frå tida etter han vart sjølveigar her.

a) Johanne Karen Petrine  1846-1868  var ugift, Røssevold.

b) Marta Karoline  f.1848 var ugift. Arbeidde på hermetikkfabrikk i Ålesund 1900. bryggeriarbeider på Ystenes 1910.

c) Tidemine Andrea Karoline  1851-1933  tok over bruket.

d) Lovise Agnete  f.1853  1878 g.m. skipper Jacob Ananias Berntsen Storhaug frå Kinn. Budde ei tid på Røssevollen etter bybrannen 1904.

e) Thomas Gerhard Lauritz  f.1855  er kun funne som konfirmert i 1870.

f) Matthias  1858-1858  døydde 1/2 år gamal.

g) Matthias Peter  1859-1927  1888 g.m. Hanna Marie Johansd. Skjeggstad, busett Ålesund. Var fiskar og stuert.

h) Hans Lauritz  1862-1923  1902 g.m. Severine Marie Svendsen frå Eid i Romsdalen. Fiskar, busett Ålesund.

i) Markus Albert  f.1864  var to år ved 1865-teljinga.

j) Marie Lovise  1867-1869  døydde 3 måneder gamal

k) Johanna Marie Lovise  1869-1872  døydde 3 år gamal.

l) (Hans Jørgen) Elias  1872-1953  1874 g.m. Anna Laura Randine Olsd. Aarset, busett Årstad i Bergen: Var fabrikkarbeidar der. Fekk 1892 sonen Olaf Henrik med 1136a Petrine Nicoline Caroline Iversd. Furholm.

m) Jens Oluf   f.1872 drog 1892 til Amerika og slekta i Mayville, N. Dakota. I emigrantprotokollen er han 1914 nemnd som gift bonde, busett i Ørskog og som amerikansk statsborger på veg til New York.

n) Johanne Marie 1875-1876  døydde 1 år gamal.

 

 

Svigersonen Hans Jacob Lauritz Larsen Alnes(8) (1856-1938) gifta seg 1880, med Tidemine Andrea Karoline Hansdotter Røssevold(1) (1851-1933). Dei tok over bygselen og kjøpte så garden attende i slekta 1913. Hans dreiv mykje med fiske, og hadde eigne båtar. Hans overlot garden til sonen i 1939.

a) Lars Kornelius  1880-1961  1900 g.m. Olivie Olsd. Østrem(4) frå Steinsgarden. Budde ei tid på Røssevollen, før han emigrerte til USA og Canada. Ho dreiv strikkeforretning i Ålesund 1900, før ho flytta etter til slekta i Mayville, Nord Dakota 1904, og så til Saskatchewan, Canada i 1917. Etter Olivia døydde der i 1942, flytte han til Canoe, British Columbia. Fleire av sønene arbeidde der.

b) Thomas Harald Olaus  1885-1888  døydde av lungebetennelse.

c) Thomas Bernhard  1889-1975  tvilling. 1914 g.m. Henna Jakobsd. Emblemsvåg frå Sandvik. Fekk delt frå «Voll», Røssevoll(6), som brukar der.

d) Son  1889-1889  tvilling, dødfødd.

e) Harald Marius  1895-1974  tok over bruket.

 

Harald Marius Røssevoll(1) (1895-1974) gifta seg 1939, med Anna Iverdotter Furseth (1891- 1968), frå Skorene/ Eikenosa. Dei dreiv garden frå 1939 til 1956, og fekk ingen born. Far til Anna, Iver «Kjøt-Iver» Karlson Furseth, flytte opp frå Skorene ca.1933 og budde der dei siste leveåra. Harald og Anna vart buande i loftsetasja, når neste brukar kjøpte bruket.

 

Einar Kvam (1918-2013) frå Hitra fekk skøyte på garden i 1956. Han var gift med Erna Rognvik (1926-2017) frå Kvenvær/ Hitra. Einar er bror til Ingunn Marie, som gifte seg med Karsten Anker Nedregotten på Skorene, Emblem 10, og Gudrun Sofie på nabobruket, Tykjegarden. Søstera, Gudrun, var gift med Arne Mittet, som også kom frå Hitra. Dei hadde kjøpt Tykjegarden i 1947. Det var kanskje derfor også Einar flytte til Emblem og Røssevollen.

a) Sølvi  f.1949  tok over bruket.

b) Else  f.1954  busett Vegsund.

b) Arild f.1955  er forlova med Åsne, busett i Skien.

c) Malvin  f.1958   1984 g.m. Åshild Magerholm frå Spjelkavik. Ho er borneborn til  Knud Magerholm frå Magerholmdalen og  Nikoline «Nikka» Emblem(5) frå Ystebøen.

d) Harry  f.1958  1983 g.m. Reidun Mabel Sande frå Spjelkavik, busett Ålesund.

 

Dottera Sølvi Kvam (f.1949) er sjukepleiar. Ho var tidlegare gift med Willard Lamberg (1950-2017), og overtok bruket 2002. Ho overlet bruket til sonen i 2017.

a) Anita  1969-2002  1991 g.m. Jan Inge Brusdal Reiten.

b) Kurt Henry  f.1970  tok over bruket.

c) Maria Angela  f.1977  er busett i Uppsala, Sverige.

 

Sonen Kurt Henry Lamberg (f.1970) tok over garden 2017, og er dagens grunneigar. Han arbeider på «Vegsund Slip», og er sambuer med Cathrine Garbo Nilsen (f.1972). Dei har budd på Røssevollen i Kurt sin barndomsheim frå 1975, med bruksnummer 29, sidan 1992. Huset er no pussa opp og slått saman med bruksnummer 1, som nytt hovudhus på bruket. Cathrine jobbar i Ålesund Kommune.

a) Andrea  f.1992  er busett i Ålesund.

b) Henriette  f.1996  er student, busett i Oslo.

c) Marcus  f.1999 busett på Røssevollen.