Bnr. 6 Vestrem

Delt frå bnr. 2 Larsgarden. Også kalla Vestheim og Nydal

 

Trykk på denne teksten for å finne garden på kartet

 

Hans Nikolai «Marka-Hans» Larsson Østrem(2) (1858-1942), frå Larsgarden, fekk delt denne plassen frå farsgarden, når gardeigaren, «Sjurs-Ole», i Sjursgarden, valde å gje Larsgarden i gåve til sonen sin, i staden for å la nokon av borna etter leigetakaren få overta bygselskontrakta. Hans var steinarbeidar, og bygde mellom anna murane til den første skulen i Emblemsbygda, saman med broren Christian Britanus på Vedhaugen, Østremsreit(4). Han gifta seg 1889 med  Marta Petrine Lovise Hansdotter Akslen(1) (1856-1934) frå Øvste-Aksla. Hans vart dermed svogeren til Iver Karlson Furseth på Skorene, Emblem(13) og Eikenosa. Iver delte også frå nabobruket, Ytrebø, Østrem(5), kalla «Flydalsgarden». Han lånte Hans pengar til å bygge seg løe. 1900 budde Hans midlertidig på Hildremyr i Haram. Det var truleg i forbindelse med arbeidet som murar. Han lånte også ut handbor til ungdomslaget, slik at dei fekk opparbeidd tomta til ungdomshus på dugnad. 1909 kjøpte Hans plassen, som då vart delt frå som sjølveigd bruk. I 1937 gifte han seg på nytt med Anna Andreasdotter Røyset(5) (1887-1984), frå Hareid. På sine eldre dagar selde dei garden og bygde seg hus på tomt frå Ebbegarden, ved innkjøringa til Emblem Skule. Enka budde der ei tid etter at Hans var død, før ho flytta attende til Hareid. Det vert fortalt at Marka-Hans ikkje var så høg. Han behøvde dermed ei fiskekasse å stå på, når han skulle hesje på øvste strengen.

a) Ole Peder 1878-1967  mora var Karen Pedersd. Røssevold(5). Ho vart seinare gift til bnr. 8 på Roald, Vigra. Han vart seinare brukar i Blindheimsvik(11).

b) Elias Martinus Lars. Blindheim  1886-1942  var Martha sin son med Lars Petter Rasmuss. Blindheim(2). Drog til California , USA 1906.

c) Hans Laurits  f.1890  ugift steinarbeider. Drog til San Fransisco 1909.

d) Karoline Andrea  1891-1926  ugift tenar i Løvenvoldgata 6 i Ålesund 1910. Døydde på Vestrem av tæring.

e) Lars Karl Bernhard  1894-1921  ugift sagmøllearbeider i San Fransisco 1912, og truleg i arbeid der i fleire år. Døydde av tæring.

 

Peter Johannes Jakobsen Nystøl (1873-1948), frå Sande, kjøpte bruket 1927. Han var gift med Pernille Rasmine Olsdotter Rønnestad (1873-1937), frå Volda. Dei dreiv bruket frå 1927 til 1932. Tidlegare hadde dei budd i Øvre Strangate 35 i 1900, og Klaus Nilsens gate 2 i 1910. begge i Ålesund. Han var bryggeformann på byrjinga av 1900-talet. 1932 flytte dei attende til Ålesund, der Peter var kolarbeider og arbeidsformann i 1914. Pernille er gravlagd på Øvre Gravlund. Peter gifte seg opp att 1938 med Sofie Bolsø (d.1966).

a) Gina Karoline  1895-1990  ugift. Fekk 1912 dottera Borghild Pernille med Bernhard Sigvald Kipperberg. Borghild 1932 g.m. styrmann Alf Brandal busett i Ålesund.

b) Jenny Amalie  1898-1942  ugift, busett i Ålesund.

c) Osvald Bernhard  f.1901  ugift, busett i Ålesund. Truleg død før 1910.

d) Petra Lovise  1904-1907  ugift, busett i Ålesund.

e) Petra Eva Lovise  1907-1990   ugift. Busett i Ålesund.

f) Oslaug Bertine  1910-1966  1934 g.m. radioforhandlar Jens Ditlev Jensen, Oslo.

g) Peder Olavius Kornelius  1914-1935  fødd i Ålesund, begravd i Ålesund.

h) Dagny Reidun  1916-1975  1942 g.m. John Elias Rødland, busett Ålesund.

 

 Knut Laurits Knutson Akslen(1) (1890-1964) kom frå Øvste-Aksla. Han drog 1909 til Amerika for å arbeide, og fekk først arbeid med tømmerhogst i Eureka, California. Etter kvart fekk han seg arbeid som «brakeman» hos «North West Passific Railroad». Knut tenestegjorde som amerikansk soldat i Frankrike under den første verdskrige Han kom heim att til bygda etter 20 år, men var amerikansk statsborger livet ut. Knut gifta seg 1930 med Anna Gurine Petersdotter Myklebust(210d) (1898-1965) frå Stranda. Ho var søster til Lisa Petersdotter Myklebust, som var gift med bror til Knut, Hans Julius Akslen. Hans tok over farsbruket på Øvste-Aksla, Akslen(1). Knut kjøpte Vestrem, og hadde med seg bilen sin, ein Packard, på flyttelasset. Det kan ha vore den første privatbilen i bygda. Han var med å kjøpe landhandelen, til søskenbornet  Hans Laurits Furseth på Korshaugen. Butikken vart kalla «Akslabuda», men heitte eigentleg «L.K. Akslen a/s». Det var nok helst broren, Lars Kornelius, som var drivaren av dei to. Når Lars døydde i 1929, måtte Knut drive butikken åleine. Han overlet derfor det heile til bestyraren sin, Thomas Kristoffersen, som no kalla buda for «Kristoffersen Kolonial». Butikken brann ned ei januarnatt i 1933, men vart bygd opp att i 1935, med fleire etasjar og leiligheiter. Butikken vart no filial for Peder Myrset i Spjelkavika, før nystifta Emblem Samvirkelag tok over i 1946, men namnet «Akslabuda» heldt seg framleis på folkemunne. Knut var med å finansierte den første bussen til Emblemsbygda Billag, og han lånte svogeren pengar til å starte møbelfabrikk på Stranda. Søndagane kom ofte broren Thomas Akslen på besøk frå Fursetgarden. Då tok dei seg ein prat på benken bak huset, før dei gjekk ned mot telefonstasjonen på «Reset» (Myrvang 10), og «heldt børs» på ein murkant med andre karar frå bygda. Knut var ein lun og humoristisk kar, som gjerne song amerikanske songar til borneborna sine. Anna var også ei dyktig dame. Ho hadde tent fleire år i Oslo, før ho gifta seg med Knut. Anna var flink med hagestell, og hadde stor frukthage med tre som ho poda sjølv. Der var alltid ordentlig og velstelt kring henne. Om sommaren tok dei imot «landligjara» frå byen, som leigde seg inn i huset om sommaren. Slikt var vanleg på gardane i bygda før andre verdskrigen. Det var før hyttebygginga for alvor skaut fart på Emblem. Dei dreiv Vestrem i tidsrommet frå 1932 til 1958, og budde som kårfolk på loftet, livet ut.

a) Elise Karoline  1935-2015   tok over bruket.

 

 

Svigersonen  Bjarne Nils Ramsvik (1921-1990), frå Ramsvika, Eikenosøydegard(2), var snikkar, og englandsfarar under den andre verdskrigen. Han tenestegjorde som skyttar ombord i Sunderlandfly, og fekk utdanninga si ved «Little Norway» i Canada. Han vart etter krigen stasjonert på Sola fram til 1951. Bjarne gifta seg 1956 med Elise Karoline Akslen, Østrem(6) (1935-2015). Dei fekk skøyte på garden for 8000 kroner, og tok over 1958. I 1961 fekk dei i tillegg skøyte på Ramsvika frå mor til Bjarne, 6067j Marie Sofie Henriette Ramsvik (f. Emblem(8)). Ho kom frå Ebbegarden, og vart 1913 gift med Hans Gabriel Ramsvik, Eikenosøygarden(2). Hans var også snikkar, og bygde på huset i høgda, slik at der vart ei ark til kårmannen, Knut Laurits Akslen. Ester Ramsvik(2), fortalde at ho gjekk med mat, frå Ramsvika, til far sin i denne byggeperioden. Bjarne og Elise dreiv Vestrem i 18 år. Det meste av tida saman med Ramsvika. Dei flytte til Ramsvika i 1976.

a) Berit Karin. f.1956 tok over bruket.

b) Hallgeir f.1958 2005 g.m. Kari Breivik, busett Ramsvika.

c) Jan Magne  f.1960  busett Ramsvika.

d) Knut Arne  f.1965  tok over bruket seinare.

 

Dottera Berit Karin Ramsvik (f.1956) gifta seg med med musiker Tor Frostad (1951-1991), frå Fiksdalen. Han var ein særs dyktig musiker, som vart mykje nytta til å spele til dans i fleire sjangrar. Han arbeidde som skytebas, og omkom i ei ulukke på Bergsøya 1991, under arbeidet på fastlands- forbindelsen mellom Frei og Kristiansund. Ho budde på Vestrem, til ho fekk delt frå eiga hustomt på bruket åt besteforeldra i Ramsvika 1984, og bygde seg hus der i 1985. Broren, Knut, fekk Vestrem som forskot på arv i 1989.

a) Bernt Endre  f.1975  2003 g.m. Renate Fiskerstrand, brukar 1236 Framigar, Eikenosøydegard(3).

b) Jan Thore  f.1985  forlova med Pia Camilla Modahl, busett Ramsvika.

 

 

Broren Knut Arne Akslen Ramsvik (f.1965) fekk skøyte på bruket frå foreldra, som forskot på arv, i 1989. Han er framleis grunneigar på garden. 1994 gifta Knut seg med Aud-Jorunn Breivik (f.1968). Han er i dag sambuar med Lill Rustad (f.1963) frå Oslo. Ho fekk i 2017 ein andel av garden.

a) Carina  f.1992  2008 g.m. Adem Kisa, Tyrkia, busett i Ålesund.

b) Kristian  f.1996  saman med Lisa, busett i Ålesund.

c) Tobias  f.1989  busett i Ålesund.