MAGNUSPLASSEN/ GULLMYRDAL
Nedlagt husmannsplass under bnr. 8 Ebbegarden
Magnus Larsson Skjortenes(1) (ca.1821-1893), frå Stordal, gifta seg med Berte Eline Johanne Pedersdotter Skarbø(1) (1815-1903), frå Ørskog, i 1849. Om lag 1850 fekk dei leige grunn til ein liten husmannsplass på innmarka til Ebbegarden, Emblem(8). plassen låg nedanfor gamletunet til Ebbegarden, før utskiftinga på 1840-talet. I dag er denne delen av Ebbegarden, og resten av gardparten vest for Røssevollelva, delt frå som ein eigen gard med bruksnummer 12, kalla «Skillingen». Magnus fekk feste for 30 speciedalar i avgift, og 1 speciedaler i årleg leige, samt seks arbeidsdagar i Ebbegarden. Magnus overlot husmannskontrakta i 1880 til sonen. Han døydde 13 år seinare av magekreft.
a) Lars Johan Andreas 1850-1900 tok over bruket.
b) Knut Elias Martinus f.1853 1875 g.m Karen Elina Ingebrigtsd. Magerholm(dal), busett i Ålesund. Han var målarmeister.
Sonen Lars Johan Andreas Magnusson Emblem (1850-1900) fekk stilling som bygdas første poståpnar i 1895. Han gifta seg 1879 med Petrine Lovise Bastiane Knutsdotter Jarnes(5) (1860- 1945), frå Sykkylven. Dei må ha vore godt likte, eller kanskje bygdefolket synte ekstra omsorg for dei. Magnusstova var ideell for å huse omgongskulen i bygda, med sine to store stover. Frå 1890 var det meir vanleg å leige husrom til skuledrifta, i staden for å flytte frå gard til gard, to gongar i veka. 1891 fekk Lars betalt for å huse skulen i eit år. Det kom nok godt med for ein husmann. Petrine var på si side ei påakta husmor, og ofte nytta som kokke til bryllup, eller større markeringer i bygda. Dei bygde seg både stabbur og gjerda inn frukthage. Det er nok litt uvanleg for ein husmann. Til tross for lang tid som enke, klarte ho seg veldig godt, reint økonomisk. Når Lars døydde, vart det handelsmann Lars Olson Emblem, på Elvarum, som tok over postveska. Plassen vart lagd inn att under hovudbruket, men enka fekk bu der det meste av si levetid. Dei aller siste åra budde ho i Vegsundet hos dottera. Petrine døydde 1945. Då vart huset tatt ned. Løa var allerie seld til «Lunberg», Fredrik Emblem sitt vesle bruk, som var utskilt frå Negarden, Emblem(1). Løa står framleis, og er i dag eigd av bornebornet, Fredrik Herman Emblem(21). Stova vart kjøpt, og brukt opp att som hytte nede i Løvika. Den står der framleis. Petrine er nemnd som enke på Skillingen/ (Tunheim), Emblem(12) i 1910. Ho budde truleg framleis i si eiga plassestove, på Magnusplassen, for hovudhuset på Skillingen var ikkje sett opp enno.
a) Marie Johanne Birgitte f.1880 1905 g.m.maskinist Ole Andreas Peder Andreass. Havnegjerde, busett på Emblem ved giftermålet. Dei budde i Amerika, og nytta etternamnet «Andersen», ved gravferda til Petrine i 1945.
b) Karen Petra Kanutte 1883-1983 1910 g.m. Lars Emanuel Bernhard Stephens. Blindheim(6), brukar Knutgarden Blindheim. Han er bornebornet til Stephan Stephansen Emblem(6+7), frå Steffågarden på Emblem. Tok over Knutgarden etter tanta si, Oline Steffensd. Gjørva frå Geiranger.