
Gnr. 10 Hatlehol
Delt frå Eikenosa og Eikenosøydegard
Garden ligg mellom Eikenosvågen og Eikenosa. Namnet har nok sitt opphav frå hatleskogen, som det er mykje av i Emblemsbygda. Lenger aust finn ein også gardsnamnet «Hatlebakken». Den andre delen av Hatlehol-namnet kan tyde «rund høgde» eller «haug». Det høver godt sidan garden ligg på eit høgdedrag, og har hatt utsikt mot Flisfjorden, Vegsundet og vidare utover Storfjorden.
Hatlehol består opphaveleg av to husmannsplassar som er delt frå kvar sin gard. Det inste bruket, bnr. 1 «Hatlehol Indre», er delt frå gnr. 9 Eikenosa, medan bnr. 2 «Hatlehol Ytre» stammar frå gnr. 12 Øygarden, eller «Eikenos- øygarden» ved Puskhola. Dei to plassane har verken hatt felles utmark, eller felles tun- og teigblanding. Den inste garden har hatt utmarksrett saman med Eikenosa, medan den yste har hatt utmarksrett saman med Eikenosøygarden. Truleg har ingen av Hatleholbruka vore del av eit samla bruk under Eikenosa i eldre tid, for Eikenosa og Eikenos- øygarden er omtrent like gamle. Ein veit derimot, med rimeleg sikkerheit, at matrikkelgarden Emblem kan ha vore «urbruket» i bygda, og at Emblemsbygda soleis har vore samla som ein større gard i svært gamal tid. Då Emblemsbygda fellesutmark vart utskifta i 1890-åra fekk ikkje Hatlehol Indre og Hatlehol Ytre eigne utmarksområde, men det skulle gå få år før dei likevel fekk sine eigne avgrensa utmarkstykke under bruksnummer 10 i 1912.
Garden hadde truleg inga seter før 920 Iver «Kjøt Iver» Furseth oppretta Eikenossetra i 1900, ved Skjelbruvatnet. Dette vatnet vert i dag feilaktig kalla «Røssevollsvatnet» på offentlege kart. Brukarane på Hatleholen har benytta bøar og heimeutmark til sommarbeite, men desse områda var i mange år mindre god myr. Nærliggande stader som Puskeset og Ramsvika, ber óg bod om at dyra måtte gjetast, for ikkje å ete vekstar som skjemde ut smaken på mjølka. Brukarane på Hatlehol har naustrett nede i Eikenosvågen. Staden vert også kalla «Vågane» lokalt.
Ein finn først omtale av drifta her i 1868. Hatlehol vart då rekna som ein lettdreven gard, men med fare for tørke. Bruka kunne hente litt furu i skogsteigane til Eikenosøygarden og Eikenosa for å stelle husa sine. Bruka vart skyld- delte først i 1918, og vart først registrerte som eigen matrikkelgard med bruksnummer 10 i 1890.
På Hatlehol vart det kring 1900 etablert småskalaproduksjon i form av skreddarverksemder. Frå gamle dagar var skomakeryrket den vanligste attåtnæringa på landjorda for husmenn. No vart også heimestrikk og konfeksjon noko som let seg gjere, utan alt for høge kostnadar ved oppstart. 248 Mauritz Akslen (1911-2008) fortalde at det i hans barndom var vanleg å levere frå seg karda ull, og leige andre i bygda til å strikke og sy det meste av kleda ein trongde. Der var også nokre som hadde eiga strikkemaskin. På denne tida endra gardsdrifta seg for alvor, frå sjølvberging til pengehushaldning i Emblemsbygda. Ein kunne tene pengar på fiske, tørke fisk for andre, og levere mjølk til meieriet. Det er interessant å merke seg at ein også på Vatne finn gardsnamnet Hatlehol, og at namnet ofte har samanheng med nettopp skreddarverksemd, men der vart næringa mykje større og meir livskraftig enn i Emblemsbygda. Den første kjende skreddarmeisteren på Hatleholen kom også frå Vatne. Nokre tiår seinare kom 865 Reidar Arthur Krogsæter, frå dei samme traktene, og starta skreddarverksemd, først på Aksla, og så heime på garden Voll, oppe på Røssevollen. I motsetnad til bygder som Vatne, Fiksdalen og Isfjorden, vart det aldri nokon stor konfeksjonsindustri i Emblems- bygda, men fleire i bygda har også i seinare tid hatt arbeid i konfeksjonsindustrien på mellom anna «FIX konfeksjon» og «Møre Tekstil» nærare Ålesund. Ein kan merke seg at ein på Emblem har tatt del i den samme gründerand, og ein har starta verkstadar, båtbygging, møbelfabrikkar og eksporthandel, som i så mange andre bygder på Sunnmøre. Men det vart ikkje i eit like stort omfang som for eksempel i nabobygdene Blindheim, Langevåg eller Sykkylven.
Den første skulen i Emblemsbygda vart bygd på Hatlehol sin grunn i 1890. Dette var 13 år før Emblem skulekrets, lenger inne i bygda, fekk sitt skulehus. I folketeljinga frå 1891 vart dermed Hatlehol eigen teljeskrets mellom Emblem og Spjelkavik. Frå 1836 hadde Hatlehol og Emblem vore dei to skulekretsane under «Flisnes skuledistrikt», og dei hadde i eldre tid delt på omgongsskulelæraren. I 1961 vart ein ny skule bygd oppe ved hovudvegen, nærare Puskhola. Det var den siste offentlege barneskulen på Hatlehol. Den neste skulen vart nemleg sett opp ved dei nye byggefelta lenger aust, på Flisnes, i 1984. Skulenamnet Hatlehol gjekk dermed ut av tida. Skulebygget vart etter kvart tatt i bruk som legesenter for indre bydel. Rett ved stod den kristelege folkehøgskulen, som hadde vorte flytta inn frå Nørve i 1971. Den skifta namn til Borgund folkehøgskule, men vart helst kalla «Borg» på folkemunne, og heiter no «Ålesund folkehøgskole». I 1996 vart det etablert ein kristeleg ungdomsskule i dei samme lokala, men elevtalet vaks raskt, så skulen flytta til bygget som tidlegare hadde husa Hatlehol skule. Legesenteret hadde då fått seg nye lokale på Blindheim. Skulen vart pussa opp og utvida med nybygg for hundre elevar, under namnet «Møre Ungdomsskule». Frå 2020 er det planar om å etablere ein barneskule også. Skuledrifta på Hatlehol har i alle desse åra gjeve arbeid til fleire i nabolaget, og den har også påverka utbygginga av området, frå gardsdrift til byggefelt med einebustadar. For nokre tiår attende var det nemleg vanleg å utlyse lærarstillingar med tilbod om gratis bustad eller hybel. I tillegg vart det meir vanleg etter krigen å dele frå tomter til søsken, når den eine tok over garden. Soleis har fleire som bur i byggefelta på Hatlehol og Flisnes tilknytting til gardane der. Skillet mellom kva som ein gong var bruka i Eikenosvågen, Ramsvika, eller Hatleholen Indre og Ytre, er ikkje lenger like lette å sjå.
EIGARANE
Hatlehol Indre låg under Eikenosa fram til 1854, og vart kjøpt og seld saman med denne garden heilt fram til det året. 111 Halvor Pederson Fortun på Magerholm selde då Hatlehol Indre til Halvor Pederson Flesjesund for 100 speciedalar. Hatlehol Ytre fortsette å vere del av dei to bruka på Eikenosøygarden fram til 1882. Då fekk Rasmus Rasmussen kjøpe ut den eine halvdelen av bruket sitt. Den andre delen fekk han ikkje kjøpe, så det var først sonen 1021 Rasmus Andreas Rasmusson Hatlehol(2) som vart sjølveigar på bruk 2 i 1930. Du kan lese meir om brukarane under kvart bruk.