Bnr. 12 SKILLINGEN
Delt frå bnr. 8 Ebbegarden, først kalla «Tunheim»
Dette var opphaveleg delen av Ebbegarden, som vart liggande vest for Røssevollelva etter utskiftinga. Kanskje låg det opphavelege Ebbegardstunet på denne plassen? Ebbegarden vart flytta frå klyngetunet til garden Emblem, til det austlegaste gardstykket sitt, der tunet ligg no. «Skillingen» er eit underleg namn på ein gard. Det finst mange idéar om kva betydning namnet kan ha hatt. Det var ei tid kårbruket til Ebbegarden, og nokre kan tenkje seg at det var ein forkorting for «spareskillingen» til den som eigde bruket. Denne tydinga har også vorte nemnd tidlegare på folke- munne, utan at det behøver å bety så mykje. Dei gamle åkrane til Emblem låg i hellinga ovanfor denne garden. Der var det god kornjord, og gardsnamnet stammar mest sannsynleg frå namnet på ein gamal åker, som også heitte «Skillingen». Den gav visst så god avling. Sjølv om Ebbegarden vart delt opp i to delar ved utskiftinga, som tok til i 1834, så brukte Ebbegarden skillingen i fleire generasjonar, og flytta ikkje gardshusa sine til nytunet med det samme. Det er derfor grunn til å tru at det gamle ebbetunet låg der Skillingen har tunet sitt i dag, for då trong dei ikkje flytte husa sine med ein gong. 6071 Elias Emblem var truleg den første som berre dreiv denne garden som eitt sjølvstendig bruk.
Petrina Lovise Bastiane Knutsdotter (1860-1945) frå Sykkylven, er på sett og vis den første som budde på Skillingen etter utskiftinga i 1840-åra. Ho var enke etter poståpner og plassemann, Lars Johan Andreas Magnussen Emblem, på Magnusplassen, som låg like nedanfor staden der løa på Skillingen står no. Plassen vart delt frå Ebbegarden i 1850. Lars døydde 1900, og nokre år seinare vart plassen inndregen under hovedbruket att, men Petrina fekk bu i plassestova si på Magnusplassen så lenge ho makta det. Ho døydde hos dotter si på Blindheim. «Magnusstova» vart ikkje fjerna før slutten av krigen, og står framleis som hytte nede ved Løvika. På den tida var ingen anna stove på skillingen, men ho vart registrert som busett på «Skillingen» i folketeljinga frå 1910. Det betyr at planane om eit nytt småbruk allereie var i gong, og Ebbe-Elias vart den første som eigde kun denne delen.
Elias Peder Joakim Johanson Emblem(8) (1877-1964), frå Ebbegarden, bygde huset på tunet. Det vart seinare utvida. Elias, eller «Ebbe-Eljas», som han vart kalla, gifta seg 1917 med Johanne Oline Helena Rasmusdotter Åkre (1882-1970), frå Haram. Han hadde vore sjømann, og eit fast innslag på «Akslabuda» med pipa si, når han kom heim. Han fortalde så fengslande historiar frå utanriksfart, at han gløymde å tenne pipa si. Under Boerkrigen var han i Sør Afrika, der han først tok arbeid som politi, når politiet der vart sendt i krigen. Seinare arbeidde han i gullgruvene, og fekk ikkje reise heim att før krigen var over. Det var hardt arbeid, som var med på å øydeleggje helsa til Elias.
Han var også av dei siste som henta høy på Skillingsetra og samla einer i fjellsida ovanfor bygda. I ein særs spennande fotballkamp, på idrettslaget si første fotballbane ved Emblemsanden, skal han ha stått over ein haug av brukte fyrstikker på sidelinja, men pipa var framleis ubrukt. Kanskje var det i den samme kampen at ein annan sambygding pressa så hardt mot paraplyen sin, at det berre var handtaket som stakk opp av bakken til slutt? Om historiene er overdrevne i ettertid, skal vere usagt. Han førte høyet heim på vinterføre, med slede og styrestokk, ned bakkane frå Skillingsetra. Dit flytta han det gamle Ebbeselet, og bygde ny fjøs i gamal stil. Ein kan også undre seg på om selet også kan ha stått på den enda eldre «Høgstølen», ved Austølvatnet, aust for Bigtonhytta. Sauene var glad i Elias. Ein gong Oddmund og Toralf Akslen kom med bod opp på Skillingsetra, om att barndomsvenen, Olaf Furseth, var heime frå Alaska, måtte Elias krype heimover langs gjerdet, slik at ikkje sauene skulle oppdage det, og følge med han heim att. Elias dreiv også med oppaling av hestar, og fekk fleire prisar på dei lokale kåringane. Han overlet bruket til yngstesonen.
a) Bergliot Kristine 1918-2009 ugift.
b) Oddbjørg Ragnhild 1920-2010 1942 g.m. Ola Jørgens. Navelsaker(2), Hornindal, busett på Emblem.
c) Johan 1923-1981 tok over bruket.
Sonen Johan Emblem(12) (1923-1981) gifta seg 1957, med Lilly Marie Aas (1933-2018), frå Vestnes. I 1958 fekk søskena hans forkjøpsrett på bruket. Han plikta å ikkje selge, eller gje bort noko, før dei fekk sjansen. Lilly selde etter mange års drift garden til neste brukar i 2003, og flytte som enke til Spjelkavik, saman med sønene.
a) Jan Erik 1957-2014 ugift, busett i Spjelkavik.
b) Håvard f.1964 ugift, busett i Spjelkavik.
Dagens grunneigar er Trond Navelsaker (f.1972). Han er bornebornet til Oddbjørg, og vaks opp i hovedhuset på den tidlegare handelstaden «Elvarum», Emblem( 15), like ved. Huset vert også kalla «Berghuset» og «Navelsakerhuset», på folkemunne. Han kjøpte Skillingen frå forrige brukar i 2003, og flytte inn saman med dåverande sambuar, Marit Kristin Otterlei, og deira tre gutar i 2004. Trond er i dag sambuar med Stina Kathrin Lillevik (f.1977) frå Skodje.
a) Ola f.1999 busett Emblem.
b) Sindre f.2003 tvilling, busett Emblem.
c) Håvard f.2003 tvilling, busett Emblem.
d) Johanna f.2011 Stina Kathrin si dotter frå før, busett på Emblem.