
Gnr. 11 Eikenosvågen
Eikenosvågen var det opphavelege sjøstykket til matrikkelgarden Eikenosa, som i likheit med gardane Emblem og Østrem, gjekk heilt ned til fjorden i eldre tid. Etter kvart vart jorda ved fjorden delt frå til husmannsplassar og beite, før dei gradvis vart skylddelte til eigne bruk. Eikenosvågen vart busett og skild frå Eikenosa seinare enn Emblemsvågen og Nedregotten lenger aust i bygda. I alle fall finn vi først namn på brukarar her på eit seinare tidspunkt. Ein skal likevel ikkje gløyme at denne vågen vest for Flisnes, og den farefulle Flisfjorden, har vore ei god naudhamn og ein god bustad lenge før dette også. Ein har funne spor av bustadar heilt attende til steinalder og yngre bronsealder kring tunet til Torevågen, og i nabovikene mot både aust og vest. I revegjerdet til Nikolai Ekornåsvåg, i Torvågen, fann dei også ein særleg fin pilodd av kvarts. På Flisnes ligg fleire gravhaugar, ein steinhellar og bautastein, som vitnar om at dei aller eldste spora etter menneska ikkje har vore kun blaff av busetnad i førhistorisk tid. Eikenosa låg så høgt mot fjells at områda nede mot sjøen var viktige til meir enn berre fiske, tørkeberg og naust. Det tok derfor lenger tid før vågen vart delt frå. Der kan ha vore husmannsplassar utan jord, ofte omtala som «fjordastover», i Eikenosvågen før 1700. Dei sett nemleg få spor etter seg i kjeldene. Ein veit om liknande stover på Magerholm, i Østremsvika, ved Nergotsjøen og i Emblemsvågen lenger aust. Av desse er det kun i Østremsvika ein finn nøyaktige tal på brukarar, for desse fjordastovene var bebudde heilt til dei første ti-åra på 1800-talet.
Husmannsplassar med jord finn vi i skriftlege kjelder frå midten av 1700-talet. På den tida vaks folketalet såpass, at ei vidare oppstykking av dei gamle gardane ikkje var nok. Talet på husmenn vaks. og nye husmannsplassar vart rydda i Eikenosvågen, ofte kalla «Vågane». Ein vil tru at Torevågen vart rydda først, på eldgamal busetnad, men kun 20 år etter, var der heile tre husmannsplassar i samme vågen. Dei to siste var Furholmen og Olevågen. Plassane vart skyldsette til eigne bruk under garden Eikenosa i 1818, og rekna som ein eigen matrikkelgard med gardsnummer 11 i 1890. Eit par kyr og litt småfé var det ein kunne finne fôr til på desse plassane, så fisket var ei viktig hovudnæring for dei fleste brukarane. Betre fiskeri og fangst, etter 1750, var kanskje ei medverkande årsak til at fleire husmenn slo seg ned her. Meir mat påverka også talet på dei som levde opp. Brukarane på Eikenosa har framleis rett til å ha veg, naust
og båtstø i Eikenosvågen, medan brukarane her nede fekk beiterett i fellesutmarka oppe på Emblemsfjellet. Dei fekk også rett til å hente brensel og skog til tømmer, saman med Eikenosa og Hatlehol Indre. Ved utskiftinga i 1912 fekk kvart av bruka sine eigne utmarksteigar. Torevågen, Furholmen og Hatlehol Indre bygde seg sel på «Røvastølen», rett nedanfor den nye Eikenossetra. Torevågen fekk på plass sitt sel i 1915. Setra som 920 Iver «Kjøt-Iver» Karlson Furseth etablerte 12 år tidlegare, låg nærmare brua og vatnet, men måtte flyttast ovanfor Røvastølen når Skjelbruvatnet vart demt opp. Før den tid var der ein periode uten fast seter for gardane lengst vest i Emblemsbygda, når «Høgstølen» ved Geitnausa vart fråflytta, og brukarane på matrikkelgarden Emblem bygde seg ny støl vest for Langevatnet. Eit sagn fortel at det var huldra som var så plagsom på den gamle setra. Fleire såg også «huldreflokken» i grålysninga, men dei høghalsa kyrne var hjort, som starta å etablere seg på Yksnøya og Emblemsfjellet. Det heng nok saman med klimaendringane, med meir skog å skjule seg i, og stadig færre rovdyr utover 1800-talet. Hjortedyra vart noko nytt som emblemsbygdarane ikkje hadde kjennskap til frå før. Ein annan grunn til at ei ny seter for Eikenosa let vente på seg, var truleg at dei ikkje hadde det samme behovet. For plassemennene i Eikenosvågen var det også billegare å mjølke dyra i friluft på dei ulike «legane». Med færre rovdyr trong ein heller ikkje å stenge dyra inne om natta, eller ha vaksne gjetarar saman med dyra.
Brukarane her var avhengige av arbeid attåt gardsdrifta. Vågane låg lagleg til for fiske og tørking av både eigen fangst, og på oppdrag for andre. Dette var ein rimeleg god våg for sildefiske, så dei etablerte sitt eige sildenotlag saman med Eikenosøygarden og brukarane på Flisnes. På neset i Torevågen hadde dei notheng, og brukaren på Eikenosa, den tidlegare nemnde 920 «Kjøt-Iver», bygde køyreveg heilt frå sin eigen gard og ned til sjøen. Det er i all hovudsak den same vegen som er i bruk i vår tid. Det vart eit kostbart prosjekt, så han søkte Borgund kommune om tilskot, men fekk berre 50 kroner. Han var også med på å etablere kaia. Den vart temmeleg populær. Forløparen til dagens Sula Rutelag, «Von-båtane», starta rutetrafikk her med motorbåtar til og frå byen. 1109b Bjarne Edvin Ekornåsvåg, frå Torevågen, var maskinist i fleire år, og ein av fleire karar i bygda som hadde arbeid for rutelaget. Det vert fortalt at Von-båtane var nokre øre billegare enn tilbodet frå dampskipskaia i Emblemsvågen. Då gjekk bygdefolket heller dei ekstra kilometrane «ut i Vågane». Ein annan gjekk også heile vegen heim att frå Ålesund, med full sildekasse, for han kom for seint til Vonbåten mot Eikenosvågen. Det var visst ikkje noko alternativ å ta båt til Emblemsvågen, eller Hammarsvikkaia ved Løvika, sjølv om desse stadene låg mykje nærmare heimgarden.
På 1920-talet, i dei vanskelege mellomkrigsåra, var det mange som tenkte nytt og forsøkte seg med både det eine og det andre i kjellarane sine, for å tene nokre ekstra kroner. Dette vart starten for møbeleventyret på Sunnmøre. Ungdommar fekk tilbod om kurs i korgfletting, treskjering, båtbygging og anna. 1109h Rolv Ekornåsvåg var den som kom lengst. Etter ei tid på Blindheim Møbelfabrikk, etablerte han «Ekornåsvåg Møbelfabrikk» ved Eikenoskrysset. Denne fabrikken gav arbeid og kjærkomen inntekt til fleire i Eikenosvågen og Emblemsbygda. Faren, 1109 Nikolai Ekornåsvåg, var brevstyrar for Ekornåsvåg Brevhus frå opprettinga i 1919, til han overlet drifta til 1219 Marie Bjørkavoll på Bjørkavollen i 1942. Frå brevstempelet 1920, kan ein sjå at brevhuset hadde fått namnet «Ikornåsvåg», slik Emblem hadde fått namnet sitt endra til Emleim. Oppe ved bilvegen vart det også bygd hus etter krigen, med kolonialforretning i kjellaren. Den vart dreve i om lag 30 år, av Petra Marie Larsd. Blindheim(6) (1915-2005) frå Blindheim, og vart kalla «Petrabutikken» lokalt. Ho slekta forresten til den tidlegare husmannsplassen "Magnusplassen" på Emblem. Saman med Ødegård sin karosserifabrikk, snikkarverkstad i Puskhola, og seinare fabrikken til Laader Berg på Flisnes frå 1960, vart øvre del av Flisneset ved Langhaugane, og myrane vidare vest mot Eikenosvågen gradvis utvida til dagens industriområde. Her har stadig fleire etablert lager og kontorareal dei seinare åra. Bygningane til Ekornåsvåg Møbelfabrikk har nyleg fått selskap av eit 7500 kvadratmeter stort lager og administrasjonsbygg for Ødegaard Engros. Samtlege matvareforetningar i Emblemsbygda ligg no i dette området ved Flisnes.
EIGARAR
Eikenosvågen har stort sett hatt dei same eigarane som Eikenosa til 1900. Sjå meir om dei der. 1853 kjøpte Ole Rasmussen Vestre Furholmen for 50 speciedaler, men han selde den igjen til Handelsmannen Brudevold i Ålesund, som eigde Olevågen og Torevågen på samme tid. Det var først når Brudevold døydde, at brukarane fekk kjøpe ut bruka sine i 1890-åra. Du kan lese meir om eigarane og grunneigarane i tekstane under kvart bruk.