BNR. 6 SANDVIK

Delt frå Antonesgarden bnr. 5. Bruket vert oftast kalla «Sandane»

Lars Peter Larsson Glomset(Ø, 1) (1854-1917) fekk 1877 ta over plassen, som vart skyldsett til 1 ort og 5 skilling, året i forvegen. Han hadde gifta seg 1876 med Ingeborg Laurentse Pedersdotter Giske(3) (1853-1919), og eldsteguten kom til verda på Synnes det samme året. Dei dreiv Sandane til 1888, før dei gav seg, og flytte vidare til Ålesund. I 1892 flytte dei til Rørstad(3) på Vigra, og dreiv bruket der til dei tok kår i 1904. Lars arbeidde ei tid som tømmermann i Ålesund. Familien budde i Raadhusgata 1890.

a) Lars Andreas  1876-1916   1902 g.m. Oline Christine Johanne Martinusd. Blomvik(3), tjenestejente på Roald. Tok over Rørstad(3), etter foreldra til Lars. Han fødd på Synnes.

b) Petrine Iverine  1878-1956  1909 g.m. Elias Laurits Eliass. Hagen, brukar Rørstad(11), Vigra. Petrine var den første som vart fødd på Sandane.

c) Ole Severin  f.1880

d) Laura Inga  1888-1918   tvilling, ugift. Døydde av lungebetennelse, Rørstad(3).

e) Karen Anna  f.1888  tvilling. Døypt i Ålesund.

f) Karoline Amalie Kristine  1891-1944  1915 g.m. Peter Johan Bastiansen Glomset(Ø, 2), brukar Glomset(Ø, 2).

 

 Jakob Andreas Karolus Larsson Riksheimgjerde(1) (1858-1944) gifta seg 1886 i Sykkylven, med Severine Kanutte Henningsdotter Utgård(9) (1863-1922). Begge kom frå Sykkylven. Dei dreiv plassen frå 1888 til 1907. Sidan har bruket vore i samme slekta.

a) Elisa Jensine  1886-1963  tok over bruket.

b) Olivie Birgitte Olava  1890-1890  døydde omlag 6 månader gamal.

c) Olivia Birgitte Olava  1892-1893  døydde 2 månader gamal av lungebetennelse.

d) Henna Petra Sina  1894-1978   1914 g.m. Thomas Bernhard Hanss. Røssevold(1), brukar Røssevoll(6).

 

Svigersonen (Jens) Jørgen Martinus Hansen Gjævenes(2) (1878-1963) kom også frå Sykkylven. Han kjøpte bruket i 1916, og vart sjølveigar der. Jørgen er bror til Hansine på Oshaugen, og gifte seg 1907 med Elisa Jensine Jakobsdotter Emblemsvåg(6) (1886-1963). Dei tok over bruket, og bygde seg nytt hus etter kort tid. Jørgen og Elisa dreiv Sandane til oktober 1948. Då såg dei seg ikkje i stand til å drive garden lenger.

a) Signe Olga  1908-1973  tok over bruket.

b) Margit  1910- 1978  1948 g.m. Ole Andreas Edvards. Solsletten, busett Blindheimsbreivika .

c) Jenny  1913-2004  ugift.

d) Marie Oddlaug  1920-2006  1969 g.m. Helge Martin Ruud, busett på Mysen.

 

Svigersonen Ivar Martin Flydal (1909-1998), frå «Flydalsgarden», Østrem(5) var båtbyggar, og ei tid busett på Stranda. Han flytte dit tidleg på 1930-talet, etter landbrukskulen på Gjermundnes i 1929. Ivar gifta seg 1935 med Signe Olga Jørgensd. Emblemsvåg(6) (1908-1973), og tok korrespondansekurs i båtbygging, før dei flytte heim att til bygda, for å ta over bruket etter foreldra til Signe, hausten 1948. Båtbygginga var ei kjærkommen inntekt attåt småbruket, og båtane hans hadde godt rykte som gode båtar. Ivar og Signe var aktivt med på bedehuset. Saman med Oddvar Ramsvik, starta Ivar opp det første korpset på Emblem. Han hadde erfaring med dette frå Stranda, og vart også dirigent i det nystarta korpset, som fekk namnet «Musikklaget Gjallarhorn». Ivar var også medlem av «Emblem Kristelege Mannskor» i mange år. Han vart tidleg enkemann, og gifte seg opp att i 1982 med enke sidan 1973, Emilie Hauge, Lerstad. Opphaveleg var ho frå Vestnes.

a) Gunvor Lovise  1937-2022  1973 g.m. Per Almar Steinnes, Ørsta, busett Ørsta.

b) Jostein  f.1940  1968 g.m. Berit Synnøve Arntsen frå Moss, busett på Jeløya.

c) Lars Ivar  f.1948  tok over bruket.

 

Sonen Lars Ivar Ivars. Flydal (f.1948) gifta seg 1978, med Inger Johanne Lima (f.1954), frå Lima i Ålgård, og bygde seg etter kvart nytt hus på bruket. Lars og Inger Johanne er dagens grunneigarar. Lars Ivar har videreført farens interesse for korpsmusikk, i Musikklaget Gjallarhorn.

a) Lars Joon  f.1985  busett Ålesund.

b) Kristiane Soo  f.1989  busett Oslo.