Bnr: 4 NYGJERDET
Delt frå bnr. 3 Tykjegarden og bnr. 5 Pe-garden
Plassemann Lars Samuelsen Storstein(3) (1836-1927) kom frå Sunnylven i 1866, med Ane Haagensotter Frøysa (1826-1922), frå Sunnylven. Dei hadde gifta seg i 1863. Frå før av hadde Lars sonen Nils med Petrine Nilsdotter Par(4) (1828-1905), frå Sunnylven, men dei gifta seg ikkje. I 1865 var Petrine tenar på Lundaneset og døydde hos sonen sin på Viset i Ørskog. Det var lite startkapital å oppdrive, når Lars og Ane kom til bygda. Dei hadde kjøpt ei gamal stove inne i fjordane, og hadde berre 20 speciedaler å rutte med. Dei måtte derfor selge den eine napparya si, for å finansiere frakta av hustømmeret. Det vert fortalt at det var Ane som bar tømmeret opp frå sjøen, medan Lars sette det heile saman om natta, når han var ferdig med å arbeide for andre. Ane fekk hjelp av ungdommar i bygda, som tok med seg hest for å hjelpe henne. Kanskje var det søstera til Lars, og ektemannen Ole, på Rognereiten like ved, som hadde fått tak i arbeidsfolk. Dei kom til Røssevollen som husmenn i 1859, og hadde nok både vener og bekjente i bygda. Den årlege avgifta på plassen var ein speciedaler, fire arbeidsdagar til Ole Røssevold og 60 skilling, samt to arbeidsdager til Peder Røssevold. Dei hadde nemleg klart å skrape seg saman ein husmannsplass ved å leige eit stykke frå både Tykjegarden og Pe-garden. Dette var dugelege arbeidsfolk som det stod respekt av. Lars var snikkar på dagtid, og så slo dei gras langt innover Emblemsfjellet om natta, for å makte å fø på dyra sine.
a) Nils 1857-1942 1891 g.m. Inger Tomasine Larsd. Hjellereit(1). Han var Lars sin son, og dei vart nemnd som inderst på Viset, Ørskog 1900.
b) Hans Petter 1865-1947 1892 g.m. Ingeborg Marie Britanusd. frå Ytre Ekroll på Skodje. Han kjøpte nabobruket Tykjegarden. Sjå meir om han der.
c) Samuel f.1868 drog til USA 1892. Heime i Ålesund 1945, for å kreve arva etter kona si som var «inne frå fjordane».
d) Johan Peter f.1873 1897 g.m. 550f Lisa Petrine Olivie Nedregotten(4). Drog til Amerika. Ho kalla seg Alice i Minnesota.
Bornebornet Laurits Andreas Johansen Røssevold(4) (1890-1942) er son til Johan Peter Røssevold frå nabobruket Nygjerdet. Han vart fødd på Roald på Vigra. Foreldra emigrerte til Amerika i 1893, medan Laurits vart att som pleieson hos besteforeldra sine og tok over garden. Han gifta seg 1919 med Gyda Josefine Antonsd. Hegg (1893-1980) frå Kristiansund. Dei kjøpte Rognereiten saman med Nygjerdet, Røssevoll(4) 1917, men selde vidare i 1920. Han flytte til Ålesund og er nemnd i Molovegen 9 frå 1921 til 1926, og i Ringgata 18 i 1928.
a) Lars Arne 1920-2008 g.m. Aase Hegg, gravlagd Nedre Gravlund, Ålesund. Han var krigsfange i Marokko under andre verdskrigen.
b) Arnold Charles 1921-1977 1946 g.m. Gunvor Valle, busett i Ålesund.
c) Marion Bertine 1923-2013 1) 1944 g.m. Charles Hilmar Heltne.
2) 1949 g.m Anders Stavland Bremsnes, busett Sunhordaland.
d) Liv Gunvor 1926-2001 1948 g.m. Ingvald J. Ormberg, busett Bergen.
e) Annbjørg f.1928 1949 g.m. Trygve Hansen, busett Ålesund.
f) Johan Syver 1930-2010 busett Haram.
Fredrik Andreas Larsson Emblem(1) (1863-1938) frå Negarden, Emblem(1), kjøpte Nygjerdet som tilleggsjord i 1920. Sjå meir om han under Negarden(1), på Emblem.
Iver Britanus Peterson Mauseidvåg(1) (1871-1954) gifta seg 1912, med strikkerske Severine Marthe Gurine Petersdotter Sunde(7) (1878-1933). Dei dreiv bruket frå 1923, til dei selde i 1943. Han flytte til dottera, Borgny i Innvika.
a) Peder 1906-1994 1935 g.m. Lovise, busett i Langevåg.
b) Ole 1912-1961 1934 g.m. Inga, busett Trandal. Drukna ved ei kai i Ålesund.
c) Borgny Olava 1914-1989 1944 g.m. Johan Gunder Innvik, busett i Innvika på Skodje.
d) Paul Olav f.1916 ca.1946 g.m. Irene, busett Coatbridge, Skottland frå 1948.
e) Mathias Elias 1918-1938 var ugift.
f) Solveig Inga 1919-2008 1947 g.m Knut Julius Johansen Alnes, busett på Godøya.
g) Anna Olga Margit f.1923 1944 g.m. Karl Helgeland, busett Helgeland v/ Svarstad.
Harald Henrikson Bjørkavåg(8) (1904-1991) kjøpte bruket 1944, og flytta med familien frå «Aksla- buda» på Korshaugen. Han gifta seg med 6013m Severine Fredriksdotter Emblem(1) (1906-1995) frå Negarden. Ho var dotter til 6012a/ 860 Fredrik, som eigde bruket tidlegare. I 1965 selde dei bruket og flytta ned på Langhaugen, bak «Laader Berg» fabrikken.
a) Harry Jon 1927-2017 1953 g.m. Marie Svanhild Nilsd. Bakke, Sogn og Fjordane. Busett i eige hus, Akslen(33).
b) Olga (Mosse) Kaspara 1929-2003 1947 g.m. Arne Johan Bjørkavoll, Eikenosøydegard(4), busett Eikenosvågen.
c) Lovise Maria (Molla) f.1931 1953 g.m. Kaspar Skytterholm, busett Veibust(32).
d) Anton Hans 1934-2010 1961 g.m. Ruth Olsen, busett på Emblem.
e) Margrethe f.1942 1962 g.m. Oddbjørn Rasmussen Dahl, fødd Opplenskedal(1) i Geiranger.
f) Svein Harald 1943-2016 1) g.m. Eli Ramstad
2) g.m. Liudmila Kirilova, busett Flisnes.
Bruket vart kjøpt i 1965, av byggmester Asbjørn Westre (f.1941). Han er busett i Hatlane. Huset og løa er i dag vekke og erstatta av stall. Asbjørn er framleis grunneigar på bruket.