Bnr. 1 Utigard

 

 

HEILE GARDEN

 

Jetmund Puskeset er den første brukaren ein veit om. Han kom kanskje hit i 1590-åra ein gong, og bygsla Eikenosøygarden frå 1603 til 1633. Jetmund kalla seg «Puskeset» til etternamn og betalte øydegardskatt, slik ein gjorde på bruk som vart rydda igjen etter Svartedauden. Garden er med andre ord langt eldre. Den vart rydda under matrikkelgarden Eikenosa, så vi har derfor vald å benytte gardsnamnet Eikenosøygarden, i staden for Øygard, eller Øydegard/ Ødegård, for å skille denne matrikkelgarden frå andre gardar med samme namn. I den gamle bygdeboka frå 1962, vart namnet Øygard nytta. Det kan sjå ut som om Jetmund brukte heile matrikkelgarden sjølv.

a) Lars f. ca.1595 tok over bruket.

 

Sonen Lars Jetmundson Puskeset dreiv garden frå 1633 til 1642. Også han betalte øydegardskatt, som faren. Dei som rydda slike øydegardar på nytt, måtte nemleg betale skatt. Ein veit desverre ikkje heilt sikkert kva garden opphaveleg heitte, før 1349, men Puskeset-namnet er i alle fall eldre enn «Øygard»/ Ødegard. Matrikkelgarden vart delt opp i Lars si tid som brukar.

 

BNR. 1 UTIGARD

 

Lars Jetmundson Puskeset er den samme som brukaren ovanfor. Han sat att med denne halvdelen etter 1642, og brukte denne gardparten, seinare kalla «Utigard», fram til 1660. I 1658 skatta han for hest, 4 kyr og 3 geiter. Dette var meir enn brukaren på den andre halvdelen hadde, sjølv om skylda var like stor på begge bruka. Ein kan derfor tenkje seg at Lars fortsette å bruke si innmark, medan Tormod rydda og dyrka opp sin del frå det som før var utmarka. Ein veit ikkje om dei delte tunstad, eller om bruka vart liggande med litt avstand frå kvarandre, slik som i dag. Tunet låg høgare oppe i fjellsida den gongen.

 

Anders Puskeset dreiv bruket frå 1660 til ca.1690. Han kan ha vore svigersonen til Lars, før han.

a) Rasmus ca.1656-1709 tok over bruket.

 

Sonen Rasmus Anderson Eikenosøygard(1) (ca.1656-1709) tok over etter far sin, og dreiv bruket frå ca.1690 til 1709. Det kan verke som om der kom ei ny slekt til bruket etter han.

 

Peder Gundersen Tranvåg? (ca.1670-1715) tente hos fogd Andreas Hanson Møller i Galtevågen på Sula. Futen likte visst ikkje dette gardsnamnet, og endra det til Birkevåg, seinare kalla Bjørkavågen. Det er litt usikkert om Peder kom frå Tranvågen, eller kanskje Kvernavågen. I 1701-teljiga er det namnet «Tranvåg» som er nytta, medan det i kirkeboka ved bryllupet er meir usikkert kva som står skrive. I tillegg er oppføringa feilplassert mellom forlovingar for åra 1731 til 1733, så folketeljingane er nok litt meir sikkre. Peder fekk bygsel på Utigard 1709, og var brukar der til han døydde i 1715. Han vart gift 1708 med Randi Olsdotter (ca.1669-1757). I skiftebuet etter Peder finn ein hest, 2 kyr, 3 kviger 4 geiter, 4 sauer og noko tjøreved. Buet vart taksert til 28 riksdaler, medan gjelda var på 16. Randi gifta seg opp att med neste brukar. Ho nytta gardsnamnet, så ein veit ikkje sikkert kva gard ho opphaveleg kom frå.

a) Ole  ca.1708-1777  er kanskje den første brukaren i Torevågen, Eikenosvåg(1). Sjå meir om han der.

b) Gunder  f.ca.1710  var 5 år ved arveskiftet etter faren 1715.

c) Jon  dp.1713  vart ikkje nemnd i arveskiftet etter faren 1715.

 

Enka Randi Olsdotter (ca.1669-1757) gifta seg opp att 1715, med Ole Jonsen Welle? (ca.1660-1754). Etternamnet «Welle af Ørskog» er truleg feilskreve. Det kan være Valle han kom frå. Dei dreiv bruket frå 1715 til 1737, før dei overlot Utigard til sonen.

a) Peder  dp.1716

b) Jon  dp.1718-1785  tok over bruket.

 

Sonen Jon Olson Eikenosøygard(1) (1718-1785) tok over bruket etter foreldra sine. Han vart først forlova med Marthe Alvsdotter Storsæter (ca.1699-ca.1739) i 1739, men gifta seg 1740 med Berete Olsdotter Blindheim(2) (dp.1703-1781), for Marthe døydde før bryllupet. Jon hadde dårleg syn, og valde derfor 1758 å verte husmann på garden, under neste brukar. I 1783 gifta han seg på ny med Brite Andersdotter Furnes(1) (dp.1756-1830). Jon dreiv bruket frå 1738 til 1758. Brite vart gift opp att på Stranda med Knud Knudsen Lied(162a) (dp.1760-1847), men dei dreiv ikkje Utigard saman. Knud er nemnd som brukar på Giskehaug(136), og begge døydde der.

a) Ole  dp.1741   er nemnd i arveskiftet etter faren 1785.

b) N.N.  f.1746  var kanskje dødfødd

 

Jon Larsen (ca.1728-1766) gifta seg med Anna Olsdotter, men ikkje i Borgund prestegjeld. Dei kom til bruket 1756, og dreiv Utigard til 1762. Det året bytta familien gard med neste brukar, Morten Johansen Gjerde, og flytta til Reitehaug(II). Dei budde der livet ut.

a) Lars  dp.1756  vart døypt Echenosødegaard, og «introdusert» etter ein månad.

b) Lars  dp.1758  døypt Echenosødegaard, og introdusert ca. to månader etter.

c) Birte  ca.1764-1775   døydde på Veibustreiten, 11 år gamal.

 

Morten Johansen Gjerde (ca.1729-1811) og kona Dorte Pedersdotter Ringdal(3?) (ca.1734-1801) dreiv bruket berre kort tid, før dei gav seg. Morten vart fødd på Gjørva i Sunnylven. Dei gifta seg 1756, og vart først brukarar på Reitehaug(II) frå 1757, til dei bytte gard med 1208 Jon Larsen og kom til Utigard. Morten kjøpte så Stadheim(4) i 1766 og flytta dit. Begge er gravlagde på Stadheim.

a) Anders  dp.1757-1811   g.m. Anna Olsd. Korsbrekke(Jo) d.e. Anders døydde på Stadheim. Anna gift på ny 1813 med Christen Christenson Stadheim, brukar Stadheim(4).

b) Peder  dp.1763  1792 g.m. Anna Olsd. Korsbrekke(Jo) d.y. Ho var lillesøster til Anna, som broren Anders gifta seg med. Dei dreiv Stadheim (1790-1801), Spjelkavik(I) (1801-1814), Veibust(5) (1814-1824), og så Stadheim(4) frå 1825.

c) Johannes  dp.1780-1853  var lensmann på Korsbrekke (Husøy).

 

 Joen Siursen Gytri(2) (f.ca.1730-1785) var tidlegare husmann på Gåsholmen, og kom frå Olden i Stryn. Han vart gift 1767 med Siri Arnesdotter Sunde(6) (1743-1787). Dei flytte vidare til Humlekalven 1781 og budde der resten av livet.

a) Knud  dp.1767-1767  døydde 12 dagar gamal.

b) Siver  dp.1768-1832  var kanskje tenar på Blindheim(2) ei tid. Døydde i Djupvika.

c) Anne  1771-1771  døydde 7 dagar gamal.

d) Arne  dp.1772-1821  1797 g.m. Ragnille Hansd. Skjong(6), brukar Skjong(6). Han omkom på havet.

e) Morten  dp.1775-1827  1805 g.m. Anne Erichsdotter, Haram. Han døydde på Longvanes, og ho på «Langvedstølen».

f) Ole  dp.1778-1779  døydde 1 1/2 år gamal.

g) Iver Olaus  dp.1780-1825  var dreng på Skjong når han døydde.

 

Jens Rasmussen Finnes(3) (dp.1747-1818) vart brukar 1790. Han gifta seg i 1780 med Ragnhild Jonsdotter Kvistad(7) (dp.1741-1801). Ho vart om lag 60 år gamal. På den tida hadde dei hest, 5 kyr, 2 kviger, 3 geiter og 2 sauer. Jens flytte 1802 til Hatlehol Indre, og overlot Utigard til svigersonen. Han gifta seg opp att 1803 med Sylvie Andersdotter Veibust(1) (dp.1769-1818). Sjå brukar på Hatlehol Indre.

a) Birte  dp.1780-1821  tok over bruket.

b) Synneve  1801-ca.1801  var Sylvie si dotter med Hans Ivers. Høgh, Vegsund.

c) Jens Severin  dp.1805-1878  1831 g.m. Charlotte Marie Pedersd. Sunde(5). Husmann ved bryllupet og brukar Finnvik, Grytebust(6), Ellingsøya.

d) Ragnhild Katrina Laurentze  1810-1812  døydde 2 1/4 år gamal.

 

Svigersonen Anders Anderson Tørlen(1) (dp.1782-1845) var brukar frå 1802 til 1841. Han hadde gifta seg 1802 med jordajenta Birte Jensdotter Eikenosøygard(1) (1780-1821). Skiftebuet etter henne hadde eit overskot på om lag 150 speciedaler, så dei gjorde det godt. Anders gifta seg på nytt med Pauline Olsdotter. Ein veit ikkje kvar ho kom ifrå. Kring 1822 gifta han seg opp att med Pouline Olsdotter Rot(1) (1793-1839), frå Vartdal. Dei tok kår hos sonen.

a) Ragnild Johanne  dp.1803  1857 g.m. Magnus Brethanus Henrikson Spjelkavik(3), bødtker i Kipervika, Ålesund. Birte fekk 1832 dottera Anne Dorthea med matros Knud Pedersen, nemnd på Jangaard.

b) Raphael Andreas  dp.1805  vart nemnd i arveskiftet etter faren 1846.

c) Rasmus  dp.1809-1811  døydde 1 1/2 år gamal.

d) Birte Marie  dp.1812  1840 g.m. enkemann Johan Johnsen frå Madsneset, Molde.

e) Lars Andreas  dp.1815-1815  døydde 16 veker gamal.

f) Jens Christian  1816-1882  tok over bruket.

g) Elias  1819-1855   1849 g.m. enke Oline Petrine Kristine Arnesd. Gåseidnes(2), brukar Vik(3).

h) Johannes Andreas  1823-1861  1848 g.m. Fredriche Elisabet Petriche Knudsd. Nedregård (lnr.56), brukar Djuphamn. Døydde etter 8 år som spedalsk.

i) Ole Cornelius  f.1824

j) Carolus Johannes Britanus  1834-1887  1869 g.m. Marie Jørgensd. Erdal. Møttes då han var bakersvenn hos Jacob Methlie, Ålesund. Ho tente der. Han var bakar, nemnd Halkjelsvik(125) i Volda. Begge døydde der.

 

 

 Sonen Jens Christian Anderson Eikenosøydegard(1) (1816-1882) tok over bruket 1841, og dreiv det fram til 1873. Han gifta seg 1841 med Johanne Elisabeth Marie Jensdotter Roald(17) (1815-1870). Det var dei som sette opp den gule stova, som framleis står på gamletunet til Utigard. Jens bygde også ei kårstove på Bjørkavollen. Det var kanskje nærmare 1873. I 1865-teljinga kan ein sjå at omgangskulelærer Knud Andreas Karlson Furseth(172b) frå Stranda, budde der ei tid, før han gifta seg og fekk kjøpt nok jord til å etablere småbruket Nybø(4), kalla Fursetgarden på folkemunne. Han var storebror til «Kjøt-Iver» på Skorene og Eikenosa, som også var grunneigar i Torevågen ei tid.

a) Bærnt Elias Britanus  f.1841

b) (Johan) Andreas Kornelius  1844-1907  tok over bruket.

c) Johan Arent Olaus  1848-1921  1876 g.m. Nicoline Severine Marie Gundersd. Olsvikfeta(1), brukar Olsvikfeta(1).

 

Sonen (Johan) Andreas Kornelius Jensen Eikenosøydegard(1) (1844-1907) dreiv Utigard frå 1873 til han døydde 1907. Han gifta seg 1872 med Petrine Jacobine Iverdotter Valderhaug(7) (f.1849-1921). Det vert registrert at ho heitte Gamlemshaug ved giftermålet, men ho budde der truleg berre som tenestejente hos bestefaren, Gunder Christensen, som var enkemann i «Gunnargarden». Andreas og Petrine vart første sjølveigarane i 1873. Dei overlot bruket til sonen. Petrine si søster, Elise Kristofa Gurine, gifta seg med brukaren i Rasmusgarden, bruk nummer 2 på Flisneset.

a) Jens Johan  1873-1944  tok over bruket.

b) Iver Ragnvald Johan  1881-1962  fekk delt frå Bjørkavollen, Eikenosøydegard(4). Sjå meir om han som brukar der.

 

Jens Johan Andreasson (1873-1944) tok over bruket 1909. Han gifta seg i 1908 med  (Anna) Jensine Rasmusdotter Flisnes(2) (1874-1966). I deira tid vart den nederste gardparten, Bjørkavollen bnr. 4, delt frå til Jens sin bror, Iver. Han flytte inn i kårstova, som bestefaren  Jens hadde bygd der, og tok seinare namnet «Bjørkavoll». Jens og Jensine fekk ingen born, men tok til seg pleieborn i staden.

a) Martha Ingvarda Hansd. Flisnes(2)  1897-1978  var pleiedotter. Ho var søsterdottera til Jensine. Tok over bruket.

b) Gudrun Emide Scharlotte  1902-1978  1941 g.m Klaus Bendiksen Lien, busett Bø i Hyllestad, Sogn og Fjordane. Halvsøster til Sverre under. Pleiedotter fødd i Narvik. Mor er Eline Marie Pedersen, født Finnsæter og døypt i Hadsel.

c) Sverre (Hannibal)  1906-1982  var pleieson og halvbror til Gudrun over. Fekk delt frå eit småbruk, Elvestad, Eikenosøygard(5) som arv. Sjå brukarane der

 

Svigersonen Peder Indjer Aakernes (1894-1981) er født på Inste Åkerneset i Sunnylven, og seinare busett på Flisnes(1). Han gifta seg 1925 med Martha Hansdotter Flisnes(2) (1897- 1978). Dei fekk skøyte på Utigard 1924, og var framleis grunneigarar i 1962. Peder bygde seg nytt bustadhus på garden.

a) Elida Haldis  1926-2018  tok over bruket.

b) Johanne  1929-2016  var busett på bruket.

 

 

Svigersonen Edvin Karl Vegsund(5) (1919-2008) var englandsfarar. Han vart mellom anna utsatt for torpedering, og var lenge i land for rekreasjon etterpå. Han gifta seg 1952 med Elida Haldis Aakernes (1926-2018), Eikenosøydegard(1). Han var fiskar med eigen båt til seint på 1960-talet. Det var ein ganske stor fiskebåt på om lag 60 fot. Edvin arbeidde på Ødegård Karosseri, etter at han gav seg med fisket. Edvin kjøpte også den gamle snekkerverkstaden til Ødegård Karosseri, på Framigar, Eikenosøydegard(3).

a) Solveig  f.1954  1980 g.m. Arne Hilmar Einang frå Hatlane, busett på Bjørkavollen, som tidlegare var skilt ut frå Utigard.

b) Per Malvin  f.1958  1984 g.m. Berit Gjørvad Hagen frå Ellingsøy, busett Årseth på Ellingsøya.

c) Anita Katrin  f.1959  tok over bruket.

d) Erling  1961-1961  døydde 9 månadar gamal.

 

Svigersonen Jostein Arne Aklestad(6) (f.1961), frå Hjørundfjorden, gifta seg 1990 med Anita Katrin Vegsund (f.1959). Dei og tok over Utigard i november 1999, og er dagens grunneigarar.

a) Elise  f.1991  er ugift, busett Ålesund.

b) Sigmund  f.1993  er ugift, busett Ålesund.

c) Marianne  f.1995  2017 g.m. Øystein Sætre Hovden, busett Ørsta.