Bnr. 1 HANSGARDEN

 

Jon sat att med halve garden og betalte 1658 skatt for hest, 4 kyr og sau. I 1661 sat enka igjen med jorda heilt fram til 1666. Det er usikkert om ho hadde tjenestefolk, eller borna til å hjelpe seg.

 

Det er usikkert korleis rekkefølgen på brukarane utover 1600-talet var. Truleg var det Nils (f.ca.1596) som var neste brukaren i Hansgarden. 1666 var han 70 år og døydde nokre få år seinare.

 

Tredje brukeren kan ha vore Bjørn, som etter kvart vart kiper i Vegsund 1701. Ein kan undre seg over om der kan ha vore slektskap til Bjørn Olsen Flisholm, som nokre tiår seinare vart kiper på Flisholmen. Der er i alle fall forbindelse til Hans, etter han. Bjørn var nemleg fadder til dottera i 1701.

 

Hans Tostensen (f.ca.1651) kan vere frå Kirkestein i Ørskog. Han bygsla Hansgarden kring 1690. I arveskiftet etter den første kona, Randi Larsdotter (ca.1662-1706), er det nemnd at dei hadde ein liten hest, 4 vaksne kyr, ungkalv, 3 sauer og 3 geiter. Hans gifta seg på nytt i 1707 med  Brite Ingebrigtsdotter Flisnes(2) (f.ca.1670). Ho kom frå Rasmusgarden på Flisnes. Dei flytta truleg frå Flisnes.

a) Hans  f.ca.1695  vart nemnd i arveskiftet 1707.

b) Lars  ca.1697-1705  døydde 9 år gamal på Flisnes.

c) Tosten  dp.1699  vart ikkje nemnd i arveskiftet 1707.

d) Giertrud  dp.1701-1764  1747 g.m. Ludvig Peders. Dyngen, gravlagt på Hundsvær.

e) Synneved   dp.1704-1767   1737 g.m. Ingebrigt Anders. Kobbervik, busett som husmenn i Ålesund. Dottera, 1127 Anne, gift til Furholm.

f) Ingebret  dp.1710-1777  tok over bruket.

 

Sonen Ingebret Hansen Flisnes(1) (dp.1710-1777) var brukar frå 1732 til 1768. Han var den einaste sonen til Brite, og gifta seg 1732 med Gunnhild Pedersdotter Ekroll(I,3) (ca.1703-1779) på Vatne.

a) Ole  dp.1733-1804  1759 g.m. Brithe Rasmusd. Østrem(2) frå Larsgarden. Var brukar der.

b) Marthe  dp.1736  1755 g.m. Iver Ols. Godø(15), brukar Godø(15).

c) Birthe  dp.1739-1816  1761 g.m. Ole Knuds. Fiskergård(1), brukar Fiskergård(1).

d) Knud  dp.1742

e) Hans  dp.1745   tok over bruket.

 

Sonen Hans Ingebrigtsen Flisnes(1) (dp.1745-d.e.1814) bygsla bruket i 1765, men tok over først i 1768, når han gifta seg med Guri Amundsdotter Sorte(1) (dp.1747-1814), frå Skodje. Dei fekk kongeleg bevilgning til ekteskap i 1768, fordi dei var beslekta i tredje ledd. Mormora til Hans var søster til Guri sin morfar, og frå bruksnummer 2 på garden Sorte. Guri sin far kom frå bruk nummer 1 på Sorte. Hans dreiv bruket til 1807 og døydde ein gong etter 1814.

a) Son  1771-1771  døydde 1 dag gamal.

b) Ingebrigt  1774-1835   1) 1807 g.m. Birthe Toresd. Nøre-Vartdal(7),

                                            2) 1815 g.m. Gjertrud Larsd. Øyra(Y), Hjørundfjord. Var omgongskulelærar. Sjå også brukara på                                                      Vågaplassen, Emblemsvåg(7), Furholm, Eikenosvåg(3) og Tryggeset, Nedregotten(6).

c) Amund  dp.1777-1838  tok over bruket.

d) Knut  dp.1780  1809 g.m. Inger Larsd. Nedregotten(5), brukar 521 Sirigarden, Nedregotten(3). Han døydde truleg før 1865, ein stad utanfor Borgund.

e) Lars  dp.1783  vart nemnd i 1803.

f) Elias  dp.1790-1821  døydde 27 år gamal.

g) Hans  1794-1821  omkom på sjøen. Er omtala som «elev».

 

Sonen Amund Hansen Flisnes(1) (dp.1777-1838) var brukar frå 1807 til han døydde 1838. Han gifta seg 1814 med Catharina Olsdotter Emblem(8) (dp.1790-1863) frå Ebbegarden. Dei kjøpte bruket for 100 riksdaler i 1807 og vart dermed første sjølveigarane på garden. Dei hadde 4 kyr, 3 ungfe, sau og geit. Han delte hest med Ananias Rasmussen Eikenos(IIb), som vart brukar i Rasmusgarden, Flisnes(2), det samme året. 1828 måtte han skøyte bruket frå seg igjen til Sjur Larsson Grepstad frå Sykkylven, og vart bygselsmann i staden.

a) Hans 1815-1885  tok over bruket.

b) Ole Gulick Brethanus  1818-1898    1) 1842 g.m. pige Oline Johanne Paulsd. Solnørdal. Han var matros, busett Giske(1).                                                                          Oline hadde dottera Endte Marie med  Ingebrigt. Ellings Flisholm(1).                                                                                           2) 1863 g.m. Ingebor Stenersd. Saltbønes, Tingvoll. Fortsatt brukar av Giske(1).

c) (Peder) Elias  1821-1848  tok over i Skråvika, Flisnes(3), brukar der 1847.

 

Sonen Hans Amundson Flisnes(1) (1815-1885) var brukar frå 1840 til 1877. Han gifta seg i 1840 med (Halfri) Alfri Ellingsdotter Tandstad(4) (1807-1847). Hans gifta seg på nytt i 1849, med (Eline) Hellene Petrine Olava Madsdotter Vasstrand(lnr.65) (1821-1905). Han hadde budd ei kort tid på husmannsplassen «Skråvika», kalla «Flisnesstrand», før han tok over farsgarden. Plassen var underlagt dette bruket. Broren Elling Amundsen fekk festekontrakt i Skråvika, datert 1847. Sjå meir om han der.

a) Anne Birgitte Siverine  1840-1928  1871 g.m. Joachim Martinus Ols. Blomvigrab, brukar Blomvikrabben(3).

b) Peder Elias  f.1843  1900 g.m. dagarbeider Helene Johanne Spjelkavik, busett i Ålesund frå 1877 etter fire år på Flisnes. Han var fiskar.

c) Peter Elias  f.1846  1873 g.m. Katrine Johanne Eline Henningsd. Moegaard, busett Ålesund. Sonen Karl Bernhard vaks opp som pleieson hos tanta på Blomvikabben(3) og i Blomvika. Han tok etternamnet Blomvik.

d) Anne Dortea Iverine  1847-1847  døydde 3 månader gamal.

e) Lars Andreas Karolus  1850-1902   tok over bruket.

f) Maria Elisabeth  1853-1892  ugift legdslem. Døydde på heimgarden av magesjukdom.

g) Thommasine Martha Cornelia  1857-1932  var ugift. Nemnd som fattigunderstøtta, busett på heimegarden 1910. Ho hadde vore lægdslem i Ramsvika 1900 og døydde på Borgund Gamleheim.

 

Sonen Lars Andreas Karolus Hansson Flisnes(1) (1850-1902) gifta seg 1878, med Ingeborg Marie Karoline Olsdotter Emblem(1) (1849-1891), frå Negarden. Ho hadde fått bygsel på bruket 20. desember 1877. Han gifta seg opp att 1899 med Oline Tomasine Williksdotter Bjørkavåg(6) (1851- 1943). Oline kjøpte garden frå Ludvig Daae på Solnør i 1904. Han hadde fått Hansgarden, Flisnes(1), i makeskifte med den tidlegare eigaren, Sjur Grepstad. Ho skøytte garden vidare til stesonen og fekk kårkrava sine på bnr 5 og bnr. 6 tinglest 1914. I tillegg fekk ho kårkontrakt frå sonen 1918. I 1879 var han med på ei redningsbragd utanfor Flisnes, saman med naboane Rasmus Hansson Flisnes(2) og Elias Olson Flisnes (3). Han fekk ein sølvpokal frå Kong Oscar II til takk.

a) Agnete Helene  1879-1905  var ugift. Døydde av tæring som tjenestejente i Ålesund 1900.

b) Hansine Oline Birgitte  1881-1961  gravlagd i Ålesund.

c) Oline Marie Karoline  1883-1972  drog til Amerika, men kom attende etter børskrakket i 1929.

d) Hans Fredrik Kornelius  f.1886  g.m. Alma Johnson. Til Amerika og Dakota 1903. Kalla seg Hans Larson

e) Ole Adolf Larsen  f.1888  g.m. Beret Peterd. Flydal, Sykkylven. Emigrerte til USA. Var fruktdyrker i Cashmere, Washington, på 1950-talet. Kalla seg Ole og Beret Larsson. Besøkte heimlandet i 1948. Ho var søster til Lærer Lars Flydal på Ytrebø, Østrem(5).

f) Ingvald Laurits  1891-1981   tok over bruket.

 

Sonen Ingvald Laurits Larsen Flisnes(1) (1891-1981) tok over bruket, men var lærar og seinare rektor på Aspøy skule i Ålesund. Han selde derfor garden vidare til neste brukar. Ein av elevane på Aspøya frå Ingvald si tid som rektor, fortel at elevane hadde sin eigen song om lærarane. Strofene var ikkje lange. Om Ingvald vart det fortalt at han gjekk i djupe tankar. Ingvald gifta seg 1916 med Tora Mjaaland (1892-1979) og busette seg i Grensegata i Ålesund. 1942 fekk han skøyte på hyttetomta Fjordgløtt II, av  Jakob Aakernes. Han eigde også bnr. 7 og bnr. 14, som var eit småbruk, skilt ut frå farsgarden på Flisnes, før salget i 1918. Her bygde han seg hus og driftsbygningar. Husa vart flittig brukt i feriane. Han var ein habil fiolinist og det vert spøkfullt sagt at det var svært nyttig for borna å kunne spele fele når han vart rektor. Det første skuleorkesteret var på 30 elevar. I starten hadde dei øvingar på rektors kontor frå hausten 1954. I 1956 hadde medlemstallet auka til 130. I 1927 vart han dirigent for avholdsforeninga sitt kor, «Lysglimt», og han var mangeårig dirigent ved ei rekke høve. I tillegg var han ei tid formann i Ålesund Symfoniorkester. Ingvald vart i 1962 invitert som festtalar ved 17. mai feiringa på Emblem skule. I avisa, «Dagen», kan ein lese at han sette ny rekord når hadde han i to timar «fengsla tilhøyrarane med ein spirituell tale for Emblemsbygda». Småbruket «Kveldsro» vart tatt over av sonen Leiv Gustav Flisnes.  a) Ingebjørg  1918-2006  1940 g.m. lastebilsjåfør Reidar Ellingsen, busett Botne i Vestfold. Ho starta skobutikk i Holmestrand 1970. Overdrog gnr.13 bnr 154 til Sissel Nilsen og Turid Kristiansen 2006.

b) Erling  1919-1934  omkom under bading ved Skråvika på Flisnes.

c) Leiv Gustav  1922-1996  1967 g.m. Else Marie Bratseth i Oslo. Fødd i Fredrikstad, vaks opp i Ålesund. Var orkesterleiar med eige ensemble i Oslo og starta orkester allereie som 15-åring. Leia Norske Brigadens musikkorps i Skottland frå 1940. Seinare ansatt i Forsvarets Stabsmusikkorps.

d) Gustav Mjaaland  1928-2021  1954 g.m. Elsa Flisnes(12). Var den første ordføraren i den sammenslåtte Ålesund kommune 1968-1975. Utdanna veterinær og busett på Flisnes.

e) Ellen Johanne  f.ca.1935    1) g.m. Ole W. Andersen,

                                                   2) g.m. Homer E. Lowe. Busett Los Angeles.

 

Med Andreas Sigurd Johan Knutson Magerholm(dal) (1889-1918), frå Daleplassen i Magerholmdalen, kom ein ny familie til Hansgarden på Flisnes. Då hadde den forrige familien dreve bruket i sju generasjonar, frå 1690. Andreas hadde vore i Amerika, kom heim og gifta seg 1917 med Marie Kolbeinsdotter Rot(1) (1890-1975) frå Vartdal. Då dei kjøpte garden i 1918, var tanken å slå seg ned i stova som no tilhøyrer bruk 11, men slik vart det ikkje. Han døydde av spanskesjuka. Marie var gravid i tredje månad med born nummer to. Ho selde garden i 1919 og flytte heim att til Vartdal. Der gifta ho seg på nytt med Ivar Bretanus Nilsen Barstad(5) (1897-1936) i 1929 og busette seg på Barstadvik(5).

a) Palma Kjellaug  1917-2001   1939 g.m. Harald Ingolf Larsen Sætre, brukar Barstad(4).

b) Andreas Karl  1919-2005  1942 g.m. Oddny Hovde, busett Barstadvik.

c) Nils  f.1930   1957 g.m. Karin Martinusd. Remmen(2), brukar Barstad(5).

d) Kari Ruth Frøydis  f.1935   1956 g.m. Magne Sigurd Nilsen Nybø, busett Barstadvik.

 

Bernt Peder Iversen Eidsvik(7) (f.1872), frå Vatne, kjøpte garden av enka før han, men budde der ikkje særleg lenge. Han nytta gamlehuset, som i dag er del av «Vestheim» bruk nummer 11. Bernt selde garden i 1920 og drog til Amerika.

 

Jacob Jacobs. Aakernes(Inste) (1853-1925) kom frå frå Sunnylven. Familien bygsla først Inste Åkerneset, der Jacob vart fødd. Eigaren var då Ole «Sjurs-Ole» Emblem(11), som hadde arva bruket etter sin farfar, Arne Ellingsen Åkernes på Skaret, Nedregotten(1). Jacob kjøpte seinare Inste Åkerneset og dreiv det medan familien budde på husmansplassen «Naustberget», under garden Nedre Ljøen. I 1910-folketelljinga står det at han budde på eit bygselsbruk, men at han var sjølveigande bonde. Dei tok med seg fleire av gardshusa frå Ljøen og sette dei opp att på Flisnes. Det gamle seterhuset står framleis på tunet i Hansgarden. Dei tok over garden i 1923. Jacob gifta seg 1879 med Oline Rasmusdotter Øvre Ljøen (1858-1932), som også kom frå Sunnylven. I deira tid fekk fyrvesenet leigekontrakt på tomt til eit fyr, ytterst på neset i 1921. Jacob dreiv bruket til han døydde 1925.

a) Jakob  1880-1963  tok over bruket saman med broren.

b) Rasmus 1881-1888  døydde 7 år gammal på Åkernes.

c) Gustav Martin  1885-1957  1907 g.m. Nikoline Olivia Ols. Langeland, Nedste-Gjerdet på Langeland, Stranda. Busett Opskar(2+3), Skodje.

d) Ingebrigt  1887-1911?

e) Rasmus Ingvald  1892-1928  1919 g.m. Nikoline (Nikka) Lundanes på Eikenosa, brukar Opskar(8). Flytta til Spjelkavik kring 1930.

f) Peder Ingjer  1894-1981  1925 g.m. niese og pleiedotter, 1333f Martha Ingvarda Hansdotter Flisnes(2). Tok over Utigard, Eikenosøydegard(1) som brukar 1216.

g) Inga Olivia Josefine  1895-1983  var ugift.

h) Nikoline Marie  1897-1969   1923 g.m. Gustav Andreas Kornberg, busett Volda.

i) Oskar Martin  1902-1978   tok over bruket saman med broren. Sjå Vestheim bnr. 11.

 

 

Sønene Jakob Aakernes (1880-1963) og Oskar Aakernes (1902-1978) kjøpte garden. Dei fekk den delt opp i to bruk ved innmarksutskiftinga i 1939. Jakob gifta seg 1925 med Inga Gustava Hansdotter Flisnes(2). (1890-1976). Han fekk behalde det gamle bruksnummeret, medan Oskar sin gardpart fekk namnet «Vestheim» og gardsnummer 11. 23. januar 1938 slo lynet ned på garden. I «Familien» kunne ein lese følgande om hendinga: «I natt i 12-tiden, under uværet som gikk over byen og distriktet, slo lynet ned i uthuset til Jakob Åkernes på Flisnes. Lynet gikk rett gjennom høistålet og inn i fjøsen, hvor fire kyr, en okse, en gris og en sau blev drept på stedet. Bare to kyr blev ikke rammet. Merkelig nok tok det ikke fyr i høiet, så bortsett fra dyrene som blev drept blev der ikke anrettet særlig skade. Der var ikke assurert så eieren lider et følelig tap» I den anledning vart det starta ei pengeinnsamling av folk i bygda og bygdene ikring.

a) Olveig   1928-2011  tvilling. Tok over bruket.

b) Dotter  1928-1928  tvilling. Dødfødd.

 

Dottera Olveig Aakernes (1928-2011) tok over bruket i 1953 for 3000 kroner. Ho gifta seg 1954 med Magnar Strømme (1931-2016) (Døving(540f)), frå Valldalen. Dei dreiv garden fram til 1997. Hovudsakleg hadde dei mjølkedyr og ungdyr, men også nokre sauer ein periode. Magnar leia søndagskulen på Hatlehol skule frå 1963 til 1981.

a) Jon Harald  f.1956  tok over bruket.

b) Oddgeir Inge  f.1958  1981 g.m. Alvhild Bjørke. Budde ei tid i Mattisgarden, Østrem(1) og dreiv gartneriet, bygd av  Øystein Eriksen der. No busett i Hovdebygda.

c) Reidar Kåre  f.1961   1985 g.m. Hilde Hofsøy (Stonglandseidet) i Troms. Busett Finnsnes i Troms.

d) Magne Olav  f.1963  1988 g.m Venke Løvoll, Rødset(8), frå Stranda. Dei fekk delt frå tomt på garden og er busett der.

 

Sonen Jon Harald Strømme (f.1956) tok i 2001 over som grunneigar av bruket. Han gifta seg i 1980 med Liv Margrethe O. Løseth(1) (f.1952), frå Johangarden i Ramstadal. Jon Harald er driftsleder på Ålesund Folkehøgskule, Hatlehol. Dei siste åra er det solgt utmark frå bruket. I 2013 starta sonen Odd Magne med gardsdrift igjen, og har i dag gamalnorsk sau. Han nyttar innmark og utmark til fór og beite.

b) Odd Magne  f.1980  er ugift. Står for gardsdrifta på farsgarden og arbeider ved Brages Bilskadesenter.

a) Synnøve  f.1984  2012 g.m. Helge Arnar Berge frå Åheim. Dei har borna Magnus Strømme Berge (f.2013) og Sara Olivia Berge (f.2015). I 2012 fekk dei delt frå tomt på garden, busett der.