Bnr. 3 Abrahamsgarden

 

Trykk på denne teksten for å finne garden på kartet

 

 

Abrahamsgarden og Steinsgarden som eit samla bruk, delt frå bnr. 2 Larsgarden

 

I løpet av 1606 vart Østrem delt i tre bruk. Det var Mattisgarden, Larsgarden, og Abrahamsgarden/ Steinsgarden som eit tredje bruk. På den tida var desse tre gardane like store. Enka etter Eiulf i Larsgarden, gifta seg opp att med ein Rasmus Oleson, som var nemnd som husmann på Østrem i 1609. Han var truleg sonen til Ole Østrem(2) i Larsgarden, medan ein annan husmann, som heitte Ole, tok over det som seinare skulle verte Larsgarden. Det er usikkert kvar husmannsplassen kan ha lagt. Rasmus tok over Abrahamsgarden/ Steinsgarden 1614, og dreiv bruket fram til om lag 1630.

 

Arne Anderson? (f.ca.1600) Kan ha vore bror til Rasmus før han. Arne vart skattlagd for hest, 9 kyr og ukse i 1658. Han gjorde det med andre ord godt, og hadde då drive gardparen frå om lag 1630.

a) Ole ca.1665-1733  tok over det som skulle verte Steinsgarden.

b) Hans  vart brukar i Abrahamsgarden, Østrem(3), før 1754.

 

Sonen Ole Arneson Østrem(3+4) (ca.1665-1733), skal ha vore gift med Marte Pedersdotter Blakstad(2), ifølge Sykkylvsboka, men ho er ikkje registrert død i Borgund. Ole vart første brukaren i Steinsgarden. Søstera til Marte, Alet Pedersdotter Blakstad(2), vart gift tre gongar. Den siste var med Michael Olson Straume(2), som kan vere bror til  Steen Olson Straume, seinare brukar i Steinsgarden. Sjå meir der. Bruk 3+4 vart delt opp i to gardar 1712, når Ole var brukar. Han sat att med Steinsgarden.

Kun bnr.. 3  ABRAHAMSGARDEN etter frådelinga av Steinsgarden

 

Hans Arneson Østrem(3+4) var brukar i Abrahamsgarden frå 1754. Dei var to brør, der Ole først fekk overta heile bruket. Han delte frå halvparten til bror sin, Hans. Sjølv fortsette Ole å drive den gardparten som vart Steinsgarden, Østrem(4).

a) Anders ca.1680-1754 tok over bruket.

 

Sonen Anders Hansson Østrem(3+4) (ca.1680-1754) gifta seg ikring 1705, med Anne Nilsdotter, men ikkje i Borgund prestegjeld. Han bygsla garden 1712.

a) Siri ca.1705-1774   1) 1743 g.m. enkem. Amund Knuds. Veibuststrand, brukar Veibust(Røysa).

                                      2) 1755 g.m. enkem. Ole Knuts. Hatlehol(3), brukar 1014 Ytre Hatlehol, Hatlehol(3).

b) Jørgen  ca.1708-1756  tok over garden.

c) Ole  1712-1786  1) 1744 g.m. enke Anne Knudsd. Nørvehaug.

                                 2) 1763 g.m. Margrethe Andersd. Wiige, brukar Kjørsundholmen, Tørlen(2). Døydde som lægdslem.

d) Elli  1715-1754  1753 g.m. Hans Einersen Store Kalvøy(1), brukar Skutvika, Hamnsund(2). Døydde i barselseng.

e) Hans  1718-1747?   Han kan ha vore brukar på Gåsholm når han døydde.

f) Ane  1721-1785  Fekk dødfødd gut med Henrik Henriksen Oksebås 1755. Begge to var tenara i Hamnsund. Truleg hos søstra Elli.

g) Anders  dp.1723  Ikkje nemnd i arveskiftet 1755.

h) Ole  1726-1781   1756 g.m. enke Siri Knutsd. Hanken(6). Ho sat att med Steinsgarden, Østrem(4). Etter kvart bruker på Blomvik(1).

 

Sonen Jørgen Anderson Østrem(3) (ca.1708-1756) gifta seg 1738, med Brite Jonsdotter Emblem(11) (1712-1749) frå Sjursgarden. Ho døydde i barselseng. Han gifta seg på nytt i 1751, med Brite Kolbeinsdotter Nørvasund (1707-1779), som døydde som enke og legdslem på Østrem. Dei dreiv bruket til han døydde 1756. I skiftet etter Jørgen er det nemnd hest, 4 kyr, 4 sauer, 4 geiter og gris. Han eigde sel, stabbur og kvern, som han hadde sett opp sjølv. Dei andre husa var det jordeigaren som åtte. Ho gifta seg opp att med neste brukar.

a) Joen  1738-1784  ugift dreng, Østrem.

b) Ane  1740-1779

c) Anne dp.1742-1743  døydde 18 veker gamal.

d) Anne  dp.1744  ikkje nemnd i arveskiftet 1750.

e) Hans  1745-1745  døydde 1 månad. gamal.

f) Hans  dp.1746  1768 g.m. Ragnille Olsd. Hatlen(1+2), brukar Hatlen Indre(1). Sist registrert som far i 1775.

g) Steen  dp.1749-1750  tvilling. Døydde 13 veker gamal.

h) Anders  dp.1749-1750  tvilling. Døydde 13 veker gamal.

 

Enka, Brite Kolbeinsdotter Nørvasund (1707-1779) gifta seg 1758, med Ole Pederson Lyshol frå Sykkylven og dreiv bruket frå 1759 til 1763. Han døydde truleg i tidsrommet 1763 til 1779. Dei fekk ikkje born i lag.

 

Ole Olsson Melset(1) (1736-1765), frå Ørskog, tok over bygselskontrakta 1763. Han gifta seg i Norddal 1764, med Christi Madsdotter Halstad(141c) (1728-1802). Ekteskapet varte berre i 7 månadar, før Ole døydde, men dei rakk å få sonen Ole saman. Christi var nemleg to månader på veg ved bryllupet. Skiftet etter Ole var på 81 riksdaler, med gjeld på 43. Han hadde hest, 3 kyr, geit, 2 sauer, kvern og børse. Christi kan ha hatt god grunn til å flytte frå heimbygda. I 1757 vart ho innført som «synder» i kyrkjeboka, «For begangen forseelse mod 6. bud», nå ho fekk ei dotter utan å vere gift først.

a) Margrethe  f.1757  faren var Elling Knuds Hoel(112e), Norddal.

b) Ole 1765-1804   1802 g.m. Olava Larsd. Haue/Houe. Dei var husmannsfolk i Kristivika, Hesseberg.

 

Enka Christi Madsdotter Halstad(141c) (1728-1802) gifta seg om att med Erich Rasmusson Viigenæs (ca.1740-1809). Ikring 1781 valde dei å flytte frå Steinsgarden, for å rydde ein ny husmanssplass på Hesseberg. Den fekk namnet «Kristivika» etter henne. Sjå brukar der. I 1801- teljinga er dei registrert som plassefolk utan jord, som «nyder almisse».

a) Marthe Eriksd.  1765-1766  Eriks dotter vart fødd, og døydde på Viige.

b) Massi  1767-1789  felles born, fødd på Østrem(3). Døydde på Hesseberg.

c) Marthe  1769-1827  felles born, fødd på Østrem(3). Var ugift tenar hos 243. Ole Larsen Akslen(4) i Høla, Akslen(4) 1801.

 

Knud Cortsen Romestrand(4) (1743-1797) kom frå Vartdal. Han gifta seg 1781 med Gunille Larsdotter Myklebust(3) Ellingsøya (dp.1741). Både Knud og Gunille er nemnd som tenarar i Vegsundet, hos Iver Høeg. Kanskje var det slik dei møtte kvarandre. Knud etterlot seg mykje gjeld når han døydde i 1797. Han åtte hest, 3 kyr, 4 kviger, 3 geiter og 2 sauer. Av hus hadde han naust, sel og 1/2 kvern. Gjelda var stor, og tok heile buet.

a) Cort  dp.1781-1781  døydde 13 veker gamal.

b) Berent  dp.1782-1867  tok over bruket, kun 18 år gamal.

c) Salmund  dp.1787-1815  1813 g. m. (Anne) Olave Olsd. Lyshol(3). Plassemann på Østrem. Anne gifta seg opp att med  Rasmus Peders. Spjelkavikgjerde(5), i Steinsgarden, Østrem(4). Salmud hadde vore tenar på Østrem(1) 1803.

 

Sonen Berent Knudson Østrem(3) (1782-1867 gifta seg 1800, med Birte Poulsdotter Tandstad(M,4) (ca.1775-1840), frå Sykkylven. 1842 gifta han seg på nytt med enka Oline Abelsdotter Espe Gaasholm (dp.1781-1854). Ho vart døypt på Eid. Dei tok kår hos neste brukar, før ho døydde. 1855 gifta Berent seg ein tredje gong, med Inger Stenersdotter Øren(Y) (1802-1876), frå Hjørundfjorden. Ho døydde som fattiglem på Furnes. Berent betalte 1 speciedaler i innskot på sølvskatten 1816.

 

Abraham Olsson Hareide (1801-1885) gifta seg 1834, med Karen Nilsdotter Sætre(3) (1803-1891), frå Vartdal, og tok over bruket i 1835. Dei dreiv bruket fram til 1862. Ved overtakinga vart det halde takst på Abrahamsgarden. Husa var då ei røykstovebygning med kammers, fordør og skytje under eit tak. Stova var i tåleleg stand. Stabburet, løa, og kufjøset i tømmer var i god stand. Der var også eit sauefjøs, og ei ny lita stove som Abraham hadde bygd sjølv. Det er usikkert om han hadde tatt med seg huset då han kom. Garden kunne på den tida fø hest, 6 kyr, og 12-14 sauer. Det var mogeleg å så 2 tønner havre, 1/2 tønne bygg, 1/2 tønne blandkorn og 2-3 tønner med potet. Gardane på Østrem var framleis teigbytte, og bestod av moldjord, sandjord og myr, i eit innfløkt nettverk av jordbøter om ein annan. Takst på bruket var 170 speciedaler. Abraham omkom i ein voldsom storm 13. august 1885. Han var då kårmann, og på fiske. I alt omkom 33 fiskarar, mesteparten frå Buholmstranda, i det som for ettertida vart kalla «Buholmstrandulukka». Det var Abraham som gav garden namnet sitt. Det er eit namn som framleis er i bruk, om både garden og dei populære akebakkane ved tunet.

a) Caroline Petrine  1835-1903  tok over bruket.

b) Rasmus Sevrin f.1838 1868 g.m. Nicoline Christina Michaelsd. Landmark frå Ulstein. Handelsborgar i Ålesund, og hotellvert på Sjøholt (1870-1875). Han budde i «Låna-Anders» huset på Sjøholt.

 

Svigersonen Peter Andreas Rasmusson Ødegård (1834-1908), frå Volda, gifta seg 1863, med Caroline Petrine Abrahamsdotter Østrem(3) (1835-1903). Han hadde kjøpt garden for 250 speciedaler, frå postmester Tonning i Ålesund, som første sjølveigar 1862. I kjøpekontrakta var det også krav om at han skulle gje kår til dei tidlegare brukarane på garden, som enno levde. Desse krava vart for mykje for den nye eigaren. Han skøytte derfor frå seg garden igjen året etter, til  Johan Elias Nilsson Emblem(8) i Ebbegarden, for same beløp, dersom Johan tok på seg kårytingane. Peter bygde for det meste færingar, ved sidan av fiske og gardsdrifta. Caroline døydde av lungebetennelse i 1903. Det var ein farleg sjukdom før penicillinet kom i bruk. Når Johan seinare selde bruket beheldt han torvrettane på stykket, som vart delt frå til Ytrebø, bruksnummer 5, ved grensa til Ebbegarden.

a) Andreas Rasmus Lauritz  1863-1942  tok over bruket.

b) Johan Britanius  1865-1912  1898 g.m. Emma Josefine Iversd. Kongshaug(1), brukar Kongshaug(2).

c) Petra Birgithe Joakime  1867-1952  ugift skreddar, Nyberg, Vågnes(36) på Sula 1910. Fekk sonen Johan Bernhard 1895 med Karl Andreas Johans. Riksheim- gjære(3), Sykkylven.

d) Carl Olavius Martinus  1870-1910  ugift fiskar. Sjukeleg. Døydde av beintuberkulose.

e) Lisa Petrine Anna  1872-1873  døydde 1 år gamal.

f) Karoline Petrine Marie  1874-1955  1899 g.m. Peter Raskanus Knuts. Alnes(11), brukar på Holen(5), Sula. Ho var tidlegare tenar på Gødøya i 1891.

g) Rasmus Andreas Martinus f.1877  1901 g.m. 6052f Olivie Hansine Birgitte Olsd. Emblem(7). Flytte til Ålesund. Dei budde i Borgundvegen 22 i 1910, og Bergvegen 22 i 1917. Han var fiskar.

h) Peter Albert Oluf   1880-1959  1909 g.m. Anna Josefine Iversd. Mork, frå Hareid. Dei budde mellom anna på Hatlemark(3) i Sykkylven 1900, Nygard på Furnes(7) 1910-11, Langevåg 1913-18 og Hareid frå 1921. Peter var snikkar. Han døydde på Røiset, Hareid.

 

Sonen Andreas Rasmus Lauritz Peterson Østrem(3) (1863-1942) gifta seg 1896, med Caroline Marie Eliasdotter Volsdal(N,1) (1868-1941). Han kjøpte bruket attende i slekta 1889, og dreiv ein god del med fiske, slik som var vanleg attåtnæring på den tida. 1941 tok han kår hos sonen. I 1900-teljinga er det registrert både oppdrett av fjørkré, og eigen frukthage på garden.

a) Ole  1896-1927  drukna i Setrevatnet ved Østremsetra etter kantring.

b) Petter Kornelius  1897-1962  tok over bruket.

c) Johanne Kristofa  1900-1966  1938 g.m. agronom Gunnar Nikolai Aasen, fødd i Førde. Begge budde då på Skodje, der ho var hushaldar. Kjøpte 1949 hustomt frå Ystebøen. Dei er foreldra til Oddbjørn Aasen, som tok over huset, saman med kona Ingrid Aasen.

d) Sevrin Robert  1902-1986  1934 g.m. Jenny Olivia Heggebakk(1). Ho var søster til Anna g.m. 924g Sverre Lundanes på Eikenosa. Sevrin var både murar og møbelsnikkar. Han bygde hus på garden 1937, så møbelfabrikk med leiligheit ved Ebbegarden, og til slutt bustadhus på tomt frå Aksla. Dottera, Kjellaug Lundanes, tok over siste huset saman med ektemannen Odd Lundanes frå Eikenosa.

e) Alfred Andreass.  1905-1906  døydde av Lungebetennelse.

f) Alfred Konrad  1908-1990  1939 g.m. 6068g Marie Lovise Emblem(8). Kjøpte jord frå Steinsgarden, og etablerte småbruket Solvang, Østrem(8). Sjå brukar på garden Solvang  under Østrem

 

Sonen Petter Kornelius Andreasson Østrem(3) (1897-1962) gifta seg 1923, med Thea Karoline Knutsdotter Akslen(1) (1897-1980), frå Øvste-Aksla. Han var ei tid i Vancouver ikring 1920, for å arbeide som stuert. Dei fekk skøyte på garden i 1941. Thea fortsette å drive garden i nokre år, med hjelp frå borna, etter at Petter gjekk bort.

a) Perdy Teodora  1921-1994  ugift, busett i Oslo.

b) Arthur Kaspar  1924-2016  tok over bruket.

c) Karl Elias «Kallen»  1926-1981  1964 g.m. 6145c Magna Elise Johansen frå Storhaugen. Karl var på den tida maskinførar, saman med broren Arthur.

d) Olga  1929-2019  1960 g.m. 158 Magnar Skrede, brukar Magerholmvika.

e) Trygve Petrus  1931-2016  1966 g.m. Inge Elfrieade. Han var statslos, og bygde eige hus ved tunet. Selde huset i 1999 til nevøen Kjetil Østrem.

f) Edith  f.1936  1960 g.m. Hans Ruud, busett Oslo.

 

Arthur Kaspar Østrem(3) (1924-2016) var ugift, og hadde ingen born. Han budde i alle år i hovudhuset på garden, sjølv etter at han overlot bruket til nevøen, Arild. Arthur arbeidde i fleire år på sjøen, før han kom heim og tok over garden i 1969. Han var særs glad i å drive sjøen på fritida. Arthur kjøpte seg tidleg eigen traktor, og hadde ei tid kompressor også. Saman med broren, «Kallen», dreiv han med mellom anna sprengning av stein, og landbrukstenester med traktor på gardsbruka i gamle Borgund kommune. Han fekk seg seinare arbeid i kommuna, som dei fleste andre karane i bygda. Han slo også markane for naboen 414 Fredrik Østrem i Mattisgarden. Ved eit oppgjer, før 1962, kom Fredrik på besøk til Arthur og far hans i Abrahamsgarden. Då la Fredrik ein stor bunke pengar på bordet. Det var mykje meir enn kravet frå rekneskapsboka. Dei fekk vite at så mykje skulle Arthur få for arbeidet, dersom han kom først til Mattisgarden neste gong der var mange som behøvde traktorhjelp samtidig som Fredrik. Slik var vel «the american way» på den tida.

 

Nevøen Arild Torgeir Østrem (f.1959) tok over bruket i 1998. Han gifta seg 1986 med Solgunn Anita Bjørkavåg(26) (f.1959) frå Sula. Arild bygde seg hus på garden. Han reiv for nokre år sidan den gamle løa, for å bygde ny stall på same staden. Han har også bygd ridehall og treningsbane for hest, på den gamle kornåkeren på flata nedanfor Abrahamsbakkane, samt nytt naust i Østremsvika. Arild har databakgrunn, og hadde i mange år ansvaret for resultatlister og tidtaking for skigruppa til Emblem Idrettslag. I tillegg var han med på å køyre opp skiløyper med snøskuter, før trakkemaskina si tid. Skuteren hadde då garasje like ved huset til foreldra, øverst i Abrahamsbakkane i mange år. Han delte på løypekøyrarjobben med naboen 314 Ivar Kåre Reiten, Østremsreit(1). Arild har fleire styreverv, i mellom anna Møre Electroservice a/s, som broren, Kjetil, er dagleg leiar for. Solgunn har mange års erfaring som kontormedarbeider, og er også varamedlem i styra til Stremco. Sommaren 2019 selde Arild og Solgunn huset til eldstesonen, Håkon, og starta bygging av nytt hus like ved det gamle.

a) Håkon  f.1991  tvilling. 2014 g.m. Hilde-Sofie Blindheim. 2019 kjøpte dei barndomsheimen til Håkon.

b) Helen  f.1991  tvilling. Busett i ved Østremsjøen