Tunet lengst mot høgre i midten er Rasmusgarden på Flisnes. Flyfoto frå 1952. Dette bildet hang i storstua i Rasmusgarden i mange år.  Vestheim og Norheim ligg til venstre, og løa i Hansgarden nede i venstre hjørne. Bildeeigar er Egil Rabbevåg  Du finn fleire bilde i eige album under gardsteksten

Bnr. 2 RASMUSGARDEN

 

Rasmusgarden vart delt frå som eige bruk på 1650-talet. Den første brukaren ein kjenner til var Tormod. Han døydde 1660.

 

Enka Anne Jonsdotter (ca.1608-1701) gifta seg truleg på nytt med Ingebrigt Baardson (ca.1628- 1706). Han var registrert som dreng for svigersonen på dette bruket i 1704.

a) Marete  f.ca.1660   tok over bruket.

b) Brite  f.ca.1670   1707 g.m. enkemann 1306 Hans Tostensen, brukar Flisnes(1).

 

Svigersonen Jon Knutsen (ca.1670-1709) var brukar her frå 1699, til han døydde. Jon gifta seg 1699 med Marete Ingebrigtsdotter Flisnes(2) (f.ca.1660). Svigerfaren, Ingebrigt, hjalp til som dreng etter at han vart kårmann. Arveskiftet etter Jon i 1709 nemner hest, 6 kyr, 2 kviger, kalv, 6 geiter og 3 lam, så dei hadde ein del dyr i motsetning til mange av naboane i Eikenosvågen. Videre hadde dei færing i eige naust, og tjøreved til ein verdi av 10 riksdaler. Buet hadde eit overskot på 46 riksdaler. Det ser ut til at enka gifta seg på nytt med neste brukar.

 

Enka Marete Ingebrigtsdotter Flisnes(2) (f.ca.1660) vart truleg gift opp att etter 1709, med Knut Knutson Eikenos(II) d.y. (ca.1676-1730). Det ser ut til at dei ikkje fekk born. Knut vart gravlagd samme dag som broren, Knut Knutson d.e. Blindheimsnes(2), 2. april 1730.

 

1731 kom Peder Olson Strømsheim(5) (ca.1705-1783) til Flisnes frå Sykkylven. Han gifta seg 1731, og dreiv bruket til 1780, saman med kona Berrete Olsdotter Blindheim(7) (dp.1705-1746). Arveskiftet etter Berrete nemner hest, ukse, 4 kyr, 2 kviger og 3 sauer. Dei hadde part i seksrøring, kaste-, silde- og søkkenot. Av avling vart 10 tønner havre nemnd og dei hadde eige kvernhus, men dei andre bygningane på garden var nok bygsla. Alt i alt var buet på 152 riksdaler, med kun ei gjeld på 15, så dei klarte seg godt. Peder gifta seg på nytt 1747 med Guri Pedersdotter (ca.1720-1784). Dei tok kår hos svigersonen. Mor til Peder, enka Guri Larsdotter Strømsheim(5), døydde her 1752.

a) Anne  dp.1735  1756 g.m. Knut Olsen Røisen(II), brukar Røysa(II), Sula.

b) Joen  dp.1737   Ikkje nemnd i arveskiftet 1746.

c) Joen  dp.1740-1750  døydde 10 1/2 år gamal.

d) Ole  dp.1745  vart nemnd i arveskiftet 1746.

e) Peder  dp.1756

f) Jacobine  dp.1759-1818  tok over bruket.

 

Svigersonen Rasmus Nilsen Store-Årset(2) (1752-1797) hadde vore omgangskulelærer, før han kom til Flisnes og slo seg ned her. Rasmus dreiv bruket frå 1780 til 1807 og gifta seg 1780 med (Jakobæa) Jacobine Pedersdotter Flisnes(2) (dp.1759-1818). Ho gifta seg på nytt med neste brukar.

a) Pernille  dp.1781  11 år 1788, men ikkje nemnd i 1801-teljinga.

b) Kristina Gurina  dp.1783  er ikkje nemnd i 1801-teljinga.

c) Johane  dp.1786-1818  tok over bruket.

d) Anne Petrike  dp.1790- 1876?   1832 g.m. Lars Pauls Dyb. Dei er nemnd i 1865-teljinga som kårfolk hos sonen på Moldværsvern, Moldvær(7+8).

e) Peter Andreas  dp.1793-1797  døydde 5 år gamal.

 

Enka Jacobine Pedersdotter Flisnes(2) (dp.1759-1818) gifta seg på nytt 1799, med Nils Christensen Skaar(1) (dp.1770-1804). Ho tok kår hos svigersonen.

 

Svigersonen Ananias Rasmussen Eikenos(IIb) (dp.1781-1847) tok over bruket i 1807, og dreiv det til 1825. Han gifta seg 1807 med Johane Rasmusdotter Flisnes(2) (dp.1786-1818), som hadde vore tenestejente på Eikenosa, hos far til Ananias. Ho vart registrert der nokre år tidlegare, i 1803. Ananias kjøpte garden for 106 riksdaler og forsøkte seg som sjølveigar frå 1807, men dette var vanskelege tider for den som hadde stor gjeld. Dei måtte derfor selge bruket i 1811 til Jon Olson Strømsheim og gå attende til å vere bygselsfolk, men det kosta. Ved arveskiftet etter Johanne i 1818 var buet fallitt. Garden vart seinare i Ole Strøm, frå Ålesund, sitt eige. 1819 gifta Ananias seg opp att med Anne Arnesdotter Solevåg(5) (dp.1786-1845). Dei fekk kår hos neste brukar i 1825.

a) Peter Christian dp.1808  1839 g.m. enke Olave Birgitte Olsd. Nedregotten(1), brukar Skaret, Nedregotten(1). Han døydde etter 1865.

b) Ingebor  dp.1810-1887  1843 g.m. Berndt Andreas Berntsen, Nedre-Skodje(3), brukar Slinning(7) 1846-1865. Budde ellers på Nedregård 1843, Ålesund 1865, og Hellevikstranda i 1875.

c) Nils  dp.1813-1887  1844 g.m. Margrethe Marie Iverd. Hesseberg(1), brukar Nerigar, Hesseberg(1).

d) Rasmus Andreas  1817-1872?   døydde kanskje som ungkar og fattiglem i Lervågen.

e) Ingebrigt Elias Johan  1822-1906  1851 g.m. Ane Johanne Larsd. Urkedal(2), busett Ålesund. Han var bryggearbeider og seinare bødtker.

f) Andrine  f.1824  1858 g.m. Martinus Andreas Rasmussen Alnes(10), busett Ålesund. Huseigar Skaret, Nordigard i Ålesund 1867.

g) Son 1827-1827  var dødfødd.

 

Amund Lasseson Greidung(1) (dp.1795-1856), frå Innvik i Stryn, gifta seg 1824, og dreiv bruket frå 1825 til 1855, med kona Dorthe Andersdotter Erdal(5) (dp.1800-1845) frå Innvik i Stryn. 1846 gifta han seg på nytt med Jeslov Erichsdotter Rygg(1) (1804-1889). Ho kom frå Nordfjord og gifta seg opp att med Jørgen Gregoriussen Tynes(2) (1805-1869), som enke i 1858. Dei dreiv bruk nummer 3 på Blomvik. I 1874 vart ho gift for tredje gong med Siver Peter Martinus Larsson Humlen(7). Dei dreiv Blomvikrabben, Blomvik(3).

a) Lars Andreas 1827-1910 Tok over bruket.

b) Petrine? 1835 Fattiglem i Ålesund 1885. Høyrer kanskje til her.

 

Sonen Lars Andreas Amundson Flisnes(2) (1827-1910) tok over etter foreldra sine i 1857. Han gifta seg 1858 med Ingeborg Caroline Rasmusdotter Blindheim(7) (1831-1876), og tok kår allereie i 1863. Dei busette seg på kårstykket «Kalmyra», lengst vest på innmarka til garden. Dei flytte også stova si dit. Ingeborg vart kalla Karoline i 1875-tellinga. Det vart registrert at ho vart blind etter 44 år, altså i vaksen alder. Lars gifta seg på nytt med Nicoline Jensdotter Langlo(244f) (1834-1919) frå Stranda i 1880. Ho døydde av bronkitt på Borgund Gamleheim.

a) Andreas Raskanus  1862-1862  døydde rett etter fødselen.

b) Ingeborg Martha Christine  1865-1896   1891 g.m. Peter Daniel Elias Bernts. Aase(4), busett Ålesund. Han var hamnearbeider. Ho døydde i barselseng.

c) Johan Rasmus Henrik  1867-1868  døydde 1 1/2 år gamal.

 

 

Rasmus Elias Hansen Kvasnes(4) (1835-1895) gifta seg 1860, med Johanne Knudsdotter Veibust(5) (1833-1891). Dei bygsla først farsgarden til Johanne, Hansgarden på Veibust, før dei overlot den til Johanne sin halvbror, Hans, og tok over Rasmusgarden på Flisneset i 1863. Dei dreiv her til 1886 og bygde nye hus på bruket. I 1879 var han med på ei redningsbragd utanfor Flisnes, saman med naboen Lars Andreas Hanson Flisnes(1) og Elias Olsen Flisnes(3). Han fekk ein sølvpokal frå Kong Oscar II til takk.

a) Hansine Karoline Andrine  1861-1948  1884 g.m. Johan Mikael Rasmussen Ødegård, brukar Framigar, Eikenosøydegard(3).

b) Christine Caroline  1863-1864  døydde 21 veker gamal.

c) Hans Laurits Karolus  1865-1952   tok over bruket.

d) Lisa Laurine Martha  1868-1886  var ugift. Døydde av «fallesyke».

e) Ingeborg Caroline  1871-1890  var ugift. Døydde av «fallesyke».

f) (Anna) Jensine  1874-1966  1908 g.m. Jens Johan Andreas Eikenosødegard(1), brukar Utigard, Eikenosøydegard(1).

 

Sonen Hans Laurits Karolus Rasmussen Flisnes(2) (1865-1952) var brukar her frå 1886 til 1924. Han gifta seg 1887 med Elisa Kristofa Gurine Iversdotter Valderhaug(7) (1865-1923). Dei kjøpte garden, frå eigar Ole Strøm sitt dødsbu, når dei kom hit i 1886. I 1924 skøytte Hans frå seg garden til sønene. Han fekk ansvar for drift og tilsyn av fyret på Flisnes, med pussing av linse, etterfylling av parafin og skifting av brennveke heile vinterhalvåret.

a) Iver Ragnvald Laurits  1888-1960   drog til Winnipeg, Canada i 1922. Skogsarbeider og møllearbeider der. Kom heim og døydde hos broren, Arthur, i Eikenosvågen.

b) Inga Gustava  1890-1976  1925 g.m. Jakob Jakobs. Aakernes, brukar Hansgarden, Flisnes(1).

c) Josefine Karoline  1892-1974   1920 g.m. Daniel Oluf Veibust(2), fyrbøtar og brukar V eibust(12).

d) Ragna  1895-1972   1919 g.m. Hagbart Julius Johan Bernhoft, Meløy, busett Syvermarka Blindheim. Fiskar og mannskap på lokalbåten «Von», busett på Flisnes ved giftermålet. Faren, Herman, budde på nabobruket bnr. 1 Hansgarden på Flisneset 1910, hos kårkona Oline Williksd. Flisnes(1).

f) Martha Ingvarda  1897-1978  1925 g.m. Peder Ingjer Jakobs. Aakernes, Flisnes(1), brukar på Utigard, Eikenosøydegard(1) frå 1924. Pleiedotter hos tanta, brukar Anna Jensine Flisnes(2), Utigard, Eikenosøydegard(1).

f) Rasmus Olaf  1899-1990  tok over bruket saman med broren.

g) Hans Laurits  1901-1995   tok over bruket saman med broren.

h) Laurits Ingvald  1904-2001   1945 g.m. Bessie May Stewart. Til Canada 1929, kalla seg Louie. Sist busett i Keewatin, Canada.

i) Arthur   1906-1984   1944 g.m. Emma Johanna Kvasnes, fødd i Torevågen, Eikenosvåg(1). Dei busette seg på tomt frå denne garden i Eikenosvågen.

 

 

Rasmus Olaf Hansen Flisnes(2) (1899-1990) delte bruket med broren, Hans, i 1939. Han gifta seg 1924, med Brita Sofie Berntsdotter Midtgård(2) (1894-1983) frå Oaldsbygda, Sunnylven. Rasmus tok også over ansvaret for fyrlykta. Han overlot dette arbeidet til sonesonen, Øyvind Lidvar Rabbevåg, ca. 1980. På 1990-talet vart det automatisert og då var det ikkje behov for tilsyn meir. I Rasmus og Brita si tid starta salget av tomter frå garden. dei dreiv bruket til 1973. Foreldra til Brita døydde på Flisnes i 1946 og 1950.

a) Hans Eiliv  1925-1982   tok over bruket.

b) Asbjørg Reidun  1927-2016   1952 g.m. Olav Hjalmar Rabbevåg, busett Rabben(9).

c) Elisa  f.1930  1953 g.m. Lars Harald Rabbevåg, busett Rabben(14).

d) Jorunn Helga  f.1933   ugift, busett Flisnes.

e) Bjarne Per  f.1933   tok over seinare.

 

Sonen Hans Eiliv Flisnes(2) (1925-1982) gifta seg 1968, med Emma Jørgine Temtemoen (f.1927). Ho vart fødd Bjørhovde. Dei skilde seg 1972 og har ingen born.

 

Broren Bjarne Per Flisnes(2) (f.1933) tok over som i 1983, og var grunneigar til 2006. Han gifta seg 1965 i Sykkylven, med Oddlin Kjellfrid Tynes(5) (1937-2018) og busette seg på Tynes. Han overlot bruket til dottera.

a) Amund Lorents f.1967 1999 g.m. Tina Bjørnevik, busett Tynes, Sykkylven.

b) Brit Reidun   f.1969   2016 forlova med Even Idar Blindheim Jensen, busett Sykkylven.

c) Randi Kristin  f.1970  sambuar med Geir Kåre Sørheim, Ørsta. Busett først i Skråvika, Flisnes. Flytta 2017 til Blindheim.

d) Oddbjørn  f.1972  2008 g.m. Kari Benestvedt, Karmøy. Busett Kopervik.

e) Sigrid  f.1974   tok over bruket.

 

Dottera Sigrid Flisnes (f.1974) er dagens grunneigar. Ho gifta seg 2004 med Morgan Bergsnes Jelle (f.1974) og tok over bruket i 2006. Dei er busett på Flisnes.

a) Andreas   f.2003  busett Flisnes.

b) Ingrid  f.2006  busett Flisnes.

 

I lenka under kjem du rett til Rasmusgardalbumen i Facebookgruppa "Gamle bilder fra Emblem". Der er det fleire bilde og fleire namn til bilda på denne sida.