Tekstar om gardane i bygda

 

Her finn etter kvart du meir informasjon om historia til dei ulike gardane i den gamle Emblemsbygda. Eg er så vidt

i gang med arbeidet 2. juledag 2024, men vona er at der gradvis vil fyllast på med tekstar. Det vil bli litt sparsomt med

bilde i starten, for vi må teste kor godt løysinga taklar alle undersidene. Der er no lagt ut nokre bilder og litt tekst til Oppigar, så du kan få eit intrykk av korleis dette kan bli. 

 

Tanken er at ein nyttar rullemenyen "gardane" øverst på sida, vel matrikkelgard, og  så ønska bruk under matrikkelgarden. Den siste menyen kjem opp når ein fører museknappen over matrikkelgardane. Der er også eit symbol som syner kvar det er lagt til undersider til ei kvar tid. Eg håper at det vil fungere greit for dei fleste.

Nederst finn du også eit bilde og tekst tilknytta Facebookgruppa vår, "Gamle bilder fra Emblem". Teksten fungerar som ein direkte lenke dit. 

Lykke til med søket i slektshistoria