Bnr 3. FRAMIGAR

Også kalla «Puscheset» og «Johansgarden»

 

 

Tormod fekk delt frå denne halvdelen, som eit eige bruk ca.1642. Framigar og Utigard hadde då lik skyld, men dette bruket kan ha vorte etablert på udyrka mark, sidan neste brukar hadde færre dyr enn dei hadde på Utigard.

 

Ole Jonsen (f.1615) betalte i 1658 skatt for 2 kyr og 2 geiter. Hest hadde han ikkje, i motsetning til naboen Lars på Utigard, som hadde både hest, 4 kyr og 3 geiter. Det kan vere grunn til å tru at Ole derfor hadde mindre fôr og at han kanskje måtte rydde Framigar frå utmarka.

 

Erich Knudson Emblem (6+7) (ca.1656-1723) var brukar frå 1690 til 1723. Han gifta seg med enka Martha Larsdotter (ca.1644-1715). I 1716 forlova han seg med Brithe Aamundsdotter, og dei fekk minst to born saman.

a) N.N.  f.1718  «Introdusert» av Brithe i april.

b) Knud  dp.1722-1743  døydde 21 år gamal.

 

 

Siur Jonson Rødsethatlen(1+2) (ca.1690-1752) gifta seg 1716, med Ragnhild Olsdotter (1692-1763). Ho er nemnd som fadder for naboen, Lars Pederson Furholm, sin tvillingson i 1746. Meir veit ein ikkje om dei.

a) Jens  dp.1717- 1786?  vart kanskje gift i Auregarden med Anne Ingebrigtsd. Emblem(9). Ved forlovelsen 1736, var ho nemnd som «besovet».

b) Ole  dp.1720-1720  døydde 15 veker gamal.

c) Anne  dp.1721-1789  tok over bruket.

d) N.N  f.1724

e) Magnille  dp.1731-1768  1767 g.m. enkemann Peder Olsen Eikenosvåg(1), brukar Eikenosvågen(1).

 

Svigersonen Halvar Jakobsen Emblemsvåg(5) (dp.1725-1797) gifta seg 1748, med jordajenta Anne Sjursd. Eikenosøydegard(3) (dp.1721-1789). Ho hadde då vore tenar og fadder hos broren, Jens, i Auregarden, Emblem(9) i 1741. Sonen, Halvor, vart seinare brukar Knutgarden i Emblemsvågen. Dei tok over garden 1752, etter at far til Anne døydde og dreiv den til 1779. Det var meininga at dei skulle gje kår til Anne si mor, Ragnhild, men det vart så lite at ho måtte gå over på legd i staden. Halvar kjøpte bruket, og vart sjølveigar i 1771. Han skøytte over på sonen 1779.

a) Ragnille  dp.1749   1) 1779 g.m. enkem. Joen Knudson Barstad(4), Vartdal.

                                      2) g.m. Absalon Jons. Vereide, Nordfjord. Begge brukar på Barstad(4).

b) Randi  dp.1751

c) Siver  dp.1752-1779   døydde 27 1/2 år gamal.

d) Siri  dp.1754-1755   døydde 13 veker gamal.

e) Jacob  dp.1756-1820   tok over bruket.

f) Rasmus  dp.1758

g) Anne  dp.1761

h) Halvor  dp.1763-1818  1788 g.m. Synneve Nilsd. Valderhaug(33), brukar Knutgarden, Emblemsvåg(1).

 

Sonen Jakob Halvorson Eikenosøygard(3) (dp.1756-1820) dreiv garden frå 1780 til 1807. Han vart gift med Birthe Rasmusdotter Spjelkavikgjerde(5) (dp.1758) 1780. Meir veit ein ikkje om dei.

a) Paal-Sivert  1780-1822  tok over bruket.

b) Andreas  1783-1783   døydde 14 dagar gamal.

c) Anne  1784-1838  1807 g.m. Halsten Rasmuss. Eikenos, brukar Eikenosa.

d) Rasmus  1787-1797  døydde 11 år gamal.

e) Maria  1791-1878  1827 g.m. Rasmus Jonson Roald(4+5), brukar Valderhaug(13).

f) Halvar J.   dp.1794-1869  vart seinare brukar.

g) Ragnhild  1797-1870  1823 g.m. enkem. Johannes Torbjørnson Godø(16), brukar Valderhaugstrand(8).

h) Rasmus  1803-1809  døydde 6 år gamal.

 

Sonen Paal-Sivert Jacobsen Eikenosøydegard(3) (dp.1780-1822) gifta seg 1807, med Birthe-Olava Paalsdotter Vasstrand(2). (dp.1772-1838). Dei dreiv bruket frå 1807 til 1813. Då måtte dei selge, og flytte derfor til Hatlehol Ytre, Hatlehol(3). Sjå meir om dei der. Ny sjølveigar på garden var først brukar  i 1910. Dei fekk truleg ingen born.

 

Sonen Halvar Jakobsen Eikenosøydegard(3) (dp.1794-1869) var brukar frå 1814 til 1828. Han gifta seg 1815 med Eli Jesperine Paulsdotter Eidem(7) (ca.1780-1851), som var søster til  John Paavelson Eidem(7) i Olevågen, Eikenosvåg(2). I 1852 gifta han seg på nytt med enke Anna Nilsdotter Spjelkaviknes(1) (1795-1856). Ho vart opphaveleg døypt Lien i Jostedalen. 1858 gifta han seg for tredje gong, med enka Anne Dorthe Hansdotter Bjørkavåg(9) (dp.1806-1890). I 1828 fekk han eit lite stykke i utmarka og rett til å opprette ein liten plass der. Det var truleg ein midlertidig kårplass, som ikkje fekk formelt namn, eller plasseseddel, men vart kalla «Hallvardplassen» på folkemunne. Den låg nedanfor dagens gardstun, der Olav Kåre Ødegård bygde seg hus, langt seinare. Den har i dag gateadressa Puskhola 15. Det vert fortalt at Hansine gjekk ned dit med mat til Oline. Det må i så fall ha vore medan Hansine var tjenestejente på garden, og truleg i Oline sine siste leveår. Ho hadde nemleg kår på både Blindheim og Framigar. Det er mogeleg at ho budde på Hallvarplassen i husa etter Hallvard, som truleg vart lagt ned når han døydde i 1869. Husa vart kanskje ståande att og busett igjen på slutten av 1870-talet. Huset skal seinare ha vorte flytta ned i Ramsvika, medan barnebarnet til Oline dreiv bruket der. Løa var meir som eit lite skur å rekne. Det står framleis på den tidlegare plassen. Hallvardplassen er ikkje nemnd med namn i nokon skriftlege tinglyste kjelder. Den har derfor tidlegare vorte forveksla med bnr. 2 Ramsvika.

a) Berndt Andreas  1816-1880  tok over i Ramsvika. Sjå brukara der.

b) Anne Petrine Olava  1818-1904    1) 1846 g.m. (Peter) Berndt Lars. Giskeødegård(2).

                                                                2) 1866 g.m. Paul Frederik Elias Peters. Engeset(1), brukar Slotsvik(6).

 

Johannes Rasmusson Nøsdal (dp.1797-1849), frå Eid i Nordfjord, gifta seg 1826 med Oline Michelsdotter Slettevold (dp.1804-1880), fødd på Eid i Nordfjord. Dei kom til Sunnmøre det samme året og var kanskje tenestefolk, før dei tok over bygsel på bruket frå 1829 til 1850. Oline gifta seg opp att 1854, med enkemann Peder Annanias Pederson Humlen(1) (dp.1798-1883), brukar Blindheim(2). Det vert fortalt at ho budde på «Hallvardplassen», mellom Framigar og dagens bilveg, der 1239 bygde seg hus seinare. Det er mogeleg at Peder også budde der ei tid. Hansine Flisnes(2) var då tjenestejente på bruket, og skal ha gått ned med mat til Oline. Huset vart etter 1881 flytta ned i Ramsvika. Løa står framleis att på sin opprinnelege plass. Det har ikkje vore mogeleg å finne Hallvardplassen i skriftlege kjelder, så det kan ha vore eit kårbruk.

a) Rasmus Andreas Brethanus  1826-1919  tok over bruket.

b) Anne Martha  1829-1831  døydde 2 1/2 år gamal.

c) Berndt Andreas Martines  1832-1870  var ungkar, og busett på Buholmstranda ved Ålesund.

 

Sonen Rasmus Andreas Brethanus Johannesen Eikenosøydegard(3) (1826-1919) vart fødd på garden. Han gifta seg 1852 med Ingeborg Caroline Larsdotter Blindheimsnes(3) (1831-1901). Dei dreiv garden frå 1850 til 1883.

a) Johan Mikael  1853-1940  tok over bruket.

b) Lars Carolus  1856-1927  1879 g.m. Maria Birgitte Martinusd. Breivik(1), brukar Breivik(1) på Blindheim.

 

Sonen Johan Mikael Rasmussen Ødegaard (1853-1940) gifta seg 1884, med  Hansine Caroline Andrine Rasmusdotter Flisnes(2) (1861-1948). Ho var opphaveleg fødd på Veibust, og hadde vore tenar på garden. Hansine var eigentleg forlova med bror til Johan, Ole, men han døydde i 1881. Ho fortsette som tenar på garden, til ho gifta seg med Johan 1884. Han skøytte frå seg bruket til sonen i 1938.

a) Ole Laurits Gustav  1887-1971  tok over bruket.

b) Rasmus Ingvald  1895-1962    1) 1928 g.m. servitør Solveig Nilsen,

                                                         2) 1939 g.m. Evelyn Hoel, 3) 1956 g.m. kokke Marie Kristiansen. Han var murarmeister,                                                                   busett i Olso. Fekk ingen born.

 

Sonen Ole Laurits Gustav Johanson Ødegård(3) (1887-1971), gifta seg 1917, med Karoline Ragna Knutsdotter Magerholmdal (1888-1981). Foreldra til Karoline flytte dit 1927, når Daleplassen i Magerholmdalen vart lagd ned. Faren, «Dale-Knut», hadde nemleg vore sjuk vinteren før og Petrine nekta å bu ein vinter til der oppe. Knut fekk disponere eit kammers i stova si oppe i Magerholmdalen, når han besøkte dalen, og han slo «nybrøtet» ovanfor Daleplassen, som han hadde kjøpt. Ole tok utdanning som treskjerar i Volda 1906. I 1910 bygde han ei vassdreven sag saman med Jens på Utigard. Saga fekk motordrift i 1936. Han starta sin eigen snekkerverkstad 1912, som fekk stasjonærmotor 1922, og elektromotor før 1930. Det skal visst ha vore den første snekkerverkstaden i Borgund. Ole satsa hovudsakleg på produksjon av vognhjul i ulike varianter, men bygde også snikkarbenkar til skular på heile Sunnmøre. I tillegg bygde han likkister, vindauge, dører og nokre møblar. I 1920 bygde dei ny løe på bruket, og Ole arbeide på 1920-talet som snikkar hos Oscar Rørhus i Ålesund. Mange bilar hadde på den tida karosserirammer av tre. Hos Rørhus fekk han dermed lære seg karosseriarbeid også. I 1930 utvida han verkstaden sin i Puskhola, og satsa no på karosseri. Det vart nokre varebilar, og bakdører på den første bussen til Emblemsbygda Billag. I 1933 bygde han sin første buss for «Olsvikruta». No fekk verkstaden namnet «Ole J. Ødegaarden karosseriverksted, Emblem». Alt saman vart etablert på heimgarden, men det hadde ikkje vore mogeleg utan familien. Det var Karoline, sonen Knut, og dottera, Anna Ragna, som dreiv garden, medan Johan, dreiv verkstad saman med faren. I tidleg ungdom var Petra og Helga også med på gardsarbeidet, før dei flytta heimanfrå. Knut var dreng på garden i 5 år, før han fekk begynne på realskulen. Seinare vart det 5 år på NTH i Trondheim, men alle ferier vart framleis nytta til å hjelpe til på garden heime. Karoline og Ole overlot Framigar til odelsonen Johan Henry i 1967.

a) Johan Henry  1917-2010  tok over bruket.

b) Anna Ragna  1919-2018   1949 g.m. Karl Johan Vegsundrabb(2), brukar Rabben(2).

c) Petra Kalla  1920-2010   1945 g.m. Knut Storlykken, busett Spjelkavik.

d) Helga Johanne  1922-1923   døydde i sitt første leveår.

e) Knut  f.1923   1951 g.m. Ingrid Lundanes, busett Trondheim.

f) Helga Johanne  1926-1977   1959 g.m. Odd Ørbeck (1920-1985), lakkerar hos svigerfaren. Brukar Antonesgarden, Emblemsvåg(5).

g) Olaf Kåre  1931-1931  døydde 13 dagar gamal.

 

Sonen Johan Henry Ødegård(3) (1917-2010) tok over karosseriverkstaden etter far sin i 1941, og bygde ny verkstad nede ved bilvegen, like etter krigen. Faren dreiv Framigar vidare til 1967. Johan tok over garden det året, og var grunneigar til 1994. Han gifta seg med Norunn Hatlø (1918-2013), frå Ulsteinvik. Firmanamnet vart endra til først «Ødegård Karosserifabrikk», og seinare korta videre ned til kun «Ødegård Karosseri a/s». Garden vart ei tid forpakta vekk til Ottar Rødseth.

a) Turid  f.1944    1) 1966 g.m. Knut Arve Karlsen

                               2) g.m. Stein Brendholen, busett Moss.

b) Olav Kåre  1946-2024   1972 g.m. Sølvi Karin Kjerstad, no busett i Ålesund.

c) Øystein  f.1951   1978 g.m. (Inger) Anita Flisnes, busett ved garden. Han starta «Ødegård Bil a/s», med sal av nye og brukte bilar, i samme bygg som Ødegård Karosseri i Puskhola.

d) Egil  1955-1969    Omkom i ei traktorulykke.

 

Sonen Olav Kåre Ødegård  1946-2024 tok over bruket 1994, og var grunneigar til 2011. Han gifta seg med Sølvi Karin Kjerstad. Dei selde garden til Planor Bolig a/s i 2013, og flytta til Ålesund 2012. Neste brukar kjøpte resten av garden.

a) Jon Olav  f.1973  2000 g.m. Inger Lise Almås, Stordal, busett Ålesund.

b) Bente  f.1975  er busett i Oslo.

 

Bernt Endre Ramsvik (f.1975) kjøpte Framigar 2011. Han vaks opp på Vestrem, Østrem(6), der onkelen Knut Ramsvik er dagens grunneigar. Bernt flytta saman med mora, Berit Karin Ramsvik, til Ramsvika i 1985 og starta på den nybygde Flisnes Skule. Han gifta seg 2003 med Renate Fiskerstrand (f.1973) frå Veibust. Dei er dagens grunneigarar på bruket. Bernt slektar til så og seie alle dei tidlegare brukarane i Ramsvika, og kan føre slekta si videre attende til Halvar Jakobsen Eikenosøydegard(3) (dp.1794-1869) på Framigar. Slektsgreina har med andre ord vore brukarar på denne garden sidan første halvdel av 1700-talet. Oldefaren, Hans Gabriel Ramsvik, bygde uthuset og løa på Framigar. Bernt Endre har i seinare tid restaurert bygningane av skog som er tatt ned på bruket. Han tok også over naustet i Ramsvika. Det stod tidlegare på Stordalsholmen, og er framleis i bruk. Hovudhuset på Framigar var i for dårleg stand til å verte restaurert. Det vart derfor erstatta av eit nybygd hus.

a) Lars Andre  f.1994  er Renate sin son med tidl. sambuar Gunnar Lars Engkrog.

b) Karen  f.2002

c) Endre  f.2005