Bnr. 2 Stigen

Også kalla Nestegjerde eller «Stampen».

 

Trykk på denne teksten for å finne garden på kartet

 

Den eine halvdelen av Stigeplassen nærmast sjøen (sjå også Stigeplassen og Gjerdet)

Jakob Iver Olaus Rasmusson Østremsreit(1) (1877-1938), frå hovudbruket, kjøpte og dyrka opp den halvdelen av Stigeplassen som låg nærmast fjorden. Han gifta seg 1904 med Eline Thomasine Knutsdotter Akslen(1) (1880-1943). Jakob var «inderst», og fiskar ved giftermålet. I 1907 vart Stigen skylddelt, og den tidlegare Stigeplassen vart då formelt delt i to bruk.

a) Ragna Tomasine  1904-1981  tok over bruket.

b) Lovise Karoline  1905-1987  1931 g.m. 6117 Oskar Emil Ols. Emblem(9), busett på Myrane, Emblem(13). Dreiv også Skorane, Emblem(10). Sjå meir om dei der.

c) Hjørdis Amanda  1909-1994  1939 g.m. 223d Thomas Gustav Akslen(2) frå Akslagjerdet. Dei bygde hus og busette seg på parsellen Minde, Akslen(6), ved den gamle hovudvegen til Magerholm.

 

Svigersonen Emil Sigvard Kristian Terøy(2) (1895-1982) kjøpte bruket i 1935, og dreiv garden attåt arbeidet som fiskar. Han gifta seg i 1930, med Ragna Tomasine Akslen(1) (1904-1981).

a) Karsten Johan  1933-2022  ugift. Tok over bruket.

b) Ruth Ellinor Marie  f.1939  1960 g.m. Jostein Fiskerstrand, busett Fiskerstrand, Sula.

c) Kari Helene  f.1941  1963 g.m. Karsten Erling Sunde, busett Sunde, Sula.

 

Karsten Johan Terøy (1933-2022) er ugift, og framleis busett på garden. Han var aktiv i ungdomslaget, og glad i å skru. I millitæret fekk han opplæring som mekaniker. Det kom godt med i arbeidet som bussjåfør for Stranda og Sykkylven Billag. Der jobba han saman med mellom anna Oskar Nedregotten frå Skorene. 1988 fekk dei fortjenestemedalje for meir enn 30 års teneste i selskapet. Karsten tok over bruket etter foreldra sine 1970. Han fekk tidleg fotokamera. Takka vere han, kan ein få eit verdifullt glimt inn i 1950-åra, på både Akslagardane og Akslasetra.

 

Bruket vart i desember 2015 overført til Oddgeir Firskerstrand (f.1963), Jan Egil Sunde (f.1965), Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal (f.1966), André Sunde (f.1968) og Roy-Jostein Fiskerstrand (f.1979). André og Jan-Egil fekk 1/4 kvar medan resten fekk 1/6. Dei er nevøar og nieser til Karsten.