Bnr. 4 Midthaug
Delt frå bnr. 1 Østremsreiten. Også kalla Vedhaugen, Reitehaugen,
og heiter no «Veahaugen» på kommunale kart
Trykk på teksten for å finne garden på kartet
Småbruket har hatt fleire namn. 1855 fekk ein husmannsplass namnet «Reitehaug». Ved skylddelinga til eige småbruk i 1909 vart namnet «Midthaug» nytta. Garden vart helst kalla «Vedhaugen» i nyare tid, og har kanskje vorte kalla nettopp det ei stund. Kva staden heitte den gongen den første plassemannen slo seg ned her er usikkert, men Anders var tidlegare tømmermann, og tente ei tid på hovudbruket, så det er ikkje heilt usansynleg at Vedhaug-namnet kan vere så gamalt. På Østremsreiten hadde dei skog, og dreiv med både sag og hogst. Om vedhaugnamnet kjem frå hogsten, eller at det er eit gamalt namn på ein opplagsplass for tømmer er usikkert. I denne bygdeboka har vi vald å nytte mest formelle gardsnamn frå pantebøkene.
Husmannsonen Anders Rasmusson Myklebust (dp.1815-1846), vart fødd på Nesbakke, Eid. Han gifta seg 1839 på Eid, med Sophie Christophersdotter Nygaard (dp.1811-1859). Han var då registrert som soldat. Ho kom også frå Eid i Nordfjord, og var på denne tida over 6 månedar på veg med eldstesonen. Søstera til Sophie, 3 1 0 Christie, gifta seg på hovudbruket, Reiten, også kalla Østremsreit. Han er den første plassemannen vi kjenner til på denne staden, men det er godt mogeleg at der har vore fleire. Særleg var der mange husmannsplassar på 1700-talet, som vi ikkje har klart å plassere. Nokre av plassebruka vart tekne opp att kring 1850. Han kom til Emblemsbygda saman med kona og den eldste sonen i 1842. Anders budde først som tenar og losjerande tømmermann på Reiten, Østremsreiten(1). Når dei starta å rydde plassen er enno usikkert, for ein finn ikkje tingleste dokument før 1855. Anders drukna i ein orkan 17. mars 1846. Han var truleg i same fiskebåt som kårmannen 150 Knut Iverson Magerholmvik, frå Magerholmvika, og drengen hans.
a) Christian Gabriel Sivert 1839-1884 1871 g.m. Karoline Petrine Karlsd. Solevågseide(I) d.y. Dei var innerstar på Solevågseide 1871, og dreiv Fyllingen(8) frå 1872 til 1890.Vart fødd på Myklebust, Eid. Han fekk 1864 ein son med Tomasine Anne Raphaelsd. Åse(2).
b) Rasmus Karolus 1843-1927 vart brukar på bnr. 2+3 Stigeplassen, og seinare eine halvparten av den plassen, som fekk namnet bnr. 3 Gjerdet. Sjå meir der.
Enka Sophie Christophersdotter Nygaard (dp.1811-1859) gifta seg om att i 1847, med Erik Larsen Navelsaker(3) (1825-1898). Han kom også frå Eid, og melde innflytting til Borgund 1847. Erik fekk husmannskontrakta tinglest 1855. Husmannsplassen vart då kalla «Reitehaug», og årsavgifta var på 1 speciedaler, medan talet på arbeidsdagar på hovudbruket vart sett til 4. Erik sette opp ei gamal røykstove, som han bygde på, ei løe med steinfjøs og eit stabbur. Han dreiv for det meste med fiske, eigde halvdelen av eit åttringsnaust på Nedregotten, og mykje fiskereiskap. Dei gjorde det så godt at dei hadde tenarar. I 1860 var der 2 kyr og 8 geiter på plassen. Dette året vart han også gift opp att med Marie Ellingsdotter Svarstad(2) (1823-1899). 1868 flytta familien til Lihauggata i Ålesund, der han er nemnd som snikkar, med etternamnet Østrem. Erik var nevøen til 411 Mattis Pederson Navelsaker(3), som vart ein markant brukar i Mattisgarden, Østrem(1). Plassen vart liggande folketom i fleire år etter dei.
a) Eline Sophie f.1861 fødd på Østremsreiten, konfirmert 1876.
b) Andreas Martinus Johan 1863-1958 g.m. Olivie, som var metodist. Anders var først smed, så maskinist i Ålesund frå 1899. Busett Steinvågvegen 26 i 1910. Han var einaste nemnde pårørande etter mora i 1899.
c) Hans Mathias Ingebrigt f.1866 konfirmert 1881.Truleg død før 1899,
d) Sevrin Ludvig f.1869 sjømann i 1885. Utvandra til Amerika i 1887.
Tømmermann Christian Britanus Larsson Østrem(2) (1865-1949) var sonen til Lars Elias Jørgen Andreasson Engeset(3), frå Larssgarden på Østrem. Han fekk ta over dette nedlagde plasse- bruket i 1885. Farsbruket kunne han ikkje bygsle, for det eigde 6104 Ole «Sjurs-Ole»» Knuds. Emblem(11). Han gav det vidare til sonen sin, Lars, (sjå også Larsgarden, Østrem(2)). Christian var bror til Hans Larsson Østrem(2), som var steinarbeidar og husmann på plassen Vestrem under Larsgarden, Østrem(2). Saman bygde dei murane til den første skulen i bygda, på Nedregotten. Han gifta seg først i 1888, med Caroline Severine Edvardsdotter Søvik(10) (f.1865), og dreiv plassen til 1943. 1909 gifta han seg på nytt med Olave Andrine Eliasdotter Solevåg(3) (1866-1949). Christian dreiv ikkje Vedhaugen samanhengande. 1890 til 1902 var han busett på garden Oksebåsen på Hamnøya i Giske kommune. Han kjøpte Midthaug, og fekk skøyte i 1909. Bruket vart då skyldsett til 56 øre.
a) Lars Kornelius 1889-1952 1920 g.m. Helene Petrine Nilsd. Årset(3), Ellingsøy, brukar Malimyra Søvik(10). Fødd i Larsgarden, Østrem(2).
b) Ole Edvard Ragnvald f.1891 fødd på Oksebåsen, Hamnøya.
c) Josefine Kaja f.1893 fødd på Oksebås, Hamnøya.
d) Alfred Elias 1895-1965 1920 g.m. 536c Olivia Kaia Nedregotten(1), frå Skaret. Dreiv som smed i Langevågen.
e) Karl Andreas Elias 1897-1897 døydde 1 dag gamal.
f) Klara Laura Nikoline 1898-1975 1939 g.m. med fiskar Petter Grønmyr, busett Langevåg.
g) Karoline Laura 1900-1976 1922 g.m. Bernt Robert Ludvigs. Vemøy, busett i Langevåg, men budde også på Bjørnøy 1922.
h) Ragna 1902-1922 ugift, døydde av tuberkulose.
i) Anna 1904-1986 ugift, gravlagd Langevåg.
j) Karl 1910-1989 tok over bruket.
Sonen Karl Østrem (1910-1989) gifta seg i 1937, med Marie Karoline Veddegjerde(2) (1910-1993), og fekk skøyte på bruket 1943. Før det arbeidde han mest som snikkar. 1950 fekk han tilskot til vatningsanlegg, og dreiv ei tid med jordbær og frukthage. På den tida var det mange i bygda som hadde frukt og bær som ekstra inntekt. Sjølv Sunnmørsposten skreiv om fruktavlingane i bygda. Mykje av avlingane frå Emblem vart selde på torget i Ålesund.
a) Oddhild Kirsten 1939-2005 1957 g.m. 231 Sverre Hesseberg. Bygde hus på Brennhaugen. Han er no busett her, ved tunet på Vedhaugen.
b) Kjell Magne f.1944 1968 g.m. Kirsti Marie Søvik, busett ved tunet. Mor til Kirsti er 1240c Kirsten f. Ramsvik i Ramsvika, Eikenosøygard(2).
c) Herdis Oddny f.1952 tok over det nedlagde bruket.
Svigersonen Jan Absalonsen (f.1946) er gift med Herdis Oddny Østrem (f.1952). Ho tok over bruket i 1981. Tunet har no fått adressa «Veahaugen 23» av Ålesund kommune. Dei har delt frå stykket mellom tunet og hovudvegen til hustomter. To av tomtene er overdregne til borna, Jack og Henrik.
a) Jack Kristoffer f.1989 busett Veahaugen
b) Henrik Angelo f.1992 sambuar med Maria Løseth frå Stranda, busett Flisnes.