Øvste-Aksla
Gardstunet finn du på kartet her
Erik er den første brukaren ein kjenner namnet på. Han vart nemnd på Aksla i 1603, og var brukar fram til 1605. På denne tida var garden delt i to bruk, bnr. 1 Øvste-Aksla og bnr. 4 Høla.
Ole Jonsen Akslen tok over bruket 1606 og dreiv det fram til 1620. Kanskje var dette bror til Endre Jonsen i Høla.
Jon Jonsen kan vere bror til brukaren før han. Jon var tidlegare husmann under Akslen, og tok over bygselsretten som brukar i tidsrommet 1620 til 1630. Dette kan også være bror til 233 Endre Jonsen i Høla, bruk nr. 4. Ein veit ikkje sikkert kva husmannsplass det kan vere snakk om, men det er nærliggande å tenkje at det er Akslen sin opphavelege slåttereit ved østremstuna, kalla «Østremsreiten». Plassen vart seinare delt frå som eigen gard, med gardsnummer 3. Bruket vert kalla «Reiten» i dag.
Nevøen? Jon Endresen var opphavleg busett på det andre akslabruket, bnr. 4 Hølå, men frå 1630 til 1640 dreiv han Øvste-Aksla i tillegg. Han er nok son til 233 Endre Jonsen i Høla. Det vert fortalt at han tidlegare dreiv Østremsreiten og at det var han som rydda denne garden i nyare tid. Det kan også vere slik at han vart forveksla med 202 Jon Jonsen Akslen, som ein veit var husmann. Sjå meir om Jon under bruket garden Reiten
1640 vart Øvste-Aksla på nytt delt frå, og dreve som eige bruk av ein som heitte Elling. Meir veit ein ikkje om han.
Lars tok over bygselsretten i 1650-åra. Det er mogeleg at det var Lars Endresen, som sat på Østremsreiten frå 1630 til 1650. I så fall er han bror til Jon Endresen ovanfor, og son til den første kjende brukaren i Høla, på bruk nummer 4, Endre Jonsen. I 1658 skatta Lars for hest og 5 kyr.
Knut Pederson Akslen (1635-1696) var brukar frå om lag 1660 til 1696. Han gifta seg med Marite Arnesdotter (d.1701), og gav kår til dei av brukarane før han, som enno levde. Dei fekk behalde denne retten livet ut. Dei siste åra dreiv han begge bruka på Aksla. I skiftet etter han er det nemnd hest, 8 kyr 3 ungfe, 6 sauer og 2 geiter. Videre hadde han part i både kaste- og søkkenot. Knut hadde også 8 tønner brent tjøre.
a) Agata ca.1685-1746 1712 g.m. 237 Thyge Peders. Vestre(19b), som hadde vore tenar på Østrem 1701. Brukar Høla, Akslen (4).
b) Marithe ca.1687-1753 tok over bruket seinare.
Enka Marite Arnesdotter Akslen(1) (d.1701) gifta seg om att med den tidlegare Legdsoldaten Arne Knudson (f. ca.1664). Han fortsette å drive dei to bruka samla heilt til 1711. Då vart dei på nytt delt i to. Arne dreiv Øvste-Aksla, til han tok kår 1730. I 1701 budde også tenar Peder Olsen, på 50 år, på garden.
a) Knud 1698-1750 1736 g.m. enke Magnille Pedersd. Stadsnes, brukar Stadnes. Forlovaren, Tyge Axlen(4), var svogeren til Knud, og brukar 237 i Høla, Akslen(4).
b) Gunilde dp.1701-1765 1743 g.m. enkemann Sivert Jørgens. Kurset(2). Budde også på Veibust(1) og Tørlen(II), før dei flytte til Hatlen(Y,1). Der budde ei dotter frå Sivert sitt tidlegare ekteskap.
Svigersonen til Arne Arneson (ca.1704-1778), gifta seg 1730 med Marithe Knudsdotter Akslen(1) (1687-1753). 1755 gifta han seg om att med Birthe Arnesdotter Østrem(2) (1709-1784), frå Larsgarden. Den forrige bygdeboka nemner at Arne truleg kom frå Sjøholt, men den tilknytninga er enno ikkje funne og heller ikkje bekrefta i bygdeboka for Ørskog, så ein kan derfor ikkje vite eksakt kvar han kom frå. Arne var forlovar 1734, i bryllupet til Lars Endreson og Karen Pedersdotter Vestre(19d) i Ørskog, så ein skal ikkje sjå heilt vekk frå slektstilknytning til dette området, men forlovarvalet kan også ha samanheng med at bruda var søster til Tyge Pederson Vestre. Ho vart også gift med enkemannen på nabobruket Østremsreiten på Emblem. Tyge var i tillegg Arne sin svoger, busett i Høla, Akslen(4). Arne og Marithe dreiv bruket frå 1730 til 1754.
a) Knud dp.1730 døydde før 1731
b) Knudt dp.1731-1785 tok over bruket.
c) Anne dp.1734
Sonen Knud Arneson Akslen(1) (1731-1785) gifta seg 1754 med nabojenta Inger Larsdotter Østremsreit(1), (dp.1719-1798). Ved gravferda vart ho ved ein feil kalla enke Inger Arnesdotter Axlen.
a) Marte dp.1755-1813 tok over bruket.
b) Birthe dp.1761-1762 døydde 20 veker gamal.
c) Anniche dp.1763. Mora var Magnille Arnesd. Røssevold(5). Presten skreiv: «et døv og dum født kvinnfolk som nu 2. den gang har begått leiarmål». Dette var harde ord.
d) Arne 1765-1793 over 20 år, Legdslem.
Svigersonen Hans Erichson Fausa (ca.1739-1811) kan vere frå garden Stige på Fausa, og truleg sonen til Erik Monsen (f.1714). Han hadde ei søster, Johanne, som var gift til Antonesgarden, Emblemsvåg(5). Hans gifta seg 1782 med jordajenta Marte Knudtsdotter Akslen(1) (dp.1755-1813). I tidsrommet 1783 til 1794 skal Hans si søster, Anne, også ha budd på Øvste-Aksla. Dei dreiv bruket frå om lag 1782 til 1795, og var dermed ikkje særleg gamle når dei sa frå seg bygselsretten på Øvste- Aksla. I 1801 kan ein i staden finne dei som husmenn utan jord ein stad nær naustrekka i Østremsvika. Kanskje budde dei oppe i bakken like bak? Marta sette spor etter seg med namna «Martaplassen», om lag der Kåre og Judith Kvangarsnes seinare bygde seg hus, og staden «Martasetet», som ligg ute i fjorden, like utanfor nausta. Sjå meir om dei under brukar på husmannsplassen «Martaplassen», lenger bak i boka. Årsaka til at dei sa frå seg bruket er enno uvisst. Ho døydde som legdslem på heimgarden.
a) Erich dp.1783-1835 1807 g.m. Anne Iverina Pedersd. Drevik. Han tok over som husmann, der foreldra budde ved Østremsjøen i 1809. Fekk ei dotter med Hilde (Veibust?) 1805, og tvillingar. Erich budde der heile livet, til han omkom på sjøen.
b) Knud Andreas dp.1787 døydde 1801, 14 år gamal.
c) Ingebrigt dp.1796-1796 døydde 3/4 år gamal.
Peder Pederson Furnes (dp.1766) vart døypt i Sunnylven, og gifta seg 1794 med Anna Rasmusdotter Frøysadal(1) (dp.1761-1823), i Sunnylven. Dei budde først på Furnes, og bygsla Øvste-Aksla i perioden 1791 til 1801, før dei flytte attende til Furnes 1801. I 1798 vart dei skuldige handelsmann Mechlenburg 58 riksdaler, og måtte pantsette både dyr og bygg dei åtte. Det var 2 kyr, ukse, kvige, 3 sauer, kje, hest og sel. Dei tok kår hos neste brukar.
a) Brithe dp.1795-1799 døypt Furnes. Døydde på Aksla.
b) Rasmus dp.1798-1868 1819 g.m. Guri Hansd. Stokke(1) frå Sunnylven, brukar Furnes i Sunnylven. Begge omkom i eit snøskred.
c) Ingebrigt Carolus dp.1801-1842 1828 g.m. Femina Larsd. Åsen(6). Husmenn på Slettebakk/ Moltubakk.
d) Karel dp.1802-1803 busett heile tida på Furnes. Døydde 4 veker gamal.
e) Petrine dp.1804-1867 1829 g.m. Anders Larss. Åsen(6), brukar Åsenneset, Åsen i Sunnylven.
Peder Larsson Grande(1) (dp.1766-1818) gifta seg 1801 i Geiranger, med Berthe Maria Olsdotter Homlung(2) (1775-1868). Dei var brukara frå 1802 til 1815. Berthe gifta seg 1824 på ny i Geiranger, med husmann Thomas Olsen Gjørvad (f.ca.1764), frå Geiranger. Ved dødsfallet var ho registrert som kårenke frå Akslen, men død på Giskeødegård. Ho budde truleg hos dottera si den siste tida ho levde.
a) Lars Olaus dp.1801 heimedøypt, og truleg død før 1805.
b) Lars Olaus Andreas dp.1805-1846 tok over bruket seinare.
c) Petrine Birgithe Andrine f.1818 1842 g.m. Peter Gullik Johan Martinuss. Giskeødegård(6), brukar Giskeødegård(6). Gift opp att 1873 med Peter Lauritz Ols.Ytterland(2).
Ole Pederson Fannemel (Eid) (dp.1789-1848) vart 1813 gift med Oline Joensdotter Rognes (Eid) (dp.1787-1874). Dei kom frå husmannsplassen Hjellhaugen, under Fannemel i Horningdal, og forsøkte seg som forpaktarar på Øvste-Aksla frå 1819 til 1822. Eigaren var borgundpresten. I vigselsprotokollen kan ein sjå at begge signerte med «paaholden pen». Dei kunne nok ikkje lese eller skrive. Ole hadde også forsøkt seg ei tid på Klokkarhaug, i Sykkylven, frå omlag 1815 til 1819. Det vert fortalt at 138 Knut Tjugen i Magerholmdalen óg skal ha prøvd seg som brukar på Øvste-Aksla, når han først kom til bygda, men med to kårfamiliar vart det ingen inntekt til å leve av. Knut måtte derfor ta tilleggsarbeid som tømmerkøyrar på Magerholm, hos 111 Halvor Pederson Magerholm. Dermed vart han heller husmann oppe i Magerholmdalen. Ole gav også opp, og flytta heller attende til Fannemel med familien sin.
a) Peder dp.1814-1872 G.m. Anne Sjursd. Svarstad. Husmenn på Ospegjerdet, under Grodås(10).
b) Joen Andreas dp.1816-1886 1847 g.m. Pernille Malene Olsd. Engebø(1). Husmann Engebø i Hornindal.
c) Anne Marie f.1818 g.m. J. Lindvik, fødd Klokkarhaug i Sykkylven. Konfirmert 1834.
d) Ole Martines 1821-1907 1875 g.m. Brite Olsd. Solheim, husmann på Holmøy.
e) Ingeborg Malene dp.1824-1910 1855 g.m. Hans Jons. Holmøy(2), brukar Utigard Holmøy(2). Fødd på Fannemel
e) Bottolf dp.1827 1864 g.m. Martha Kristensd. Aaland, Innvik, brukar husmannspl. Myra, Kongsvik.
f) Peder Andreas 1830-1913 1863 g.m. Oline Marie Olsd. Lillestøl(4), busett husmannspl. Hjellhaugen, Lillestøl.
Lars Olaus Andreas Pederson Akslen(1) (dp.1805-1846) bygsla garden ikring 1824. I følge taksten frå 1825, hadde han hest, 6 kyr, 10 sauer, avla 4 tønner bygg, 12 tønner havre og 7 tønner med potet. Der var stove, stabbur, løe med hestestall, fjøs og matstove, som alle var i dårleg forfatning. Jorda var «foragtet». I 1832 baud han 100 speciedaler på bruket, og fekk skøyte for 140. Lars var fattig og måtte skøyte frå seg garden til kausjonisten sin, Nils Rødsetreit, i 1838. Då hadde han dessutan to kårfamiliar å ta seg av. Lars fekk fortsette som bygselsmann, til han omkom i orkanen 1846. Den skjebnen delte han med fleire i bygda. Plassemannen 325 Anders Rasmusen på Midthaug og Knut Iverson i Magerholmvika var to av dei. Lars gifte seg med Anne Marte Larsdotter Gjørva(3) (1802-1868). Ho fekk kår, og gifta seg om att i 1848 med 164 Knud Martinus Knudson Magerholm(II) på Pe-haugen, Magerholmvik(3).
Hans Jørgen Siverin Knutson Nedregotten(3) (1815-1887) gifta seg 1847, med Else Karine Mattisdotter Østrem(1) (1822-1871). Ho kalla seg Else Karoline ved giftermålet. Dei dreiv bruket frå 1847 til 1871.
a) Knut Laurits 1849-1927 tok over bruket.
b) Ingeborg Marie Lovise 1851-1936 1877 g.m. Iver Karlss. Furseth, Stranda. Sjå også Skorene, Emblem(10), Østrem(5), Eikenosa og Torevågen.
c) Marthe Petrine Lovise 1856-1934 1889 g.m. 473 Hans Nicolai Larss. Østrem(2). Ho fekk i 1886 sonen Elias med Lars Peter Rasmuss. Blindheim(2), brukar Blindheim(2). Dei var husmenn, på «Vestrem», Østrem(6). Sjå meir om dei der.
Sonen Knut Laurits Hanson Akslen(1) (1849-1927) gifta seg 1879, med (Lisa) Lovise Thomasine Severine Larsdotter Emblem(9) (1854-1936), frå Auregarden. Han kjøpte bruket i 1871 frå Nils Nilsson Rødsetreit, og var sjølveigar heilt til han døydde. Knut bygde seg nytt hovudhus på garden. Gamlehuset vart tatt ned ikring 1913 og seld til Sivert (Syver) Elias Martinus Nedregotten(8), i «Syvergarden», Elvemyr(8) under Nedregotten. Der har det stått heilt til det for få år sidan vart reve. Sjå meir om garden Elvemyr 8 lenger bak i denne boka. Ein kan også sjå gamlehuset, på sin opphavelege plass, som første bilde i kapittelet om denne matrikkelgarden.
a) Else Petrine Knutsd. 1872-1959 fødd på Reiten, Østremsreit(1). Mora var Berthe Johanne Pedersd. Hatlemark(1) frå Sykkylven. Dei gifta seg ikkje. 1909 g.m. Jørgen Mathias Eliass. Eidem, Volda, busett Lille Kalvøy(4) frå 1818.
b) Eline Thomasine 1880-1943 1904 g.m. 317 Jakob Iver Olaus Rasmuss. Østremsreit(1), brukar på Stigen, Østremsreiten(2).
c) Hans Julius 1881-1840 tok over bruket.
d) Lars Kornelius 1884-1929 ugift handelsmann på «Akslabuda». Han kalla bedrifta «L.K. Akslen a/s», og stod for den daglege drifta. Døydde av tæring.
e) Marie 1886-1971 1918 g.m. fiskar Tomas Karl Bastian Ols. Grindvik(3), Skodje, brukar Apalset(5), Ørskog.
f) Antonette «Anti» Birgitte 1888-1957 ugift. Kjøpte «Akslabuda» frå enka til huseigar og handels- mann, H. Maude på Sjøholt 1950. Fortsette med utleige. Sjå meir om Akslabuda på www.emblemsbygda.com .
g) Knud Laurits 1890-1964 1930 g.m. Anne Gurine Petersd. Myklebust(210d), brukar 475 Vestrem, Østrem(6) til 1958. Sjå meir om han der.
h) Thomas Hilmar 1892-1974 1925 g.m. 6129f Johanne Knudsd. Furseth, Emblem(4). Brukar i Fursetgarden, Emblem(4).
i) Karl Elias 1895-1941 brakk ryggen etter ei fallulukke i løa i 1931, og vart senge- liggjande. Søstera, Antonette. stelte for han i 10 år, til han døydde. Som takk fekk ho hjelp frå søskena til å kjøpe Akslabuda, for å sikre seg inntekt på sine eldre dagar.
j) Thea Karoline 1897-1980 1923 g.m. 455 Peter Kornelius Andresass. Østrem(3), brukar Abrahamsgarden, Østrem(3).
Sonen Hans Julius Knutson Akslen(1) (1881-1940) arbeidde ei tid i Amerika, som fleire av brødrene sine. Han gifta seg 1923, i Borgund kyrkje, med Lisa Karoline Petersdotter Myklebust(210c) (1896- 1977) frå Stranda. Lisa tinglyste skøyte på garden til sonen i 1952.
a) Knut Lauritz 1925-1998 tok over bruket.
b) Laura Karoline 1927-2018 1951 g.m. snikkar 1240e Oddvard Martin Ramsvik(2) (1925- 1993), bygde hus på bruket, nedanfor bilvegen.
c) Petter Norvald 1932-2003 1955 g.m. Ingrid Haukeberg, bygde hus på garden, like ved søstera Laura. Han arbeidde som sjåfør.
Sonen Knut Lauritz Akslen(1) (1925-1998) gifta seg 1947, med 555g Maggy Torvik (1925-2012) frå Myrane, Elvemyr 4. Dei fekk skøyte på garden frå mor til Knut for 8000 kroner i 1952. 2500 kroner av desse var for dyr og reiskap. I Knut si tid vart den gamle hovudvegen gjennom tunet, opp Akslabrauta, flytta slik at den vart flatere og lagt i ein sving rundt haugen, der tunet ligg. Gardsdrifta vart lagt ned etter dei.
a) Sylvi Ragnhild f.1948 tok over bruket saman med broren.
b) Hans Lidvard f.1949 tok over bruket saman med søstera.
c) Ellinor Johanne f.1951 1989 g.m. Svein Roger Giskegjerde, busett på Emblem.
d) Unni f.1953 busett på Blindheim.
e) Johan Kåre f.1958 1) 1986 g.m. Aud Berit Wedum, Øyer.
2) 2017 g.m. Vibecke Pedersen frå Ålesund. Bygde eige hus på garden.
f) Tone f.1967 sambuar med Per Ove Godø, busett Hatlane.
halvparten)
Sonen Hans Lidvard Akslen(1) (f.1949) gifta seg 1975, med Solbjørg Oddny Aasen (f.1951), frå Folkestadbygda, og bygde seg nytt hus like ved tunet. Han var i mange år aktiv fotballspelar på A- laget til Emblem I.L. Tunet vart etter kvart delt frå garden som ei eiga hustomt.
a) Frode f.1976 tok over husa og hagen på garden.
b) Linn Kristin f.1982 2010 g.m. Terje F. Hoel, busett Emblem.
c) Stine Mari f.1986 sambuar med Eirik Rørvik, busett ved tunet.
(halvparten)
Søstera Sylvi Ragnhild Akslen(1) (f.1948) tok over garden saman med broren, Hans. Ho gifte seg 1968 med sambygdingen Sigbjørn Harald «Siggen» Sæter (f.1945). Dei bygde nytt hus ved tunet på garden.
a) Monica f.1969 2000 g.m. Jarle Nygard-Sture, busett utanfor Bergen.
b) Terje f.1971 2007 g.m. Anna-Martha Åkernes, busett ved tunet.
c) Bjørn Vidar f.1974 2014 g.m. Tone Aarseth (f.1974), bygde nytt hus ved tunet.
Sonen Frode Aasen Akslen(1) (f. 1976) er forlova med Siw Margrethe Hessen (f.1974) frå Drøbak. Dei tok over hovudhuset, løa og stabburet, samt hagen, og pussa opp huset.
a) Ida Marie f.2004 tvilling.
b) Knut Elias f.2004 tvilling.
c) Ådne f.2011