Bnr. 5 Ystebøen

Andre halvdel av det opphavelege bruk I

 

Her finn du garden på kartet

 

(Nemnd tidlegare som brukar nummer 6 i Negarden, Emblem(1))

Didrich Willumson Emblem(I) (ca.1655-1718) var den siste drivaren på bruk I. 1714 delte han frå halvdelen av garden til sonen Peder. Det som vart att fekk etterkvart namnet «Ystebøen». Det er truleg eit namn som kom til etter utskiftinga på 1840-talet. Didrich gifta seg med jordajenta på bruk I, Anne Olsdotter Emblem(I) (f.ca.1655?). Det kan verke som om Anne dreiv bruket åleine, etter at Didrich døydde 1718. I so fall dreiv ho bruket til 1723. I 1724 gifte ho seg opp att med ungkaren Knud Simensen. Trulovarane var Ole Andersen Blindheim(2), og Ole Aasen «af Nordals sogn». Knud vart kalla Emblem i kirkebøkene, ved forlovelse og giftermål, men han er truleg ikkje frå Borgund. Han dreiv garden til 1729.

a) Ane d.e.  ca.1659   1719 g.m. Ole Pouls. Reiakvam(2), brukar Reiakvam(2).

b) Peder  1697-1768   tok over andre halvparten av farsgarden, kalla Negarden, Emblem(1).

c) Elin  1698-1698   døydde 14 veker og 2 dagar gamal.

d) Ole  1699-1732   ugift. Døydde på Giske.

e) Elen  1702-1703   døydde 1 år og 9 veker gamal.

f) Anne d.y.  1705-1767   1742 g.m. Amund Knuds. Valde(2), brukar Johangarden, Valle(2).

g) Jens  1708-1755   tok seinare over Ystebøen, Emblem(5).

 

 

 Jacob Jonsen var gift med Anne Knudsdotter, og brukar på Ystebøen frå 1729 til 1739. Kanskje var dette dei same som var brukarar på Flesjesund/ Sulesund på Sula 1739? Det var i so fall arveskifte etter Jacob 1740, og Anne 1766. Det er mogeleg at enten Jacob eller Anne kan vere frå Sula opp- haveleg, med ei forbinding til Flesjesund. Kanskje var det Anne som var dotter til Knud Jacobsen der.

a) N.N.  f.1731  introdusert 13. januar 1732.

b) Joen  dp.1732  c) Knud  dp.1734.  Mellom fadderane finn ein Knud Jacobsen Fleschjesund, så her var det ein forbindelse før 1839 også. Kanskje er dette morfaren til Knud.

d) Jacob  dp.1736   truleg døydde han med det samme etter fødselen.

e) Jacob   dp.1738

 

Sonen, Jens Didrichson Emblem(1) (dp.1708-1755), tok over bruket 1740. Året etter gifta han seg med Anne Rasmusdotter Erstad(1) (dp.1711-1782), frå Skodje. Ho dreiv bruket åleine frå 1755 til 1758, og gifta seg opp att med neste brukar. Skiftebuet etter Jens var på 124 riksdaler i verdiar og 32 riksdaler i gjeld. Dei hadde hest, 6 kyr, 6 kviger, 2 kalvar, ukse, 4 sauer og 8 geit. Dei eigde part i tre båtar, hadde 2 naust, kvern, sel og eit sølvbeger til 5 riksdalers verdi.

a) Anne  dp.1742  1) 1769 g.m. enkem. Lars Ivers. Blindheimsnes(2), brukar Blindheimsnes(2).

                                2) 1791 g.m. Ole Anderson.

b) Ole  dp.1745-1770    omkom på sjøen.

c) Didrich  dp.1747   fekk sonen, Jens, 1777. Han vart berre ein dag gamal.

 

Enka Anne Rasmusdotter Erstad(1) (dp.1711-1782) gifta seg om att i 1758, med enkemann Saxe Arneson Myklebust(315) (ca.1700-1759). Dei dreiv bruket saman frå 1757 til 1759. Sakse hadde kome hit før giftermålet. Dei fekk ingen born saman, men Saxe hadde 6 born frå første ekteskap. Ingen av desse tok over bruket på Emblem. I arveskiftet etter han var det 210 riksdalar i verdiar og 142 riksdalar i gjeld. Det meste av dette var ubetalt arv etter forrige ektemake. I arveskiftet er det også nemt storfe, 10 riksdaler, 9 1/2 tønne fransk salt, mykje fiskeredskap, fleire småbåtar og ein sjøbåt på Stadsnes. Anne gifta seg opp att med neste brukar.

 

E n k a Anne Rasmusdotter Erstad(1) (dp.1711-1782) gifta seg om att 1761, med Joen Olsen Barstad(5). Det kan vere den samme som Joen Emmelem (ca.1720-1787). Av presten vart han omskriven som «Sygelig i sit Hoved» Han var brukar frå 1760 til 1771, men i 1787 var han kun dreng på Emblem.

 

Med Jens Joenson Alvik (ca.1741-1786) tok ei ny slekt over bruket i 1772. Han gifta seg 1772 med Adrianne Jetmundsdotter Holen(3) (dp.1750), døypt Vågnesholen. Ein veit enno ikkje med sikkerheit kvar Jens vart døypt. Han dreiv bruket til han døydde i 1786. Adrianne er nemnd som enke og innerst hos søstera Brite, Holen(3) i 1801-teljinga. 1774 vart halve garden bygsla av neste brukar, medan Jens fekk drive resten til han døydde i 1786.

a) Birthe   dp.1773   1804 g.m. Martin Haagensen Sandvig, busett på Alnes.

b) Johanna   dp.1775

c) Peder   dp.1778

d) Karen   dp.1782-1788   døydde 6 år gamal.

 

 

1774 bygsla Hans Peterson Høegh (1720-1777) halve bruket. Han kom frå handelstaden Skuggen ved Nørvasundet, og gifta seg 1750 med Aleth Endresdotter Slettedal(1) (ca.1728-1753), fødd på Frøland(N,2) i Hjørundfjorden. Det kan vere henne den lokale sogegranskaren Peder Fylling skreiv om i sagnet om «Trollkjærring Alet» på 1870-talet. Heilt opp mot vår tid vart ungane skremde med forteljingar om ei trollkjærring med dette namnet. Saman med ektemannen skulle ho også ha fått ei offentleg skjennepreike av Borgundpresten Peder Strøm. Problemet er berre at han døydde før ho gifta seg, så det er truleg lite ved sagnet som har faktisk opphav, dersom det er henne. Familien budde både på Sunde og Flisholmen, før dei kom til Emblem. I 1753 gifta Hans Peter seg opp att med Guri Jakobsdotter Myrhol(1) (ca.1722-1787). Hans dreiv bruket til han døydde 1777. Guri gifta seg på nytt med neste brukar. Sjå også meir om Hans og Aleth under brukar 1404, lenger bak i denne boka.

a) Petter  dp.1750-1750  fødd på Sunde, døydde 8 veker gamal.

b) Petter  dp.1751   ikkje nemnd ved arveskiftet 1777.

c) Jacob  dp.1754   fødd på Sunde. Ikkje nemnd ved arveskiftet 1777.

d) Albert  dp.1756   fødd Flisholm. Ikkje nemnd ved arveskiftet 1777.

e) Karen Christine  dp.1757-1777   ugift, fødd på Flisholm.

f) Aleth  dp.1762-1826   1788 g.m. Ole Larss. Emblem(1?), brukar Mattisgarden, Østrem(1).

 

Enka Guri Jakobsdotter Myrhol(1) (ca.1722-1787) gifta seg om att 1779, med Endre Jetmundson Holen(3) (dp.1743-1790), frå Vågneset. Han var broren til Adrianne Jetmundsdotter Holen(3) ovanfor. Endre gifta seg på ny med Anne Olsdotter Giskeødegård(5) (dp.1753-1811) i 1789. Endre bygsla gardparten til Hans 1778, og tok over resten av garden når  Jens døydde i 1786.

a) Canuta dp.1790-1795   døydde 4 1/2 år gamal.

 

Enka Anne Olsdotter Giskeødegård(5) (dp.1753-1811) gifta seg på nytt i 1792, med Claus Nielsson Grytten(1) (dp.1764-1819), frå Vatne. Claus levde lenger enn henne, og gifta seg opp att med Ingeborg Monsdotter Magerholm (dp.1783-1860). Claus var den første sjølveigaren på garden, når han 1812 kjøpte garden for 800 riksdaler. Han var rik, og etterlot seg 500 speciedaler netto. Claus var ein av få enkeltpersonar som donerte pengar til «Fri og Fattigskulen» i Borgund. Ystebøen vart i arveskiftetetter Claus taksert til 221 specieadaler, hadde eine- og åreskog til ved, seter, godt beite, hest, 11 kyr og 9 småfe. I 1807 stod han oppført med to hestar også. Slikt var ikkje vanleg den gongen. 1819 hadde bruket stove med kammers, fordør, kjøkken og bilegger. Der var fjøs med høy- og kornløe, to fjøsar til småfe, stabbur, sel og seksrøringsnaust i tømmer. Dette var nokre år før garden vart utskifta, og flytta til dagens plassering, på den ytterste bøen til Emblem, mot Eikenosa. Det er grunn til å tru at gardsnamnet «Ystebøen» kom frå det opphavlege stadnamnet dit tunet vart flytta.

a) Anne Kathrine   dp.1813-1821    døydde 8 år gamal.

b) Oline   1814-1899   tok over bruket seinare.

c) Nille («Røyse-Nille»)   1816-1898   1835 g.m. Knut Andreas Ols. Østrem(2), brukar i Larsgarden, Østrem(2). Ho hamna i fengsel i Bergen 1861 etter ein rettstvist med søstera Oline på Ystebøen, der Nille vart anklaga for å ha stole litt mjøl frå stabburet på Ystebøen.

d) Karen  1819-1906   1842 g.m. Jens Elias Ols. Våtmyr(1) frå Sykkylven, brukar Våtmyr(1) 1842 til 1886.

 

 

Enka 149a Ingeborg Monsdotter Magerholm (dp.1783-1860) gifta seg 1820, med Stephen Endreson Frøysa(8) (dp.1785-1832). Dei dreiv bruket frå 1820 til 1832. I 1834 gifta Ingeborg seg om att med enkemann Arne Olson Østremsjø (1766-1836), og flytte ned til Østremsjøen som plassefolk. Der hadde dei kun ei enkel strandsittarstove, utan jord å dyrke. Det var ein radikal overgang frå drifta på ein større gard i bygda. Arne omkom på sjøen. 

 

Dottera Oline Klausdotter Emblem(5) (1814-1899) gifta seg 1833, med Nils Britanus Olson Østrem (1806-1857), frå Larsgarden, Østrem(2). Han vart døypt i Solevågen, og er bror til Knut, som gifta seg med søstera Nille Emblem(5). Ho vart seinare kalla «Røyse-Nille» i Larsgarden). 1850 fekk Nils skøyte på Bjørngarden, Blindheimsnes(1), som bornebornet Ole Johan Halvorsen (1876-1947) tok over i 1861. Oline og Nils dreiv Ystebøen saman frå 1834 til 1857. Nils døydde etter ei kollsegling. Enka fortsette å drive garden i to år til, før ho gifta seg på nytt med neste brukar. Dei var dei første som krevde utskifting av det gamle klyngetunet til matrikkelgarden Emblem.

a) Ingebor Severine  1835-1917   1851 g.m. matros Halvor Mattisen Østrem(1), brukar Mattisgarden, Østrem(1). Det var hennar son som tok over Bjørngarden, Blindheimsnes(1).

b) Anne Karoline Petrine   f.1841

c) Klaus Olaus Karolus  1847-1912   tok over bruket seinare.

 

Enka Oline Clausdotter Emblem(5) (1814-1899) gifta seg 1859, med Ole Martinus Ingebrigtson Valde(7) (1831-1913), frå Skodje. Ole var bror til plassemann og dampskipsekspeditør Ludvig Ingebrigtsen, på Ludvikplassen i Emblemsvågen. Oline og Ole fekk ingen born saman.

 

Sonen Klaus Olaus Nilson Karolus Emblem(5) (1847-1912) gifta seg 1869, med (Hanna) Anna Mathia Petrine Amundsdotter Eikrem(1) (1848-1923). Dei dreiv bruket frå 1869 til 1905.

a) Nicoline Cathrine Oline   1870-1882  døydde av meslingar.

b) Antonette Petrine  1874-1955   tok over bruket.

 

Dottera Antonette Petrine Klausdotter Emblem(5) (1874-1955) gifta seg 1895, med skredder, og spelemann, Peter Bastian Knudson Blakstad(3) (1869-1942), frå Sykkylven. Det vert fortalt at det ikkje var like populært at ho skulle gifte seg med ein som sydde klede, men den oppfatninga gav seg nok raskt. Stefaren til Peter var  Nikolay Halvorson Østrem(1) frå Mattisgarden. Han var gift på Blakstad ei tid, før han gifta seg opp att, og kom attende til bygda for å busette seg på Oshaugen i Emblemsvågen, Sjå brukar der. På folkemunne vart han kalla «Os-Nikolay». Han var også svigerfar til Peter si dotter, Anna. I Antonette og Peter si tid, vart det funne tre gamle gravkister i stein vest for tunet, i det som vart kalla «Ystebørøysa». Den vart utgravd i 1922. Peter og Antonette var dei siste som setra på den gamle Emblemsetra ved Langevatnet, i 1937. Til den jobben hadde dei leigd Klara si dotter, bornebornet Aslaug Magerholm frå Spjelkavik. Ho vart seinare gift med brukar i Larsgarden, Østrem(2). Sjå meir om henne lenger fram i denne boka.

a) Klara Jenny Petra   1896-1974   1918 g.m. stuert, og seinare skipper, Peter Kornelius Peters. Magerholm(vik), busett i Spjelkavik.

b) Nikoline Olivie «Nikka» Bergitte   1898-1980   1919 g.m. fabrikkarbeidar Knut Peder Adolf Knuds. Magerholm, frå Magerholmdalen. Busett i Spjelkavika.

c) Klaus Amandus  1900-1929  ugift, busett på bruket. Døydde av tæring.

d) Anna  1902-1929   1928 g.m. Hans Nikolaisen Emblemsvåg(3+4), brukar på Oshaugen, Emblemsvåg(3+4). Ho vart dermed svigerdotter til sin fars stefar.

e) Olga Kaja  1904-1943   1929 g.m. Andreas Kristian Austnes, busett i Haram.

f) Peter Arthur   1907-1975   tok over bruket.

 

Sonen Peter Arthur Emblem(5) (1907-1975) gifta seg med Solveig Pernille Garshol (1913-1966), frå Mattisgarden, Østrem(1). Dei fekk skøyte på bruket for 4000 kroner i 1946. Peter deltok i Møre regiment I.R.11 mot tyske styrkar på veg mot Bjorli, frå Gudbrandsdalen, våren 1940. Han var mobilisert saman med Hans Østrem, Ansgard Indresæter og Petter Kaldhussæter, som var ektemenn til søskenborna Aslaug, Tora og Lida. I tillegg deltok Solveig sitt søskenborn, Louis Wennersberg, handelsmann Severin J. Emblem og Karl O. Emblem, frå Emblem.

a) Per-Aslak   1944-2022   tok over bruket.

b) Irene  1955-1957  døydde 2 år gamal.

 

Sonen Per-Aslak Emblem(5) (1944-2022) er tidlegare likningsjef i Ålesund kommune. Han gifta seg 1969 med Eldrid Lovise Drønnesund (f.1947), og er dagens grunneigar. Dei tok over bruket etter foreldra hans i 1975. Drifta er no lagd ned, men dei driv framleis med skånsom slått på markane, for å halde i hevd eit unikt område med gamal natureng. Den gamle postvegen frå 1809 går også gjennom tunet, mot Eikenosa. Dette er ein populær tursti, som vert kalla «Hegrevegane».

a) Frank  f.1974   2001 g.m. Anne Berit Støyva, busett på tunet.

b) Wenche Merete   f.1976   2005 g.m. Ronni Larssen, busett Vegsundet.

 

Sonen Frank Støyva Emblem(5) (f.1974) gifta seg i 2001, med Anne Berit Støyva (f.1973) frå Stryn. Dei har bygd seg hus på fråskiltd tomt ved tunet. Anne Berit er prosjektkoordinator for sammenslåinga til ei ny storkommune, som omfattar Sandøy, Ålesund, Skodje og Ørskog.

a) Matias f.2007

b) Aksel f.2010