Dagens BNR. 1

Vestre del av Eikenosa

 

 

Lars Peter Olsson Lundanes (1893-1978) kom frå garden Lundanes i Sunnylven. Han kjøpte Eikenosa saman med faren i 1922. Dei delte så garden i bruk 1 og bruk 2. Lars hadde gifta seg med Inger Martha Olsdotter Ljøen (Ø,1) (1889-1973) i 1921. Dei dreiv sin del til 1955. Han tok over gamleløa på Eikenosa og bygde seg nytt hus.

a) Kjellfrid Otilde  1923-2002  1961 g.m. organist Per Karsten Olavs. Roald(47), busett Roald(219).

b) Olav  1924-2007  tok over bruket.

c) Ingrid  1927-2010  1951 g.m. Knut Ødegård, Eikenosøydegard(3), busett i Trondheim.

d) Odd Ivar  1929-2017  1955 g.m. Kjellaug Andora Østrem, tidl. busett Hjellhaugvegen 112, Aksla. Ho busett i eldrebustad på Emblem. Dotter til 454d, Sevrin Østrem(3), som bygde Hjellhaugvegen 112.

e) Leiv  f.1935  1957 g.m. Eli Karin Wennersberg, Emblem(7), busett Eikenosbakkane, Eikenos(11). Dotter til Louis Wennersberg. Han er tidlegare verksmeister, og aktiv i det lokale veteranbilmiljøet saman med sønene.

 

Sonen Olav Lundanes (1924-2007), Eikenos(1), tok over bruket ikring 1955, men fekk først skøytet i 1973, for ein kjøpesum på 25 000,-. Han gifta seg med Norveig Rasmusd. Ner-Ljøen(1) (1927-1998), frå Sunnylven, og bygde seg nytt hus rett vest for løa.

a) Ingebjørg  f.1953  1979 g.m. Jan Ove Bakke.

b) Astrid  f.1955  er ugift, busett på Hamar.

c) Lars Roger  f.1959  tok over bruket.

 

Sonen Lars Roger Lundanes (f.1959) gifta seg 1986 med Marit Sylte (f.1962) frå Skåla. Han tok over garden 1992. Begge har vore aktive i idretten og har stått på i mange år for orienteringsgruppa til Emblem Idrettslag. Dei bygde seg nytt hus på bruket. Gamlehuset er no skilt frå, og har fått bruksnummer 13.

a) Olav  f.1987  er verdsmeister i orientering. Sambuar med Ida Bjørgul, busett i Halden.

b) Ivar  f.1991  aktivt på høgt nivå i orientering, busett Oslo.

c) Bjørn  f.1993  aktiv orienteringsløpar, busett Trondheim.

d) Ingrid  f.1997  Orienteringstalent i juniorklassa, busett Trondheim.

e) Kristin f.2003