Bnr. 6 Tryggeset
Delt frå bnr. 5 Steffågaren
Trykk her for å finne kvar tunet låg på kartet
Matros og skulehaldar Ingebrigt Hansen Flisnes(1) (dp.1774-1835) fekk feste på plassen i 1820-åra. Den var då urydda utmark, fordelt på 3 markastykker, der det eine var myr. Han fekk utmarsretten mot ei avgift på 1 speciedaler og 2 arbeidsdagar i året. Ingebrigt hadde tidlegare vore brukar 742 i Emblemsvågen, på Vågaplassen bnr.7 frå 1806 til 1809, og på Furholmen, Eikenosvåg(3) frå 1809 til 1822. Han vart gift 1807 med Birthe Thoresdotter Nøre-Vartdal(7) (1768-1814), som døydde på Furholmen. 1815 gifta han seg opp att med Gjertrud Larsdotter Øyra(Y) (1776- 1834), frå Hjørundfjord. Plassen vart liggande aude igjen etter dei.
a) Son 1809-1809 dødfødd, Plassevågen, Emblemsvåg(7).
b) Gurri Birgitte dp.1816-1890 1849 g.m. Bærnt Severin Sørens. Giske. Ho var husmannskone på Giskegjerde.
c) Dotter 1818-1818 dødfødd på Furholmen. Det kan verke som om det ikkje var brukarar på plassen frå 1835 til 1866. Kanskje var den midlertidig nedlagt.
Johanne Jonsdotter Tryggeset(2) (1817-1873), frå Hjørundfjord, kom til plassen via Kristiansplassen, som ho hadde dreve på Eikenosa i tidsrommet 1850 til 1866. I 1864 gifte ho seg med Christoffer Britanus Rasmus Pederson Vegsundrabb(2) (f.1847). Frå 1866 til omtrent 1870 bygsla, og dreiv dei, Tryggeset. Plassen fekk nok namn etter heimgarden til Johanne. Det vart ei kortvarig bygsels- kontrakt. Johanne og Kristian flytta attende til Eikenosa, og dreiv der til 1873. Ekteskapet skranta ei tid, før dei vart skilt i 1872. Det vart truleg ikkje så lett ekteskap, med 30 års aldersforskjell. Johanne og Kristoffer fekk ingen born i lag, og det vart ikkje bedre av at han fekk ei dotter utanfor ekteskapet. Sjå meir om dei som brukar på Kristenplassen på Eikenosa.
a) Karoline Marie 1871-1871 Kristoffer si dotter med pige Else Christensd. Rusten, døypt i Lom, og tenar i Ålesund 1865. Ho var busett på Buholmstranda, Ålesund. Dette var neppe positivt for ekteskapet til Kristoffer og Johanne.
Det vart ikkje noko langvarig husmannskontrakt på nestemann heller. Hans Rasmus Olson Skageflå (1836-1915), og Inger Marthe Hansdotter Horvedrag(3) (f.1832), frå Midtgarden på Horvedrag i Geiranger, gifta seg 1867 og dreiv først Skageflå frå ca.1867 til 1869, før dei 1870 etablerte seg på Tryggeset. Allereie 1872 vart dei brukarar på Hole i Geiranger i staden. Hans døydde der. Det er enno ikkje funne nokon husmannskontrakt på Nedregotten etter dei.
a) Karl Johan 1861-1899? 1888 g.m. Anne Sofie Knudsen, busett som fiskar i Ålesund. Ho nemnd som enke, med hjelp frå Titranfondet i 1900-teljinga. Han er Inger sin son med Andreas Karls. Horvadrag
b) Oline Marta 1867-1918 1894 g.m. «grubeminerer» Elias Elefsen, fødd Skiaker i Skjåk. Budde på Folldals Verk 1910. Ho døydde av Lungebetennelse.
c) Johan Christian Lauritz 1870-1953 1891 g.m. Lovise Marta Toresd. Holebakk(3). Flytte 1893 frå Geiranger til Ålesund. Fekk husmannsplass under farsbruket Hole i Geiranger. Lovise og dei 4 yngste, av 5 born, omkom 1907 i ei snøfonn i Geiranger. Kristian er gravlagd i Borgund.
d) Pernille 1874-1874 døydde på Møll 6 dagar gamal.
e) Pernille Olivia 1875-1948 g.m. Peder J. Haanæs, Røros. Han arbeidde ved Røros smeltehytte 1910. Ho døydde på Meldal gamleheim
Knud Simonsen Hole(2) (1843-1910), frå Hjørundfjord, var den første sjølveigaren på plassen 1870. Han gifta seg same året med Mali Steffensdotter Mo(3) (1838-1934), frå Hjørundfjorden. Kjøpet enda med tvangsauksjon i 1884, og familien måtte flytte derifrå til Flisholmen. Det vert fortalt at bygdefolket bidrog økonomisk, slik at dei kunne flytte attende, med nytt bygselsbrev i handa 1890.
a) Simon Olaus 1870-1893 drukna i Giskesundet 23 år gamal.
b) Lisa Petrine Olivie 1872-1944 nemnd som ugift og heime 1910. Det første giftermålet er enno ikkje kjend, men ho gifte seg om att 1921, med enkemann Peder Johan Monsen, frå Buholmstranda, brukar «Monsplassen» Breivik, Åse(11). Ho kalla seg Lisa Breivik.
c) Steffen Kornelius 1875-1955 tok over bruket.
d) Severin Laurits 1875-1883 registrert som busett på Nordstrand i Borgund. Det er mest truleg Nordstranda på Valderøya.
e) Petrine Laura Gustava 1877-1959 1903 g.m. handelsmann Enok Endresen, busett i Bergen 1910. Kalla seg Laura, og var «Syvende dags adventist».
f) Karoline Marie Jensine 1879-1892 ugift. Døydde av tæring.
g) Anna Olivie Birgitte 1883-1964 1905 g.m. Petter Elias, Peders. Fagerlid, Ørskog(9), brukar Ørskog(8).
Sonen Steffen Kornelius Knutson Nedregotten(6) (1875-1955) kjøpte att plassen til sjølveige 1907. Året i forvegen hadde han gifta seg med Lisa Johanne Karlsdotter Valbø(1) (1884-1971) frå Ørskog. Steffen var ein dugande bygningsmann, og ein ivrig foreiningsmann. Det var særleg avholdslosjearbeidet og Tuberkuloseforeninga på Emblem, som han var mest opptatt av. Her var han leiar i mange år, og ein populær talar. I tillegg var han med i herradstyret i Borgund.
a) Sigvald Karl Bernhard 1907-1982 1934 g.m. Hildegard P. Zepke i Almeda California, busett i San Fransico. Sagbruksarbeidar 1924 hos morbroren Peter Jørgen Bastian Karls. Valbø(1) i Bay Point, California.
b) Knut Martin 1909-1991 tok over bruket.
c) Ella Ingeborg Signe f.1912-2002 1946 g.m. bokhaldar Ivar Haraldsen, busett Oslo.
d) Lina Signe 1914-2010 1939 g.m. Kåre Rogne, busett på Longva.
e) Margit Elida 1916-2005 1947 g.m. Arnt Tinholt, gravlagd på Ullern i Oslo.
f) Karl Johan 1919-1995 1944 g.m. Asbjørg Margit Hundeide, butikkarb. S-laget i bygda. Bygde hus på bruket.
g) Sverre Peder 1926-2009 1961 g.m. Randi frå Støren, busett Trondheim.
Sonen Knut Martin Nedregotten(6) (1909-1991) gifta seg 1946, med Esther Ovidia Alnes(5) (1916- 2002). Han var snikkar, slik som far sin, og med i byggjelaget P & K Nedregotten, saman med Per Nedregotten frå Steffagaren. Etter kvart bygde dei også eit stort trelastlager ved Gasseneset, inne på Magerholm. Det låg der som dagens oppstillingsplass til fergekaia ligg, i våre dager. Per tok seg av drifta av trelastlageret, medan kompisen Knut tok ansvar for byggjelaget.
a) Svein Leidulf 1947-2023 tok over bruket.
b) Leif Ove f.1950 1981 g.m. Radojka Vuckovic, bygde hus på bruket.
c) Eli Karin f.1951 1973 g.m. tidlegare bysekretær i Ålesund, Tore Hals. Bygde eige hus på bruket.
Sonen Svein Leidulf Nedregotten(6) (1947-2023) busett i nyare hus, rett vest for tunet. Tidl. g.m. Oddbjørg Berild (f.1954), frå Innfjorden. Svein jobba med snikring og byggprosjekt mykje av livet. Ein finn han først omtala i avisene for byggjelaget til P&K Nedregotten, som faren dreiv. Når det vart nedgangstid i byggebransjen på 1980-talet, vart han med på nytt foretak, når snikkarverksemda til P & K Nedregotten vart lagt ned. På starten av 2000-talet er han nemnd i handelskalenderen som dagleg leiar for Triangelbygg Eiendom a/s. Bedrifta vart stifta i 1986.
I dei seinare åra er løa, og det eldste huset på garden reve.,og markane nær tunet er bygd ut til bustadfelt.
a) Luz Marina f.1977 sambuar med Ronny Furset Larsen, busett på bruket, der det eldste gardshuset stod tidlegare.
b) Stefen Mauricio f.1985 sambuar med Anita Borchgrevink, busett i Oslo.
Garden vart i 2023 overdrege til borna, Luz Marina og Stefen Mauricio Nedregotten Dei er dagens grunneigara.