Gnr. 2 Akslagjerdet
Delt frå bnr. 1 Øvste-Aksla
Trykk på denne teksten for å finne bruket på kartet
Lars Petter Larsson Frøysa(8) (1824-1889), frå Endrebruket i Sunnylven, kom hit 1855 og fekk delt frå ein husmannsplass under Øvste-Aksla, Akslen(1). Han gifta seg 1854 med Regine Berntsdotter Midtgård (1825-1903) frå Oaldsbygda, og livnærte seg som smed og småbrukar. Akslagjerdet ligg lengst aust på den gamle innmarka til hovedbruket, med grense mot heimeutmarka til Aksla og Magerholm. Brennhaugen, (Akslen(3+5), var også rydda og delt frå Øvste-Aksla. Opphavleg var der eit beitefelleskap nede i bygda mellom Aksla og Magerholm. Det tok slutt når begge gardane oppretta nye husmannsplassar i samme område, frå 1850-åra. At Lars Petter fekk eit stykke i 1855, som dels var innmark, er ikkje så vanleg. Han fekk festebrev i 1856, med årsavgift på en speciedaler, ein arbeidsdag på hovudbruket om våren, 4 arbeidsdagar i slåtten og den 6. arbeidsdagen på hausten. Lars og Regine fekk rett til å hogge seg nok tømmer til å sette opp løe og fjøs. Eigaren transporterte i tillegg tømmeret, mot å få eigedomsretten. Resten av husa eigde Lars og Regine sjølve. Det var ei gammal påbygd røykstove og ei smie. Røykstova vart nok kjøpt ein stad, og sett opp her, men kvar den kom frå er usikkert. Truleg vart den kjøpt litt lenger inne i Storfjorden, slik fleire av dei andre nye husmennene på Emblem gjorde. I 1868 hadde dei 7 mål dyrka jord, 16 mål natureng, fødde 2 kyr og 6 sauer, avla 2 tønner bygg, 6 tønner havre og 5 tønner med potet.
I tidsrommet 1866 til 1881, var Akslagjerdet slått saman med «Indre Brennhaug», før den tidlegare husmannsplassen vart sjølvstendig bruk att. Garden fekk ei revidert skyld på 49 øre i 1890. Lars var plassemann heilt til han døydde av magesår i 1889. Han hadde mykje slekt på Emblem. Ein finn brødrene 465 Rasmus i Steinsgarden, Østrem(4), og 153 Lars Martinus i Magerholmvika. I tillegg kom 108 Lars, på Magerholm, 531 Laurenze på Skaret, Nedregotten(1) og 541 Margrethe i Guttorm- garden, Nedregotten(2), som også kom frå Endrebruket, men var søsken til Lars sin bestefar.
a) Lars 1854-1933 1883 g.m. Anne Marie Petrine Paulsd.Veddegjerde(6), brukar Lauritsgarden, Vegsund(4). Vart fødd i Sunnylven.
b) Ole Martinus 1857-1944 1885 g.m. Karen Marie Petersd. Giskemo(pl.) i Ørskog kyrkje, brukar Sjøholt(35). Bakarlærling hos Ole Ols. Emblem i Ålesund 1875. Starta opp eige bakeri på Sjøholt og kalla seg bakar «M. Larsen». Huset med bakeri vart reve i 1989.
c) Bernt Severin 1860-1921 1892 g.m. Johanne Petrine Bergitte Olsd. Lid(4) i Ørskog kyrkje. Bakarlærling hos Ole Ols. Emblem i Ålesund 1875. Var også bakar og bygde seg hus rett ved bror sin, Ole, på Sjøholt. Fekk sonen Lars Peter Johan, som døydde av tuberkulose 1927.
d) Hans Gabriel 1862-1949 tok over bruket.
e) Lovise Johanne («Øyra-Lovise») 1865-1952 1891 g.m. Nils Peter Martinus Andreasen Apalset(14) i Ørskog kyrkje, brukar Sjøholt(6).
f) Ingeborg Marie 1867-1867 døydde 11 veker gamal.
Sonen Hans Gabriel Larsson Akslen(2) (1862-1949) fekk skøyte på plassebruket for 800 kroner i 1889, og vart sjølveigar. Det same året gifta han seg med Inger Tobiasdotter Hove (1862-1925), frå Seljebotn. Hans bygde husa på plassen, som framleis står der. I 1934 delte han frå parsellen «Minde», med bruksnummer 6. I tillegg eigde han ei hustomt på Magerholm. Det var parsellen «Kveldly», bnr. 8. 1930-talet var ei vanskeleg tid for mange, og Hans var ikkje noko unntak. I 1934 vart derfor Akslagjerdet seld til «Ålesund Handels og Kontorfunksjonærers feriehjem» for 10 000 kroner. Sonen, Thomas, kjøpte attende Kveldly for far sin, slik at han kunne flytte dit, til Magerholm i 1936. Hans sette seg opp hus med hjelp frå sonen, Lars. Hans heldt kontakt med søskena sine på Sjøholt. Det vert fortalt at han gjekk inn dit på besøk ei rekkje gonger, men fekk ikkje oppleve at bilvegen frå Magerholm til Valle vart klar til bruk. Han gjekk derfor Hessebergfolket si kyrkjerås, over fjellet til Glomset, for å kome seg dit. Inger døydde i 1925 av tæring og hjertefeil. Sjå også teksten om Minde, Akslen(6), lenger bak i denne boka.
a) Lars Thomas 1890-1890 døydde i første leveår.
b) Lovise Johanne Ingeborg 1891-1921 ugift. Fekk dottera Lina Marie Akslen med Sivert Magnus Olaus Knuts. Rekdal(8) i 1914. Lovise døydde av tuberkulose.
c) Lars Thomas 1893-1983 1) 1918 g.m. 6086d Laura Olsd. Emblem(9) frå Auregarden, brukar Myrane, Emblem(13). 2) 1932 g.m. Karen Petra Petersd. Skorpen Bringsvord(7), Sande. Brukar på Gjerdet, Østremsreit(3). Var mellom anna kaptein på skuta «Skarbak».
d) Thomas Gustav 1895-1966 1939 g.m. Hjørdis Amanda Jakobsd. Akslen (1909- 1994), Østremsreit(2). Kjøpte Minde og Kveldly, og busette seg på «Minde», Akslen(6). Gav Kveldly attende til faren.
e) Ragna Marie 1898-1992 1925 g.m. Peder Nilsen Strømmen(12), brukar Indre Berg(8), Skodje. Tenar hos 168 på Pe-haugen, Magerholm(3) 1910.
f) Hans Ingvald 1899-1930 ugift sjømann. Døydde av tæring på Kringsjå Sanatorium i Ålesund.
g) Elise 1903-1922 ugift. Døydde av tuberkulose.
Kristian Thorvald Leira(7) (1904-1990), frå Hjørundfjorden, gifta seg 1933 med Thora Børstad (1910-1998) frå Sør Odalen. Han kjøpte småbruket når det vart avvikla som ferieheim i 1938. Kristian dreiv frilandsgartneri og dyrka planter, blomar frukt og grønsaker. Vinterstida var han anten på fiske, eller på arbeid i «Rieberbuda» i Ålesund. 1973 vart bruket ført over til døtrene.
a) Rigmor Inge f.1934 tok over halve bruket, busett Oslo.
b) Karin f.1946 tok over halve bruket.
(halvparten)
Dottera Karin Torhild Leira, Akslen(2) (f.1946) gifta seg med Tor Solvang (f.1949). Dei bygde nytt hus like ved tunet. Karin tok over halve bruket, og halve hovudhuset, saman med søstera, Rigmor Inge i 1975. Det meste av bruket er no lagt ut til byggefelt.
a) Siw Solvang f.1968 busett ved tunet.
b) Arild Solvang f.1980 2014 g.m. Katrina Guina Cosme, busett Nørve, Ålesund.
halvparten)
Rigmor Inge Reitan, Akslen(2) (f.1934) er busett i Oslo. Ho tok over halve bruket, og halve hovedhuset, saman med søstera Karin Torhild. Det meste av bruket er no lagt ut til byggefelt.