Bnr. 10 SKORENE
Oftast kalla «Skørene» i daglegtalen
Hans Lauritz Emanuel Iverson Nedregard(III) (1831-1925) fekk skilt ut ein plass frå Auregarden, Emblem(9) i 1857. Han gifta seg 1856 med jordmor Caroline Fredriksdotter Frøland (1832-1890). 1870 flytte dei frå Skorene til Gåseid, der Hans var både lærar og handelsmann. Han var bror til (Hans) Magnus Iverson Nedregard(III), som dreiv Hatlebakken, Emblem(3). Sjå meir om han lenger fram i denne boka. Hans gifta seg opp att 1896, med Kristofa Marie Regine Ellingsdotter Baraldsnes (f.1850), frå Vatne. Han vart nemnd som handelsborger ved giftermålet. Etter ei tid på Gåseid, flytte dei vidare til Storgata i Ålesund 1876, medan yngste sonen tok over handelsverksemda på Gåseid.
a) Berthe Johanne f.1857 1878 g.m. Lars Thomas Elias Peders. Ekroll (Y,1), handelsborger i Ålesund.
b) Ingeborg Marie 1859-1863 døydde 3 1/2 år gamal.
c) Ingeborg Marie 1863-1863 døydde rett etter fødselen.
d) Frederik Matheus f.1865 var agent, kalla seg Dyrberg til etternamn 1900.
e) Ludvik Frithjof Ingvald f.1871 vart fødd på Gåseid, tok over etter far sin der.
f) Elling Olaus Britannus Ols. f.1886 var Kristofa sin son med Ole Hanss. Tærnes.
Enkemann Lars Kristiansen Viddal(7) (1812-1878) hadde dreve Sjursgarden, Emblem(11), i nokre år, før han 1865 vart husmann på Skorene, under enka i Auregarden. Det kan verke underleg at ein rik mann valde å underkaste seg arbeidsplikt som husmann for naboen sin. Han tok kår i Sjursgarden 1865, men kontrakta rakk berre så vidt å verte tinglest, før han endra meining. Han hadde gifta seg opp att med den unge enka, Johanne Maria Jensdotter Emblem(8) (ca.1824-1878), frå Ebbegarden. Ho var enke frå bruk 5 på Godøya, men var kanskje ikkje klar for å verte kårkone allereie som 40-åring. Det kan også ha vore vanskeleg å rette seg etter ein ny drivar i Sjursgarden. Det vart i alle fall slik at Lars, som kunne ha kjøpt Skorene, no vart skuldig 8 arbeidsdager i Auregarden kvart år, ifølge kontrakta. Det er mogeleg at der har vore ei ekteskapspakt mellom Lars og den første kona, Andrine, om kven som skulle ta over i Sjursgarden. Lars og Johanne fekk ingen born, men han hadde ein son og ein steson frå før.
a) (Andreas) Ole Johan 1834-1922 var steson. Tok over Sjursgarden, Emblem(11), som brukar 6104.
b) Lars Karolus 1837-1846 var steson. Døydde før Lars vart gift med Andrine.
c) Knut Severin («Store-Knut») 1842-1916 1867 g.m. Petrine Olsd. Eikrem(3). Han fekk mellom anna to gardar på Eikrem frå far sin, og vart brukar på Eikrem(3).
Iver Karlson Furseth (1851-1942) kom 1880 frå Pe-Ola garden på Furset, i Stranda kommune. Han vart berre kalla «Kjøt-Iver» på folkemunne. IVer dreiv stort innan kjøp og sal av storfe, og eigde etter kvart fleire gardsbruk på Emblem, men Skorene var ikkje eit av dei. Han starta som husmann her. Då eigde lærar og organist Knud Olaus Emblem(9), frå Auregarden, denne plassen før han døydde i 1909. Lærar, Knud, budde det meste av livet på Åse og gifta seg ikkje. 1910 skøytte arvingane plassen attende til Auregarden, og Ole Emblem. Om Iver ønska å kjøpe Skorene er uvisst, men han fortsette å drive handel der, saman med fleire av borna, når han budde på Eikenosa. Iver var bror til ein annan lærar med samme fornamn, nemleg Knud Furseth, som slo seg ned i bygda og kjøpte grunn til ein ny gard med namnet «Nybø», eller «Fursetgarden», etter han. Det var slik Iver kom til Emblem første gongen. Han skulle rydde stein hjå broren. Iver gifta seg 1877, med ngeborg Marie Hansdotter Akslen(1) (1851-1936) frå «Øvste-Aksla». Dei fekk fleire born som også busette seg i bygda. Iver dreiv ei tid Furholmen, Eikenosvåg(1), som brukar utan å bu der. Han budde siste åra hos dottera Anna, i Hansgarden på Røssevollen(1). Sjå brukar der. Han var sengeliggjande dei siste 6 åra, men klar i hovudet til det siste.
a) Elisa Nikoline 1878-1957 1900 g.m. 6112 Joakim Thomas Peder Johans. Emblem(2), brukar Garsendhaugen, Emblem(2).
b) Karen Marie 1879-1912 1910 g.m. 1219 Iver Ragnvald Johan Andreass. Bjørkavoll(4), brukar Bjørkavollen, Eikenosøygard(4). Bruket var delt frå Utigard, Eikenosøygard(1).
c) Gurine Karoline 1882-1944 1908 g.m. folkeskulelærar Lars Elias Peters. Flydal(1), brukar Ytrebø, også kalla «Flydalsgarden», Østrem(5).
d) Hans Laurits 1884-1946 1917 g.m. Inga Amalia Andersd. Hjelle, Eikrem. Kjøpmann på Skorene og Magnusbakken, før han flytte til Spjelkavik og kjøpte det kooperative handelslaget der i 1920. Hans kalla seg etter kvart Iversen.
e) Karl Johan 1886-1967 1925 g.m. Hjørdis Oline Hansd. Bjørneset, Volda. Slaktar i Ålesund 1900. Bygningsmann på Blindheimsnes(2) 1910, og kjøpmann på Høybråten i Oslo frå om lag 1920, etter ei tid i Amerika. Han kalla seg etterkvart Iversen, som bor sin i Spjelkavik.
f) Johanne Petrine 1889-1971 1918 g.m. kommunekasserer Peter Gerhard Ols. Indreberg(1), Skodje, busett i Spjelkavik. Ho bestyrte landhandelen på Skorene 1910, før ho gifta seg. Arbeidde seinare for broren Hans og dreiv kafé i Spjelkavik.
g) Anna Marie 1891-1968 1939 g.m. Harald Marius Hans. Røssevoll(1), brukar Røssevoll(1).
h) Inga Lovise 1893-1920 var butikkdame på Skorene. Døydde truleg av lungebetennelse.
Karl Oluf Ingvald Iverson Nedregotten(2) (1893-1928) kom frå Guttormgarden, og var eldst i ein søskenflokk på fire. Faren selde bruket til Anders Kornelius Peter Andersson Terøy(1) i 1904, når den yngste søstera, Karoline Sofie Olga, kom til verda. Uvisst av kva årsak. Odelsguten, Karl, hadde derfor ingen gard å ta over. 1911 drog han til Amerika, for å arbeide i tømmerindustrien. 1920 gifta han seg med Oline Birgitte Olsdotter Emblem(9), frå Auregarden. Dei budde først ei tid i Guttormgarden, før dei fekk leige hos Karl Solevåg og Magda frå Sjursgarden. I 1923 drog han på nytt til Amerika og Tacoma, i staten Washington, der eit av dei største sagbruka låg. Dei var fleire frå Nedregotten som drog i lag. Det er ikkje funne teikn på at han gjorde vendereis med det første, og i 1926 starta han prosessen med å søke statsborgerskap der borte. Det vert fortalt at Oline avslo å emigrere, så ho vart heime med borna på Emblem. 4. september 1928 døydde Karl i den vesle byen Selleck ved Tacoma. Enka, Oline, fekk lov til å busette seg på Skorene. Ho budde der til ho vart for gamal til å klare seg sjølv. Oline flytte då på aldersheim. Søstera, Petra, fekk også burett på Skorene, og budde der når ho besøkte bygda om sommaren. Ho fekk innreid eit eige kammers. Broren, Oskar, var formelt sett eigaren, men han eigde også Myrane, og busette seg der.
a) Karsten Anker 1921-2007 1950 g.m Ingunn Marie Kvam frå Sørkvammen, Hitra. Dei budde ei tid på Skorene frå 1952 til 1954, før dei busette seg nærmare byen, i vaktmesterbustaden til «Fix Konfeksjonsfabrik». Begge arbeidde der, og hadde også arbeidd i Gloppen, der dei gifta seg. Eldstesonen Karl-Olav Nedregotten er fødd der 1950.
b) Oskar Marius Elias 1923-2006 1963 g.m. Aslaug Petrine Hagen(158b), Stranda, busett i eige hus ved Myrane på Emblem. Var bussjåfør for Strandaruta i mange år, saman med Karsten Terøy frå Stigen, Østremsreiten(2)
6086f Oskar Emil Emblem(9) (1902-1995), frå Auregarden, var disponent og ein av pionérane i Emblemsbygda Billag. Han gifta seg 1931 med 317b Lovise Karoline Akslen (1905-1987), frå «Stigen», Østremsreiten(2). Han fekk grunnbokshjemmel på Skorene 1933, og var brukar på både Skorene, Emblem(10) og Myrane, Emblem(13). Begge desse småbruka hadde sitt opphav frå Auregarden. Oskar budde ikkje på skorene. Han let to av søstrene sine få bu der i staden.
a) John 1932-2011 Tok over bruket.
b) Olav Marius 1935-2021 1959 g.m.Solbjørg Kristoffersen, bygde hus ved tunet.
c) Kjell Terje f.1940 1961 g.m. Haldis Brudeseth, bygde hus ved tunet.
d) Kristoffer f.1947 1972 g.m. Hildegunn Abelsen, bygde hus ved tunet.
Sonen John Emblem(13) (1932-2011) tok over bruket, og fekk skøyte i 1987, men budde på Myrane, Emblem(10). Han arbeidde i alle år som bussjåfør, og dei fleste åra for Emblemsbygda Billag, før «Ålesund Bilruter» tok over. Han gifta seg 1958 med Lillian Sæther (1939-2013), som er søster til Sigbjørn Sæter og busett ved tunet på Øvste-Aksla, Akslen(1). Svigerfaren, Bjarne Sæter, var også bussjåfør for mellom anna «Strandaruta». Sjå også brukar 6118 på Myrane, Emblem(13).
a) Oddbjørn f.1959 Tok over bruket.
b) Roar f.1965 2001 g.m. Marny Astrid Hendseth. Tok over Myrane, Emblem(13).
Sonen Oddbjørn Emblem(13) (f.1959) er sjømann. Han tok over bruket, og bygde seg nytt hus der det gamle stod. I 1992 gifta han seg med Heidi Krogstad (f.1959). Dei er dagens grunneigar på Skorene.
b) Stian f.1987 er ugift, busett Ålesund.
a) Mads f.1991 er sambuer med Marthe E. Sletta Langeland, busett Flisnes.