Bnr. 2 OLEVÅGEN
Ein finn Jacob Knudsen Emblemsvåg(7) (1727-1772 ) frå Plassevågen, Emblemsvåg(7), her 1755. Han gifta seg 1753 med Main Hansdotter Valderhaug(strand) (1736-1797). Presten skreiv at dei hadde liten kunnskap, men heldt borna til bra opplysning. Dei var fattige, men strevsame, og fekk stadig hjelp frå fattigkassa. Skiftebuet etter Jacob enda på 115 riksdaler i underskot. Han etterlot seg huspostill, stove med kakkelomn, høyløe, ku og ein færing. Gjelda til handelsmann Høegh i Vegsund var på 116 riksdaler. Main fortsette å bu på bruket med borna, i ringe kår.
a) Anne Sophia dp.1754 er nemnd i arveskiftet etter faren 1772.
b) Jon dp.1756 er nemnd i arveskiftet etter faren 1772.
c) Else dp.1758 er nemnd i arveskiftet etter faren 1772.
d) Synneve dp.1761-1816 «Lever av almisse».
e) Hans dp.1763 er nemnd i arveskiftet etter faren 1772.
f) Helen Maria 1767-1767 døydde 5 dagar gamal.
g) Helena Maria dp.1768-1770 døydde kun 1 1/2 år gamal.
h) Jacob dp.1771-1783 døydde 14 år gamal.
Jens Andersen (ca.1735-1784) gifta seg 1769 med Elen Pedersdotter Tryggestad (ca.1736-1786). Dei hadde tent hos Niels Terøy, og budde først i Urvik i 1769, før dei flytte til Hareid sogn kring 1770. Dei budde også på Flisholmen 1774, og kom 1776 til Olevågen, Eikenosvågen(2). Elen gifta seg opp att med neste brukar.
a) Birte dp.1769-1769 er døypt i Urvik. Døydde 12 veker gamal.
b) Anders 1771-1776 er truleg fødd på Hareid. Døydde i Eikenosvågen 5 år gammal.
c) Birthe Malene dp.1774 er nemnd i arveskiftet etter mora 1787.
Enka Elen Pederdotter Tryggestad (ca.1736-1786) gifta seg opp att 1785, med Jetmund Amundsen Stadsnes (dp.1751-1797). Han vart gift på nytt 1787, med Marthe Helgesdotter Drabløs(3) (dp.1748- 1795) frå Sykkylven. Jetmund dreiv plassen frå 1785 til han døydde. Frå skiftet kan ein sjå at dei hadde ku og kvige. Der stod ei stove, stabbur, fjøs og løe i Olevågen. Dei hadde også part i ei kvern. Når gjelda var ferdig betalt, var dødsbuet fallitt.
a) Dotter 1788-1788 nemnd som dødfødd dotter.
b) Else Maria dp.1791 er nemnd i arveskifta etter mora og faren. Ikkje registrert 1801.
Enkemann Elling Iverson Kvistad(5) (dp.1739-1798) vart fødd på Kvistad i Hjørundfjorden. Han gifta seg først i 1768, med enka Gjertrud Rasmusdotter Ville(3) (ca.1728-1788). Dei hadde vore brukarar på Kvistad(5). Elling hadde budd på Rørvik også, før han kom til Eikenosvågen. Han hadde gifta seg opp att i 1790 med Inger Thoresdotter (ca.1750-1829). Det er mogeleg at Inger kan vere den samme som Inger Toresdotter Engeset(209h), frå Norddal. Dei dreiv Olevågen frå 1797 til 1799. Ein veit ikkje om nokre born frå dette ekteskapet. Elling var bror til 1014 og 1015 Aagathe Hatlehol(2). Ho døydde kort tid etter at dei kom hit.
Enka Inger Thoresdotter Engeset (ca.1750-1829) gifta seg på nytt 1800, med John Paavelson Eidem(7) (1767-1826) frå Sykkylven. Han var bror til Eli Jesperine Paulsdotter Eidem(7), som gifta seg 1815 til Framigar, Eikenosøygard(3). John og Inger dreiv bruket frå 1800 til 1826, men fekk ingen born. Dei betalte 2 riksdaler og 2 arbeidsdager i årsavgift på plassen.
Erik Martinus Olson Blindheimsnes(3) (dp.1801-1845) tok over bygselskontrakta i Olevågen 1827. Han vart gift 1825 med Ragnilde Karoline Andersdotter Dragsund (dp.1797), som var døypt i Herøy. Ragnilde gifta seg opp att 1849 med enkemann Bernt Andreas Iversen Emblem(9) (1800- 1866). Han hadde gifta seg til Ebbegarden, Emblem(8) i 1827, og hadde vore brukar der, før han flytta til Ålesund med si første kone i 1847. Der hadde han tatt etternamnet «Aalesund» og fått seg arbeid som bryggesjauar. Ragnilde flytta til Ålesund 1849. Etter 1865-teljinga finn ein ikkje fleire spor etter dei. Ragnilde er søster til Jørgine Elisa Andrea Andersdotter Dragsund, som gifta seg i 1832 med Lars Martinus Emblem frå Sjursgarden, Emblem(11). Jørgine var brukar på Hatlehol Ytre, Hatlehol(3), like ved Olevågen.
a) (Johanne) Karoline 1826-1847 var ugift. Døydde 21 år gamal.
b) Ole Andreas 1830-1910 tok over bruket.
c) Marte Katrine f.1837 1857 g.m. matros Peder Anton Pederson Buholmstrand. Faren var Peder Ommedal. Dei er nemnd i Ålesund til 1888.
Sonen Ole Andreas Erikson Eikenosvåg(2) (1830-1910) gifta seg 1848, med (Johanne) Severine Johnsdotter Tryggeset(2) (1815-1908), frå Hjørundfjorden. Dei dreiv Olevågen frå 1849 til 1877. Det er nok etter Ole at bruket vart kalla «Olevågen». I 1900-teljinga finn ein dei busett hos dottera på husmannsplassen i Vegsundvågen. Ho hadde ei søster, Johanne, som rydda Kristiansplassen på Eikenosa. Ho var også brukar 558 på plassen «Tryggeset», Nedregotten(6), ein periode. Ole og Severine hadde ikkje arbeidsplikt, men betalte årsavgift på 2 speciedaler, 1 ort og 12 skilling. Dei gav kår til Ole si mor. I 1868 hadde han 9 mål dyrka jord, 10 mål natureng, avla 6 tønner bygg, 6 tønner havre, 8 tønner poteter, samt 16 skippund med høy. Dei hadde 3 kyr og 6 sauer. Olevågen vart rekna som eit lettdreve bruk. Dei klarte seg også betre enn alle brukarane før dei, som hadde livnært seg mest av fiske. Samtlige kunne takke handelsmannen i Vegsund for at dei hadde makta å dempe den verste svolten, og alle stod i gjeld til han når dei døydde. Skiftebuet synte som regel underskot, eller så vidt balanse, men med Ole Andreas kom ei ny tid til Eikenosvågen. Det kan skuldast litt betre klima, og betre fiske.
a) Elen Marie Karoline f.1849 vart ikkje nemnd i 1865-teljinga.
b) (Johanne) Karoline 1851-1932 1878 g.m. Lars Martinus Edvardson Vegsundvåg(6), brukar Vegsundvåg(6). Ho var enke når ho døydde i Seattle, USA.
c) Edvard Johan Elias f.1854 tok over bruket.
Sonen Edvard Johan Elias Eikenosvåg(2) (f.1854) gifta seg 1877 med Petrine Jacobine Pedersdotter Røssevoll(5) (f.1859), frå Pe-garden på Røssevollen. Dei dreiv plassen til 1882. 28. april 1883 avla Petrine eksamen som jordmor ved Bergen Jordmorskule. Dei flytte til Ostnes i Haram prestegjeld, der ho dreiv jordmorpraksis og han var inderst og fiskar. Kring midten av 1890-åra stoppar spora etter dei.
Ole Andreas Antoniusen Emblemsvåg(5) (1854-1933) gifta seg 1882, med Caroline Petrine Knudsdotter Skarbø(1) (f.1859), og fekk bygsel på Olevågen det samme året. Dei dreiv plassen i tre år, til 1885, før dei flytte til Ålesund. Ole er nemnd der som «vognmand» i Kirkegata 1900, og utmeld av kirka 1908. Han er nemnd 1910 hos dottera i Ålesund uten Caroline. Ole starta tidleg med bankfiske på bankskøyter frå Ålesund. Etter kvart vart han også kaptein.
a) Olivie Anna 1882-1966 1904 g.m. maskinist Ole Ludvig Ols. Thorholm, busett Karoline Ålesund. Ho vart enke i 1939.
(Peter) Severin Martinus Petterson Hatlen(I,2) (1858-1951) gifta seg 1882, med Lovise Petrine Eline Larsdotter Vemøy (1856-1959), på Skodje. Dei tok over plassen 1885 og dreiv Olevågen til 1929. Før dei kom til Eikenosvågen, hadde dei budd i Skuggen ved Nørvasundet, der han dreiv ein liten skomakarverkstad i nokre år. Severin kjøpte bruket 1887 og vart den første sjølveigaren i Olevågen. Garden var ein av få gardar i den vestlege delen av bygda som var «velsigna» med eige fossefall. Det vart utnytta. Frå vågen går eit dalføre mot nordøst over ei relativt stor myr. I vestenden vart det bygd demning for samling av vatn. Der vart også bygd provisorisk kanal langs «Jeldalsvegen» til vegskillet mot Torevågen, og ei trerenne på 30-40 meter mot sørvest, som enda i ei stuprenne mot kvernkallen. Med dette fekk ein eit fall på 5-10 meter sikra med stålspjeld. Ein kunne framleis sjå restar av kverna, kvernkallen og renna på 1930-talet.
a) Lisa Iverine Anna 1881-1943 1923 g.m. enkem. Karl Johan Martinus Berntsen Hovden(1), brukar Hundeide(2), Sykkylven.
b) Peder Ingvald 1883-1970 1913 g.m. Gurine Oline Paulsd.Gjerde(3), Vanylven. Han vart fødd i Skuggen, budde i Syvde 1913 og i Øvre Strandgate frå 1920 til 1928.
c) Inga Paula 1885-1969 1907 g.m. Karl Johan Klementsen, Valderøy. Han var stuert og busett i Giskegata, Ålesund.
d) Marie Berntine 1887-1973 1911 g.m. Ragnvald Kornelius Eliassen Blindheim(4), busett Ålesund.
e) Laura Olivia 1889-1963 1910 g.m. Peter Olaus Carlsen Sperre frå Ålesund, busett der.
f) Lars Alfred 1891-1970 1913 g.m. Laura Konstanse Olaviusd. Holstad(4), Hareid, brukar Holstad(18) på Hareid.
g) Ludvig Thorvald 1894-1942 1917 g.m. Oline Marie Petersd.Rodt(1), gravlagd i Borgund.
h) Sofie Lovise Ragna 1895-1978 1918 g.m. Elias Peder Laurits Olsen Flisnes(3) frå Skråvika, Flisnes(3).
i) Henrik Sigvald 1898-1965 var tvilling. Tok over bruket seinare.
j) Anna Thomasine 1898-1986 var tvilling. 1921 g.m. Ole Johan Lauritsen Sunde(6), brukar Sunde(10).
k) Edvard Gustav f.1901 tok over bruket.
Sonen Edvard Gustav Ekornåsvåg(2) (f.1901) gifta seg 1921, med i Olga Kaspara Fredriksdotter Emblem(1) (1899-1929), frå Negarden. Dei er nemnd på bruket frå 1922 til 1923. Når Olga døydde av hjertefeil på sjukehuset i Ålesund 1929, vart Edvard nemnd som arbeider på notfabrikk, og busett i Spjelkavik. Han hadde då sagt frå seg garden.
a) Solveig Jenny 1921-1935 døydde 14 år gamal, busett Spjelkavik.
b) Signy Lovise 1923-2015 1946 g.m. snikkar Hans Gudleik Johansen Blindheimsnes(3), busett på Blindheimsneset.
c) Fredrik Louis 1924-1990 1963 g.m. Jorunn Bergljot Skrede frå Skredestranda, Rovde. Han arbeidde då som sjåfør. Ho vart sist busett på Blindheim.
Broren Henrik Sigvald Ekornåsvåg(2) (1898-1965) gifta seg 1924, med Jenny Marie Brekke (1898- 1982), frå Ålesund. Han var snikkar, maskinist og fiskar. Henrik tok over bruket 1929. I deira tid vart bruket lagt ned og delt opp i tomter. Det starta med sal av hyttetomter i 1936, og er i dag byggefelt. Borna fekk seg hustomter frå garden.
a) Sigfred Louis 1925-2008 1946 g.m. Agnes Solveig Fosse frå Ålesund, busett i Eikenosvågen. Var møbelsnikkar.
b) John Magne 1927-2013 1955 g.m. tekstilarbeider Nelly Fylling, busett i Eikenosvågen. Var polerar.
c) Marie f.1929 1952 g.m. båtkaptein Roald Boge frå Fusa, busett i Fyllingsdalen, Bergen.
d) Håkon Jarle 1931-1994 g.m. Anna Stokke, Hatlehol(2), busett i Eikenosvågen. Han jobba med svogeren hos «Fix Konfeksjon» i Ålesund.
e) Leif Olgar 1934-2014 1956 g.m. syerske Ingrid Johanna Stange, busett Nøtterøy.