
Slik har kunstnaren Jon Dale tenkt seg at handelstaden kan ha sett ut. Du finn fleire gamle bilde under gardsteksten.
FLISHOLMEN
Den eldste historia
Ole Larsson (ca.1639-1728) skal ha blitt heile 100 år gamal, i følge kirkeboka. Det stemmer nok ikkje heilt. Han er den første ein kjenner til, som budde her frå om lag 1690. Saman med kona Beate Kristensdotter (ca.1644-1723) skal han ha rydda plassen på holmen. I 1701-teljinga, kan ein lesa at han var «bødtker», eller tønnemakar. Plassen låg dermed lagleg til, og så å seie midt i fiskefeltet, der fleire fjordarmar møtes. Vegen var ikkje lang til handelsmannen i Vegsund, som også tok imot fisk som betaling. Fjordfolket drog forbi Flisholmen på veg utover fjorden. Dei tok seg pause her, om véret var utrygt. Emblemsbygdarane hadde også alternative stadar å legge kyrkjebåtane, om dei vart overraska av uvér på veg heim frå kyrkja i Borgund, men det var lenger vest, slik at dei kunne gå heim att. Ole og Beate overlot plassen til sonen.
a) Eli ca.1664-1754 døydde som enke på Emblem.
b) Lars f.ca.1677 tenar for Olle Person på Godøya 1701 og «er marin». Ikkje nemnd i arveskiftet 1755.
c) Ole ca.1681-1703 1701 tenar på Humblen. Han drukna på havet.
d) Anne ca.1689-1703 døydde 14 år og 7 veker gamal, berre nokre dagar etter broren.
e) Christen f.ca.1689 1701 tenar på Hatlen. Nemnd som død ved arveskiftet 1755.
f) Bjørn ca.1691-1751 tok over bruket.
Sonen Bjørn Olsen Flisholm (ca.1691-1751) vart innrullert i marinen 1704. Han deltok truleg i byrjinga av «den store nordiske krig», men kom heim og var brukar frå 1710 til 1750. Bjørn gifta seg med Ragnhild Jensdotter (ca.1679-1757).
a) Ole dp.1712-1772 brukar Blindheimsnes(1).
b) Marthe 1722-1793 1)1742 g.m. Lars Peders. Lille Nørve(4),
2) 1752 g.m. Knut Tors. Kolvik, 3) 1772 g.m. Iver Peders. Gåseid, brukarar Toregarden, Lille Nørve(4).
Paal Arneson Nørve (ca.1715-1766) gifta seg med Maren Peterdotter Høegh i Skuggen (1719-1783). Han klarte seg bra, og dreiv nok mest med fiske. I arveskiftet etter Paal er der nemnd ku og sau. Stova hadde kakkelomn og sval, taksert til 32 riksdaler. Naustet var av tømmer, og han hadde sengebu, fjøs, sildehus og løe. Sommarfjøsen stod truleg på fastlandet, og han hadde både færing og kjempefæring. Paal hadde på den tida nok beite i utmarka til Emblemsbygda.
a) Arent dp.1751-1805 brukar Slinning(10).
b) Aleth Christine dp.1754-1834 1784 g.m. Hans Amunds. Myren, Ålesund. Busett Olsplass, Ålesund 1801.
c) Helene dp.1757 ikkje nemnd i arveskiftet 1766.
Broren Hans Peterson Høegh (1720-1777) kom frå handelstaden Skuggen ved Nørvasundet. Han gifta seg 1750 med Aleth Endresdotter Slettedal(1) (ca.1728-1753), som vart fødd på Frøland(N,2) i Hjørundfjorden. Dei budde først frå 1750 på bnr. 5 på Sunde, før dei kom til Flisholmen og bygsla halve holmen i 1756. Aleth døydde før den tid. Hans var bror til 1403 Maren, som budde her samtidig. Han tok over heile holmen, når svogeren døydde, og kjøpte plassen 1771. I 1753 gifta Hans Peter seg opp att med Guri Jacobsdotter Myrhol(1) (ca.1722-1787). Dei budde her ikkje særleg lenge. Hans selde Flisholmen for 165 riksdaler i 1775 og flytta til Ystebøen, Emblem(5). Sjå brukar der. Han døydde på Ystebøen 1777. Guri gifta seg opp att 1779, med Endre Jetmunds. Holen(3) (dp.1743-1790) og fortsette å drive bruket på Ystebøen. Garden var den gongen del av klyngetunet til matrikkelgarden Emblem, og låg kanskje nedanfor staden der Auregarden har tunet sitt i dag.
a) Petter dp.1750-1750 fødd på Sunde, døydde 8 veker gamal.
b) Petter dp.1751 ikkje nemnd ved arveskiftet 1777.
c) Jacob dp.1754 fødd på Sunde. Ikkje nemnd ved arveskiftet 1777.
d) Albert dp.1756 fødd Flisholm. Ikkje nemnd ved arveskiftet 1777.
e) Karen Christine dp.1757-1777 ugift, fødd på Flisholm.
f) Aleth dp.1762-1826 1788 g.m. Ole Larss. Emblem(1?), brukar Mattisgarden, Østrem(1).
Jakob Sivertsen Klokk(Ca) (1736-1790) hadde flytta hit året før han kjøpte holmen. Han gifta seg 1773 med Charlotte Juliane Arensborg (1749-1801) i Danmark, og starta opp «en ringe handel med brendevin og øl». Futen skreiv 1785 at handelstaden var «ei ubekvemt, da en haard fjord ofte foraarsager at de reisende her må søge herberge og pleie. Men naar eieren af Vegsund som er er langt fraliggende, fremdeles er i standt til at fuldføre den handel som her udkreves, kunde dette sted ei aldeles fornødiges». Handelsmannen Mechlenburg hadde no merka konkurransen og Jakob gjorde det godt. I 1887 hadde han 7 tjenestefolk, og pantsette 1786 Flisholmen og Humlekalven for gjeld til Brochmann i Bergen, på 1000 riksdaler. Han greidde å betale attende alt. Dei klarte også å fore 8 kyr. Enka dreiv handelen ei tid etter at Jakob gjekk bort 1790. Ho gifta seg på nytt med handelsmann, og jekteskipper, Jens Knudson Vinje (dp.1751-1824) i Tusvika. Jens selde Flisholm vidare til neste brukar. Ein veit ikkje av nokon biologiske born etter dei.
a) Erik f.1775 fosterson.
Ingebrigt Jonsen Viken(64d) (dp.1749-1828) gifta seg 1779, med enka Laurentze Siversdotter Kilsti(214b) (dp.1750-1826), som var gift til bruk nummer 2 og 3 på Muri i Valldal. Dei fortsette å drive Muri ei tid, før dei i 1793 kjøpte Flisholmen av handelsmann Jens Vinje, i Tusvika, for 910 riksdaler. Skøytet vart tinglest det neste året. Vinje var gift med enka etter forrige brukar og dreiv handel i Tusvika. Han hadde i tillegg dreve Flisholmen i tre år, før han selde. 1801 vart Ingebrigt omtala som: «Priveligeret gjæstgiver», og i 1811 fekk han bygd seg ei jekt på 16 læster. Jekta vart seinare bygd om til bomseglar. I dagens vekteining tilsvarar det 32 tonn. 1814 overlet Ingebrigt og Laurentze Flisholmen til svigersonen, Elling, for 600 riksdaler.
Det er mogeleg at salget vart bestemt allereie året i forvegen, for folkeminnegranskaren Peder Fylling skreiv i boka «Folkesagn samlede af Peder Fylling, Anden Del», frå 1877, at morfaren hans vart kalla inn til krigsteneste saman med Ingebrigt Flisholm. Dei skulle sendast til Danmark, via Bergen, i 1813, for å bemanne dei resterande krigskipa til Danmark-Norge. Ein mangla nemleg mannskap og båtar, etter at England hadde tatt mykje av flåten ved «flåteranet» i 1807. Mange år med krig, hadde også ført til at der vart færre å rekruttere. Ingebrigt var på denne tida om lag 63 år, og beordringa vart rekna som den sikre død. Der var dei som gav tilbod om det beste dei hadde - til og med det dyrebare kornet, for å sleppe krigsteneste for seg eller sine. Knud Mørkeset hadde fått oppdraget med å føre alle dei utkommanderte til Bergen. Det vert fortalt at han berga Ingebrigt frå militærtjeneste, ved å la han spele så halvgal, at krigskommissæren ikkje våga å gje han krutt og våpen. Knud skulle derfor føre han trygt heim att og sjå til at Ingebrigt ikkje skada nokon på vegen. Om historia stemmer, så ville det nok sjå underleg ut om han tok opp att handelen på Flisholmen.
Den nye handelsmannen, svigersonen Elling, døydde allereie 1821 og dødsbuet etter han vart avslutta med ein auksjon på heile Flisholmen i desember 1824. Då kjøpte enka etter han, dotter til Ingebrigt, eigedommen. To år etter kjøpte så Ingebrigt holmen og husa attende frå henne (sjå også neste brukar). Det kan verke som om verdien på eigedommen gjekk ned frå 1814 til 1826, men det kan også skuldast at varene var høgare taksert i dei vanskelege tidene fram til 1814. Når Laurentze døydde i 1826, vart alle hus på holmen registrerte og takserte ved arveskiftet etter henne. Ein finn då følgande hus på Flisholmen: Ny stove (70 spd.), gammal raudmåla stove (50 spd.), sjøbu (40 spd.), krambu (14 spd.), stabbur (40 spd.) løe (12 spd.), fjøs (3 spd.), eldhus (6 spd.), smie (7 spd.), vedskjul 82 spd.), tømmernaust (14 spd.), jektenaust (40 spd.). I stornaustet var det sett inn eit sluppfarty, som buet eigde 3/4 av. Det var verdsett til 337 speciedaler. Det var med andre ord mange hus ute på holmen den gongen. På skifteauksjonen etter Ingebrigt, i 1828, kjøpte 1408 Ole Olsen Devold Flisholmen. Sjå meir om han lenger bak i denne boka, som seinare brukar.
a) Eli 1764-1840 1789 g.m. Hans Hanss. Omneås(45e), nemnd som husmann u/ jord på garden Berdal, Norddal 1801.
b) Synneve f.1766 konfirmert 1784.
c) Lars Jacobs. 1769-1843 Laurentze sin son. Tok over Muri(3) etter foreldra 1774.
d) Iver 1772-1772 døydde i første leveår.
e) Laurentze 1773-1773 døydde i første leveår.
f) Gulau 1775-1811 1798 g.m. Siver Jetmundsen Veibust(5), brukar Veibust(5).
g) Cicilia 1778-1812 fekk 1804 dottera Gulau med Arne Ingebrigts.Tafjord(612). Ho var Laurentse si yngste dotter med Jakob Muri.
h) Elen Helene 1780-1850 1804 g.m. Ole Christens. Vatnehol, Vatne(10), brukar Vatne(10). Ingebrigt sitt eldste born med Laurentze.
i) Jacob ca.1781-1862 1810 g.m. Elen Andersd. Veibust, brukar Veibust(1) 1809- 1831. Fekk sonen, Knut, 1805 med Gunnild Williksd. Kvasnes. Dei gifta seg ikkje. Ho gifta seg 1815 med Ole Pauls. «Egsæt nu Birkevaag».
j) N.N. 1784-1784 døydde i første leveår.
k) Johanne 1786-1836 tok over bruket.
Svigersonen Elling Olson Finnes(4) (1787-1821), frå Hjørundfjorden, var nemnd som soldat 1813. Han gifta seg 1814, med «Mademoiselle» Johanne Ingebrigtsdotter «Muri, nu Flisholm» (1786-1836) og tok våren 1814 over holmen, husa og handelen, for 600 riksdaler. Elling betalte 10 speciedaler i sølvskatt 1816, medan svigerfaren, og kårmann på Flisholmen, måtte ut med 15. Når Elling døydde, kun 36 år gamal, vart buet taksert til 1055 speciedaler. Sjølve holmen vart verdsett til 469 speciedaler, men enka Johanne fekk tilslaget for berre 300 på skifteauksjonen. Ho overlot holmen, med husa og jorda, til far sin i 1826 for 188 speciedaler. Johanne hadde då dreve holmen i omtrent to år, uten å gifte seg opp att. Ho «omkom på søen» 19. februar 1836. Den samme dagen møtte også 62 år gamle Arne Olesen Østremsø samme skjebne. Ein kan tenke seg at der enten kom ruskevevêr, eller kanskje dei kan ha vore i den samme båten? Arne tok nok på seg transportoppdrag, for han var nemleg husmann uten noko jord å leve av. Han var siste brukar i ei av dei små fjordstovene ved nausta til Østrem, lenger aust i bygda. Han levde derfor av fiske, båten sin, og det han ellers kunne tene. Mademoisellen på holmen vart berre 50 år gamal.
a) Laurentze Birgitte 1815-1815 døydde 1/2 år gamal.
b) Ingebrigt 1818-1842 fekk dottera, Endte Marie 1840 med Oline Johanne Povelsd. Solnørdal(1). Dødsfallet vart omtala i «Bergens Stiftstidende» 14/4.1842. Dei gifte seg ikkje. Oline vart 1842 g.m. 1310b matros Ole G. B. Flisnes(1), 2 mnd. etter Ingebrigt døydde. Oline og Ole busett på Giske.
c) Laurentze Birgithe 1819-1899 1) 1859 g.m. Peter Andreas Steners. Ulvestad(10), brukar Vatnehol(1).
2) 1879 g.m. Elias Daniel Rasmussen Vatnehol(1), brukar Vatne(2). Ho flytta våren 1840 til Eidsvik, Vatne, for å tene. Fekk 1862 sonen Ole Vatne .
d) Diana Olina f.1821 vart introdusert som dotter av «afgangne Elling».
Ole Olson Devold (1800-1860), frå Grytten i Romsdal, kjøpte Flisholmen på skifteauksjon etter Ingebrigt 1828. Han var bror til Nils Devold, som starta fargeri i Ålesund, og som etablerte Devold- fabrikken i Langevåg. Ole vart gift 1828 med Ane Severine Larsdotter Nore (dp.1811) i Borgund. Ho var dotter til Lars Nore i Djupvika, der Ole budde først. Dei flytta til Flisholmen, men det ser ikkje ut til at handelen gjekk like godt lenger. Gjelda auka på, så Ole selde holmen for 500 speciedaler til broren, Nils Devold og flytta til Ålesund i 1845. Nils var eigar av holmen til 1860.
a) Ole Lauritz 1829-1829 døydde 10 veker gamal på Flisholmen.
b) Ole Lauritz Nore f.1830 1852 g.m. Andrine Christine Hansd. Widerø, busett Ålesund. Fløttmann 1865, og fattigunderstøtta 1875.
c) Ingeborg Birgitte 1834-1837 døydde 3 år gammal.
d) Andreas Christopher 1835-1881 1861 g.m. Jørgine Bernhardine Hansd. Brudevold, Ålesund. Var då bakarsvenn, busett i Skaret, Ålesund. Flytte til Langevåg ca.1871. Arbeidde som spinnar på Devoldfabrikken. Fødd på Flisholm.
e) Johan 1839-1839 døydde 1 dag gamal.
f) Nikoline Margrete 1840-1840 døydde av kopper 3 veker gamal.
g) Ingeborg Birgitte f.1841 ugift. husbestyrer i 1910 for «overretsakfører» P. A. Devold.
h) Olaus Martines f.1844 ugift repslagarbeider i Ålesund 1865. Då busett hos mora.
Flisholmen låg øyde i nesten 40 år etter Ole. Konsul Rasmus Gerhard Rønneberg (1822–1884) hadde kjøpt holmen i 1862, og var framleis eigar i 1881, når Frantz Edvard Pedersen Frøland(F,1) (f.1853) og kona Jørgine Steffensdotter Mo(3) (f.1851) kom til Flisholmen. Dei hadde meldt flytting frå Hjørundfjorden, men lukka vart kortvarig. I mai 1882 vart Frantz sett inn i botsfengselet i Kristiania, for å sone 8 måneder for dokumentfalsk mot Volda Sparebank. At han vart sett inn før slåttonna, med ei kone og ein nyfødt son heime, var langt frå nokon ideell situasjon. Slikt vart det nok folkesnakk av i tillegg. Det kan ha påverka beslutninga om å flytte frå holmen, om lag eit år etter at Frantz vart ein fri mann att. Ei anna årsak kan ha vore at dei ikkje fekk fornya bygsel, eller at dei ikkje hadde råd til å bu der lenger. Dei hadde gifta seg i Ålesund 1880, og no flytte dei attende dit. I følge innflytterattesten til Ålesund, så var det i 1887, men då hadde dei allereie fått ein son, som vart fødd i Ålesund så tidleg som i 1885. Frantz livnærte seg seinare som fiskar. Etter kvart kom familien seg over den økonomiske kneika. 1902 hadde dei til og med eige hus i Fjellgata. 1904 vart Frantz nemnd som tømmermann, og det ser ut til at han bytta mellom å drive som fisker og snikkar, truleg etter kva som lønte seg mest. Etter bybrannen vart det byggeboom i byen, og det gav pengar i kassa. I følge branntaksten, vart også Frantz sitt hus brannskadd. Nytt hus vart forsikra i fjellgata 7 i 1904.
a) Peder Ragnvald 1880-1941 1914 g.m. Emma Sofie Olsson, Sverige i Philadelphia USA. Maskinmester på «d/s Borgund». Båten vart beskoten av tyske fly i fjøresteinane ved Flisnes og beordra til England med tyske krigsfangar mai 1940. Seinare del av «Nortraship». Forsvann mellom Island og Skottland. Truleg senka av tyske fly.
b) Steffen Nikolai f.1882 fødd på Flisholmen. Nemnd 1945, og kanskje død i Chicago. Søkte amerikansk statsborgerskap i Minnesota. Arbeidde som bonde og mudderpramarbeider.
c) Iver Andreas Britanus f.1884 1905 g.m. Betzy Kaspara Grønningsæter, Ålesund. Til USA 1907, søkte seinare statsborgerskap i Oregon. Betzy kom etter til Amerika 1910. Nemnd der i brorens dødsannonse i 1945.
d) Peter Olai 1885-1890 døydde i Ålesund, 4 år gamal.
e) Fredrik Andreas 1887-1906 ugift. Fyrbøtar. Døydde som «forbrændt i Maskinen».
f) Inga Sofie Ragna 1889-1974 g.m. Knut Aleksander Løvmo frå Nærøy, busett Ålesund.
g) Peter Olai 1892-1959? er nemnd som «for tiden i USA» 1945. Kanskje død i Alberta, Canada.
Ei tid budde Knud Simonsen Hole(2) (1843-1910), frå Hjørundfjorden, også her. Han hadde først flytta til Emblem og var første sjølveigaren på plassen Tryggeset, bnr. 6, under Nedregotten i 1870, men det enda med tvangsauksjon i 1884. Familien måtte derfor flytte til Flisholmen. Det vert fortalt at bygdefolket bidrog økonomisk, slik at dei kunne flytte attende med nytt bygselsbrev i handa 1890. Då gjekk det betre med dei. Sjå meir om Knud og resten av familien hans der. I hans tid eigde grosserer Carl E. Rønneberg eigde holmen. Den vart seld ut av Rønnebergslekta, til Ole Severin Larsen Madvig, for 1970 kroner i 1889.
1891 kom Lars Peter Olsen Matvik(1) (1849-1894), frå Sunnylven, til Flisholmen med 4 born og ei gravid kone. Ho heitte Eli Sølfestdotter Hauge(1) (1857-1931). Dei hadde gifta seg 1881, og budde tidlegare i Matvika, på Furneset, samt fleire andre stadar, før dei kom til Flisholmen. Dei budde i starten ute på sjølve holmen, men det vart for tungvint og skulevegen til borna var for farleg. Dei la derfor til eit utmarkstykke på Flisnes, og rydda seg ny plass ved «Olsvika». Tunet låg først litt lenger aust, under ein hammer. Det vart seinare flytta lenger vest og fekk gardsnamnet «Havnevik», og buksnummer 2, under Flisholmen. Lars arbeidde som steinarbeidar i tillegg til gardsdrifta. Han døydde av magekrampe første juledag, berre 50 år gamal. Før 1900 flytta enka Eli og borna frå garden. I 1900-teljinga er Eli registrert på husmannsplassen Åsenes, i Sunnylven, hos Ole Iver og Brit R. Åsenes, men arbeidde som «arbeiderske husgjerning» i Ålesund. Ho døydde 1931 på Hellesylt. 1900 fekk Flisholmen og Havnevika nye eigarar. Eldstesonen, Ole Severin Larsen Matvik, hadde arva bruket, men var enda ikkje myndig. Verge, Thore Hauge, selde då garden til 6044d Steffen Johannes Ellingsen (Emblem) Kvasnes (f.1845) og Hans Rasmus Rasmusson Solevågseide, for 2150 kroner. Dei nytta holmen som tilleggsjord og litt fisketørking. Havnevika på Flisnes vart i deira tid seld vidare og skylddelt til bnr. 2 i 1902. Kjøparen var naboen 1414/1135d Peter Andreas Ivers. Furholm, Eikenosvåg(3). I 1923 fekk Hans Rasmus Rasmusson Solevågseide skylddelt sin halvpart av Flisholmen til bruksnummer 3, under namnet «Indholm». Frå no av var matrikkelgarden Flisholm delt i tre ulike bruksnummer.
a) Ole Severin f.1882 arva Flisholmen, men vergen selde den 1900. Drog til Amerika 1904. Busett Alderwood Manor, Washington, iflg. mønstringskortet frå 1942. Usikkert om han overlevde krigen.
b) Marie 1883-1903 ugift tenestejente. Ved konfirmasjonen i 1898, busett på Åseneset. Foreldra var registrerte i Matvika. Døydde av tyfus i Ålesund.
c) Ingeborg Eline f.1886 1904 g.m. Peder Marius Helseth(3), Ålesund. Drog til Amerika. Registrert i Minneapolis ved dåpen til sonen Peder Johan i 1904. Ho skifte namn til Inga, og døydde mellom 1910 og 1930. Busett i Minnesota.
d) Sofie Kristine 1888-1985 1932 g.m. enkem. Ole Karl Nicolaisen Dybvik(9), gravlagd Langevåg. Var skuleelev i Ulsteinvik 1910, med ekstrahusholdning. Første «formann» i «Bjåstaddalen Meieri» 1916. Dreiv kafé i Ålesund 1932. Gravlagd i Langevåg.
e) Gustava Olivia Severine 1891-1972 1919 g.m. salmaker Ingvald Peder Endre Skuggen, busett Ålesund. Fosterdotter og ysterske på husmannspl. Hauge(2), hos Olaus Eliass. Øie og kona Ivrine i Sunnylven 1910. Gjekk i lære som syerske.
f) Thorvald 1893-1893 døydde truleg av bronkitt.
g) Lars Peder Torvald f.1895 busett på husmannsplassen Åsenes i Sunnylven 1900, medan mora arbeidde i Ålesund. Busett på Hauge(2) ved konfirmasjonen 1909. Gjetar på Blomberg 1910.
Flisholmen kom etter kvart over på andre hender. I 1913 kom Hans Magnus Hansson Aakernes (1884-1970) frå Midt-Åkerneset, og busette seg i Steffågarden, bnr. 2 på Kvasnes, Sula. I pante- registeret kan ein finne at Hans Magnus hadde kjøpt både Steffågarden, og halve Flisholmen, mot å gje kår til Steffen Johannes Ellingsen (Emblem) Kvasnes (f.1845). Steffen var medeigar på Flisholmen frå 1900, saman med Hans Rasmus Rasmusson Solevågseide. Hans gifta seg 1908 med Olivia Olsdotter Ljøen (1880-1916). Ho hadde spesialisert seg på å sy kvinneklede, før dei kom til Flisholmen. Ho døydde av blindtarmbetennelse. Hans gifta seg i 1917 opp att med Jensine (Sina) Johanne Lauritsdotter Aakernes (1890-1982), frå Reitehaugen. Sommaren 1924 vart det halde skylddelingsforretning, og grensa mellom dei to eigarane vart avklart. Hans sin del fortsette å vere bruksnummer 1, medan 1417 Ivar Solevågseide sin del fekk bruksnummer 3. Løa på holmen delte dei slik at Hans fekk den vestlege delen og Ivar den austlege. Det betyr nok at begge eigarane slo gras på holmen. Dei dreiv også med litt fisketørking. Det kan sjå ut som om laksevarpet allereie var lagt ned. Løa stod framleis i 1961. I 1971 fekk Jensine grunnbokshjemmel på halve Flisholmen, med bruksnummer 1. Ho gav eigedommen videre til borna etter ektemannen, og hans første kone, Olivia, det samme året. Dei fekk 1/4 av holmen som forskot på arv. Harald tok også over garden på Kvasnes. Holmen vart på deira tid eit populært friluftsområde.
a) Ingrid 1908-1986 1937 g.m. Olav Sigvald Ramnefjell, Nord-Vågsøy, busett Veibuststranda, Sula.
b) Pernille Emilie 1910-1998 ugift, gravlagd saman med foreldra.
c) Harald 1912-1986 1936 g.m. Margit Vegsund frå Vegsundet. Tok over garden på Kvasnes.
d) Ola 1915-1994 1950 g.m. Ingrid Ødegård, busett på Blindheim.