
Hatlehol Indre II. Huset som skredder Andrine bygde. Skredderverkstaden var inn til høgre, og privat kjeller til venstre. Bildet tilhøyrer Perdy Lillerovde. Du finn fleire bilde i albumen under teksten på denne sida.
Bnr. 4 HATLEHOL INDRE II
Delt frå bnr. 1 Hatlehol Indre 1931
Jenny Emma Havnevik (1912-1971) var fosterdotter til Edvard Hatlehol(1), og tok over bruket etter fosterforeldra sine. Ho gifta seg 1945 med Peder Elias Dimmen(Y,3) (1908-1990). Dei budde først på Blindheim, før dei fekk garden utan vederlag i 1951. Jenny var eigentleg søsterdotter til fostermora, Johanne Hatlehol. Foreldra var Gurine Marie Eline Melbø og Peter Havnevik i Havnevika, Flisholm(2). Bruket vart verdsett til 2500 kroner, når Jenny tok over. Ho tok i seinare år over huset til tanta, Andrine. Gamlehuset på garden vart kanskje lite tjenlig for Jenny og Peder. Salg av hyttetomter og hustomter fortsette i Jenny og Peder si tid som brukara. Huset til Andrine vart seinare arva av borna.
a) Perdy Oddrun f.1946 var tidlegare g.m. Erling Martin Lillerovde, busett Spjelkavik.
b) Per Gunnar 1947-1976
c) Einar Johannes f.1949 tidligere g.m. Kirsti Pauline Dypvik, busett Hatlehol.
Borna Perdy Lillerovde, Per Gunnar Dimmen og Einar Dimmen fekk skøyte på eigedommen ved arveskiftet etter mora i 1972. Eigarfordelinga vart endra i 1978, når borna til Perdy, Jan Ove Lille- rovde (f.1963) og Pål Morten Lillerovde (f.1971), fekk kvar sin sjettedel av garden. I 1979 fekk søskena Perdy og Einar kvar sin halvpart frå broren, Per Gunnar, sitt dødsbo. Einar eigde no 3/6, og Perdy vart på ny medeigar, med 1/6 av farsgarden. Dei er framleis grunneigarar, men det meste av innmarka er no seld ut til hustomter og byggefelt. Utmarka kring Røssevollvatnet, og teigane mot Geitnausa, er framleis i familiens eige.







